• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG 2008

 

28. DESEMBER - 8. JANUAR: KILIMANJARO Les oppdateringar

 

LØRDAG 27. DESEMBER: LØNAHORGI X 2
Dobbelttur på Horgje! Først på ski i dagslys. Nydeleg vær og flott føre ned igjen. Kroppen var igjen i toppslag, derfor klarte eg ikkje å halda meg i ro utover kvelden. Eg drar til Flesland kl. 0300 i natt, og derfor var det som vanleg uaktuelt å prøva å sova (tar ikkje sjansen på det...). På grunn av planane om å gå Kilimanjaro på ein dag (sjå framsida) trenar eg for tida også ein del løping. Etter nokre timars kvile, knytta eg derfor på meg joggeskoene og la i veg på tur nr. 2 til Horgje i dag. Føret oppover mot Horgje var perfekt for joggesko. Gnistrande flott kveld, med nordljos som spela over himmelen.
TUR 1:
Totaltid: 2t 30min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1220
TUR 2:
Totaltid: 2t 04min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1210

 

FREDAG 26. DESEMBER: OLSKAVLEN (1576m)
Det høgaste fjellet på Voss måtte avleggast eit besøk i løpet av romjula. Gjekk frå Volli og inn den dramatiske Trollabotnen. Deretter rett opp fjellsida til toppen. Skare, men heldigvis av den jevne og gode typen som er god å gå på både opp og ned. Flott tur med nydeleg lys også i dag, var på toppen rett før sola gjekk ned.
Totaltid: 2t 46min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1155

 

ONSDAG 24. DESEMBER: JULETUR TIL LØNAHORGI (1410m)
Brynjulv og eg starta julefeiringa med tur på Lønahorgi. Det er få ting som slår følelsen av å komma over Vossa-skodda når den ligg tett over heile bygda. Men frå Tråstølen og opp skein sola som ho berre gjer på tidlig-vinteren. Eit nydeleg lys, spesielt då me kom heilt opp til masta. Me hadde vel ikkje spesielle forventningar til nedfarten i dag, men det var faktisk kanonflotte forhold. Eit par cm. med nysnø oppå ein fin skare gjorde at det gjekk an å køyra fort i store svingar nedover fjellet - heilt ned på parkeringsplassen. Kjempetur! (sjølv om eg hadde ein av mine tyngste dagar på lenge, er absolutt ikkje i toppform for tida... greit å ha ryggen til Brynjulv oppover lia når ein slit)
Totaltid: 2t 20min
Intensitet: Middels (men tungt likevel...)
Akk. høgdemeter: 1190

 

TIRSDAG 23. DESEMBER: STORÅSEN
Kveldstur med joggesko på perfekte stiar i Storåsen. Det la seg nokre centimeter snø mens eg sprang, og med den sedvanlige overdosen med julesanger på radioen var dette ein skikkelig "jule-tur". Såg hjort i dag også, eller var det Rudolf'en...
(Les om den komiske hjorte-episoden eg opplevde 18. desember)
Totaltid: 1t 40min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: ca. 350

 

MANDAG 22. DESEMBER: LØNAHORGI (1410m)
Endeleg såg det ut til at drittværet hadde passert, men sidan eg rekna med ein viss rasfare valgte eg Lønahorgi også denne gongen. Klar himmel i det eg gjekk oppover, men etterkvart som eg kom høgt vart snøføyka nesten like kraftig som i går. Men eit utruleg flott lys i det eg nærma meg masta på toppen. Sola kom og gjekk bak skyer som dreiv raskt forbi og skapte ein heilt spesielt atmosfære der oppe. Heldigvis hadde trakkemaskina køyrt heilt til topps, for føret utanfor løypa var begredeleg - knekkebrød-skare. Men artig nedatt likevel, hadde vinden i ryggen så det gjekk fort.
Totaltid: 3t 24min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1195

 

SØNDAG 21. DESEMBER: SLETTAFJELL / HANGUREN
Drittvær i dag også, så eg tok på meg joggeskoene og la i veg oppover alpin-anlegget i Bavallen. Først opp på Slettafjellet, måtte på med slalombriller og ansiktsmaske for å komme opp på toppen. Ekstremt krafige vindkast og snø som piska i ansiktet. Dei fleste fjellovergangane er stengt i dag, og det skjønna eg godt når eg stod på toppen av Slettafjellet. Så ned igjen i Bavallen, før eg la i veg oppover Storslalomløypa til toppen av Hanguren. Her var det sjølvsagt like ille, og då eg sprang løypa ned igjen til Slettafjellet såg eg berre nokre få meter framfor meg.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1225

 

LØRDAG 20. DESEMBER
Gjekk frå Bavallen og hadde Horgje som mål. Optimisten som eg er, stolte eg på Yr.no som påsto det skulle bli fint vær utpå kvelden. Men då eg starta frå parkeringsplassen regna det godt. Oppover utforløypa var det komme mykje våt nysnø, klabbane under skia vart større og større. Over tregrensa gjekk det over til vannrett snø, eg såg berre få meter framfor meg i snøkavet. Det er problemet med kraftige hodelykter, ein blendar seg sjølv når det snøar kraftig. Etter kvart var det berre å innsjå at det var uforsvarleg å fortsetta, og då eg fulgte sporet mitt nedover igjen var det nesten utviska av snødrevet. Reknar med at eg var litt under toppen av Horgaletten då eg snudde.
Totaltid: 1t 24min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 535

 

FREDAG 19. DESEMBER: STORÅSEN
Martin og eg sprang ein liten time på fine, snødekte stiar i Storåsen. Storåsen har perfekte stiar for dei som likar å springa i terreng - mykje finare enn i Bømoen. Etterpå var det rett på julebord for Ekstremsportveko på Voss Rafting. God mat, boblebad, sauna og isbading!
Totaltid: 53 min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 260

 

TORSDAG 18. DESEMBER: STORÅSEN
Tordenvær og forrykande uvær i det eg sprang frå leiligheita mi på Vangen. Gjennom Tvildemoen og opp på Storåsen. Dei flotte stiane i snøen var no regna bort, og det var ein god del is. Men med pigg-sko var det ingen problem likevel, det gjeld å sko seg etter forholda. Gjennom Bømoen heim igjen. Skremte ein hjort i Bømoen, han hoppa himmelhøgt for å komma over ei grind. Han flaug verkeleg langt gjennom lufta sikkert 2 meter over bakken - det komiske var berre at grinda var åpen... Han vart nok blenda av lykta mi. Episoden hadde garantert komme med på "The planets funniest animals" dersom den hadde blitt filma.
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 460

 

ONSDAG 17. DESEMBER: LØNAHORGI (1410m)
Martin og eg hadde tenkt å ta ein lengre springetur, men då værmeldingane lovde ein liten opplett utover kvelden og det såg ut til å vera pudder over 600 moh. var det lett å ombestemma seg! Me gjekk frå Bavallen opp utforløypa. Vidare oppover ryggen vart det meir og meir vind, og den siste halvtimen var det rett og slett eit forrykande uvær, og hovudlyktene blenda oss i snø-føyken. Ned att fekk me det midt i mot, og både ansiktsmasker og slalombriller var i bruk. Etter at me passerte øverste kvilehytta minka vinden og det vart bra sikt. Brukbart føre nedover, men dette er likevel ein tur som blir hugsa mest for uværet på toppen.
Totaltid: 3t 08min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1265

 

TIRSDAG 16. DESEMBER: LØNAHORGI (1410m)
I det eg køyrte inn på pakeringsplassen i Bavallen, var meldingane på radioen ikkje av dei mest optimistiske - Vikafjellet stengt pga. uvær og Sotrabrua stengt i periodar pga. sterke vindkast. Eg hadde med godt med klær, slalombriller og gps, og forberedte meg på ein skikkeleg uværstur. Men av og til er været lunefult, eg hadde knapt nok eit vindkast - kun siste 5 minuttane opp mot toppen brukte eg vottar! Men sikten var dårleg på veg opp og eg forberedte meg på at turen ned att ville bli typisk whiteout-køyring, dvs. sakte ploging, mens ein desperat prøver å skimta konturane framfor seg. Men også her hadde eg flaks. Etter nokre minuttar bortover flatane, steig brått tåka opp og kontrastane i landskapet vart heilt tydelege. Eg køyrde derfor ned igjen langt fortare enn det eg hadde rekna med. Føret var så som så, men siste delen ned gjennom anlegget var bra!
Totaltid: 3t 07min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1245

 

MANDAG 15. DESEMBER: STORÅSEN
Ingenting er som ein treningstur i kald, frisk vinterluft etter varme safari-dager på Afrikas stepper og savanner. Sprang på fast og fin snø i Storåsen-området.
Totaltid: 1t 25min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 420

 

4. - 15. DESEMBER: KILIMANJARO MED 14 DELTAKARAR!
Les oppdateringar frå turen vår opp på Afrikas tak.

 

ONSDAG 3. DESEMBER: MYRKDALEN
Årets til no største gjeng starta ved hoppbakken i Myrkdalen. Fortroppen hadde meldt om flott pudderføre her for nokre dagar sidan. Og i dag var det faktisk endå betre. Me snudde på toppen av Kari Traa-trekket. 8 hodelykter var sikkert eit spesielt syn for dei som evt. såg oss nedanfrå, der me suste ned fjellsida i store svingar.
Deltakarar: Njål, Vivi, Ragne, Guttorm, Egil, Martin, Ove, Øyvind og Laban
Totaltid: ca. 2 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 580

 

TIRSDAG 2. DESEMBER: HORNDALSNUTEN (1461m)
Øyvind og eg på pudderjakt. Køyrde eit stykke oppover skogsvegen frå Skiple. Gjekk opp via Horndalen og opp renna som kjem opp på ryggen vest for Horndalsnuten. Her fant me gullet! Pudderet låg i store mengder, og konsistensen kunne ikkje bli betre. Krem-forhold nesten heilt ned til stølen. Litt flatt lys når me gjekk opp, men nedover vart det heldigvis optimalt.
Totaltid: 3t 13min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1205

Det var akkurat dette me håpte på! (Foto: Øyvind Birkeland)

 

TIRSDAG 30. NOVEMBER: STOREBOTNEGGI (1032m)
Etter nokre dagars treningsfri pga. forkjølelse var det godt å komma i gang igjen. Ove, Øyvind og eg på pudder-tur til ein av Trugelagets favoritt-toppar. Storebotneggi skuffar aldri, eg har aldri opplevd anna enn pudder her. Sjølv i dag var det veldig bra. Me var skeptiske på veg oppover, pudder var ikkje problemet, men me syns det var i minste laget med fastare snø lenger nede. Dvs. at det er stor fare for å "snuble" i steinar når ein svingar, og det er ikkje noko særleg dersom det skjer i stor fart. Og i verste fall er det stein der ein landar også. Men dette må me gjennom kvar einaste haust, så det er berre å gjera det beste ut av det. Men me vart overraska kor bra det var då me snudde skituppane nedover igjen. Riktig flott pudderkøyring var det faktisk. Storebotneggi lever opp til myta gong etter gong!
Totaltid: ca. 2 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 580

 

MANDAG 24. NOVEMBER: LØNAHORGI (1410m)
Hadde ikkje før fått av meg ryggsekken og bagen etter Peru-turen, før det var på med ski og hodelykt. Gjekk på Lønahorgi under ein gnistrande stjernehimmel. Men føret var dårleg, i alle fall eit parti frå 800 - 1000 moh. var håplaust med vekslande glasert skare og knekkebrød-skare.
Totaltid: 3t 15min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1065

xcvbxc

Ørkenløping i Ica (Peru)

Gigantisk sanddyner

Ok... dette er jo ein treningsblogg! Men me får vel kalle dette motorisert restitusjon. Eg, Cato og Augusto hadde ein spennande og fartsfylt tur i uverkelege omgivelsar.

Cato kjempar mot sentrifugalkreftene... han vant heldigvis.

Sjå video frå ørkenløping i Ica (Peru).

 

LØRDAG 22. NOVEMBER
Mens dei andre reiste til flyplassen for å fly over Nasca-linjene (eg fekk eit eige fly seinare på formiddagen), knytta eg på meg joggeskoene. Klokka var berre litt over 7, eg var tidleg ute for å unngå den brennande varmen i ørkenen seinare når sola kom høgare på himmelen. Først gjekk eg opp den store sanddyna på vestsida av landsbyen, og fulgte ryggen rundt. Akkurat som å springa på ein snødekt fjellrygg, berre av det var sand og ikkje snø... På austsida dukka det opp ei endå større dyne endå lenger bak, og då måtte eg sjølvsagt opp på denne også. Utruleg tungt å gå i motbakkane, her var det bokstaveleg talt 3 skritt fram og 2 tilbake. Men desto artigare nedover, berre å la det stå til. Skoene vart sakte men sikkert fylte med sand, så eg måtte tømme dei med jevne melomrom. Ørkenen her var heilt annleis enn i Marokko for nokre veker sidan. Kjempeartig tur, ørkenløping er ein fin avveksling til sølete og kalde turar heime på denne årstida. Ørkenløping er eksotisk, hardt og kjempemoro!
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Roleg (høg i motbakkane)
Akk. høgdemeter: 390

 

TIRSDAG 19. NOVEMBER
Fekk tid til ein lang, flott og hard (pga. høgda...) springetur i fjella rundt Cusco. Byen er "omringa" av ein skarp fjellrygg, som er fantastisk fin å springe på. Fekk ein heilt spesiell solnedgang over Azungate (ca. 5500m) før eg kom ned att til hotellet.
Totaltid: 2t 15min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 730 (max. høgde ca. 4170m)

 

8. - 24. NOVEMBER: INCA TRAIL Følg med her

 

FREDAG 7. NOVEMBER
Hadde tenkt meg på Gråsidetoppen, men surt vær og sannsynlegvis håplaust føre gjorde at eg heller tok meg ein rask springetur i Storåsen/Bømoen. Ein dobbel runde på fine stiar i Storåsen, og deretter gjennom Bømoen heim igjen. Den nye lykta er suveren på mørk sti også. Og på asfalten har den ein annan stor fordel, kvar einaste bil blenda ned på lang avstand...
Totaltid: 1t 55min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 575

 

TORSDAG 6. NOVEMBER: SKI - LØNAHORGI (1410m)
Nøyaktig 4 månader og 3 dagar etter eg la skia på hyllene (til og med eg må berre akseptera at snø faktisk smeltar om sommaren) var det berre å plukka dei ned igjen. Det var nemleg klart for årets første skitur. For topp-turarar er dette ein omtrent like stor begivenheit som Melodi Grand Prix for skrullene. Når du høyrer lyden av spennene som låser seg på skoen, er det nesten som om håra reiser seg i nakken. Forventningane er enorme! Sjølvsagt forventar ein aldri den heilt store køyre-opplevelsen på den første turen. Det er som regel dårleg føre, og farleg å dra på, på grunn av steinar som stikk opp. Men likevel... det er med ein skikkeleg godfølelse du låser bak-bindingen i gå-modus, regulerer reimene på stavane og begynner å legge eit langt, fint spor bak deg. Denne sommaren har vore kanonbra, med mange timar på sykkelsetet på kjempespennande stiar, og endå fleire timar springande over fjell og vidder, men det er likevel noko spesielt med den første skituren. Men... tilbake til dei harde fakta. Eg måtte bæra skiene dei første 20 minuttane. Først var snøen fin å gå med feller på, sola varma godt og snøen var våt og fin. Men eg visste kva som venta... dess høgare eg kom dess hardare vart skaren. Den siste halvtimen måtte eg fram med skarejerna, tvilar på eg hadde klart det utan. Turen ned igjen var derfor prega av skrensing ned til første kvilehytta, men derifrå og ned var det berre velstand. Sjølvsagt ikkje mykje snø, men det var ikkje noko problem å finna fine linjer nedover. Totalt sett var dette ein flott tur til å vera i begynnelsen av november.
Totaltid: 3t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1065

 

TIRSDAG 4. NOVEMBER: LØNAHORGI (1410m)
Min første tur med den nye superlykta, Lupine Betty X Pro. 23 watts LED-lykt! Heilt rått lys samanlikna med alt eg har hatt før. Det som skulle bli ein roleg tur til Lønahorgi, vart hard og lang. Tunge forhold frå Slettafjell og oppover med knekkebrød-skare som eg stadig sank langt ned i. Gjekk med joggesko så det var ikkje mykje bære-evne. Ein nydeleg sol-nedgang farga fjella rundt meg i fantastiske fargar. Frå øverste kvilehytta og inn til toppen, vart det etterkvart glasert skare, hadde det ikkje vore for stavar måtte eg ha snudd før toppen. Fleire stader var det 1 cm tjukt islag på toppen av snøen, måtte sparka alt eg klarte for å laga trinn der det var bratt.
Totaltid: 3t 15min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1065

 

MANDAG 3. NOVEMBER
Fint med vått norsk haustvær etter mange tørre og varme springeturar i Marokko. Njål, Martin og eg sprang opp Skutle, og over skianlegget ned igjen. Fin rundtur.
Totaltid: 1t 23min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 480

 

LØRDAG 1. NOVEMBER
For å gjera ein lang historie (og dag) kort.... Fleire elvar hadde gått over sine breidder pga. kraftig regn siste natta. Bussen min kom seg derfor ikkje til Marrakech i tide, og eg rakk ikkje flyet. For å komma meg heim i løpet av dei første dagane var einaste løysinga Easyjet til London og Norwegian vidare derifrå i morgon. Pris: ca. 9000,- kroner (ein veg)!

