• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

2006

 

21. DESEMBER - 4. JANUAR:  NORDSJØ-JUL PÅ EKOFISK

 

20. NOVEMBER - 18. DESEMBER
ACONCAGUA
Les og sjå fleire bilete her

Aconcagua 2006 49

Aconcagua 2006 49

Aconcagua 2006 49

 

LØRDAG 18. NOVEMBER
Skipremiere! No står premierane i kø, i dag var det ski. Med nytt utstyr var det ekstra spennande. Randonèe-pakke nr. to vart innvia, og både gå- eigenskaper og køyre-eigenskaper var i ein ny klasse. Til tross for at føre var forholdsvis bra, så fekk me ikkje testa skikkeleg pga. ekstremt flatt lys. Me var opp til øvste kvilehytta på veg mot Horgje. Roleg tempo. No er det rett på julebord i Kiteklubben!
Utstyr: Randonné-ski
Totaltid: ca. 3 timar
Gj.sn. puls: ca. 135

 

FREDAG 17. NOVEMBER
11 forventningsfulle trugarar (inkl. vår kvinnelege maskot) stilte opp i Bavallen for å vera med på den annonserte sesongstarten. Mange har no investert i truger, og det var og utdeling av dei nye kraftige Silva-lyktene. Turen starta i max-tempo og auka gradvis oppover. Me må nok legga skylda på Arnstein for at farten vart så høg. Arnstein beviste nok ein gong at ein ikkje treng å trena resten av livet dersom ein har vore toppidrettsutøvar i ungdommen. Han er alltid lika sprek til tross for at han påstår han ikkje trenar. Einar måtte snu godt over halvvegs fordi Victor (hunden) fekk gnagsår ein viss plass. Stakkaren gjekk gjennom den harde og skarpe skaren for kvart steg og daska bjellestellet nedi. Arnstein påsto at han ofte opplever det samme.
Utstyr: Truger
Totaltid: nesten 2 timar
Gj.sn. puls: ca. 164
Max. puls: ca. 174

 

TORSDAG 16. NOVEMBER
Treningsfri. To foredrag i Jondal.

 

ONSDAG 15. NOVEMBER
Fin terrengsykkeltur i Bergens fantastiske sykkel-bakgård. Sandviksfjellet, Fløyfjellet og Rundemannen. Masse fine stiar og grusvegar, men bratt og tøft. To timar fartsleik med høg puls (over 175 i periodar).

 

TIRSDAG 14. NOVEMBER
Øyvind er i Bergen på kurs, så me tok ein fin springetur frå Svartediket over Rundemannen og ned igjen Isdalen. Middels tempo.
Totaltid: 1t 26min
Gj.sn. puls: 139
Max. puls: 169
Kcal: 854
Akkumulerte høgdemeter: 540

 

MANDAG 13. NOVEMBER
Treningsfri. Eg hadde planlagt ei økt på terrengsykkel, men så vakna eg med litt grugg i halsen og då var det nok lurast å stå over ein dag.

 

SØNDAG 12. NOVEMBER
Vel attende i heimlandet måtte eg ha meg ein lang og kald joggetur. Sprang nesten tre timar i området Svartediket, Isdalen, Rundemannen, Fløyen, Sandviksfjellet. Snødde tett på toppen av Rundemannen (10 cm i vegen), men ellers fint og klart vær.
Totaltid: 2t 53min
Gj.sn. puls: 130
Max. puls: 152
Kcal: 1554
Akkumulerte høgdemeter: 845

 

9. - 12. NOVEMBER: PARIS
Marthe og eg koste oss skikkeleg på storbyferie i Paris.  For kanskje fyrste gong reiste eg til ein stad der det ikkje var fjell, og eg hadde ingen problem med å klara meg innanfor flyselskapet sin maksimums bagasjevekt-grense... Marthe og eg var først finkulturelle, me fekk med oss alle "been there" attraksjonane. Deretter var me vulgærkulturelle, nemleg Disneyland, med gigantiske juleparadar og voldsomme berg- og dalbanar. Kjempefin tur!

