• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG 2007

 

29. DES. - 8. JAN: KILIMANJARO
Les om ekspedisjonen her.

 

FREDAG 28. DESEMBER: SLETTAFJELL
Totaltid: 52 min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 630
Rask tur opp til toppen av Slettafjell. Fin carving ned igjen! Om få timar er eg i Afrikas tropevarme.

 

TORSDAG 27. DESEMBER: HANGURSTOPPEN
Totaltid: 1t 10min
Intensitet: Roleg (dagen derpå...)
Akk. høgdemeter: 535
Njål og eg tok oss ein roleg tur på joggesko (forandring fryder!) opp til Hangurstoppen. Fortsatt skikkeleg ruskevær!

 

ONSDAG 26. DESEMBER: HANGURSTOPPEN
Totaltid: 1t 35min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 665
Deltakarar: Einar, Brynjulv, Jarle
Me gjekk frå Bavallen og fulgte kommertløypa til topps. Så rett ned heistraséen til Hanguren og opp igjen på toppen. Køyrte til slutt storslalomløypa ned igjen til Bavallen. Regn og vind - skikkeleg rusketur - artig!

 

TIRSDAG 25. DESEMBER: STAVASKARD
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg (men ein del tung pudder-brøyting)
Akk. høgdemeter: 1020
Andreas og eg tok oss ein romjulstur frå Liaset til Stavaskard. Nydelege pudderforhold, faktisk litt vel mykje over 1100 meter. Me kom oss inn i steinhytta på Stavaskard og fekk litt ly for den skarpe vinden som herja på toppane. Flott tur, og eg og Andreas har bestemt at dette skal bli tradisjon 1. juledag.

Øystein er glad for at han droppa Oslo Maraton i dag...

Vind på toppen av Stiganosi (1761 moh)

 

SUNDAG 23. DESEMBER: LØNAHORGI
Totaltid: 2t 55min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1245
Trudde eg var rusten i dag og, men det gjekk langt betre enn eg hadde frykta. Kroppen er nok på veg tilbake i god, gammal form. Flotte pudderforhold, ca. 15 cm.

 

LAURDAG 22. DESEMBER
4 timar med løypekøyring i Bavallen/Slettafjellet. Har kjøpt meg årskort på fjellheisane, så i vinter blir det nok ein del dagar i anlegget også.

 

FREDAG 21. DESEMBER: SLETTAFJELLET
Totaltid: 1t 15min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 730
Endeleg i gang igjen! Roleg tur til toppen av Slettafjellet. Skikkeleg rusten i kroppen.

 

Forkjølelse og halsbetennelse: Eg har fått mange henvendelsar dei siste dagane kvifor ikkje treningsbloggen er oppdatert sidan eg kom heim frå Zanzibar (tydeleg at mange følger med :-) Det var nokon som drog med seg eit virus frå Norge på Kilimanjaro denne gongen, og fleire av oss vart småsjuke mot slutten av turen. For min del utvikla eg også halsbetennelse etter at eg returnerte til Norge. Skikkeleg kjedeleg, men fredag reknar eg med at eg er tilbake i normal gjenge...

 

30. NOV - 14. DES: KILIMANJARO OG ZANZIBAR - 15 av 16 til topps - Les og sjå bilete frå vinterens første Kilimanjaro-tur.

 

ONSDAG 29. NOVEMBER: ANDRE KVILEHYTTA
Totaltid: 2t 15min
Intensitet: Middels
Akk.høgdemeter: 1065
Deltakarar: Njål, Jarle
I går veldig dårlig, i dag veldig bra - rett og slett!

 

TYSDAG 28. NOVEMBER: FØRSTE KVILEHYTTA
Totaltid: 1t 43min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 870
Klabbeføre, mørkt, regn, dårleg føre nedatt... ikkje ein av mine finaste skiturar nei :-)

 

MANDAG 26. NOVEMBER: LØNAHORGI
Totaltid: 2t 46min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1305
Tung nysnø å gå i nesten opp til utforstarten, men frå der og vidare oppover var det avblåst. Rask tur tross forholda. Fint vær men kraftig vind. Det blir mange turar til Lønahorgi for tida. Typisk på denne tida av året, for lite snø til å gå gjennom skogen andre stader, veldig greit å gå i løypene frå Bavallen.