 

ONSDAG 29. OKTOBER
I dag sprang eg nordover fjella og etter kvart ned mot kysten igjen. Eg såg oppe frå fjella at bølgene i dag var endå større enn dei andre dagane. Kolossale brenningar slo inn mot klippane og spruten stod himmelhøgt. Fleire stader kunne eg gå heilt fram uten at det var noko farleg, men våt vart eg! Ein plass kom eg over ei 15 meter lang naturleg bru, der bølgene hadde gravd seg under og til slutt opp på innsida. Det var fristande å springe over, men den var svært smal og eg tok ikkje sjansen då konsekvensen hadde vore seriøs dersom ein hadde mista balansen, eller endå verre - om heile brua hadde kollapsa. Fleire stader hadde også bølgene gravd seg langt inn under klippane og små hull langt oppe på land sendte opp voldsomme geysirar når dei største bølgene kom. Men aller mest imponerande var likevel klippen der eg snudde. Formen på denne klippen var nok slik at den tvinga all energien i bølga slo rett opp. Eg veit ikkje kor høgt vatnet vart kasta, men det var sikkert 20 meter. Lyden når bølgene traff var heilt enorm og eg kjente det rista i fjellet der eg stod på forholdsvis god avstand. Utruleg artig tur!
Totaltid: 3t 47min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 740

 

TIRSDAG 28. OKTOBER
Det enkle herberget eg bur på ligg ytterst på ein klippe med flott utsikt innover mot strendene og endå høgare klippar lenger sør. Eg starta tidleg frå hotellet og sprang først ein time nedover kysten langs idylliske og totalt øde strender. Voldsomme klippar reiste seg fleire hundre meter opp over meg. Mange stader slo dei voldsomme brenningane så langt inn at eg måtte opp i sida for å komme forbi. Bølgene var store, dei bygde seg nok opp til 4-5 meter før dei braut. Til slutt kom eg ned til ein svært primitiv landsby utan verken bilveg eller båtar. Berre nokre enkle hus litt hulter til bulter akkurat der ein dal kom ned gjennom klippane. Eg la derfor vegen innover denne dalen, uten å ha peiling på kor den ville føra meg. Varmen vart no intens, eg hadde ikkje lenger den avkjølande vinden som feide langs kysten. Eg sprang på forholsdvis god sti i begynnelsen, men etterkvart forsvant den i ingenting, men det var heldigvis greit terreng å springa i likevel. Ikkje for mykje vegetasjon. Eg brukte blikket ekstra godt og "scanna" terrenget framfor meg litt grundigare enn vanleg, det er både slangar og skorpionar i dette området og dei likar nok dårlig å bli forstyrra i siestaen av ein tullete fyr i joggesko... Eg har ein gong før, på Korsika, holdt på å setta joggeskoen på ein slange - prøver å unngå det i framtida! Ein gjetar som satt bak ein stein fekk seg nok ein stor overraskelse i det eg suste forbi, men sigarett var det einaste ordet han kunne på engelsk. Det fekk han ikkje, mest fordi eg ikkje hadde det... Etterkvart vart det klart for meg at det var eit klippeband på begge sider av dalen, kanskje 300 meter oppe som stengte mogelegheiten for å komma opp på fjella over. Eg fant imidlertid eit "svakt punkt" i klippebandet og tok retning mot det. Svært bratt oppover lia, og kaktusar prøvde heile tida å få meg til å ombestemma meg. I det eg nærma meg var eg slett ikkje sikker på at eg kom opp der heller, men ved hjelp av litt klyving så fant eg ei rute opp. Sprang så over klippane, artige småtoppar og til dels ørkenformasjonar, tilbake mot Imsouane. Ein agressiv gjetarhund fekk nesten ein stein i skallen på veg ned den bratte lia mot herberget, men han tok heldigvis til fornuft til slutt og lot meg sleppa forbi. Då eg tok av meg skoen etter fullført tur for å ta ut den vesle steinen som eg hadde merka midt under foten, viste det seg at det var ein 1 cm. lang torne som stod loddrett opp gjennom sålen, den stoppa heldigvis i innleggssålen.
Totaltid: 2t 35min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 525

 

MANDAG 26. OKTOBER
Er no i Essaouria, ein liten pittoresk fiskarlandsby langs Atlanterhavskysten. Ingenting er vel betre enn å starte dagen med ein lang springetur når lufta endå er forholdvis kjøleg, og sola ikkje brenner for voldsomt. Sprang nedover kysten langs den flotte stranda. Kom etterkvart ned i store ørkendyner. Artig men hardt å springe i ørkenen, sanden gjer at du spinner i alle motbakkane. Til slutt sprang eg på imponerande klippar, mens bølgene braut rett nedanfor meg og kasta skumsprøyten fem meter opp i lufta. I dag reiser eg vidare nedover kysten til Imsouane, ein endå mindre landsby. Grunnen til det er åpenbar - der kjem Atlasfjella heilt ned til kysten, og eg håpar på lange springeturar i spennande terreng. Veit ikkje om eg kjem på nettet der, så det kan hende eg ikkje får oppdatert sida før eg kjem heim på søndag.
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Hard
Akk. høgdemeter: 85

 

LØRDAG 25. OKTOBER
Etter ein kviledag i går, var eg i dag klar for ny langtur. Eg såg ein fin sti i forgårs som gjekk rett opp frå Aroumd, og over eit svært høgt pass, Tizi n'Tzikert. Det var omtrent 1000 meter rett opp, så den måtte eg jo prøva. Sjølv om passet var på omtrent 2900 meter, trona likevel voldsomme fjell på nordsida av passet, opp mot 4000 meter høge sannsynlegvis (ikkje avmerka på det dårlege kartet). Dalen på andre sida, Azzadene, er kjent som "Red Valley" og den levde verkeleg opp til navnet. Raudt fjell, grønne terasse-åkrar og ein svært fin sti og springa på. Etter at stien var ein liten tur heilt ned i dalbotnen, begynte den igjen å klatra oppover, men denne gongen mot eit fjellpass litt lenger nord, Tizi n'Mzik. Sakte men sikkert slynga den seg ut og inn av elvedalar mens den traverserte oppover. Eksotisk vegetasjon, buskar og kratt som eg aldri har sett før. I det eg kom opp i passet så dukka igjen Imlil opp langt der nede på andre sida. Stien ned dalen var superrask. Dette var siste dagen min i Imlil, i morgo drar eg vidare til Essaouria og deretter Imsouane ute på kysten. Der skal eg sjekka ein del hotell i forbindelse med at nokre av kundane mine til neste år sannsynlegvis vil avslutta med nokre dagar på stranda. Men det er heldigvis fjell der også... Det blir derfor ikkje så trist å forlate Imlil, men denne plassen har verkeleg gjort inntrykk. Det er noko med naturen og innbyggarane her, det er faktisk ein stad eg kunne ha budd lenge. Houssine som eg skal samarbeida med i framtida om arrangerte turar hit, og Abdul som driver Dar Imlil - den utruleg flotte lodgen som eg bur på - har begge behandla meg som ein bror. Det er ikkje måte på kva dei har gjort for meg. Sidan det var siste dagen min her, var det ekstra kjekt å avslutte med den turen eg tok i dag - dette var ein av mine finaste springeturar nokonsinne!
Totaltid: 3t 55min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1565

 

TORSDAG 23. OKTOBER: JEBEL TOUBKAL (4167m)
Jebel Toubkal er det høgaste fjellet i Nord-Afrika. Imlil ligg på 1750m og det er dermed ein høgdeforskjell på litt over 2400 meter. Eg hadde planar om å gjera eit forsøk med joggesko og ultralett, men snø på toppane og litt usikkert vær gjorde at eg ikkje tok sjansen på det i dag. Tok derfor med kamera, ekstra klær og ein god del drikke og starta tidleg for å vera sikker på å rekka det før det vart mørkt ca. kl. 1800. Det gjekk fort oppover på tross av litt tyngre sekk og fjellsko. Nydeleg sti bratt oppover dalen, og temperaturen var fin sjøv om det etterkvart vart snø i stien. Passerte etterkvart Refuge du Toubkal, type DNT-hytte som ligg ca. 1000 meter rett under toppen. Herifrå var det snø heile vegen, men heldigvis var det tråkk oppover, det kom ein del personar ned igjen frå toppen akkurat i det eg passerte hytta. Dei hadde starta grytidleg for å bruka dagen på turen. Formen var fin og det gjekk fort oppover fjellsida, og litt over 4 timar etter eg starta frå Imlil stod eg på toppen. Hadde fantastisk utsikt over Atlasfjella heile vegen, men akkurat på toppen låg det ein skoddedott. Men likevel varmt og fint, gjekk kun i t-skjorte heile turen sjølv om eg vassa i 30-40 cm. snø den siste halvtimen. Satt ei god stund på toppen og lot meg fascinere av skodda som "flomma" over toppen, ein flott opplevelse. Jebel Toubkal stuper mot aust, verkeleg alpine fjell i dette området. Brukte 1 time og 50 minutt ned igjen til Imlil. Neste gong satsar eg på tørrare forhold, og ultralett. Kanskje det er mogeleg å komma under 5 timar totalt på dette fjellet?
Totaltid: 6t 15min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 2510

 

ONSDAG 22. OKTOBER
Houssine kom og henta meg, og me køyrte opp til huset hans. Der gjekk me gjennom telt og anna utstyr som me skal bruke på trekking-turane i Atlasfjella. Etterpå satt me ute i eplehagen hans og koste oss med peppermynte-te og småkaker. Etter den tøffe langturen i går, var planen å ta ein roleg fjelltur i dag. Abdul, broren til Houssine, viste meg stien gjennom den stupbratte landsbyen slik at eg ikkje skulle gå meg vill før eg i det heile tatt var i gang... Mens eg i går var på fjella som ligg sør for Imlil, var målet i dag fjellet Aourirt n'Ouassif som ligg rett nord for Imlil. Fjella her er ein god del lågare enn dei på nordsida, men det er var likevel 1000 høgdemeter motbakke i dag også. Svært bratt oppover lia, på geitestiar som etterkvart forsvant. Så vidare oppover ein artig rygg, tinderangling i Afrika! Sjølve topp-punktet var dekka av tåke, så eg gjekk vidare ryggen på andre sida. Til min store overaskelse så møtte eg ein gjetar med ein stor geiteflokk nesten på toppen. Geitene hadde sjølvsagt ikkje noko problem i det bratte terrenget, men gjetaren såg ut til å slita litt meir. Så vidare nedover lia mot skaret over Imlil, og vidare ned dalen. Då eg passerte huset til Houssine, måtte eg sjølvsagt innom for å eta lunsj. Samira, kona til Houssine, lagde noko som nesten kan samanliknast med fårikål, men kålen var erstatta med ei mengd andre grønnsaker. Det smakte nydeleg.
Totaltid: ca. 3t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: ca. 1100

 

TIRSDAG 21. OKTOBER
Vakna til blå himmel og frukosten vart fortært på takterassen. Utsikta frå takterassen er formidabel, og eg må stadig vekk ta meg ein tur opp og berre nyta synet... Atlasfjella står verkeleg ikkje mykje tilbake for Alpane eller andre alpine fjell-område. Snøen dekkar no toppane og dei stupbratte fjellsidene er eit dramatisk syn. Eg må innrømma at eg ikkje hadde forventa at Atlasfjella skulle vera så spektakulære, trudde kanskje det var meir snakk om tørrsvidde ørkenfjell - men der tok eg feil. Rommet mitt på lodgen er også eit kapittel for seg. Houssine sin svigerfamilie driver lodgen og han fiksa sjølvsagt suiten til meg. Utsikta er ein ting... men eg har faktisk også ein innandørs vassfontene inne på rommet! Heilt sant. Alt er laga i Marokkansk Kasbah-stil, dvs. at det ser litt ut som eit fort. Men... dette er altså ein treningsblogg og det vart litt av ein treningstur i dag. Eg starta frå Imlil (1750m) og sprang via Aroumd innover dalen i retning mot Jebel Toubkal. Ein joggar med Camelbak på ryggen er nok ikkje noko vanleg syn her i traktene, det merka eg tydeleg på oppmersomheita frå lokalbefolkninga oppover dalen. Ved Sidi Chamarouch skar eg austover opp ein stupbratt dal mot Tizi n'Tarharate (Tizi betyr skar). Frå "motorveg-stien" i retning Jebel Toubkal, vart det no ein skikkeleg utfordrande, bratt og artig sti oppover. Over 2000 høgdemeter etter eg starta i Imlil stod eg på toppen av Azrou n'Tamadoute (omtrent 3800m). Dei siste 500 høgdemetrane vart dei etter kvart ein del snø, men det var ingen problem med joggesko. Det var heller ikkje kaldare enn at det gjekk fint med shorts og t-skjorte. Såg ikkje eit menneske over Sidi Chamarouch, så dette er tydelegvis ikkje ei vanleg rute i Atlasfjella. Ned igjen gjekk det styggfort, men eg klarte likevel ikkje å springe frå to lokale 15-16 åringar som tok opp konkurransen med meg nedover det siste stykket mot Imlil (men til mitt forsvar må eg nevne at eg var rimeleg sliten etter ein 6 timars hard springetur). Eg gav på det eg hadde. Eg spring rimeleg fort nedover bratte fjellsider, men desse to hadde ein teknikk og eit mot som eg aldri har opplevd maken til, og det på skikkeleg grov sti og med joggesko av type utslitt... Etter 5 minutt tok me alle til fornuft og roa tempoet, og me utveksla ein del beundrande frasar om kvarandre... eg på engelsk og dei på berber-språket. Synd me ikkje kunne kommunisere, for dette var verkeleg ein artig episode som eg seint kjem til å gløyme.
Totaltid: 5t 55min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 2185