Paris 2006 9

Paris 2006 9

Paris 2006 9

Paris 2006 9

Paris 2006 9

Paris 2006 9

Paris 2006 9

Asterix var også på storbyferie denne langhelga

Paris 2006 9

Paris 2006 9

 

ONSDAG 8. NOVEMBER
Naturleg fartsleik på terrengsykkel. Sykla opp til Vikehovden (Skutle) og i Bømoen. Lange, seige drag (opp til 180 i puls). Veldig bra økt. Været var bra, men grusvegane var svært sugande etter all nedbøren dei siste dagane.
Totaltid: 1t 10min

 

TIRSDAG 7. NOVEMBER
Lang, rolig tur frå Grjotlandsbrua, oppover mot Lønahorgi. Gjekk med hodelykt. Oppholdsvær når eg starta til ein forandring, men det tetta seg til etter kvart og begynte å snø tett over ca. 800 meter. Vanskelege forhold, glasert skare, gjorde det farleg og utsatt på dei bratte partia opp mot toppen, så eg var ikkje heilt til topps. Noko av det skumlaste eg har vore ute for når det gjeld snøforhold. Låg gjennomsnitts-puls fordi eg måtte ta det så rolig ned att dei første 300 høgdemetrane.
Totaltid: 3t 02min
Gj.sn. puls: 125
Max. puls: 144
Kcal: 1505
Akkumulerte høgdemeter: 1125

 

MANDAG 6. NOVEMBER
Kort, hard og bratt tur! Starta i Vannjolo og gjekk/sprang den svært bratte vegen opp til Teigarapjane og vidare oppover mot Ulvaskardet. Roleg jogging ned att. Hodelykt.
Totaltid: 1t 5min
Tid opp: 40min
Gj.sn. puls opp: 163
Max. puls opp: 178
Akkumulerte høgdemeter: 720

 

SUNDAG 5. NOVEMBER
Været var om mogeleg endå verre enn i går, og me nytta dagen til å fullføra den utruleg spennande Monopol-omgangen som me starta natta før. Eg skal ikkje avsløra kven som vant (men eg syns det var svært fortjent - og forventa). Guttorm har bestems seg for å klage Monopol inn for forbrukarrådet fordi Lykke-korta slett ikkje førte til lykke for hans del. Guttorm skal også ha ros for at han er ein utprega dyktig forretningsmann, kven andre kunne ha solgt ei brannforsikring (mot skrekk-kortet: Deres hus og hotell brenner) for kr. 40 000,- (til Jarle som då hadde ein hotell-park som hadde gjort sjølvaste Olav Thon misunneleg).

 

LØRDAG 4. NOVEMBER
Trugelaget si store Gourmethelg og Treningssamling på hytta til Martin på Kvamsskogen. Pinnakjøt med alt tilbehør stod på menyen. Episke slag med Kurong og Monopol varte til langt ut i dei små nattetimar. Men me fekk no trent litt også. Me sprang nordover frå hytta og kom ned igjen Eikedalen. Ein flott tur i eit forrykande uvær med regn og vind. Men det var forholdsvis mildt, så me vassa/vada/symde over flaumstore elvar og bekkar. Kjempemoro! Turen gjekk forholdsvis roleg men med mange overraskande spurt-intervallar over dei våtaste og lengste myrane. Kanontrening!
Totaltid: 2t 50min
Gj.sn. puls: 124
Max. puls: 172
Kcal: 1373
Akkumulerte høgdemeter: 840

 

FREDAG 3. NOVEMBER
Treningsfri. Foredrag i Nordhordaland Turlag.

 

TORSDAG 2. NOVEMBER
Fin joggetur over Storåsen tur/retur. Sprang med hodelykt, men eg måtte stoppa av og til og slå av lykta for å nyta stemninga i skogen, som låg bada i nesten fullmåne-ljos. Roleg tempo men 4-5 drag i motbakkene. Under ein av desse stoppa, kom det ein svær elg brasande over stien berre 30 meter bak meg. Det var antakelegvis då eg hadde max-pulsen på turen.
Totaltid: 1 time
Gj.sn. puls: 136
Max. puls: 179

 

ONSDAG 1. NOVEMBER
Marthe og eg gjekk tur på Algrøy på Sotra, heilt ut til klippane som stuper i havet. Me ville ut å sjå brenningane frå stormen dagen før som hamra mot land.
Gjekk i halvannan time, rolig tempo (restitusjon)

 