Dobbeltklikk på "PLAY" direkte på panelet dersom du vil sjå filmen i det vesle bildet. Dersom du trykker på "Video" rett over panelet får du den i fullskjerm. Nedlastingstid vil variere etter kor stor fila er og kor raskt internett du har.

 

LAURDAG 24. NOVEMBER: LØNAHORGI
Totaltid: 3t 43min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1280
Deltakarar: Øyvind, Jarle
PUDDERALARM !!!
I dag brukte me 1 time og 20 minuttar NED IGJEN frå Lønahorgi, trur aldri eg har brukt så lang tid nedatt på ski før. Det var rett og slett brøyteføre... me stoppa opp i pudderet på alle stader der det ikkje var veldig bratt. Det var sjølvsagt like mykje brøyteføre opp, så dette var ein tung tur. På veg nedatt hadde me også vinden og føyka rett i mot, og det var svært vanskeleg å sjå i lyset frå hovudlyktene. Det førte til at eg hoppa utfor eit 3 meter høgt stup og landa heilt flatt, trudde det var max. halvmeteren når eg baksa meg utfor kanten i snøkavet og mørket. Men det gjekk heldigvis fint. No er det rett på sesongens første afterski på Bavallstunet :-)

 

FREDAG 23. NOVEMBER: FINNBUNUTEN
Totaltid: 3t 03min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1210
Deltakarar: Øyvind, Jarle
Me starta nederst i skibakken i Myrkdalen og gjekk først opp den preparerte bakken. Det kom litt meir snø i går, men det har blåst litt så det er ikkje ideelle skiforhold lenger. Etter halvannan time stod me på Finnbunuten. Me bestemte oss for å sleppa oss ned i Sendedalen for å sjå om det var betre snøforhold der. Flanken ligg meir i le for sørvesten, så logikken holdt stikk: fint pudder øverst, men litt meir spooky lenger nede. Dette førte blant anna til at Øyvind foretok ein elegant salto til 18 i stil (akkurat som på sykkel i Zermatt i sommar...). Nede i Sendedalen var det på med fellene igjen, og for andre gong i dag besteig me Finnbunuten. Ned igjen til Myrkdalen var det artig køyring sjølv om ikkje føret var topp. Det er det som er den store fordelen med randonée, det kan bli bra skikøyring sjølv om det ikkje er fin snø.

 

TORSDAG 22. NOVEMBER
Fin uværstur til første kvilehytta på Lønahorgi i joggesko. Over Slettafjellet var det nysnø, ca. 20 cm ved kvilehytta. Fine skiforhold igjen - og i morgo skal det bli strålande vær!
Deltakarar: Monica, Ole Patric, Jarle
Totaltid: 2t 28min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 870

 

ONSDAG 21. NOVEMBER
Lønahorgi har vore flittigt besøkt dei siste dagane. Middels rask tur opp til øverste Kvilehytta. Der gav me oss pga. voldsom klabbing under skifellene. Det var nemleg våt snø nederst i Bavallen, og tørr nysnø lenger oppe. Det snødde ein del mens me gjekk oppover, men det gav seg til me skulle ned igjen, slik at me hadde gode sikt-forhold.
Deltakarar: Øyvind, Jarle
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1015

 

TYSDAG 20. NOVEMBER
Forholdsvis rask tur til fortoppen til Horgje. Me gadd ikkje gå dei siste flatane inn til masta då føret har endra seg desverre. Det fine føret som har vore heilt sidan snøen kom, er no blitt til knallhard bølgande skare pga. mildværet dei siste dagane.
Deltakarar: Brynjulv, Jarle
Totaltid: 2t 05min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1115

 

SUNDAG 18. NOVEMBER
Forholdsvis rask kveldstur på Horgje. Det har forsvunne ein del snø nederst siste døgnet, så eg fekk steinslipt sålen skikkeleg nedatt... Oppe har det blitt skare, men den er fin å køyra på.
Totaltid: 2t 28min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1220

 

FREDAG 16. NOVEMBER:
Deltakarar: Njål, Martin, Brynjulv, Jarle
Skulle eigentleg gjenta suksessen frå onsdagens kanon-tur til Finnbunuten, men vegstenging gjorde at me måtte revurdera. Me køyrte derfor til Bavallen og luska av gårde i retning Lønahorgi. I dag var det dårligare sikt, men snøen var fortsatt veldig fin.
Totaltid: 3t 32min
Intensitet: Roleg
Akk. høgedmeter: 1215

 