 

MANDAG 20. OKTOBER
Etter å ha gjennomført fleire møter på hotellet i går med dei mest aktuelle av dei som eg har hatt kontakt med gjennom lang tid via mail, valgte eg i dag Houssine Ait Lachen Ou Ahmad som min samarbeidspartner med tanke på kommande arrangerte trekking-turar i Atlasfjella. Han bur i Imlil, ved foten av Jebel Toubkal, og har organisert slike turar i mange år. Han henta meg i Marrakech og sammen køyrte me til Imlil. Etter kvart som me nærma oss vart naturen brattare og villare, og sjølve Imlil er ein skikkeleg fjell-landsby 1750 moh. Houssine hadde ordna suiten på den flottaste lodgen i landsbyen til meg, og den var verkeleg flott... eigen veranda med fantastisk utsikt opp mot dei snøkledte fjella som trona 2500 meter over Imlil. Får faktisk litt assosiasjonar til Chamonix og Zermatt... Måtte ut å gå ein liten tur også i dag, og for første gong på lenge valgte eg fjellsko og ikkje joggesko. Gjekk ein runde oppover i fjella, og var innom ein del mildt sagt primitive små gårdsbruk som klynga seg fast i fjellsida.
Totaltid: 2t
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: ca. 400

 

SØNDAG 19. OKTOBER
Lang springetur i eksotiske Marrakech! Det fins vel ikkje ein betre måte å oppleva nye land og stader på enn å springe. Sjølv travle byar kan opplevast ved hjelp av joggesko. Ikkje heilt det samme som fine stiar oppe i fjellet sjølvsagt, men til gjengjeld blir ein bombadert med inntrykk heile tida. Eg sprang frå hotellet og nordover mot ein liten "kolle" som faktisk var den einaste høgden i mils omkrets. Eg klatra opp på denne (var berre 70 meter høgare enn landet rundt) og kunne nyta ei nydeleg utsikt over Marrakech og ikkje minst snøkledte Atlasfjell i bakgrunnen... eit heilt fantastisk skue faktisk. Vanskeleg å fatte at dette var Afrika. Sjølv om eg er vant med snø på Kilimanjaro, så er Atlasfjella noko heilt anna. Ein lang fjellkjede med fjell over 4000 meter strakte seg frå synshorisonten i sør og forsvant i nord, dekka av snø dei øverste 1000 høgdemetrane. Eg sprang ein litt annan veg tilbake til hotellet. Resten av dagen gjekk med til møter med potensielle samarbeidspartnerar og til å kosa meg ved bassenget.
Totaltid: 2t 12min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 120

 

18. OKT. - 1. NOV: MAROKKO / ATLASFJELLA
Eg er no i Marokko fram til 1. november for å forberede neste års arrangerte tur dit. Les meir

 

TIRSDAG 14. OKTOBER
Fin tur i Bergensfjella. Opp Sandviksfjellet, over Rundemannen, ned til Svartediket, opp igjen til Brushytten og attende til start.
Totaltid: 2t 36min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1020

 

SØNDAG 12. OKTOBER
Njål, Martin og eg på uværstur opp frå Rong, sør for Karaldenuten på fine stiar heilt inn til Karaldevatnet og hytta som ligg der. Kjempeflott fjellterreng til lange springeturar.
Totaltid: 2t 06min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 765

 

FREDAG 10. OKTOBER
Sein kveldstur med hodelykt opp til øvste kvilehytta på Lønahorgi. Sterk vind og regn/sludd gjorde at eg snudde her. Hodelykt-sesongen er i gang!
Totaltid: 1t 50min
Intensitet: Roleg

 

TORSDAG 9. OKTOBER: GRÅSIDETOPPEN (1307m)
Flott hausttur på Gråsidetoppen frå Hjelle. Flott sol, men blaute stiar. Små snøfenner her og der øverst.
Totaltid: 2t 15min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1050

 

27. SEPT. - 8. OKT:
Ny tur til Kilimanjaro. Les oppdateringar frå oss på veg mot Afrikas tak.

 

FREDAG 26. SEPTEMBER
Kort joggetur i Bømoen med Brynjulv.
Totaltid: 35 min
Intensitet: Roleg

 

TORSDAG 25. SEPTEMBER
Forholdsvis rask tur opp til utforstarten på Horgaletten.
Totaltid: 53 min. (32 min. opp)
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 630

 

SUNDAG 21. SEPTEMBER: GALDEBERGET (2075m)
Etter gårsdagens stortur, hadde eg i dag litt mindre ambisiøse planar. Starta frå Eidsbugarden og sprang langs Bygdin til Høystakkane. Der tok eg stien opp lia, og skar deretter rett oppover steinura mot toppen av Galdeberget. Utsikten frå toppen var formidabel, og eg satt der i 20 minutt i shorts og t-skjorte. Ikkje verst 2075 moh. i slutten av september... Samme veg nedatt.
Totaltid: 3t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1130

 

LØRDAG 20. SEPTEMBER: KOMBITUR I JOTUNHEIMEN
Lang kombitur på sykkel og joggesko i Vest-Jotunheimen. Starta ved Tyinholmen. Sykla først rundt Tyinvatnet. Så tok eg "gamlevegen" ned til Øvre Årdal, dvs. den som går langt oppe i fjellet og endar med over 1000 høgdemeter med hårnålsvingar ned til bygda. Flotte haustfargar og fantastisk utsikt mot 2000-metringane i Hurrungane. Sjølve vegen kan trygt samanliknast med Rallarvegen. Anbefalast! Så sykla eg vidare inn Utladalen til Hjelle, der eg låste fast sykkelen og bytta til terrengsko. Så rett opp stien som går innover Hjelledalen. Først gjennom skog og forbi flotte stølar. Etter å ha sprunge lenger enn langt innover Hjelledalen, var eg til slutt oppe i 1500 moh. før det begynte å gå nedover igjen. Kom til slutt inn på vegen som går frå Koldedalsvatnet ned til Tyinvatnet og fulgte denne attende til Tyinholmen. Flott rundtur i eit nydeleg haustvær.
Totaltid: 6t 40min (2t 40min sykkel / 4t løping)
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 2035

 

TORSDAG 18. SEPTEMBER: SKORSETEGGI (972m)
Martin og eg skulle ut å springa i dag, og sidan bilen min stod på Liaset og venta på nytt dekk så tok me likså godt turen i det området. Me sprang nesten tilsvarande tur som Njål og eg sykla i går. Me sprang også heilt frampå kanten over stølen Gilset, flott utsikt over mot Lønahorgi og Afdal.
Totaltid: 1t 35min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 550

 

ONSDAG 17. SEPTEMBER: STISYKKEL PÅ SKORSETEGGI (972m)
Njål og eg køyrte til Liaset, men det burde me tydelegvis ikkje ha gjort... for der står no bilen min punktert! Men uansett, me hadde ein flott tur med fulldemparane våre over Kolingseggi og Skorseteggi. Flotte stiar.
Totaltid: 2t 20min
Intensitet: Middels (hardt i motbakkane)
Akk. høgdemeter: 555

 

MANDAG 15. SEPTEMBER: HORNDALSNUTEN OG SKIPADALSNUTEN
Njål, Martin og eg på rask tur frå Horndalen rett opp ryggen til skaret mellom Horndalsnuten og Skipadalsnuten. Artig rygg, mose og lav i begynnelsen, men etterkvart blankt fjell. Så opp til Horndalsnuten. Ned igjen i skaret og opp ryggen til Skipadalsnuten. Rett ned igjen den lange ryggen til Horndalen. I dag gjekk det unna både oppover og nedover. Me brukte berre 1 time og 9 minutt opp på Horndalsnuten, og etter 1 time og 47 minutt sto me på toppen av Skipadalsnuten. Farten nedover fjellsida var også stor, og Martin målte fleire gonger over 170 i puls nedover...
Totaltid: 2t 29min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1310

 

SUNDAG 14. SEPTEMBER: FALKETIND ((2068m)
(Bilete frå turen til Jotunheimen kjem snart)
I dag var det også ein av Jotunheimens verkelege stortoppar me hadde i sikte. Falketind har kanskje Jotunheimens mest karakteristiske og dramatiske profil, i alle fall viss du ser den i frå den rette vinkelen. Men sjølv om den ser bratt og vanskeleg ut, så er heller ikkje denne spesielt tøff. Me køyrte så langt anleggsvegen går innover Morka-Koldedalen. Deretter gjekk me vidare innover dalen, heilt til me skal rett opp det bratte skaret sør for Stølsnostind. Så fulgte me breen oppover og tok opp på ryggen heilt til høgre, og fulgte denne opp til toppen. Ryggen var på fleire stader smal, men aldri vanskeleg. Morsomt for dei som liker litt sug i magen.
Avslutninga stod i stil med stortoppane som me hadde plukka denne helga - 333 grams hamburger på tunnellkroa i Lærdal!
Sjå BILDER frå turen.

 

LAURDAG 13. SEPTEMBER: STORE AUSTABOTNTIND (2202m)
Baktroppen ankom seint i går kveld, og i dag var det tidleg start då det var sjølvaste Store Austabotntind som skulle til pers. Me vurderte å gå traversen frå Søre over til Store og vidare til Vestre, men blant anna usikkerheit ang. is- og snøforhold gjorde at me valgte å gå normalruta. Normalruta på Store Austabotntind er ein klassikar for alle som likar å bestige stortoppar i Norge. Utfordrande og voldsom, men aldri direkte vanskeleg. Eg har vore på denne toppen 5-6 gonger før og kun hatt behov for klatreutstyr ein gong, då me gjekk litt feil på ein utsatt passasje. Men i dag var det dei desidert tøffaste forholda eg har opplevd på dette fjellet. Cruxet på ruta (som ikkje er vanskelegare enn gradering 2) ligg stort sett heile dagen i skyggen, og det var mykje snø og is dei siste 100 høgdemetrane oppover mot toppen. Utstyr var derfor nødvendig, og det gjorde at halvparten av oss valgte å fortsetta, mens dei andre koste seg på fortoppen Vestre Autabotntind i eit par timar før dei rusla ned igjen. Me sikra ei lang taulengde (59 meter!) nesten heilt opp på ryggen mellom dei tre "puklane" som utgjer toppryggen på Store Austabotntind. Nydeleg varmt vær på toppen og på sørsida av fjellet, men dunjakka måtte på då me skulle ned igjen på nordsida.

 

FREDAG 12. SEPTEMBER: STORE DYRHAUGSTIND (2147m)
Me vakna til litt skyer, men værmeldingane lova flott vær utover dagen. Denne første dagen var Store Dyrhaugstind målet. Me kom etterkvart opp i skyene, og ryggen bortover mot toppen var prega av kald vind. Is og snø gjorde det også til ein større utfordring enn vanleg å gå ryggen vidare bortover mot Søre Dyrhaugstind. Me stoppa ved opptaket (gradering 2) som til vanleg er greit å gå både opp og ned. Her var det is og ikkje minst iskalde fingrar som gjorde at me snudde. Men då me var på veg tilbake på ryggen, seig skyene så langt ned at me plutseleg befant oss på ei smal og taggete øy i eit enormt skoddehav. Det som så skjedde var noko av det mest imponerande værfenomenet som nokon av oss har opplevd. Det er vanskeleg å beskrive, men det låg ein voldsom skyfront rett sør for oss (kanskje opp til 2500moh.) som "fossa" ned i Ringsdalen og Skagadalen i voldsom fart. Det var akkurat som verdas største foss buldra forbi oss på begge sider. Det hadde vore interessant å fått ein meterolog til å forklare kva for eit merkelg værfenomen som me eigentleg var vitne til. Sola varma godt, og vinden var kun nede i dalen - ikkje oppe på ryggen der me satt. Eg har aldri opplevd noko meir imponerande fenomen, bortsett frå då eg og Øyvind opplevde at jetvindane herja rett over oss på Mt. Blanc for 4-5 år sidan. Etter ei stund tinderangla me oss tilbake over ryggen, over alle toppane som utgjer den lange Dyrhaugsryggen. Me møtte etterkvart mange andre som var på veg mot topp-punktet. Sola hadde no smelta det meste av isen og snøen, og det var etterkvart fine og trygge forhold.

 

TORSDAG 11. SEPTEMBER: JOTUNHEIMEN
Martin, Øyvind og eg utgjorde fortroppen som blant anna skulle etablera leir til dei andre kom dagen etter. Me fann ein idyllisk plass ved eit vatn i Berdalen mellom Årdal og Turtagrø. Flott utsikt til både Store Austabotntind og Store Soleibotntind. Her vart me vekte av nærgåande og menneskekjære sauer kvar morgon.