MANDAG 30. OKTOBER
Eg og Brynjulv på tøff og rask tur til Horgje. Store snømengder gjorde turen nesten like tøff som i går, men det var berre å setta Brynjulv Brøytebil i tet, så gjekk det heilt fint for meg. Eg kjente dei tre siste dagane godt i beina den første timen, eg hadde ein max. puls på 175 opp utforløypa. Men etterkvart gjekk det lettare og ned att kjente eg meg igjen sterk (tungt å springe ned igjen også i den tunge snøen).
Legg merke til at kcal er omtrent nøyaktig det samme som på gårsdagens identiske rute, sjølv om farten i dag var langt høgare.
Totaltid: 3t 18min
Gj.sn. puls: 143
Max. puls: 175
Kcal: 2085
Akkumulerte høgdemeter: 1240

 

SØNDAG 29. OKTOBER
Eg og Øyvind. Lang, rolig fjelltur til Lønahorgi. Snø heilt frå Bavallen, så mykje som halvmeteren på toppen. Det er ikkje lenge til sesongens første skitur! Me gjekk med fjellsko og skikkeleg utstyr, været var verkeleg hardt på toppen - vind og snø piska i ansiktet. Me sleit og brøyta oss gjennom skavlar på opp mot meteren. Is under snøen mange stader gjorde at eg hadde eit par hallingkast som hadde brakt meg langt opp på resultatlista på Landskappleiken.
Totaltid: 4t 25min (trur aldri eg har brukt så lang tid på Horgje før)
Gj.sn. puls: 123
Max. puls: 149
Kcal: 2111
Akkumulerte høgdemeter: 1245

 

LØRDAG 28. OKTOBER
Øyvind, Guttorm, Martin, Egil og eg på lang terrengsykkel-tur i Granvin og Ulvik. Me starta på Holven og derifrå gjekk det rett til værs, via Velken over Angerskleiv og på kjempeartige stiar ned til Ulvik. Litt is her og der krydra berre opplevelsen. Deretter over Espelandsdalen, etter at me også hadde sykla Solsævegen til endes. Til slutt over Heiane og attende til bilane. Øyvind skremte oss alle så me nesten skvatt i elva, då bakhjulet hans punkterte med eit smell som sannsynlegvis fekk hjortane i området til å tru at det var jegrar i området (egentleg rart at det skjedde akkurat no - dekket hadde jo klart seg fint i 7 år i følge Øyvind...).
Totaltid: 4t 14min
Gj.sn. puls: 122 (låg fordi me hadde eit par pausar og Øyvinds punktering)
Max. puls: 176
Kcal: 2000
Akkumulerte høgdemeter: 1150

 

FREDAG 27. OKTOBER
Lang, roleg springetur i fantastisk flott haustvær. Øvyind, Brynjulv, Einar og eg sprang frå Hodnaberg (595m) innover Hardingaskardet. Deretter opp på Løkjedalsnuten (ca. 920m). Herifrå fortsatte Øyvind og eg ned Løkjedalen til Flatabøstølen (ca. 170m) og opp den voldsomme Trangedalen. Nydeleg tur!
Totaltid: 3t 14min
Gj.sn. puls: 136
Max. puls: 162
Kcal: 1872
Akkumulerte høgdemeter: 1145

 

ONSDAG 25. OKTOBER
Middels rask tur på Lønahorgi (1412m) med Brynjulv og Einar. Nokre cm. snø gjorde det litt småglatt frå 900 meter, men frå 1100 meter var det tørr og fin snø som var artig å springe på.
Totaltid: 2t 40min
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

MANDAG 23. OKTOBER
Martin, Egil og eg tok oss ein rolig (det var me i alle fall einige om før me starta...) terrengsykkel-tur opp Hjelle, inn Bordalen og tilbake over Herresåsen og ned til Skutle. Ned gjennom Bjørke og Bømoen heimatt. Våte vegar gjorde at det var berre å trilla rett inn på vaskeanlegget til Esso etterpå.
Totaltid: 1t 45min
Gj.sn. puls: 132
Max. puls: 173
Kcal: 1003
Akkumulerte høgdemeter: 705

 

SØNDAG 22. OKTOBER
Rolig tur til Lønahorgi (1412m). Spektakulær solnedgang frå toppen.
Totaltid: 2t 50min
Gj.sn. puls: 131
Kcal: 1574
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

LØRDAG 21. OKTOBER
Endeleg heime att! Måtte høgt opp sidan det er så lenge sidan sist. Starta i det det mørkna og sprang/gjekk ein rolig tur på Gråsidetoppen (1305m). Tørt og greitt føre. Brukte hodelykt, men skodda over 1100 meter var så tett at eg burde hatt tåkelys.
Totaltid: 3 timar
Akkumulerte høgdemeter: 1050