TORSDAG 15. NOVEMBER
Njål, Einar, Brynjulv og eg på joggesko i snøkavet opp til Kvilehytta.
Totaltid: 2t
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 870

 

ONSDAG 14. NOVEMBER
Flott skitur frå ski-anlegget i Myrkdalen opp på Finnbunuten (1358m). Brynjulv og eg gjekk opp langs dei preparerte bakkane opp til Vetlebotnen og vidare langs Kari Traa-heisen opp i skaret før me gjekk rett opp mot toppen. Då me gjekk oppover fekk me eit håp om at det ville bli ein fin tur ned att, men det vart endå betre enn me hadde håpt på. Ikkje mykje snø sjølvsagt, men den var svært fin og jevn. Årets finaste skitur så langt!
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 970

 

MANDAG 12. NOVEMBER
Skitur på Lønahorgi. Første turen heilt opp på ski i år. Avblåst på toppen, men det var mogeleg å gå på ski heile vegen frå parkeringsplassen i Bavallen heilt til topps. Nydeleg vær. Såg både harepus og rev - med berre 200 meters avstand.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1235

 

SØNDAG 11. NOVEMBER
I går starta skisesongen, og i dag sykla eg ein fin tur på terrengsykkelen på tørre og fine vegar. Allsidig trening for tida. Kort, roleg tur i "nærområdet".
Totaltid: 1t
Intensitet: Roleg

 

LØRDAG 10. NOVEMBER: SKISESONGEN ER I GANG!!!
Gjekk på ski heilt frå parkeringsplassen i Bavallen. Lite snø i vegen i starten men det gjekk akkurat. Rask tur opp til Kvilehytta. Forholdsvis fin køyring ned igjen - ikkje ofte det er det på den første skituren. Sjelden tidleg start på skisesongen Håpar dette betyr ein lang og flott ski-sesong.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Høg
Akk høgdemeter: 870

 

FREDAG 9. NOVEMBER
Brynjulv og eg på uværstur mot Horgje. Snudde eit stykke før toppen. Hard vind og snødrev. Mykje snø etterkvart - ski next???
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1130

Stien går rett opp frå fjorden midt på bildet

Nydeleg vær første del av turen

 

ONSDAG 7. NOVEMBER: LØNAHORGI
Snøen dalar ned... og Brynjulv, Njål og eg la i veg i joggesko i retning Lønahorgje. 15-20 cm. alt ved Slettafjell og det auka dess høgare me kom. Men etter kvart hadde vinden blåst reint mange stader, mens andre stader hadde det samla seg svært store mengder - i alle fall over 1 meter. Tungt å gå/springe i slike forhold og me brukte derfor mykje lenger tid enn vanleg. Vind og snøføyke var det og - alt i alt ein skikkeleg fin uværstur!!!
Totaltid: 3t 34min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1235

 

SUNDAG 4 NOVEMBER: LØNAHORGI
Fin kveldstur opp på Horgje frå Bavallen. Fint vær og fin snø å springa på over 1000 meter, men litt glatt nokre stader.
Totaltid: 2t 54 min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1230

 

LØRDAG 3. NOVEMBER: GRÅSIDETOPPEN
Stor overgang frå rekordvarme i Rio de Janeiro til seinhaust og snø i Vossafjella. Øyvind og eg starta på Hjelle. Snø frå ca. 900 meter, etter kvart så mykje at me nesten kunne ha gått på ski.
Totaltid: 2t 33min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1100

 

TORSDAG 1. NOVEMBER: RIO DE JANEIRO, BRASIL
Fin springetur på Copacabana og Ipanema - verdens kanskje mest berømte strender - fin måte å starta dagen på.
Totaltid: 1t 25min
Intensitet: Roleg

Ikkje den verste utsikta ein kan ha frå eit hotellrom... verdas mest berømte sandstrand Copacabana.

 

SJÅ BILETE FRÅ PERU OG BRASIL HER.