 

ONSDAG 10. SEPTEMBER
Njål og eg sprang frå Hodnaberg, gjennom Hardingskaret og Trongedalen, ned til Flatabøstølen i Botnen. Me gjekk Løkedalen oppatt, og over Sveindalseggi. Dermed vart det ein fin runde. Skikkeleg haustvær, regn og vind.
Totaltid: 2t 42min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1050

 

TIRSDAG 9. SEPTEMBER: PÅ SYKKEL OVER GRÅSIDA
Å sykle over Gråsida frå Hodnaberg til Gjelle vil kanskje mange sei er eit av mine mindre intelligente prosjekt... Men eg har tenkt på dette mange gonger når me har sprunge over fjellet. Og med dagens fulldemparar og dekk som svelger unna det meste, var det på tide å gjera eit forsøk. Turen starta sjølvsagt med mykje trilling, men då eg kom over tregrensa så starta moroa. Stien forbi Torfinnsheim og vidare mot Timaglaset var stort sett kjempeartig. Noko trilling var uungåeleg. Prikken over i'en var som forventa då eg trilla ned frå toppvarden på Gråsidetoppen og dermed starta nedkøyringa heilt ned til Vangen sentrum. Ca. 1200 meter nedover-sti er det vel ikkje mange stader i Norge som kan by på. Og på toppen av alt er det vill-sti (tam-sti er preparerte og doserte stiar i ski-anlegg, begrepa vart oppfunne av meg akkurat no...). Dermed har eg i løpet av litt over eit år sykla ned frå alle dei 3 store fjella rundt Voss: Horndalsnuten, Lønahorgi og Gråsidetoppen. Det siste er det klart flottaste!
Totaltid: 3t 45min
Intensitet: Middels (varierande)
Akk. høgdemeter: 1005 oppover, 1490 nedover

 

SØNDAG 7. SEPTEMBER: SYKKEL BREKKE- OG JORDALEN
Bjarte og eg vurderte Rallarvegen, men me rekna med at det vart mykje møtande trafikk. Så me valgte Brekke- og Jordalen i staden for - og det er ikkje noko dårleg alternativ! Kjempefine grusvegar til rask sykling både opp og ned. Mange høgdemeter blir det også.
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1520

 

LØRDAG 6. SEPTEMBER: LØNAHORGI (1410m)
Forholdsvis rask tur på Horgje. Maksimale forhold, fint vær men litt kjøleg haust-drag i lufta. Såg ekstremt langt i den klare lufta.
Totaltid: 1t 58min (1t 06min opp)
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1050

 

FREDAG 5. SEPTEMBER: TVARAFJELLET (1295m)
Martin og eg sprang frå Dyrvedalen, innover mot Dale og opp til Hellu. Vidare opp den ville og dramatiske Helledalen og til slutt sto me på Tvarafjellet. Flott utsikt i alle retningar. Rett ned ryggen forbi stølen på Tvarafjellet og ned i Dyrvedalen igjen. Kjempefin tur i nydeleg og varierande springeterreng - anbefalast!
Totaltid: 2t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1090

 

ONSDAG 3. SEPTEMBER: STISYKLING I ØSTMARKA (OSLO)
Østmarka er kanskje det flottaste stisyklings-området i Oslo. Lang tur på nydelege stiar, både sva- og skogsstiar. Video kjem sannsynlegvis snart. Takk til Øystein som har fungert som sti-guide i Oslo i to dagar.
Totaltid: 3t 35min
Intensitet: Middels (varierande)
Akk. høgdemeter: 790
Sjå video (Video: Øystein Bjørke)

 

TIRSDAG 2. SEPTEMBER: STISYKLING PÅ SOLLIHØGDA (OSLO)
Øystein tok meg med på sti-safari i området rundt Sollihøgda utanfor Oslo. Min sykkel står på verkstad, så eg fekk låna eit gammalt klenodium av Øystein, ein Trek Y-ramme fulldempa OCLV (Karbon). Blant sykkel-entusiastar så har den nesten samme status som ein T-ford har hjå bil-entusiastar. Dette var blant dei første fulldemparane som kom tidleg på 90-tallet, og for meg var det nesten litt høgtidleg å setta meg på ein slik. Me koste oss på artige stiar, og det vart mørkt før me gav oss.
Totaltid: 2t 4min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 485

 

MANDAG 1. SEPTEMBER: GRÅSIDETOPPEN (1307m)
Brynjulv og eg tok oss ein formiddagstur opp på Gråsidetoppen. Roleg tempo, beina er stort sett upåvirka av laurdagens strabaser, men kanskje litt tyngre enn vanleg i motbakkane.
Totaltid: 2t 23min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1025

 

LØRDAG 30. AUGUST: STYRKEPRØVEN RETT VEST
Dette var dagen som alle fjellmaratonistar i Bergensområdet har gått og venta på heile sommaren. Styrkeprøven Rett Vest er eit ca. 50 km. langt fjell-maraton, med totalt ca. 3000 høgdemeter opp og 3200 ned. Eg og Andreas stilte på startstreken kl. 0730 i dag tidleg, saman med 206 andre deltakarar, for å prøva å komma oss fortast mogeleg over 8 fjell frå Gullbotn til Loddefjord. Eg låg på 4. plass første halvtimen, men då det vart verkeleg bratt oppover mot Gulfjellet, gjekk eg forbi ein. Så vart eg liggande eit par minutt bak nr. 2 i halvannan time. Han var sterk og eg fann ut at eg ville brenna for mykje krutt dersom eg skulle tetta luka. Men i ein lang nedoverbakke ned frå Austlirinden la eg inn femtegiret, og var fort oppe i ryggen hans. Etter ein liten halvtime sammen med han rykka eg frå opp mot Livarden. Dette var det siste eg såg av nokon av konkurrentane. Ein stad framfor meg var Sverre Slethaug, Mr. Styrkeprøven Rett Vest! Han har så vidt eg veit vunne dei fleste gongene det siste tiåret. Eg fekk sekundering halvvegs, at eg låg 16 minutt bak han. Eg rekna med at han ville auka forspranget ytterlegare inn mot mål. Det gjekk etterkvart litt tyngre, eg klarte å halda høg fart i motbakkane og unnabakkane, men sleit litt med å halda steget på dei flatare partia. Ein klar konsekvens av at eg har fått treng litt lite spesifikt dei siste 3-4 vekene (pga. skade og Kilimanjaro). Etter kvart såg eg at eg faktisk kunne klara å komma under 6 timar om eg klarte å halda høg fart opp og ned Lyderhorn. Som sagt gjekk det greit i motbakkane og unnabakkane, og dagens innspurt ned den stupbratte lia frå Lyderhorn mot Kjøkkelvik skule må vel reknast som risikosport... I sånt terreng skal du ikkje gjera nokon feilsteg, heldigvis greip gummien godt på det tørre fjellet. Stor var gleda då eg kryssa målstreken på 5 timar og 52 minuttar. Kun 3 personar har sprunge Styrkeprøven Rett Vest fortare gjennom tidene. Og stor var også overraskelsen då Sverre kunne fortella at han kun var 3 minutt før meg i mål. Men han var likevel overlegen, han hadde full kontroll på meg sjølv om eg tok inn 13 minutt dei siste 3 timane. Andreas klokka inn på tida 8 timar og 14 minuttar, ikkje verst for ein 16-åring! Les meir om Styrkeprøven Rett Vest
Totaltid: 5t 52min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 3015

 

TIRSDAG 26. AUGUST: HORNDALSNUTEN (1461m)
Lang, roleg springetur frå skytebanen på Skjerve til Horndalsnuten. Sprang via Sollikamben og Vatnaknausen opp, og via Modalstjørna og Budalen ned igjen.
Totaltid: 3t 21min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1460

 

MANDAG 25. AUGUST: SYKKEL
Roleg tur på sykkelen. Først rundt Vangsvatnet, så opp via Hjelle og inn til Tesdal. Ned igjen asfaltvegen.
Totaltid: 1t 35min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 605

 

SØNDAG 24. AUGUST: LØNAHORGI (1410m) / STISYKLING
Først ein rask tur på Lønahorgi. Optimale forhold og kroppen var lett og fin, så eg brukte 1 time og 4 minutt.
Totaltid: 1t 48min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1095
Så tre gonger opp på Hangurstoppen med fulldemparen. Forskjellige stiar nedatt. Siste gongen køyrte eg den nye downhill-løypa som skal innviast i helga (Norgescup). Flott løype, men med ein sinnsvak roadgap over vegen i Bavallen. Den trilla eg forbi...

 

LØRDAG 23. AUGUST: GRÅSIDETOPPEN (1307m)
Fin ettermiddagstur til Gråsidetoppen. Starta nede ved Bordalsgjelet. Fint og varmt vær og tørre stiar.
Totaltid: 2t 35min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1215

 

Sjå bilder frå turen til Lyngsalpene.

 

TORSDAG 21. AUGUST
Gjekk opp på eit fjell rett over Øksfjord, nesten så langt ut mot Nordishavet som du kan komme. Hadde ei flott stund med solnedgangen langt der ute, mens eg koste meg med god mat - været var strålande! Her rulla eg ut soveposen og overnatta under stjernene. Men ut på natta begynte det å regne, og eg måtte fram med sovepose-trekket.

 

ONSDAG 20. AUGUST
I dag var eg på Fastdalstinden (1275m). Steinur opp, ingen klatring på denne. Flott utsikt mot resten av Lyngsalpane.
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: ca. 1200

 

TIRSDAG 19. AUGUST
Hadde i går eit foredrag i Alta, og i den forbindelse tar eg nokre dagar i Lyngsalpane. I dag har eg vore på Store Kjostind (1488m) og Istinden (1550m), to av dei flottaste og mest majestetiske tindane i heile Lyngsalpane. Eg starta heilt nede ved fjorden i Kjosen og gjekk først opp i skaret mellom dei to toppane. Fint vær, men skodda låg rundt toppane og gjorde det til ein utfordring å nå toppen på begge to. Først gjekk/klatra eg meg oppover mot Store Kjostind, og etter mykje att og fram pga. at eg stadig gjekk meg fast, stod eg på toppen. Ryggen opp på Istinden var utruleg morsom og utfordrande, spesielt sidan tåka låg tjukk også her. Hadde det ikkje vore for gps'en så kunne eg ikkje ha tatt denne i dag. Det hadde vore umogeleg å finna vegen ned at alle ryggane og rennene i skodda.
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: ca 1900

 

LØRDAG 16. AUGUST: LØNAHORGI (1410m)
Springetur frå Bavallen. Mykje kjentfolk på fjellet i dag.
Totaltid: ca. 2t 20min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1070

 

FREDAG 15. AUGUST: KARALDENUTEN (1297m)
Njål og eg på kombitur. Først sykkel ut til Rong i Bordalen. Så på beina opp på Karaldenuten. Flott terreng å springa i dette området, mykje sva og bart fjell. Dette området må utforskast meir! Til slutt raskt ned igjen til Vangen med sykkel.
Totaltid: 3t 15min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1520

 

TORSDAG 14. AUGUST: HORN
Njål, Martin og eg sprang på Horn mellom Steine og Dyrvedalen.
Totaltid: 1t 47min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 755

 

TIRSDAG 12. AUGUST: GRÅSIDETOPPEN
Lang og roleg springetur opp på Gråsidetoppen. Godt med norsk kjøleg fjell-vær etter mange varme dagar i Afrika.
Totaltid: 2t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1030

 

1. - 12. AUGUST: KILIMANJARO MED NORDHORDALAND TURLAG
Les meir.

 

ONSDAG 30. JULI
Lang treningsfri periode pga. skade i låret og flyttesjau. Men i dag måtte me opp i Raundalselva for å bedriva litt ekstremsvømming! Ikkje mykje brukt treningsform for meg, men utrulig artig avveksling. Hopping, stuping og svømming ned stryk er faktisk hard trening...

 

TIRSDAG 22. JULI
Øyvind og eg reiste også denne dagen til Hemsedal med syklane våre. Flott dag i løypene, me rakk sikkert 10-12 turer opp med heisen også i dag. Men eit svært mislykka hopp (dvs. hoppet var greit... det var landinga som var problemet...) gjer at eg no hinkar rundt med eit svært skamslått lår, og ein stor indre blødning på innsida av låret. Det solide beskyttelsesutstyret som me alltid har på oss klarte ikkje å dempa den voldsomme landinga vesentleg. Det blir nok treningsfri nokre dagar (ekstra surt sidan planen var å dra rett til Jotunheimen i kveld for å ta Styggedalsryggen og Skagastølsryggen i morgo). Sånn går det når motet blir større enn vettet!

 

MANDAG 21. JULI
Rask tur på Lønahorgi. 1 time og 5 minutt nøyaktig.
Totaltid: 1t 48min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1060
Etterpå sykla Øyvind og eg ned frå Hanguren, via Raugstad.

 

SUNDAG 20. JULI
Bjarte og eg starta frå Hjelle med Gråsidetoppen som første mål. Vidare forbi Ulvaskardet og ned Rapjahalsen til Teigarapjane. Så tilbake stien og vegen til Hjelle. Litt regn då me starta, men etterkvart vart det fint og varmt.
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1150

 

LØRDAG 19. JULI
Hanguren byr på flotte sykkel-mogelegheiter, og i dag var me ein stor gjeng som utforska dei sleipe og våte stiane nedover mot Vangen. Det blir ein heilt annan måte å sykla på enn f.eks. i Hemsedal i går, der stiane var tørre og fine. Ekstra viktig med beskyttelses-utstyr når det er sleipt! Me sykla mange forskjellige løyper ned til sentrum, og me tok også Hangursheisen (stolheisen) ein del gonger.
Deltakarar: Guttorm, Njål, Håvard, Øyvind, Jarle

 

FREDAG 18. JULI
Heisbasert sykling i Hemsedal. Fine og tørre stiar i motsetning til på Vestlandet akkurat no. Øyvind og eg kosa oss i den flotte løypa som lokale entusiastar har bygd. Omtrent 450 høgdemeter frå topp til bunn, så det vart totalt ca. 5000 meter nedoversykling i dag.

 

TORSDAG 17. JULI
Øyvind og eg gjekk opp den nye såkalla Ekstremstien frå Bavallen til Hanguren. Deretter sprang me over Hangurstoppen, forbi Slettafjellet og ned i Bavallen igjen.
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 620

 

ONSDAG 16. JULI
Brynjulv og eg på drittvær-tur rundt Hanguren. Starta på Mølster og gjekk først over Hanguren. Deretter sprang me via Slettafjellet og nesten opp til Horgaletten. Så stien tilbake ned Raugstad.
Totaltid: 1t 55min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 820

 

TIRSDAG 15. JULI
Lang, roleg springetur over Lønahorgi og ned på Vidvangane. Så sprang eg DNT-stien tilbake til toppen av Horgaletten.
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1315

 

SUNDAG 13. JULI
Rask tur på Horgje. Stort sett tørt og fint, men ei lita byge akkurat når eg var på toppen.
Totaltid: 2t 04min
Intensitet: Hard
Akk. høgdemeter: 1075
Etter denne harde økta, var det på med rustningen og med heisen opp på Hanguren der eg køyrte nokre timar i løypene der.

 

LAURDAG 12. JULI
Sprang frå Hjelle, via Gråsidetoppen og til Timaglaset. Attende samme veg. Nydelege forhold for lang springetur i fjellet. Såg tre reinsbukkar ved Timaglaset, to av dei var av den riktig store typen. Dei var fortsatt venner, men om ein månad eller to slåss dei nok for livet!
Totaltid: 3t 20min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1150

 

TORSDAG 10. JULI (Sjå bilete)
Ove, Brynjulv og eg starta tidleg frå Voss, med Silkeveien i Uskedalen (Rosendal) som det høgtsvevande målet for dagen. Silkeveien er ei 6 taulengders klatrerute, vedvarande 4+ klatring og nesten 300 meter høg. For Brynjulv og meg var det å klatre på sva noko nytt, det er forholdsvis stor forskjell i forhold til tilsvarande vanskelegheitsgrad i Jotunheimen. På sva må du bruka føttene på ein heilt annan måte enn på meir tradisjonell klatring. I tillegg er vanskelegheitsgraden svært jevn over heile taulangda, me er meir vant med taulengder der cruxa er forholdsvis korte. Men det gjekk veldig fint, me svinga oss oppover taulengde etter taulengde, og etter litt over 6 timars klatring stod me på "toppen", i alle fall der som ruta slutta. To lange rapellar ned igjen, ein ufrivillig dukkert i elva, 2 store pizzaer på Peppes i Odda og vips så var me heime igjen, etter ein uforgløymeleg dag.

 

ONSDAG 9. JULI
Martin og eg starta på Hjelle og sprang via Roset, Gråsidetoppen, Ulvaskaret, Rapjahalsen, Teigarapjane og attende til Hjelle. Flott rundtur som stort sett gjekk på merka sti. Denne rundturen vert nok repetert.
Totaltid: 2t 55min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1180

 

TYSDAG 8. JULI
Hard motbakke-tur på sykkel. Frå Evanger rett opp 750 høgdemeter så langt anleggsvegen går mot Styveshorgi. Etterpå sykla eg litt på Kongevegen innover mot Teigdalen og oppover mot Steine. Dagens uheldigaste var den vesle fuglungen som gjekk i kverna då eg suste forbi - dvs. eikene i hjulet. Høyrte berre eit smell og såg fjær og blodsprut. Synd for han.
Totaltid: 1t 30min
Intensitet: Hard
Akk. hødemeter: 940
Om kvelden drog eg på Vikafjellet og fiska. Fin kontrast til den harde sykkelturen tidligare på dagen. 3 uheldige fiskar havna i steikepanna. Ei ørn satt på andre sida av vatnet og observerte om det vart nokon fangst, men ho stakk då eg hadde fiska i ein time utan eit napp. Mista vel trua på fiskaren! Meir dramatisk var det store steinspranget som eg vart tilskuar til. Det skjedde ein kilometer frå der eg stod, så det var aldri nokon fare med meg, men det var mange og store steinblokker som dundra nedover eit par hundre høgdemeter. Spektakulært! Lukta av knust stein hang igjen lenge i dalen.