 

5.- 19. OKTOBER:  PÅ JOBB I NORDSJØEN

 

ONSDAG 4. OKTOBER
Rolig springetur frå Mølster, over Hanguren og opp på Slettafjell og Horgaletten. Ned att via Raugstad. Nydeleg solnedgang og fantastiske haustfargar. Kjempefine stiar i dette området.
Totaltid: 2 timar
Gj.sn. puls: 129

 

TIRSDAG 3. OKTOBER
Forholdsvis rask tur til Lønahorgi (1412m). Perfekte forhold, fint og tørt. 
Totaltid opp og ned: 2t 20m
Gj.sn. puls opp: 158
Max. puls: 177
Kaloriar opp: 1048
Høgdemeter: 1110

 

MANDAG 2. OKTOBER
Natt-tur til Gråsidetoppen (1305m). Eg og Martin starta kl. 21:15 frå saga og gjekk/sprang med kraftige hodelykter opp på Gråsidetoppen. Mildt og heilt stille. Fekk melding av fleire som hadde sett lysa frå Voss sentrum.  Dei vart ikkje overraska over at det var oss. To gonger før har eg fått telefon av politiet etter liknande turar på Voss og i Odda, fordi folk som såg lys på merkelege stader til merkelege tider på døgnet trudde det var noko gale.
Totaltid opp og ned: 2t 44m
Gj.sn. puls totalt: 133
Max. puls: 166
Kaloriar: 1511 kcal
Høgdemeter: 920

 

LAURDAG 30. SEPTEMBER: OSLO
2 timars joggetur i Nordmarka. Styrtregn. Fin avveksling frå bratte fjell på Vestlandet.

 

TORSDAG 28. SEPTEMBER
På grunn av informasjonsmøter både på Voss og i Bergen vart det dårlig med treninga både på tirsdag og onsdag, men i dag vart det ein skikkelig uværstur på Lønahorgje. Eg og Martin starta litt over kl. 17 frå Bavallen, og før me kom ned att så vart det såpass mørkt at me brukte hodelykter for første gong i år. Det gjekk forholdsvis raskt unna til tross for uvær og glatte steinar - me brukte 2t 45m totalt.

 

MANDAG 25. SEPTEMBER
Heime i gamlelandet att. Eg og Martin sprang frå Palmafossen over Storåsen opp til Kyte og ned att via Graue og gjennom Bømoen. 1t 40m. Fin tur, sjølv om det for meg gjekk tyngre enn vanleg. Det er nesten to veker sidan siste kvalitets-trening.

 

14. - 24. SEPTEMBER:  SKOTTLAND

(Sjå bilete under)

I forbindelse med at eg skulle halda eit foredrag på Fjord Line sin båt MS Fjord Norway mellom Bergen og Newcastle, tok Marthe og eg oss ein aktiv ferie i Skottland.

FREDAG 22. SEPTEMBER: QUIRANG - ISLE OF SKYE
Me køyrde ut til øya Skye heilt nordvest. Denne øya fekk navnet sitt frå Vikingane fordi det var mykje skyer der. Men når me ankom var det strålande vær og ein natur som totalt tok pusten frå oss. Me gjekk opp i fjellområdet Quirang. Det er eigengleg ikkje mogeleg å forklara kor flott det var, det må berre opplevast. Ein voldsom labyrint av høge spir (opptil 50 meter) og ein sti som bukta seg bratt oppover gjennom skar og over ryggar. Me gjekk i over 3 timar før me var tilbake ved bilen. Natta tilbrakte me på eit slott... 

TORSDAG 21. SEPTEMBER
På tur til Loch Ness for å jakte på Nessie...

ONSDAG 20. SEPTEMBER: WEST HIGHLAND TRAIL
Me starta i ausande regnvær, som snart gjekk over til... styrtregn. Gjekk først rolig i ein time sammen med Marthe. Så sprang eg vidare i 2,5 timar før eg igjen var tilbake ved bilen. Flott tur, fine stiar - men altså først og fremst vått.

MANDAG 18. SEPTEMBER: FORT WILLIAMS, SKOTTLAND
I dag var me på Ben Nevis (1343m), det høgaste fjellet i Storbritania. Området her på vestkysten av Nord-Skottland er faktisk mykje meir "alpint" enn det eg hadde trudd, og Ben Nevis er absolutt eit fjell - ikkje berre ein haug som me har ein tendens til å tru i Norge. I gjennomsnitt åtte personar blir drept på dette fjellet kvart år pga. uvær og snøskred.