Augustin skal vera guide på Inca Trail neste år

 

 

TIRSDAG 30. OKTOBER: LIMA, PERU
Sprang i dag opp på fjellet som ligg ytterst i havgapet mot Atlanterhavskysten. Det er berre 278 meter høgt, men sidan landet innanfor er forholdsvis flatt er det flott utsikt frå toppen. Fin sti oppover fjellsida, men på toppen var det tre laushundar som regjerte, og då eg kom springande begynte dei å hisse kvarandre opp. Til slutt hadde eg tre ekstremt aggressive og snerrande bikkjer rundt meg - det einaste som gjorde at dei ikkje hoppa på meg var at eg holdt meg heilt roleg og sakte men sikkert trakk meg tilbake utan å snu meg. Ned igjen fann eg ei flott utfor-løype for sykkel som nokon entusiastar må ha laga. Hadde eg berre hatt sykkelen min...
Totaltid: 1t 50min
Intensitet: Middels

 

ONSDAG 24. OKTOBER: LIMA, PERU
Sprang frå hotellet nedover mot Stillehaveskysten. Etter 10 minuttar stod eg plutseleg på kanten av ein voldsom klippe, ca. 100 meter over bølgene som braut på stranda under meg. Sprang så sørover og etterkvart fant eg ein sti som eg kunne springa heilt ned til stranda. Følgte så denne nordover igjen, forbi fiskarar og surfarar. Nydelig sightseeing...
Totaltid: 1t 15min
Intensitet: Roleg

Humbolt-straumen gjer at Stillehavs-strendene i Peru er altfor kalde til bading, vatnet held kun 12 grader. Men strendene er perfekt til å springa på.

 

MÅNDAG 22. OKTOBER
Kort men rask tur oppover vegen og stien frå Bavallen i retning mot Horgaletten.
Totaltid: 50min
Intensitet: Høg

 

LAURDAG 20. OKTOBER
Allsidig laurdag: Først møtte eg Øystein og gjengen i Aurland og fekk meg ein paraglider-tur over Aurlandsfjorden som eg seint vil gløyme (sjå video under). Deretter køyrde eg opp Flåmsdalen for å testa min nye sykkel på Rallarvegen. Eg har kjøpt meg ein superlett American Eagle karbon-terrengsykkel. Både ramme og gaffel er i karbon, ingen dempegaffel på denne - vekt og stivheit står i fokus - må ha ein slik ein også i tillegg til den fulldempa sti-sykkelen som eg kjøpte tidligare i år. Dei bratte svingane opp til Myrdal gjekk som ein leik, og farten var stor oppover mot Hallingskeid. Sykkelen er brutalt kontant i måten den dirigerer kreftene ned i bakken. Når eg syklar med Commencalen så forsvinn mykje av kreftene i dempesystem og ikkje minst i geometrien til sykkelen, perfekt for nedoversykling, men ikkje ideelt når ein er ute etter fart og effektivitet. Då eg kom til Hallingskeid dekka snøen vegen, og det var ein naturleg plass å snu. Fint å sykla Rallarvegen så seint på sesongen - møtte ikkje ein einaste syklist.
Totaltid: 2t 28min
Intensitet: Høg

Sjå luftig video... (9Mb)

 

FREDAG 19. OKTOBER
Kveldstur opp frå Vannjolo via Teigarapjane, Rapjahalsen og til Ulvaskaret som eg kryssa heilt øverst. Vidare på intens raudfarga skaresnø - som var resultatet av ein fantastisk solnedgang - til Gråsidetoppen. Så tok eg kursen nedover Sandfjellet heilt ned til Hindertveit før eg igjen sprang mot Teigarapjane og nedatt skogsvegen.
Totaltid: 3t 34min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1310

 

ONSDAG 17. OKTOBER
Njål og eg gjekk frå Vannjolo opp via Bulabreen til Gråsidetoppen. Ned igjen nesten samme vegen men me gjekk heilt over til Ulvaskaret og fulgte dalen ned igjen. Gjekk ein del lenger tid enn normalt pga. 10-15 cm. over ca. 1100 meter.
Totaltid: 3t 01min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1275

 

MANDAG 15. OKTOBER
Martin, Øyvind og eg på kveldstur til Gråsidetoppen. Turens store høgdepunkt var då me fekk sjå det som måtte vera ei Gaupe på veg ned igjen. I det me nærma oss tregrensa, bråstoppa plutseleg Martin som sprang først - og lyktene våre fanga inn ein dyrekropp som låg i lyngen nedanfor oss, kanskje 60 meter unna. To intense auge (som reflekterte hodelyktene våre) stirra på oss i kanskje 30 sekund. Så tok den av gårde i stor fart nedover lia. Me innsåg ikkje med det samme kva dette var (det var tross alt stupmørkt), me snakka både om mårkatt og ein kjempestor hannkatt... men i ettertid er det liten tvil om at det måtte vera ei gaupe. Den sprang så utruleg grasiøst og raskt til å vera ein katt. Kjempeflott opplevelse. No har eg sett både jerv og gaupe i norske fjell - det er berre bjørnen som manglar!
Totalttid: 2t 45min
Intensitet: Roleg opp (men raske intervallar nedover!!)