 

SUNDAG 6. JULI: STISYKLING / OVER GRÅSIDA
Først tilbrakte eg eit par timar med stisykkelen på stiane ned frå Hanguren. Så køyrte eg ut til Hodnaberg der eg møtte Brynjulv. Me sprang via Torfinnsheim, over Gråsida til Hjelle på Voss. Flott tur!
Totaltid: 2t 38min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 870

 

LØRDAG 5. JULI: LØNAHORGI (1410m) OG STISYKLING
Morgensola bar bud om ekstrem varme også i dag. Derfor satsa eg på ein forholdsvis tidlig start, planen var å springe opp på Lønahorgi (1410m). Ingenting er vel som springeturar i fjellet ein varm sommardag i t-skjorte og joggesko heilt til topps. Den varme granitten gjer at du får feste uansett korleis du setter skoen. Eg vart så inspirert av dei nydelege forholda, at farten vart forholdsvis stor oppover. 1 time og 14 minutt til toppen og 42 minutt ned igjen.
Totaltid: 1t 56 min
Intensitet: Middels/Høg
Akk. høgdemeter: 1065
Deretter var det berre å hiva av seg svettevåte klær, og kle på seg sykkelrustningen. Inntak av store mengder drikke (temperaturen var på dette tidspunktet 29,5 grader i skyggen) og nokre bananer måtte til i pausen mellom øktene. Så rett til Hangursbanen. Eg hadde lånt sykkelen til Njål for anledningen, Kona sin versting sti-sykkel. Den er nokre kilo tyngre enn min, men bortsett frå at downhill-følelsen var endå meir framtredande på denne pga. den ekstra vekta, så er den konstruert mykje på samme måten som min. Derfor oppførte den seg også veldig likt min. Tørre og fine stiar, Vestlandet kan ikkje by på betre sti-sykkel forhold enn Hanguren-området ein varm sommardag!
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Varierande

 

FREDAG 4. JULI: HORNDALSNUTEN / STISYKLING
Vakna på Horndalsnuten i varm morgonsol (sjå under) og koste meg ned lia på ski til ca. 700m. og vidare på joggesko ned til bilen.
Etter å ha nytt sola i nokre timar, var det tid for ettermiddagsøkta... Tok meg nokre heisbaserte timar med Commencalen på flotte stiar i Hangurs-lia. Intens varme!

 

TORSDAG 3. JULI: SKI FRÅ RAUNDALSRYGGEN
Ja, du leste riktig. Datoen til tross: det er fortsatt kjempefine forhold for skikøyring på nordsida av dei fire 15-1600 meter høge toppane som utgjer Raundalsryggen. Inspirert av runnet som nokre av verdas beste freeride-køyrarar hadde ned ein av favorittlinjene mine frå Skipadalsnuten under ekstremsportveko - i eit nydeleg solnedgangslys - måtte eg berre ut på årets siste topptur på ski. (Sjå JT Holmes, Fred Syversen og Kjetil Isachsen under Ekstremsportveko). Etter 45 minuttar på joggesko kunne eg ta på meg skiene å gå dei siste 600 høgdemetrane bratt opp på sida av flanken. I det eg stod på toppen kom sola akkurat i riktig vinkel (som nøye planlagt sjølvsagt...) og lyset i det eg suste ned flanken var på det aller mest intense. Fantastisk opplevelse! Så trakka eg meg opp igjen på Horndalsnuten og bestemte meg for å overnatta her. Eg hadde nemleg ein sovepose i sekken, og då det var så varmt og fint som det var kunne eg liksågodt sova på toppen. Målte ein minimumstemperatur på 10 grader i natt, det vil sei tropevarme på havnivå. Og det bekrefta dei også i værmeldinga då eg kom ned igjen, fleire stader i Hardangerfjorden var temperaturen over 22 grader i natt. Ingenting slår vel følelsen av den lange "kombinerte" solnedgangen/soloppgangen som ei sommarnatt kan varte opp med - spesielt ikkje etter ein flott kveld på ski i juli!
Sjå test av mine nye Trab rando-ski.
Totaltid: 3t 15min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1515

 

ONSDAG 2. JULI: GRETTEGGI (1046m)
Kombitur på sykkel og joggesko. Først sykla eg opp til Rastalii i Raundalen, kryssa elva på brua der og sykla så langt opp skogsvegen eg kom. Så på joggesko opp den bratte lia, via eit flott utsiktspunkt på Meringanolten, der ein ser rett ned i den dramatiske Rastalii. Så vidare oppover til Gretteggi. Ned igjen samme veg med ein stor sverm fluger svermande rundt kroppen.
Totaltid: 2t 25min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1075

 

TIRSDAG 1. JULI
Etter eit par dagar kvile var det på tide å ta ein roleg tur i Bømoen med fulldemparen, for å la kroppen komme gradvis i gang igjen. Tørre og fine stiar.
Totaltid: 1t 05min
Intensitet: Restitusjon

 

LØRDAG 28. JUNI: 4 SUMMIT RACE
Martin, Njål og eg tok turen heilt over til Røros-området for å delta på 4 Summit Race i helga. Dette er eit heilt spesielt multisport-arrangement som innbefatter ca. 160 km. på terrengsykkel og løping opp på 4 fjell. Terrengsykkel-etappane er mellom dei 4 fjella: Elgpiggen (1604 moh), Sålekinna (1591 moh), Hummelfjell (1543 moh) og Forelhogna (1332 moh). Det var opp til kvar enkelt kva rekkefølge ein ville ta fjella i. Me våkna til skikkelig surt regnvær grytidleg om morgonen, men heldigvis klarna det opp til me starta. Me var ukjent i området, men hadde ein plan for korleis me skulle gjera det. Eg, Njål, Martin og skiskytteren Jon Per Nygaard la oss kjapt i tet, og det viste seg at det var mellom oss kampen om seieren skulle stå. Martin måtte desverre kasta inn håndkleet på det første fjellet pga. mageproblem. Han fekk heldigvis haik tilbake til målområdet slik at han slapp å sykle åleine heilt tilbake. Jon Per fekk nokre minuttar på Njål og meg opp på Elgpiggen og han holdt dette forspranget også på det neste fjellet. På sykkeletappen opp til Hummelfjell tok me igjen forspranget, og me var først opp på dette fjellet. Men eit par dårlege vegvalg på den lange sykkel-etappen til Forelhogna gjorde at me var ca. 12 minutt bak ved starten på den aller siste 45 kilometer lange etappen ned til mål igjen. Frå Forelhogna til mål vart det ein spennande thriller både for oss som kjempa om seieren men også for publikum som var samla i målområdet, dei fekk oppdateringar heile tida ang. tidsdifferansen. På dette tidspunktet hadde konkurransen vart i nesten 12 timar, men me køyrte likevel svært høgt tempo tilbake til Tolga. I mål var me 5 minutt bak Jon Per. Fortjent seier til han, eg og Njål hadde tross alt samarbeida ekstremt godt på sykkel-etappane, men ulempen vår var heilt klart lokalkunnskapen. Eg og Njål var veldig godt fornøyd til tross for at me var så nær på å vinna heile konkurransen. Me matcha kvarandre svært godt, noko som er viktig på ein så lang konkurranse. Slett ikkje umogeleg at me blir å finna på startstreken også neste år.
Totaltid: 12 timar 56 minutt
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 4365

 

SUNDAG 22. JUNI
Lang springetur med utgangspunkt på Melkeplassen (Fyllingsdalen). Sprang først over Løvstakken og ned til Bergen sentrum, attende samme veg over toppen og ned igjen til bilen på Melkeplassen. Så vidare over Damsgårdsfjellet og ned til Lyngbø. Samme veg tilbake. Hadde eit skikkelig rundkast på såpeglatte tre-gangvegane som ligg over nokre av myrane, med skamslått lårmuskel som resultat. Det gjekk rimeleg bra å fullføra turen, men nokre timar seinare haltar eg rundt som ein halv-invalid... Regn og grått også i dag. Skremte opp ei orrhøne berre nokre meter framover meg på Damsgårdsfjellet (dvs. om det var høna eller eg som vart mest skremt er vel vanskeleg å vita...)
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1525

 

LAURDAG 21. JUNI
Fin sykkeltur (sjølv om det regna også i dag) på Byfjella i Bergen. Lange drag (7 stk, kvar på 8 - 10 minutt) i området frå sentrum opp til Rundemannen.
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Hard
Akk. høgdemeter: 1110

 

FREDAG 20. JUNI
Njål, Øyvind og eg sprang frå Mølstertunet over Hanguren og nesten opp til Horgaletten. Regn og kaldt vær gjorde at me snudde her. Ned att om Raugstad. Roleg tur, unntatt i starten då me måtte springa frå ein liten kattepus som ville væra med oss! Han holdt følge i fleire minuttar oppover den bratte lia mot Hanguren, men til slutt klarte me å rista han av oss - men då var pulsen nesten 170...
Totaltid: ca. 2 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: ca. 800

 

ONSDAG 18. JUNI
Kort sykkeltur i Byfjella, området rundt Fløyen. Skulle eigentleg ha ein litt lenger tur, men ausande regn (som sjølvsagt starta akkurat i det eg starta på treningsturen) og vind gjorde at eg mista motivasjonen...
Totaltid: 1 time
Intensitet: Middels

 

TIRSDAG 17. JUNI
Øyvind og eg på sykkel i Hanguren og Bavallen. Prøvde å finna nye stiar, men enda opp med gamle klassikarar.
Totaltid: 1t 30min
Intensitet: Varierande

 

MANDAG 16. JUNI
Først var Øyvind og eg på Hanguren og sykla ca. 1,5 timar. Til slutt ned Raugstad-løypa. Tørr og fin - perfekte forhold. Så sprang Njål, Martin, Brynjulv og eg opp på Gråsidetoppen. Lite snø igjen på ryggen oppover Sandfjellet.
Totaltid: 2t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1025

 

8. - 15. JUNI: TENERIFE (SPANIA)
--- SYKKEL ---
Tenerife baud som forventa på flott nedoversykling. Me starta som regel på 2100 moh. og fant vegen ned til kysten igjen på nydelege og utfordrande stiar. Me fant også mange fine stiar som gav meir "bortover-sykling". Det vart lange dagar, me starta tidlig om morgonen og var ikkje i leiligheita igjen før seint om kvelden. Det er vel ikkje mange som har vore på Tenerife utan å gå på stranda ein einaste gong... Eigentleg ikkje så mykje meir å skrive om sykling på Tenerife, me har hatt ei fantastisk veke - bileta talar vel for seg!
--- TEIDE ---
Frå 0 til 3718 moh. på 4 timar og 37 minuttar
Siste dagen var planen å gå/springe frå havnivå til toppen av Teide. Me starta om morgonen frå Playa del Soccorro som ligg like ved Puerto de la Cruz. Me hadde lagt ut nokre flasker med drikke og litt mat på strategiske plasser på ein av våre tidligare sykkelturar. Dermed kunne me springe ultralett oppover den lange motbakken. Oppladninga var ikkje optimal, lange dagar med nedoversykling belastar musklane i beina på ein heilt annan måte enn springing i motbakkar. Men det gjekk fint og me holdt bra fart oppover mot første "delmål", kraterkanten La Fortaleza på ca. 2100 moh. Øyvind hadde litt tunge bein i starten og dermed var han litt bak då me nærma oss, men pga. ein skikkelig orienteringstabbe av meg, kom eg bak Øyvind til La Fortaleza likevel. Her hadde firfirslene ete opp all maten vår... ein liten strek i rekninga. Me fortsatte over det litt flatare "ørken-området" fram til sjølve vulkanen Teide, som tronar over 1500 meter over caldera-området under. Då eg kom til den siste matstasjonen, hadde firfirslene også her hatt matgilde... og i tillegg hadde dei gnagd hol på flaska med energidrikk... Ikkje bra! Det kryp nok ei smellfeit firfirsle rundt og raper mellom steinane her oppe no! Vannmangelen gjorde nok sitt til at antydningar til krampe begynte å setta seg i det eine låret. Men etter litt over 4 timar stod eg ved "porten" til den øverste delen av vulkanen, ca. 150 meter under toppen. Her er det ein vakt som passer på at kun dei med tillatelse slepp forbi. Me hadde ordna oss med tillatelse, men pga. at me sprang ein god del fortare enn me hadde rekna med, stod eg no der ca. klokka 1330 med ein tillatelse som gjaldt mellom kl. 1500 og 1700. Heldigvis var ikkje vakten av den byråkratiske typen og då eg fortalte kva me dreiv med, så himla han berre med augene og slapp meg gjennom utan nokre fleire spørsmål. Etter nøyaktig 4 timar og 37 minuttar stod eg på toppen. Øyvind kom nokre minuttar seinare. Me var begge svært slitne, dei siste 1000 høgdemetrane var i tynn luft, og dermed var pustinga også eit problem. Slitne og støvete fekk me haik med kabelbanen ned igjen til ca. 2200 moh. Der tok me ein buss ned igjen til kysten etter eit godt måltid og 2,2 liter Coca Cola...
Totaltid: 4t 37minutt
Intensitet: Høg
Gj. sn. puls: 156
Kcal: 5118
Akk. høgdemeter: ca. 3800
Gj. sn. høgdemeter pr. minutt: 13

BILDER FRÅ TENERIFE

 

FREDAG 6. JUNI
Kort, men intens sykkeltur på smale berg- og dalbane-vegar heilt ytterst i havgapet på Sotra. Naturlege intervallar opp alle motbakkane. Fascinerande natur!
Totaltid: 1t 10min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 515

 

TORSDAG 5. JUNI
Hadde planar om ein hard langtur i Bergensfjella, men det vart fort klart at kroppen ikkje heilt ville vera med på det i dag. Sånn er det av og til... når kroppen gir klart signal så er det berre å lytta og legga opp treninga etter det. Det var ikkje beina eller formen det stod på, men magen. Veit ikkje om eg hadde fått i meg noko eg ikkje tålte, men eg måtte i alle fall i buskane 3 gonger i løpet av turen. Når skoene i tillegg revna så var det berre å konstatere at dette ikkje vart ein av mine finaste turar... Eg sprang frå Danmarksplass via Haukeland over Ulriken og Turnerhytten til Haukeland (Arna). Samme stien attende.
Totaltid: 3t 05min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1255

 

ONSDAG 4. JUNI
Sein kveldstur opp på fjella over Jordal i Bergen for å sjå sola gå i havet. Solnedgangen frå Bergensfjella vert ein aldri lei. Me såg ein hjort på veg nedatt den smale fjellryggen.
Totaltid: ca. 2 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: ca. 350

 

MANDAG 2. OG TIRSDAG 3. JUNI: FOLGEFONNA PÅ LANGS.