LØRDAG 16. SEPTEMBER: PEEBLES, SKOTTLAND
2 timars sykkeltur i det flottaste sykkelterrenget som eg nokonsinne har trent i. Fantastiske stiar, velholdte downhill-løyper, freeride-område - alt er berre heilt perfekt. 

TORSDAG/FREDAG 14./15. SEPTEMBER
Foredrag på MS Fjord Norway. Kom til Newcastle seint fredag kveld.

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

Skottland 2006 1

 

TIRSDAG 12. SEPTEMBER
2 timars terreng-moro i Bømoen og over Storåsen. Tørt og fint. Den gamle riggen byrjar å bli utslitt og eg vurderer å kjøpe ny fulldempa stisykkel. 

 

MANDAG 11. SEPTEMBER
Martin, Terje, Øystein (på krykker...) og eg starta frå Afdal i retning Tvinnestølen. Martin og eg skulle lengst så me gjekk fort oppover lia og etter nesten halvannan time var me på idylliske Tvinnestølen. Sprang så vidare over Vidvangane, runda Slettafjellet og Hangurstoppen og ned Hangurslia. 3 t 45 m totalt. Roleg langtur. Perfekt vær - varmt og tørt. Underlaget over Vidvangane er perfekt til å springa fort på - og til å sykla på. Trugelaget bør absolutt på sykkel-ekspedisjon der.

 

SØNDAG 10. SEPTEMBER
Rask tur på Lønahorgi (1410m). Flott vær, varmt og godt endå - sommaren nektar å sleppa taket. Har aldri sett så lite snø på Horgje før, no er det nesten heilt bart også i søkket rett før siste kneika opp mot toppen.

 

LØRDAG 9. SEPTEMBER
Rolig langtur (3 timar) i området Afdal/Preststølen. Haustfargane er i startgropa.

På kveldinga reiste Øystein, Solfrid og eg på park'n'camp til superidyllen Langetangen på Espelandsvatnet i Granvin.  Igjen sto mat og hygge i sentrum - ikkje mange kaloriane vart forbrukt, men desto fleire fortært (marinert kylling, sveler med sjokolade, grilla sjokobananer, pinnebrød, muffins og sukkererter). Kveldens høgdepunkt var eit lysande uforklarleg flygande objekt som gjekk fort over himmelen - langt større enn ein normal meteoritt. Uforklarleg. Me fekk ingen billedbevis, men me fekk faktisk billedbevis av noko endå meir merkeleg - Øystein HAR faktisk elektrisk tannbørste med seg på fjellturar. Ellers spelte Solfrid gitar, Øystein gjorde sitt beste på tamburin og eg sto for diverse lydeffektar. Dei av oss med pyro-sadistiske tendensar fekk fritt utløp for sine fantasiar i løpet av kvelden (me hadde ikkje mykje raudsprit igjen når me reiste heim att).

Langetangen 5

Langetangen 5

Langetangen 5

Langetangen 5

Langetangen 5

 

TORSDAG 7. SEPTEMBER
Endeleg på landjorda att. Gjekk opp til Ulriken frå Svartediket og sprang deretter over Vidden via Rundemannen og Fløyen ned att til bilen. Flott langtur, fine stiar, kraftig vind

 

23. AUGUST - 6. SEPTEMBER:  PÅ JOBB I NORDSJØEN

 

TIRSDAG 22. AUGUST
Rask tur opp til Horgaletten.

 

MANDAG 21. AUGUST
Øyvind og eg - halvannan time på terrengsykkel i Bømoen og over Storåsen - fortsatt restitueringstempo. Massevis av fin sti - glatte røtter er berre litt ekstra krydder...

 

SØNDAG 20. AUGUST
3-fjellsgjengen klarte faktisk å lirka seg opp på syklane for å trilla rundt i Vossebygda i halvannan time. Tempoet var lågt nok til at fleire av oss stadig kikka oss over skuldra om det skulle komma ei gammal dame med rullator som ville forbi.