 

SUNDAG 14. OKTOBER
Roleg "dagen derpå"-tur på Lønahorgi.
Totaltid: 2t 30min

 

LAURDAG 13. OKTOBER
Øyvind og eg hivde syklane i bilen tidleg om morgonen og fresa av gårde i retning Osafjellet, til området som me har døypt Hardangersvaet. Eit fleire kvadratkilometer stort område som består av sva i alle fasongar og vanskelegheitsgrader. Mykje moro og leik - god trening er det og...
Totaltid: 5t 30min
Intensitet: Veldig varierande...

Eg hadde med meg alle 4 brødrene mine - dei fulgte meg tett heile dagen. Sjekk forresten dempesystemet mitt akkurat i det eg landar - voldsom belastning! (Foto: Øyvind Birkeland)

(Foto: Jarle Trå)

(Foto: Jarle Trå)

Video

 

FREDAG 12. OKTOBER
Øyvind og eg på haustens fyrste hodelykt-tur. Det skulle i alle fall bli den fyrste, men batteriet mitt var fullstendig flatt til tross for lang lading, så eg måtte "henge" meg på Øyvind ned igjen.
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1060

 

Sjå bilete frå turen i Indre Sogn (8. - 10. oktober).

 

ONSDAG 10. OKTOBER
I dag var det Aurlandsdalen som stod på programmet. Eg og Martin rekogniserte på vår dobbel-tur tidligare i sommar, og i no skulle den syklast. Det gjekk strålande - tørre fine stiar og ingen turgåarar så seint på hausten. Sjølvsagt var det litt trilling her og der, men mindre enn eg hadde rekna med. Då eg kom ned var det eit raskt bytte av klær og skotøy (lagt ut på forhånd) og så springa opp igjen til Østerbø. Beina var heldigvis fine tross lange turar mandag og tysdag.
Totaltid: 4t 50min (Sykkel: 2t 40min, Springing: 2t 10min)
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1485

IMG 0685

IMG 0685

 

TYSDAG 9. OKTOBER
Etter langturen på beina i går, var det terrengsykkel som stod på programmet i dag. Eg køyrte opp på Filefjell og målet var dei flotte stiane rundt Sulebu, sør for Filefjellsvegen. Først fulgte eg Kongevegen eit stykke før eg skar bratt oppover på fin sti. Ned hadde den vore perfekt, men opp vart det sjølvsagt ein del trilling. Men etter kvart flata det litt ut, og stiane var - som eg hadde forventa - perfekt for terrengsykling. Har gått og sprunge i området før, og såg då at stiane måtte vera veldig bra for sykling. Lange parti der ein kan sykla fort, men også korte utfordrande tekniske parti. Akkurat slik ein vil ha det. Då eg etter mange kilometers flott sykling kom til Sulebu, var det så varmt og fint at eg satt lenge i solveggen på hytta og koste meg. Varmt og godt - utruleg at det er snart midten av oktober. Ned igjen var valget vanskeleg - attende samme stien eller rett ned mot Nystuen. Eg valgte det siste alternativet fordi eg ville testa denne stien også. Etter kvart kom eg fram på kanten, og stien bar bratt nedover lia. Adrenalinet pumpa vilt i årene nedover, og etter nokre minuttars fantastisk flott utfor var eg nede på flaten igjen. Nydeleg sti - dette området kan anbefalast på det varmaste til alle som er bitt av sti-sykkel-basillen. Etter å ha inntatt litt kaloriar, fant eg ut at eg kunne ikkje gje meg no - eg hadde vore ute snart 3 timar. Sykla derfor attende til stien som eg hadde sykla opp tidligare, og gav meg i kast med den for andre gong. Grunnen var enkel... det er ikkje det at det er så moro å trilla sykkelen opp - men tanken på kva som venta meg ned igjen var verdt ein tur til opp. Og nedturen skuffa ikkje - kanskje endå finare enn den første! Så la eg i veg sørvest-over, oppover Kongevegen i retning Maristuen. Denne var imidlertid av så høg standard (nesten like fin som Rallarvegen) at eg snudde då eg kom på toppen og sykla ned igjen - det var tross alt fine stiar eg var på jakt etter. Eg såg meg ut eit lite sva-parti som såg ut til å kunne tilby flott sva-sykling, og etter litt leiking der trilla eg småsliten ned igjen mot bilen. Over 7 timar i går og nesten 5 i dag, kan bety at det blir småtunge bein i morgo - me får sjå...
Totaltid: 4t 48min
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Akk. høgdemeter: 1070