 

SUNDAG 1. JUNI
Sykla heimanfrå opp på Vikafjellet. Fin dag å sykle på asfalten, varmt og lite vind.
Totaltid: 3t 40min
Distanse: 90 km
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1055

 

LAURDAG 31. MAI
Øyvind og eg sprang frå Oppheim til Tvilde, over Skorset- og Kolingseggi, via Lemme og deretter over Storåsen. Ein god del snø i begynnelsen av turen. Flott rute for ein lang springetur i fjellet.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Roleg (litt høgare puls nokre strekningar)
Akk. høgemeter: 760

 

FREDAG 30. MAI
Eg og Øyvind gjekk opp til Horndalsbotnen i går kveld. Me overnatta i lyngen og lot oss vekka langsomt av solstråler og fuglesong. Etter det som me verkeleg må kalla ein "slow start" på dagen, trakka me oss oppover mot Horndalsnuten. Etter kvart som me nærma oss toppen vart idyllen brutt av militærhelikopter som tydelegvis simulerte at toppvarden var fienden(!!!). Det var ikkje måte på korleis den vart angrepen igjen og igjen. Men då me nærma oss, trakk dei seg unna - dei har sikkert fått beskjed av høgare offiserar om å halda seg vekke når skiløparar nærmar seg toppen. Me køyrde nedatt den lange fine flanken på nordvestsida ned att i Horndalsbotnen. Her møtte me Sverre, Kjetil og Kristen, akkurat som avtalt. Heile gjengen gjekk så opp på Skipadalsnuten. Hovedmålet for dagen var den lange flanken ned på nordvestsida av Skipadalnsuten. Den var perfekt i dag, sidan det ikkje var nattefrost i natt. Turen vart avslutta med jordbær og vannmelon ved bilane. (Dagens artigaste: Kristen trudde tydelegvis at varden på toppen trengte litt utbetring, så han hadde fleire store steinar i ryggsekken med oppover. Han hevda riktignok at det ikkje var han som hadde lagt dei i sekken, men mangla bevis for desse påstandane).
Totaltid: ca. 6t
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: ca. 1700 (inkl. turen opp i leiren i går kveld)

 

TORSDAG 29. MAI
Lang, forholdsvis hard sykkeltur. Ikkje ofte eg syklar på asfalt, men i dag var det nydelege forhold. Sykla inn Raundalen til Langavatnet (forbi Mjølfjell Ungdomsherberge). Lite trafikk på desse vegane, og det går opp og ned og att og fram heile tida. Artig å sykle fort på slike vegar!
Totaltid: 2t 50min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1145

 

ONSDAG 28. MAI
Eg og Øyvind leika oss på stiane i Storåsen med terrengsykkel. Stiane er heilt perfekt akkurat no, etter den lange tørre perioden.
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Middels (naturlege intervallar)

 

TIRSDAG 27. MAI
Ingenting slår vel følelsen av å vakna opp i lyngen, av at sola varmer på soveposen (klokka var berre 0630 då sola kom opp) og ko-ko i lia under meg... Det var ein så fantastisk fin morgon at eg faktisk låg eit par timar og døsa før eg stod opp, åt litt mat og spente på meg skia. I dag var det atter ein stortur på Raundalseggi som stod på programmet. Først opp på Horndalsnuten, så nesten ned til Aunasete. Opp den smale og dramatiske Skipadalen til Seldalsnuten. Så (sjølvsagt...) ned favoritt-flanken på sørsida av Seldalsnuten. Denne skuffar aldri. Så opp igjen på Seldalsnuten og ned i skaret mot Skipadalsnuten. Så på igjen med fellene for siste gong i dag. Frå toppen av Skipadalsnuten køyrde eg Raundalsryggens råaste flanke (nordvest) rett ned, og skrensa opp framfor teltet som står i utløpet av denne flanken.
Totaltid: 5t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 2045

 

MANDAG 26. MAI
Roleg tur opp til Base Camp'en (!!!) min i Horndalsbotnen. Teltet sto akkurat som då eg forlot det for eit par dagar sidan. Lagde meg mat og koste meg med gode tegneseriar (Rocky og Ernie...) mens eg låg i soveposen under åpen himmel. Teltet vart heller ikkje denne gongen brukt, natta var skyfri og mild.
Totaltid: 50min
Intensitet: Roleg

 

SUNDAG 25. MAI
Lang, hard springetur frå Gullbotnen til Haukeland. Over Gullfjellet, Austerinden, Slettegga og Livarden. Hadde rekna med å bruke mellom 3 - 3,5 timar men det gjekk veldig lett i dag, så eg brukte berre 2,42. Sykkelen stod låst ved Haukeland så eg hadde transport tilbake til bilen. Problemet var berre at eg inntok ein energi-gel som var utgått nesten eit år på dato før eg hivde meg på sykkelen. Dermed gjekk det fort i omlag ein halvtime også på sykkelen, men så var det stopp... Kvalmen kom snikande og kreftene forsvant totalt. Opp Trengereidsbakkane svimla det for augene, og det var såvidt at eg måtte gå av og trilla sykkelen oppover. Vel framme ved bilen kom mesteparten av gel'en opp igjen... Men alt i alt ein svært fin tur. Utruleg moro å springa fort og langt i fjellet når kroppen fungerer så godt som den gjorde i dag.
Totaltid: 4t 05min (2t 42min løping og 1t 23min sykkel
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1850

 

LAURDAG 24. MAI
Vakna tidleg, men låg lenge og slappa fullstendig av i lyngen oppe i Horndalsbotnen, med utsikt rett opp på spora mine ned frå Skipadalsnutens (frå i går kveld). Rein meditasjon å ligga slik i lyngen under ei varm morgonsol... Så la eg feller på skia, og trakka meg opp på Horndalsnuten igjen. Køyrde "normalvegen" ned igjen Horndalsbotnen.
Totaltid: 1t 35min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 630

 

FREDAG 23. MAI
Langtur på Raundalseggi. Skisesongen er ikkje over... Starta frå Skiple og gjekk først opp på Skipadalsnuten, så rett ned den flotte "bollen" rett sør for toppen, ned i Skipadalen. Så opp igjen og ned ein av Raundalseggis brattaste og flottaste flankar - rett ned i Horndalsbotnen. Så opp igjen på Horndalsnuten og ned til Modalstjørni. Dette er også ein av dei flottaste ski-linjene på Voss. Vidare nesten ned til Steindro. Opp igjen ryggen rett til topps. Så ned igjen til Horndalsbotnen der eg hadde lagt igjen soveposen og litt mat. Overnatta under open himmel. Teltet sto klart ved sida av meg, men det var mykje finare å ligga ute. No er planen å la teltet stå nokre veker framover, slik at eg har ein "base" oppunder Skipadalsnuten og Horndalsnuten for sesongens siste skiturar. Fortsatt kanonforhold!!!
Totaltid: 6t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 2805

 

ONSDAG 21. MAI
På Sykkel frå Lønahorgi på perfekt skaresnø... Har lenge venta på dei perfekte forholda, og no slo det til. Kald nordavind gjer at skaren er perfekt til å sykla på i høgfjellet. Men for å unngå våt snø måtte eg starte så tidleg som 0530 frå Bavallen. Nesten 2 timar seinare stod eg på toppen av Lønahorgi. Det er ikkje første gong nokon har sykla ned frå Lønahorgi (Helikopterløft under Ekstremsportveko i 2006), men kanskje er det første gong nokon har sykla opp... Opp måtte eg sjølvsagt dytta sykkelen ein god del, men ned igjen var det berre å la det stå til. Utruleg moro!
Totaltid: 2t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1100

 

TIRSDAG 20. MAI
Sprang på tørre og fine stiar (nokre få snøfenner øverst) i området Raugstad, Raude Kross-hytta, Hanguren.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 770

 

MANDAG 19. MAI
Forventningar om tørre stiar lokka meg opp på Storåsen med terrengsykkelen. Køyrde stiar nonstop i 2 timar. Perfekte forhold!
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 780

 

FREDAG 16. - SUNDAG 18. MAI: 17. MAI-FEIRING I FITJARS SKJÆRGÅRD

 

TORSDAG 15. MAI
Lang springetur frå Osavatnet (innerst i Bjørndalen sørvest for Arna). Sprang over Slettegga og Livarden og vidare ned lia til Haukeland. Skulle eigentleg vidare over Ulriken, Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn, men beina var tunge og været var ikkje bra. Derfor bestemte eg meg for å springa tilbake samme veg til bilen. Det var ingen overraskelse at beina var tunge i dag. Mange lange turar i det siste. Dei neste tre dagane skal me på kajakk-tur i øy-paradiset vest for Fitjar. Perfekt avslapping og restituering...
Totaltid: 3t 35min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1650

 

ONSDAG 14. MAI
"Sesong-premiere" på Commencalen... Og for ein tur! Sykla opp frå Arna på utfordrande og bratte skogsvegar til toppen av Ådnanipa. Så ned stien til Garnes (som eg hadde fått anbefalt av likesinna). Nydeleg sti nedover, akkurat så teknisk utfordrande at det meste går an å køyre i fin fart. Utruleg kjekt å vera i gang med sykkel-sesongen igjen. No kan eg snart legga skia på hylla utan at det føles som eit stort sakn...
Totaltid: 1t 40min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: ca. 500

 

SØNDAG 11. - TIRSDAG 13. MAI: JOTUNHEIMEN / SOGN

 

LØRDAG 10. MAI
Ufrivillig dobbeltur på Lønahorgi... Eg og Brynjulv gjekk først opp ein gong, og då mobil-telefonen min på ein eller annan merkeleg måte låg igjen på toppen, var det ikkje anna å gjera enn å rusla opp igjen ein gong til.
Totaltid: 4t 20min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: ca. 2000

 

FREDAG 9. MAI
Har lenge planlagt ein nøyare utforskning av Mykletveitsveten (1131m) sine aust- og nordflankar. I dag var dagen, og eg gjekk i shorts i finværet heilt til topps. Først køyrde eg ned austflanken. Fin køyring, men litt vel slushete slush... Så traska eg opp igjen og no var det den flanken som eg hadde størst forhåpningar til som stod for tur. Dei 500 høgdemetrane bratt ned ein brei "bolle" såg ut på kartet til å vera optimalt. Og den skuffa ikkje... føret var også mykje betre på skuggesida så det var berre å gi gass. Så opp på toppen for tredje gong, og nedkøyringa til Skjerveggen var også kjempeflott no når sola ikkje lenger stod rett på.
Totaltid: 3t 42min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1575

Dette biletet forklarer vel litt kvifor me driv med dette...

Asle og Brynulv i fint driv mot Onen (1620m) for første av tre gonger denne dagen

 

TORSDAG 8. MAI
Ny stortur: Asle og Jakob inviterte til utforskning av Onens (1620m) mange flotte flankar. Me køyrte til fjellgarden Kjeåsen, utgangspunktet for turen. Etter å ha stått på toppen for første gong denne dagen køyrte me først ned Grøndalen nesten ned til Skardsete. Så opp igjen til toppen og ned ein heilt utruleg flott dal nesten ned til Døgradalsvatnet. Vanvittig bra føre på denne sida av fjellet. Så til topps igjen og den siste sida me køyrte denne dagen var ned ein liten sidebotn til den linja me hadde gått opp. Opp igjen 200 høgdemeter og så ned til Kjeåsen igjen. Ny tur som sannsynlegvis må med på "Best of" lista når det gjeld dei finaste toppturane i år, og nummer tre av turane til no i år med tanke på antall høgdemeter. Strålande vær og stort sett glimrande føre.
Totaltid: 8t 15min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 2745

 

TIRSDAG 6. MAI
Lang rolig sykkeltur på asfalt. Frå Bergen over Nordhordalandsbrua til Frekhaug. Tilbake samme veg og opp fjellvegen frå Eidsvåg. Litt opp og ned på dei fine fjellvegane i området Eidsvåg - Munkebotnen til slutt.
Totaltid: 2t 35min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1015

 

MANDAG 5. MAI
Rask tur over fleire av Byfjella. Starta i Laksevåg og sprang først via Damsgårdsfjellet til Løvstakken. Så tilbake samme veg. Etter ein liten drikkepause ved bilen sprang eg opp på Lyderhorn.
Totaltid:
2t 40min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1525

 

SØNDAG 4. MAI
Roleg søndagstur på Lyderhorn frå Gravdal i nydeleg sommarvær.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Restitusjon

 

LØRDAG 3. MAI
Dagens stortur starta på Tjoflot og Oksens flankar var hovedmålet. Me gjekk med skia på ryggen opp til Vindhovden (ca. 600m). Flott utsikt ned i fjorden på alle kantar oppover den bratte lia mot Oksen (1241m). Vel oppe tok me oss ein god pause før me slapp oss ned austover mot Oksastølen (660m). Me var einige om at dette var ein av årets flottaste nedturar. Men dette var berre begynnelsen. Me gjekk så opp på Ingebjørgfjellet (1210m) og slapp oss ned mot Verkadalslii (på Hamre-sida) og denne nedkøyringa var nesten like fin. Opp igjen på Oksen for andre gong i dag, og så rosinen i pølsa: den bratte flanken ned mot Vindhovden. Dette vart definitivt den beste nedkøyringen i dag. Det var berre å dra på det det gjekk... Det var ein munter gjeng som gjekk nedover skogen med skia på ryggen heilt på slutten av turen. Denne turen kjem me til å hugsa lenge.
Deltakarar: Frode, Brynjulv, Egil, Guttorm, Jarle
Totaltid: 6t 40
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: ca. 2150

 

FREDAG 2. MAI
Frode og eg på langtur i Jordalsfjella. Me gjekk opp Slettedalen til Solbjørgnipa (1464m). Her låg skodda godt nedpå, til tross for fine værmeldingar. Så vidare til Giljabotnnipa (1499m). Her klarte me det kunststykket og gå ned på feil side i den svært tette skodda og rota dermed rundt ein halvtime før me skjønte kva me hadde gjort feil... Så vidare over Høgberget og Fetanipa til Bakkanosi (1398m). Her fekk me endeleg utsikt ned i Nærøyfjorden. Me hadde planer om å gå lenger, kanskje heilt opp til Styvisdalseggi og Tverrbotnnuten, men vær og føret gjorde at me køyrte ned igjen Slettedalen.
Totaltid: 5t 36min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1380

 

TORSDAG 1. MAI
Brynjulv, Arnstein og eg til Lønahorgi. Me gjekk opp Bodegaen. Sugande føre også i dag, men fint ned Bodegaen.
Totaltid: 2t 25min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1130

 

ONSDAG 30. APRIL
Sykla rundt Vangsvatnet og nesten opp til Hamlagrøvatnet. På Bulken tok Brynjulv meg igjen og me tok ein runde opp Ringheimsvegen og over Ygre.
Totaltid: 2t 56min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1125

 

TIRSDAG 29. APRIL
Rask tur på Lønahorgi med dei nye Trab-skia. Gjekk opp Bodegaen.
Brukte 1 time og 13 minuttar opp og 14 minuttar ned igjen til tross for dårleg føre.
Totaltid: 1t 27min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1110

 

MANDAG 28. APRIL
Sprang nokre rundar att og fram på forskjellige stiar i Storåsen og Tvildesåsen.
Totaltid: 2t 43min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 930

 