 

LØRDAG 19. AUGUST
DEN STORE 3-FJELLSTUREN!
Kl. 06:00 la 8 optimistiske sjeler ut med sykkel frå Tvildemoen. Målet var dei "tre store" på Voss i løpet av ein dag: Horndalsnuten, Lønahorgi og Gråsidetoppen. Det skulle syklast mellom toppane, og Tvildemoen var basen som alle var innom mellom kvar topp. Været var det berre ein ting å sei om: Perfekt! Feltet var samla til toppen av Horndalsnuten. Der gjorde Øyvind (som tidligare hadde imponert alle ved å ta igjen feltet etter ein seriøs skade på sykkelen) ein taktisk genistrek og utnytta at alle var opptatt av andre ting. Han rykka nedover i eit tempo som berre kan overgås på ski... Eg kasta meg etter, og dermed var rotteracet i gang. Einar og Bjarte tok oss etterkvart att og deretter var det meg, Einar og Bjarte som bytta på å dra feltet. Bjarte hadde sjølvsagt sin store fordel på sykkel, der eg og Einar faktisk opplevde å få sand på tunga når den slepte nedi vegen oppover mot kvilehytta. Eg og Einar hadde fordelen på springinga, og stilen til Bjarte gav oss etter kvart John Wayne-assosiasjonar. Eg og Einar kom til slutt i mål på 10 timar og 20 minutt, med Bjarte rett bak (imponerande av Bjarte å i det heile tatt fullføre med sitt grunnlag på beina). Asbjørn, Egil og Øyvind kom litt etter det igjen, Martin måtte bryta pga. ryggproblem. Terje kom heller aldri til mål. Han vart seinare lokalisert haikande langt nedi Skaftedalen. På spørsmål kva han gjorde der (feil dal i forhold til der han skulle), mumla han noko om at nokre sauer hadde blokkert stien framfor han og fysisk og verbalt trua han med bank dersom han ikkje betalte såkalte "beskyttelsespengar". Terje såg inga anna råd enn å flykta i motsatt retning. Til slutt fekk han haik med ein lokal hytteeigar attende til startstaden. Men bortsett frå dette, var alle strålande fornøyd med dagens vesle utflukt, og no i kveld skal gjengen samlast hjå Martin til evaluering og gjennomgang av arrangementet (dvs. fest).
Kaloriar: 6651
Maxpuls: 180
Snittpuls: 144
Høgdemeter: 4265

PS: Etter intens etteretningsarbeid er det no brakt på det reine at sauane som opptrådte truande mot Terje er medlemar av den berykta Bæ-gjengen. Terje er no tatt inn under politiets vitnebeskyttelsesprogram og vurderer plastiske operasjonar for å endra utsjånaden sin. Det kan jo vera ein god ide uansett. Terje opplever for tida kraftige etterverknader av episoden, han får til dømes spasmiske anfall kvar gong han et smalahove.

0819 Artikkel

(Faksimile, artikkel i VG av freelance journalist Sverre F. Hjørnevik)

 

TORSDAG 17. AUGUST
Treningsfri. Foredrag på Heimdal-plattformen i Nordsjøen.

 

ONSDAG 16. AUGUST
Eg og Martin sprang frå Mølstertunet over Hanguren, og via Raude Kross-hytta og Raugstad ned att.

 

13. - 15. AUGUST:  JOTUNHEIMEN

TIRSDAG 15. 
Me besøkte Tshering Sherpa som i sommar arbeider som fjellførar for Jostedalen Breførarlag. Eg vart godt kjent med Tshering på Everest i 2005, då han var sherpa for Sigrid Hammer og Aud Jovall frå Norge. Han var også sherpaen til Randi Skaug i 2004 og til Tormod Granheim no i vår. Han var sentral i den dramatiske redningsaksjonen etter Thomas Olsson sitt fatale fall i Nordveggen. Historien han fortalte var svært sterk, og det var tydeleg at han var prega av det som skjedde. Tshering har vore tre gonger på toppen av Everest, og tre gonger på toppen av Cho Oyu.

MANDAG 14. 
Etter den fine turen på Piggen i går, fekk eg den geniale (?) ideen. Så med minimal oppladning og maksimal optimisme starta eg frå Spiterstulen tidleg på morgonen. Målet: Både Galdhøpiggen og Glittertind på ein dag. Turen gjekk som planlagt, bortsett frå at eg hadde gløymt bilnøkkelen i bilen, så eg trudde at eg ikkje hadde tilgang til mat og utstyr når eg kom ned att til bilen mellom dei to toppane. Men heldigvis kom Marthe meg til unsetning med sin nøkkel. Motoren fungerte optimalt og eg klokka inn på totaltida 5:34. Godt fornøyd med det. 