SØNDAG 27. APRIL
Sola kom fram igjen etter eit par dagars fråvær, og dermed måtte eg ha meg ein lang skitur. Gjekk opp frå Hjelle. Då eg kom opp på Sandfjellet, slapp eg meg ned i botnen under Gråsidetoppen. Så rett opp ryggen som ledar opp til sjølve toppen. Deretter rett ned breen som ligg under toppen, og vidare heilt ned til stølen Teigarapjane. Så opp igjen til Gråsidetoppen på ryggen vest for toppen, og ned igjen renna aust for breen. Til slutt opp igjen på Sandfjellet og ned via Roset. Føret er ikkje lenger slik det var, til dels sugande og ujevn slush.
Totaltid: 5t 07min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 2280

 

FREDAG 25. APRIL
Lang, roleg springetur på Byfjella i Bergen. Munkebotnen, Blåmannen, Rundemannen. Regn og vind.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 770

 

TORSDAG 24. APRIL
Fint med litt avveksling frå alle høgdemetrane på ski i det siste. Tok med meg nyesykkelen på tur i Byfjella i Bergen. Lange intervallar på dei fine slakke stiane opp frå Bergen sentrum mot Fløyen og vidare til Rundemannen.
Totaltid: 1t 50min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1045

 

ONSDAG 23. APRIL
Om mandagens stortur ned Raundaleggens mange flankar var årets flottaste skitur, så var nok dagens ein god nummer to. Eg starta på Volli, og gjekk Trollabotnen heilt inn. Så rett opp flanken som me ikkje tok sjansen på å køyra på mandag (skare og skygge). Bratt, men flott... Så vidare til toppen av Seldalsnuten, før eg køyrte ned igjen til skaret på toppen av flanken. Så eit av dagens høgdepunkt - rett ned flanken i 4-5 lange svingar - fantastisk! Vidare ut Trollabotnen på nydeleg føre. Så rett opp mot Olskavlen. På toppen av denne var eg eigentleg tenkt å køyra ned igjen til bilen, men det var så fint føre og vær at eg køyrte heilt fram på kanten mot Trollavatnet. Så rett ned den bratte lia til eg stod på vatnet. Denne sida er det berre mogeleg å køyra på slikt føre som det er no. Så inn i skaret mellom Olskavlen og Nordbotnnuten og rett opp til Olskavlen igjen. Nydeleg føre også ned mot Volli igjen. Ikkje mange høgdemeter eg har køyrt i dårleg føre dei siste 10 dagane. Kanskje den flottaste topptur-perioden når det gjeld føre og vær som eg nokonsinne har opplevd.
Totaltid: 5t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 2335

 

TIRSDAG 22. APRIL
Kveldstur til Horn frå Vestbygdi. Me måtte gå nokre minuttar før me kom til snøen, så fulgte med ryggen heilt opp til toppen (1109m). Nydeleg flanke ned igjen, men kanskje litt vel mykje slush. Heldigvis var den så bratt at det gjekk unna likevel.
Deltakarar: Njål, Guttorm, Jarle
Totaltid: ca. 1t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 750

 

MANDAG 21. APRIL
Eg er klar over at bruken av superlativer i treningsbloggen har vore stor i det siste. Finværet og det fantastisk føret den siste veka har vore perfekt for oss som likar å stå på ski ned frå store fjell. Men sjølv om det har vore mange turar i det siste, så er eg ikke i tvil om at dagens tur var årets flottaste. Kanskje ein av dei råaste toppturane eg nokonsinne har hatt!!! Som ein ser av dei tørre fakta under, så gjekk me altså 3035 høgdemeter i dag. Me hadde valgt ut ei rute mellom toppane på Raundalsryggen som gjorde at me fekk køyrt dei flottaste flankane som denne ryggen kan by på. I tillegg fann me ei ny bratt linje rett ned på nordsida av Seldalsnuten. Men me tar det frå begynnelsen: Me starta frå Volli og gjekk opp Mysedalen og Rastaklov til Seldalsnuten. Dagens første storflanke var sørsida av Seldalsnuten, 800 meter høg. Dette er ein klassiker som ligg i sola og som nesten alltid har nydeleg føre. Så gjekk me opp Våareggi og slapp oss ned igjen til skaret mellom Seldalsnuten og Skipadalsnuten. Etter ein lenger idyllisk pause i varmen, gjekk me opp på Skipadalsnuten (Vest). No var det nordvest-flanken på Skipadalsnuten som stod for tur, 800 meter høg. Denne flanken ser bratt ut frå Horndalsnuten, men det er kun det aller øverste partiet som er skikkeleg bratt. Det nederste partiet var så jevnt og fint at det var berre å gassa på. Så opp igjen til Skipadalsnuten (Aust) og vidare ned igjen i skaret. Opp igjen på andre sida, me gjekk heilt fram på kanten av Trollabotnen for å sjå om me kunne sleppa oss ned ein av dei stupbratte flankane ned i Trollabotnen. Det hadde gått fint under betre forhold, men no var det blitt skare og skygge ned sida, og dermed valgte me å vente med denne til ein annan gong. Men så såg me ei linje rett under toppen av Seldalsnuten, rett ned i Trollabotnen. Den såg nydeleg ut, og me bestemte oss for å prøve sjølv om det var vanskeleg å sjå kor bratt den var frå denne vinkelen. Dermed opp igjen på Seldalsnuten. Denne linja vart kanskje dagens høgdepunkt, til tross for at me hadde mange fantastiske nedkøyringar bak oss før på dagen. Bratt, med nydeleg pudder øverst, og inn i ei bratt renne som enda ut ned i Trollabotnen. Ut Trollabotnen var det berre å gi på med store skjærande svingar og før me visste ordet av det stod me med bilane. Då me stod og pakka ned utstyret var me alle einige om at det var vanskeleg å setta ord på det me hadde opplevd i løpet av dagen, men me kjem garantert til å drøyme om denne turen i fleire netter framover... (Asle imponerte med å ta over 3000 høgdemeter på sin første tur på Ranonée-utstyr nokonsinne!)
Deltakarar: Njål, Øyvind, Asle, Jarle
Totaltid: 8t 48min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 3035

 

SUNDAG 20. APRIL
Øystein og eg var dei einaste som var friske nok (etter ein lang laurdagskveld) til å ta dobbelturen på Horndalsnuten. Me gjekk opp frå Nedrestølen. Frå toppen slapp me oss først ned til Modalstjørni, føret var suverent som forventa. Opp igjen til ryggen mellom Horndalsnuten og Vatnaknausen. Så ned linja som me no berre kallar Superbowl (pga. den store og bratte "bollen" øverst).
Totaltid: 3t 48min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1430

 

 

LØRDAG 19. APRIL
I dag var det endeleg på tide (og snøforhold til...) å køyre flanken over alle flankar, i alle fall i området rundt Lønahorgi. Den lange og bratte flanken ned frå Valken (1225m) til Dalsbotnen (525m) innerst i Dyrvedalen har vel alle som har køyrt i heisanlegget på Voss sett på. Frå Horgaletten slapp me oss ned i Vådalsbotnen. Så gjekk me opp ein av dei mange fine flankane på motsatt side til me stod på toppen av Valken. Flanken ned igjen var suveren, enkelt og greit. Snurr film... (sjå over)
Deltakarar: Øystein, Øyvind, Jarle
Totaltid: ca. 2t 45min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: ca. 1000

 

 

FREDAG 18. APRIL
Idyllisk og roleg padletur på Nordåsvatnet i Bergen. Årets første tur med havkajakken.
Totaltid: 1t 40min

 

TORSDAG 17. APRIL
Sprang frå Hjortland i Åsane, over Vidden nesten til Ulriken og tilbake inkludert ein spektakulær sti rundt Setervatnet. Flotte stort sett tørre stiar.
Totaltid: 2t 20min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 795

 

ONSDAG 16. APRIL
Øyvind og eg køyrde til Skaftedalen for å ta Horndalsnuten frå sørsida. Lenge sidan me har gått denne ruta. Frå toppen valgte me Horndalsnutens flottaste linje ned til Modalstjørni. Me hadde store forhåpningar til føret, og det svarte så til dei grader til forventningane. Nydeleg pudder øverst som gjekk over i raskt slush etterkvart. Optimalt! Så opp på Vatnaknausen og deretter ned den flotte 800 meter høge flanken nesten ned til Raundalselva. Så opp igjen på Horndalsnuten for andre gong og ned igjen den bratte dalen som går rett ned til Skykjeset.
Totaltid: 4t 46min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 2255 (ca. 9000 høgdemeter dei siste 6 dagane inkl. ein kviledag)

 

TIRSDAG 15. APRIL
Brynjulv, Øyvind og eg på stortur i det mest dramatiske og spektakulære terrenget på heile Raundalsryggen. Me starta ved Espelandsdalen og gjekk opp ved fossen. Me gjekk først opp Vesterbotnen til Olskavlen (1558m) og ned igjen samme flanken. Denne flanken har det sannsynlegvis ikkje vorte satt skispor på sidan eg var her sist for kanskje 10 år sidan! Så tok me oss inn dalen til Trollavatnet, me var usikre på om det i det heile tatt var mogeleg, men me fann ein trygg veg. I dette området er det vel tvilsomt om det nokonsinne har vore folk på ski. Så vidare opp på Nordbotnnuten (1470m). Været var framleis strålande så også her satt me lenge i t-skjorter på toppen og koste oss. Så slepte me oss ned Sotebotnen, nesten heilt fram på stupet ned i Tyssedalen. Opp igjen på Brattenuten (1193m) og til slutt ned Hestastodene og ned igjen ved fossen. Siste flanken ned vart det heilt flatt lys pga. skyer som la seg framfor sola, men alt i alt ein fantastisk flott tur i flott føre.
Totaltid: 6t 44min
Intensitet: Roleg (men pulsen var høgare enn normalt pga. varmen)
Akk. høgdemeter: 2370
Kcal: 3258

 

FREDAG 11. - SUNDAG 13. APRIL: SPILDADALEN LOW CAMP

 

TORSDAG 10. APRIL: LØNAHORGI
I dag var dagen for den første testen av det nye racing-utstyret (randonée) - ski frå Trab, bindingar og sko frå Dynafit - det aller lettaste som er å få tak i som er i standard produksjon. Gjekk frå Bavallen opp på Lønahorgi. Skulle ha ein heilt roleg tur, men gjekk likevel opp på 1 time og 37 minutt med ein gjennomsnittspuls på 128... det er kun mogeleg med så lett utstyr. Skia var utruleg fine oppover, ikkje berre på grunn av vekta, men også pga. den presise følelsen på vanskeleg og bratt underlag (gjekk opp Bodegaen). Ned igjen kunne det sjølvsagt ikkje måla seg med tyngre utstyr, men eg vart overraska over eigenskapane, spesielt ned ei fint preparert utforløype. Der gjekk det ikkje mykje saktare enn med tunge ski. Skal bli artig å bruke dette utstyret på ein del lange turar utover våren.
Totaltid: 1t 54min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1150

 

TIRSDAG 8. APRIL
Rolig sykkeltur for å restituere litt små-støle muskler etter den lange springeturen i går. Første sykkelturen i år (unntatt eit par turer på fjellet på skaresnø). Sykla først litt i Prestegardsmoen og så rundt Vangsvatnet.
Totaltid: 1t 17min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 340

 

MANDAG 7. APRIL: 7-FJELLSTUREN
Litt tidlig i sesongen for slike prosjekt kanskje... men det gjekk over all forventning. Eg starta ved Nutec på Gravdal og endte opp nesten i Eidsvåg, så det vart nokre kilometer lenger enn den orginale 7-fjellsturen. Litt tunge bein på slutten.
Totaltid: 4t 40min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 2305
Kcal: 3281
Gj. sn. puls: 152
Max. puls: 174

 

SUNDAG 6. APRIL
Øyvind og eg "juksa" litt og tok heisen til toppen av Horgaletten. Gjekk så til toppen av Lønahorgi. Slapp oss så rett ned dalen mot Vådalsbotnen. Der tok me ein pause før me gjekk opp til Tvarafjellet. Så ned igjen til Vådalsbotnen og opp til Horgaletten. Ikkje optimalt føre, og vinden var kald... men ein fin tur likevel.
Totaltid: 4t 12min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1170

 

TORSDAG 3. APRIL: SELDALSNUTEN (1547m) / OLSKAVLEN (1576m)
Brynjulv og eg på langtur i Raundalsrygg-massivet. Me starta frå Volli og gjekk opp Skorafjellet til Seldalsnuten. Så køyrte me ned ein av dei flottaste flankane på heile Raundalsryggen, nesten 1000 høgdemeter ned til Fagnastølen. Her satt me i ein halvtime og koste oss i den varme sola. Så gjekk me opp Rastaklov til Olskavlen. Me logga 2115 høgdemeter totalt. Fantastisk tur, sjølv om kvaliteten på nedkøyringane var litt varierande.
Totaltid: 5t 18min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 2115

 

ONSDAG 2. APRIL: HESTESTODNUTEN (1362m)
Flott ettermiddagstur opp frå Espeland. Dramatisk natur, ikkje mange som legg skispora i desse fjella. Dette området kan kun besøkast når det er stabil og god snø.
Totaltid: 2t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1025

 

TIRSDAG 1. APRIL
Dette er ingen aprilspøk, men i dag var eg faktisk på min første tur på langrennski. Rar følelse for ein som til vanleg kun går på rando-utstyr eller fjellski. Etter ein litt nølande start (Bambi på isen...), gjekk det litt betre etterkvart. Men det var nok eit morsomt syn ja... Men eg fant i alle fall ut at dette kjem til å bli artig når ein berre får dreisen på det. Det gjekk fort sjølv om føret var dårleg. Brynjulv var med og plukka ut utstyret for meg, og eg må nok stola på han når det gjeld finpussing av teknikken min - dvs. han må nok begynne med grovpussing...
Totaltid: 1 time
Intensitet: Roleg (men vanskeleg å holde pulsen nede i motbakkane)
Akk. høgdemeter: 200

 

MANDAG 31. MARS
Rask tur opp til andre kvilehytta (Lønahorgi). Blanda føre nedatt, men løypene var fine, raskare enn eg nokonsinne før har opplevd dei.
Totaltid: 1t 21min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 965

 

SØNDAG 30. MARS
Ein god time i heisane var nok i dag. Regn og dårleg føre gjorde at eg fant ut at dette var ein perfekt dag for ein lang springetur. Sprang inn over Tvildesåsen og opp i Grauesåsen. Litt att og fram på stiar før eg sprang samme veg tilbake.
Totaltid: 2t 53min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 735

 

LAURDAG 29. MARS
Dårleg vær gjorde at fellesturen til Horndalsnuten (Vinterveko) måtte avbrytast litt over tregrensa. Me gjekk frå Nedrestølen i Raundalen. Føret var fint ned igjen, i alle fall den øverste delen, men sugande lenger nede.
Totaltid: ca. 2 timar
Intensitet: Roleg
Deltakarar: Martin, Egil, Olav, Ove, Brynjulv, Jarle

Film frå Vinterveko (Storebotteggi 28. mars)
(klikk på "Video" for å få den på fullskjerm)

 

 

FREDAG 28. MARS: STOREBOTTEGGI
Stor gjeng på pudderjakt i Raundalen. Dette var ein oppvarmingstur før Vinterveko som arrangeres på Voss denne helga. Kvalitetspudder ligg i store mengder oppover fjellsidene, så dette lovar godt. Himmelsk bra køyring ned igjen. No blir det sauna, boblebad og isbading i elva på Voss Rafting!
Totaltid: ca. 2 timar
Intensitet: Roleg
Deltakarar: Brynjulv, Ove, Martin, Guttorm, Egil, Øyvind, Njål, Jarle

 

TORSDAG 27. MARS: HORNDALSNUTEN (1461m)
Eg og Øyvind på flott puddertur til Horndalsnuten. Starta ved Nedredstølen på Urdland.
Totaltid: 2t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1205

Sjå video frå Horndalsnuten (NB! Stor fil, ca. 17mb)

 

ONSDAG 26. MARS
Måtte avbryte forsøket på å nå Nordend (4609m), Alpanes tredje høgaste fjell i natt. Stor snøskredfare og tung nysnø gjorde det farleg og ekstremt slitsomt. Nådde Monte Rosa hut som ligg rett under Monte Rosa-massivet. Gjekk opp den imponerande Gornergletcher, ein av Europas største breer. Sør-hellingane var svært farlege pga. nysnøen som har komme dei siste dagane, kombinert med nordavinden som har herja.
Totaltid: 7 timar
Akk. høgdemeter: 1530

 

16. - 25. MARS: HAUTE ROUTE (CHAMONIX - ZERMATT)
Frode, Pål og eg har akkurat avslutta ein heilt fantastisk ski-tur frå Chamonix (Frankrike) til Zermatt (Sveits). Over 6000 høgdemeter vart det totalt. Stort sett nydeleg vær og endå nydelegare pudder. Me er sannsynlegvis dei første som har fullført heile Haute Route i år. Sjå bilder.