SØNDAG 13. 
Marthe og eg gjekk på Galdhøpiggen. Fint vær og flott utsikt. Budde i telt i Leirdalen og koste oss med bål og god mat. 

Jotunheimen 2006 6

Jotunheimen 2006 6

Jotunheimen 2006 6

Jotunheimen 2006 6

Jotunheimen 2006 6

Jotunheimen 2006 6

Jotunheimen 2006 9

 

FREDAG 11. AUGUST
Terrengsykkel over Storåsen, i Bømoen og Prestegardsmoen. 3 timar på sti og terreng med lågt dekktrykk. Max forhold når det er så tørt og fint som det er no.

 

TORSDAG 10. AUGUST
Eg og Øyvind sprang frå Vangen på Lønahorgi (1412m). Opp via Hanguren og ned via Raugstad. Hadde ikkje med drikke, så eg var tørr som ei rosin når eg kom ned att.

 

5. AUGUST
Nord-Norge har sitt Verdenssva, me har Hardangersvaet på Osafjellet (døypt av oss). Eg har vore begge stader, og Hardangersvaet står ikkje mykje tilbake for sin langt meir berømte storebror i nord. Høg temperatur (dermed god friksjon) er ein fordel. Lågt dekktrykk likeså. Regnbyger er ikkje bra. Nokre regndråpar og alt blir superglatt.
Deltakarar: Øyvind, Martin, Jarle

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

Hardangersvaet 2006 14

 

28. - 29. JULI:  SKEIKAMPEN

Fantastisk 4-dagars sykkel-roadtrip til Geilo og Skeikampen. Me sykla mil etter mil på landets beste stiar i løpet av ei langhelg. Me starta på Geilo der me starta blant anna sykla opp (?) utforløypa som dei har laga der. Deretter køyrde me vidare til Skeikampen der me koste oss på dei nydelege stiane som er blitt berømte blant landets terrengsyklistar dei siste åra. Me hadde så nydeleg vær at me måtte hiva oss ut i fjellvatn for å kjøla oss ned. På veg heim igjen passerte me over Fillefjell, og då kunne me ikkje motså fristelsen til å springa opp på Suletind (1780m) - kjempeutsikt frå toppen. 

Me har på denne turen verkeleg forstått viktigheiten av å ha med kjedekuttar. Dette vesle beskjedne verktøyet som alltid ligg nederst i verktøykassa. Det har faktisk ein viktig funksjon. Spesielt når me klarer å miste ein og ødelegga den andre - og så knekka girvekslaren rett etterpå. Hadde me hatt ein kjedekuttar som fungerte så kunne eg fortsatt med "fast" utveksling. Men neidå - det vart tommelfingeren tilbake til Skeikampen.

Deltakarar: Martin, Øyvind, Øystein, Jarle
(Guttorm misforsto planane våre så han vart ikkje med. Då me spurte han før avreise om han ville bli med på Skeikampen svarte han nei. Han trudde me skulle på fotballkamp)

Skeikampen 2006 4

Skeikampen 2006 4

Skeikampen 2006 4

Skeikampen 2006 4

(Foto: Øystein Bjørke)

 

22. - 23. JULI:  GRØNLIVATNET

Trugelaget på Park'n'Camp-tur til Grønlivatnet. Me hadde kano og padla over vatnet, og dei som evt. såg oss frå land (overlessa og med høge ryggsekkar mens me padla) undra seg nok over at det gjekk bra. Ingen fisk og få (me skremte vel alle over på andre sida av vatnet slik som me dreiv på).

Vassendagutane (på P1's Dansegalla) vart utnevnt til Trugelagets favorittband (spesielt låtane "Hei Reidar, har du kjøpt deg ny gjødselspreidar" og "Eg har kjøpt meg Granada, jada, de e'kje noke lada" fenga Trugelagets medlemmar si interesse etter kvart som timane vart lange.

Øystein imponerte dei andre deltakarane stort då han demonstrerte sitt nye 2-sekunds telt. Det skal i følge reklamen kun ta 2 sekund å slå det opp, men med stoppeklokke til hjelp vart det konstantert at det nok ikkje var så raskt. Det gjekk opp mot 3 sekund før det stod fint.