 

LØRDAG 15. MARS: LØNAHORGI X 2
Det blir ikkje stort betre enn det er no! Føret er fantastisk, i alle fall høgt oppe. Først ein kort dag i heisane, så av gårde frå toppen av Horgaletten. Men då eg stod på Lønahorgi var ikkje oppover-turen ferdig for i dag. Planen var å køyra heilt ned til Kråni (over Afdal). Og for ein nedkøyring... eg nølar ikkje mykje med å utnevna den til ein av dei finaste linjene i Vossefjella! Nesten 900 høgdemeter - og like rå heile vegen. Eg rusla opp igjen til toppen (med eit smil om munnen...) og køyrde "normalvegen" nedatt i Bavallen.
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1260

 

FREDAG 14. MARS: GRÅSIDETOPPEN (1305m)
Arnstein, Brynjulv og eg gjekk opp frå Vannjolo, via Ulvaskaret til Gråsidetoppen. Deretter ned igjen Sandfjellet til Hindertveit og Hjelle. Sjåføren vår, Einar, henta oss der. Nydeleg vær og endå betre føre!
Totaltid: 2t 46min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1310

 

TORSDAG 13. MARS
Drittvær, så i dag sprang eg liksågodt ein lang kveldstur i Bømøn og over Storåsen. Fint med litt alternativ trening. Det kjem til å bli mykje springing i sommar, så det er greit å komma tidleg i gang.
Totaltid: 1t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 375
Var til Bergen i dag og henta mi nye G3 Reverend-ski, som eg skal bruka på Haute Route i påsken (Chamonix til Zermatt). Fekk den med Dynafit FT binding. Men endå meir spennande var den nye Trab-skia som eg fekk av importøren. Dette er World Cup-utgåva av Trab si lettaste ski, den veg berre 765g!!! Vanleg butikkpris i Frankrike er 6400 kroner - tør ikkje tenka på kva den ville ha kosta i Norge. Og med Dynafit Racing bindingar og sko blir det ein pakke med den uslåelege vekta på 2145g. på kvar fot. Til samanlikning er min tyngste Rando-pakke ca. 5 kg. på kvar fot (Rossignol ProSquad, Diamir Freeride og Scarpa Spirit 4). Eg har no altså 5 forskjellige rando-ski og velga blant, så no skal det vera noko for eitkvart føre...

 

ONSDAG 12. MARS: HORNDALSNUTEN X 2
Starta frå Nedrestølen ved Urdland og gjekk rett opp åpningen i skogen etter det store snøraset som gjekk frå Vatnaknausen i 1993. Fulgte deretter ryggen opp på Horndalsnuten (1461m). Så ned på motsatt side mot Spildadalen. Nesten nede ved Aunasete la eg på fellene att og traska oppover mot toppen for andre gong i dag. Så ned igjen i den store renna/botnen under Vatnaknausen. Denne nedkøyringa har klassikar-potensiale! Det var greit føre i dag, men i perfekt føre er denne nedkøyringar heilt i "verdensklasse". Heile 1000 høgdemeter frå topp til dalbotn. Bratt øverst og nederst, men jevn og fint med snø - så her kan det køyrast fort...
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1730

 

TYSDAG 11. MARS: ULVASKARET
Frode og eg gjekk opp frå Vannjolo. I dag var det mykje betre føre enn sist. Fin tur nedatt med hodelykter.
Totaltid: 2t 25min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1130

 

MANDAG 10. MARS: HORNDALSNUTEN
Brynjulv og eg køyrte inn til Urdland og starta turen ved garden Limberg på sørsida av Raundalselva. Kursen gjekk rett opp lia, først mot Vatnaknausen, men me gav oss ikkje før me stod på toppen av Horndalsnuten (1461m). Flott køyring nedatt, i alle fall ned til tregrensa - men deretter vart det skikkeleg knekkebrød-føre.
Totaltid: 2t 55min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1320

 

SØNDAG 9. MARS
I dag regna det i bøtter og spann, og det såg ut som om det gjorde det heilt til topps. Heisane frista derfor ikkje noko spesielt, heller ikkje topptur. Eg og Martin knytta derfor på oss joggeskøne og sprang over Storåsen og gjennom Bømøn. Fint og mildt, nesten vår i lufta. Litt baksing i djup, våt snø over Storåsen sette berre ein liten spiss på turen.
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 355

 

LØRDAG 8. MARS
I dag var det omvendt i forhold til i går. Først nokre timar i heisane med Guttorm, Martin og Egil. Så ein rask tur frå Vannjolo opp til Ulvaskaret. Ikkje ofte du kan starte ein topptur 70 meter over havet, men i dag gjekk det fint. Bra føre oppe men elendig sikt - bra sikt nede men elendig føre!!!
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Hard
Akk. høgdemeter: 1120

 

FREDAG 7. MARS
Først ein fin, lang skitur på fjellski i fjella mellom Granvin og Raundalen. Gjekk opp frå Liaset, ut på Joberget, opp på Fljåene og opp på Reinsgrønuten og Struseggi.
Totaltid: 3t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1000
Så kveldskøyring i heisane eit par timar. Pudderet var vekke, men løpene var kjempefine.

 

ONSDAG 5. MARS
Fin kvelds-puddertur i kraftig snøvær opp frå Dyrvedalen mot Volafjellet. Me gjekk opp til ca. 900 moh. før me snudde.
Totaltid: ca. 2 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: ca. 550
Deltakarar: Guttorm, Egil, Martin, Jarle

 

TIRSDAG 4. MARS: GRÅSIDETOPPEN PÅ SKI / RAUGSTADLØYPA PÅ SYKKEL
Først tok eg og Brynjulven oss opp på Gråsidetoppen frå Hjelle. Rask tur opp via Hindertveit. Avblåst og rufsete føre oppe på ryggen, men kjempefint pudder ned igjen lia mot Hindertveit. Me såg ein reinsdyrflokk på 40-50 dyr på snaufjellet over Hindertveit.
Totaltid: ca. 2t 30min (1t 50min opp)
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1050
Så... etter eit par timars kvile var det på med beskyttelses-utstyr og sykkelsko. Eg og Commencalen tok den siste kabinen opp til Hanguren. Ikkje fritt for merkelege blikk i dag heller då eg trilla sykkelen ut på snøen. I dag var det ikkje fullt så hardt bortover langrennsløypa, men når eg begynte den lange nedoverbakken mot Raugstad vart det snø som gjekk an å køyra fort på. Kjempeartig...
Totaltid: ca. 50min
Intensitet: Varierande...

 

MANDAG 3. MARS: LØNAHORGI
Etter nokre timar med pudder-køyring i heisane, var det ned i bilen å skifte utstyr for å traske seg opp på Lønahorgi. Asle og eg fekk oss ein nydeleg solskinns-tur oppover fjellet. Sola varma skikkelig i solveggen på Storastova. Flott pudder også på flankane nedover mot Bodegæn.

 

SUNDAG 2. MARS
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 790
Først tilbrakte me ettermiddagen i heisane, så fekk me oss ein matbit før me la i veg oppover mot Horgje. Me snudde ved kvilehytta. Avblåst oppe, men kjempefine forhold nedover i skogen.
Deltakarar: Egil, Martin, Trond, Jarle

 

LØRDAG 1. MARS
Lang dag i heisane. Endå lenger kveld på afterski...
Kjempefine pudderforhold denne helga.
Deltakarar: Guttorm, Egil, Martin, Njål, Monica, Jarle

 

FREDAG 29. FEBRUAR
3 intense timar med kveldskøyring i heisane. Flott pudder ned gjennom skogen (me hadde hodelykter) og nydeleg preparerte løyper. Guttorm hadde dagens skumlaste opplevelse då han faktisk køyrte over ein orrfugl som prøvde a komma seg ut av snøhola si... kven som skvatt mest er vel vanskeleg å vurdere.
Deltakarar: Guttorm, Njål, Monica, Jarle

 

TORSDAG 28. FEBRUAR: STORBOTTEGGI
Totaltid: ca. 1t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: ca. 750
Deltakarar: Egil, Guttorm, Martin, Brynjulv, Jarle
Lia opp mot Storbotteggi har no offisielt fått navnet Pudderlia (sjå www.trugelaget.com). Det har alltid vore fantastisk pudderforhold dei gongene Trugelagets medlemer har vore på ekskursjon i området. Også i kveld var det flotte forhold. Me gjekk faktisk opp to gonger for å nyta nedkøyringa.

 

ONSDAG 27. FEBRUAR: KVILEHYTTA
Totaltid: 1t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 785
Kontrasten kunne ikkje vore større... Frå safari og 33 vamegrader i Afrika for halvtanna døgn sidan, til snøstorm og minusgrader på Lønahorgi i dag. Det var faktisk så ille at eg hadde problem med å stå oppreist på ryggen over Horgaletten. Snudde rett før kvilehytta.

 

16. - 26. FEBRUAR: KILIMANJARO

 

FREDAG 15. FEBRUAR
Vintersykling i heisane. Først tok me Dinglo eller Danglo opp til Hanguren og deretter sykla me innover fjellet på fantastisk harde og fine langrennsløyper. Men det var først då me tippa nedover Raugstadløypa at det verkeleg vart moro. Dei breie dekka gav utruleg godt feste og me kunne sleppa på nesten som om det var asfalt. Deretter peisa me oss rett ned bakkane frå Raugstad, attende til bilen. Yre som ny-utslepte kalvar bestemte me oss for å fortsetta med kveldskøyring i Bavallen. Det var kun Alpha-heisen som gjekk, men den gav tilgang til koffertløyper og skogsløyper som var heilt utruleg artige å sykla. Me fekk oss ein skikkeleg aha-opplevelse i kveld... når føret er for hardt og isete for ski-køyring er det perfekt for sykling på snøen. Når heisen stogga var me einige om at dette var ein av dei artigaste sykkelturane me nokonsinne har hatt.
Totaltid: 4 timar
Deltakarar: Guttorm, Øystein, Øyvind, Njål, Jarle

19. JANUAR - 13. FEBRUAR: ACONCAGUA

 

FREDAG 18. JANUAR: SLETTAFJELL
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 735
Roleg tur for å få litt "luft" etter nokre hektiske dagar i innspurten til Aconcagua 2008. Skikkeleg drittvær, total whiteout ned igjen. Kjekt å dra til Argentina og 35 varmegrader når det er slikt vær og værmeldingar heime :-)

 

TORSDAG 17. JANUAR: LØNAHORGI
Totaltid: 2t 42min
Intensitet: Middels (i alle fall i nokre av motbakkane... Njål er i form før Aconcagua!!!)
Akk. høgdemeter: 1195
Deltakarar: Njål, Egil, Martin, Jarle
Lønahorgi er i skuddet denne veka! Min tredje tur på like mange dagar. Me starta frå Bavallen med hodelykt. Fint vær, men tungt føre oppover utforløypa. Lenger oppe var det stort sett bra føre både opp og ned.

 

ONSDAG 16. JANUAR: LØNAHORGI
Totaltid: 2t 28min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1165
Etter nokre timar i heisane sammen med Mads, spente eg på meg det lettare Dynafit-utstyret og rusla i veg oppover mot Lønahorgi. Eg gjekk rett opp Bodegæn. Det vart mørkt i det eg nærma meg masta på toppen. Fint pudder oppe, men det gjorde det også betrakteleg tyngre å gå enn i går. Ned igjen dei fine flankane mot Bodegæn i flott pudder og flomlys frå hodelykta - kan knapt bli flottare! Ned Bodegæn var det berre å peisa på, snøen vart ikkje skikkeleg våt før eg kom inn i utforløypa.

 

TYSDAG 15. JANUAR: LØNAHORGI
Totaltid: 2t 17min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1185
Brynjulv og eg på hodelykt-tur til Lønahorgi. Kanonføre både høgt oppe og spesielt ned att i løypene.

 

SUNDAG 13. JANUAR
Ny kjempefin pudderdag i heisane. Avslutta også i dag med den flotte nedkøyringa til Dyrvedalen der me i dag hadde lokka Ida til å henta oss.

 

LAURDAG 12. JANUAR
Pudderdag i heisane. Me avslutta med å køyre 40 cm. pudder ned i Dyrvedalen. Egil vart lurt til å henta oss. I kveld blir det pudder-pils hjå Guttorm.

 

FREDAG 11. JANUAR: GRÅSIDETOPPEN (Nesten i alle fall...)
Totaltid: 2t 52min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1020
Eg gjekk frå hoppbakken på Tillung. Flotte forhold oppover lia, men etterkvart som eg kom opp Hanskeskaret og snaufjellet, var vinden og snøkavet forholdsvis tøft. Eg snudde eit lite stykke før Gråsidetoppen, det var rett og slett ikkje forsvarleg å fortsetta. Nedatt var det først ein utfordring å finna igjen øverste del av hanskeskaret, men når eg først fant det var det episk pudderkøyring nedover lia.

 

TORSDAG 10. JANUAR: LØNAHORGI
Totaltid: 2t 17min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1220
Deltakarar: Brynjulv, Njål og eg
Me starta i Bavallen og farten vart forholdsvis høg oppover lia. I alle fall tatt i betraktning av at eg har hatt to Kili-turar på kort tid, og dermed lite med "kvalitets-trening". Men kroppen fungerte fint, og føret og været var endå finare... flott kveldstur rett og slett!

 

ONSDAG 9. JANUAR: LØNAHORGI
Totaltid: 1t 49min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 900
Brynulv og eg starta ved nedre stasjon på Slettafjell og gjekk ein forholdsvis rask tur på Horgje. Greit vær, men litt dårleg sikt.

 

29. DES. - 8. JAN: KILIMANJARO
Les om ekspedisjonen her.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.