Dagens beste: Då Guttorm og Solfrid var over med kanoen for å hente Øystein, skjønte dei ingenting då uforklarlege lydar kom frå bagasjen hans. Først då dei kom i land og bagasjen vart gjennomsøkt kom forklaringa for ein dag: Øystein sin elektriske (tannbørste hadde slått seg på (kven tar med seg elektrisk tannbørste på fjelltur?)

Deltakarar: Guttorm, Øystein, Solfrid, Jarle
Mat: Grillpølse, pinnebrød, marshmallows, fersken og pils

Grnlivatnet 2006 7

Grnlivatnet 2006 7

Grnlivatnet 2006 7

Grnlivatnet 2006 7

Grnlivatnet 2006 7

Grnlivatnet 2006 7

Grnlivatnet 2006 7

Grnlivatnet 2006 7

 

15. - 16. JULI:  FUGLAVATNET
Fisketur til det idylliske Fuglavatnet nordvest for Midtfjell i Granvin.

Fuglavatnet 3

Fuglavatnet 3

  

6. MAI
Øystein og eg gjekk over Raundalsryggen Horndalsnuten - Olsskavlen tur/retur. Eg med fjellski og han på langrennski. Raske og fine forhold i dag.

0605 1

0605 6

0605 6

0605 6

0605 6

0605 6

(Foto: Øystein Bjørke)

 

30. - 31. MAI:  HØGABU
Marthe og eg overnatta på den koselege DNT-hytta Høgabu, som ligg sør for Bergsdalen.

Hgabu 2006 5

Hgabu 2006 5

Hgabu 2006 5

Hgabu 2006 5

Hgabu 2006 5

 

APRIL - MAI
SHISHA PANGMA (8027m)
Les og sjå fleire bilete her

Shisha Pangma 2006 1

 

APRIL
KHUMBUDALEN, NEPAL
Les og sjå fleire bilete her

Shisha Pangma 2006 2

 

12. - 26. MARS
ALPANE
To fantastiske veker i Alpane. Fyrst nokre dagar med toppturar frå ein teltleir på Aletschbreen i Sveits, deretter i blant anna Zermatt- og Chamonix-området.
Deltakarar: Guttorm, Martin, Øyvind, Øystein, Jarle

Alpane 2006 27

Alpane 2006 99

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 10

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

Alpane 2006 27

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øystein Bjørke)

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

Alpane 2006 ystein 35

trugelaget1

 

23. FEBRUAR - 7. MARS
Leda gruppe på Kilimanjaro
Les dagbok

 

18. FEBRUAR
Tok meg ein tur på Vetle Finsenuten (1493m) og Store Finsenuten (1599m) i forbindelse med at eg hadde eit foredrag på Finse 1222. 

0218

  

15. - 17. FEBRUAR:  HEMSEDAL
Øystein, Øyvind og eg på isklatre- og puddertur til Hemsedal

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

Hemsedal 2006 Ski ystein 8

(Foto over: Øystein Bjørke / Foto under: Øyvind Birkeland)

Hemsedal 2006 yvind

 

13. FEBRUAR
Øyvind og eg. Isklatring ovanfor Holo på Vikafjellet.

0213 2

0213 2

 

11. FEBRUAR
Fellestur med Vinterveko til Mykkeltveitveten. 

0211 2

0211 2

(Foto: Øystein Bjørke)

 

9. FEBRUAR
Øystein, Øyvind og eg. Bjørndalshesten frå Århus i Teigdalen.

0209 11

0209 11

0209 11

0209 11

0209 11

0209 11

0209 11

0209 11

0209 11

0209 11

0209 11

 (Foto: Øystein Bjørke)

 

8. FEBRUAR
Guttorm, Øystein og eg. Frå Tillung opp mot Sandfjellet.

0208 ystein 2

0208 ystein 2

(Foto over: Guttorm Frønsdal / Foto under: Øystein Bjørke)

0208 ystein 2

0208 ystein 2

 

7. FEBRUAR
Øystein, Øyvind og eg. Volafjellet. 

0207 11

0207 11

0207 11

0207 11

0207 11

0207 11

0207 11

0207 11

0207 11

0207 11

0207 11

(Foto: Øystein Bjørke)

 

5. FEBRUAR
 Øyvind, Øystein og eg. Horndalsnuten frå Skiple.

0205 3

0205 3

0205 3

0205 4

(Foto: Øystein Bjørke)

 

26. JANUAR
Øyvind og eg. Lønahorgi. 

0126

 

10. - 22. JANUAR
Leda gruppe på Kilimanjaro
Les dagbok

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.