 

MANDAG 8. OKTOBER
Har lenge hatt planar om å ta ein haust-tur til Indre Sogn. Mange spennande prosjekt her, både med joggesko og terrengsykkel. Første dagen satsa eg på ein lang springetur som eg anslo ville ta mellom 7 og 8 timar. Starta i Stonndalen i Aurland (ved utløpet av Stonndalstunnellen). Først nordover bratt oppover lia mot Botolvsstølen, deretter dreiar stien sørover langs det lange og smale Fretheimsvatnet. Her kom eg heilt opp i over 1400 meter, men det var likevel berre såvidt at eg tangerte snøgrensa. Flotte stiar, topp vær og nydelege haustfargar gjorde at det var maksimale forhold for lange springeturar. Eg kom ned til Seltuft og Rallarvegen, og skar så oppover lia i retning Vindedalen. Dårleg sti her, men flott å springe stort sett overalt. Dagens første reinsdyr såg eg her, ein einsleg mellomstor bukk - sannsynlegvis har han gått tapande ut av ein av kampane som no foregår overalt i fjella. Kom igjen opp i 1400 meter over Bendikshøgdene, her kom eg inn igjen på T-merka sti. Langsmed Hednedalsvatnet på nydelege sandstrender, og opp igjen i retning Flatnosi. Her kom eg over ein mellomstor flokk med reinsdyr (ca. 50 stk.), og eg fekk sjå ein av dei mest dramatiske kampane eg nokonsinne har sett. Det var to kjempebukkar som braka sammen, og det var heilt tydeleg at dette var alvor... etter eit par kjempesmell måtte den eine innsjå at det vert lite dame på han i år, og han sprang vekk rett mot meg... Eg hadde gøymt meg bak ein stein mens kampen stod på, og tapar-bukken såg meg ikkje i det han passerte berre 20 meter unna. Reinsdyra har dårleg syn, det er derfor dei spring rundt deg for å få lukten av deg viss dei værer at det er nokon i nærheita - dei stolar mykje meir på luktesansen enn synet. Men resten av flokken vart no klar over meg, og forsvann fort innover flyene. Eg sprang vidare nedover Rausmesdalen, som etter kvart ledar inn heilt øverst i Stonndalen. Etter den siste innspurten 6-7 kilometer på grus- og asfaltvegar, stod eg igjen ved bilen - fornøyd og svolten! Eg hadde heldigvis med meg hodelykt fordi eg hadde sett på karten at det var eit par tunnellar på den smale anleggsvegen øverst i Stonndalen. Dei var så lange at eg måtte ha tatt meg forbi på utsida dersom eg ikkje hadde lykt med - det var mørkt der inne for å sei det mildt... Akkurat no mens eg skriv dette, ligg eg og høyrer på brunstige hjortar som står og gryler i stupmørket langt oppe i dei bratte liene over Lærdal. Trolsk...
Totaltid: 7t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 2045
(Pulsmålaren slutta å fungere så eg har ikkje "kroppslege data" for denne turen)

 

LAURDAG 6. OKTOBER: TERRENGSYKKEL
Fin tur opp den bratte grusvegen til Kvilehytta. Kjempefine stiar ned igjen.
Totaltid: 2t 05min
Intensitet: Høg opp til Kvilehytta
Akk. høgdemeter: 1105

 

TORSDAG 4. OKTOBER: LØNAHORGI
Rask tur på Horgje. 1t 06min opp.
Totaltid opp og ned: 1t 48min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1090

 

ONSDAG 3. OKTOBER: VOLAFJELL
Starta i Vestbygdi over Bulken. Gjekk/sprang opp via stølen Listre, over Grønhaugane og Sliavarden opp til Volafjellet (1327m). Ned igjen gjennom vanskeleg terreng til Raudbergvatnet og ut Lauvdalen. Så fulgte eg stien rundt Hornet attende til bilen. Nydeleg flotte haustfargar i år - syns dei er meir intense enn på mange år!
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1365

 

TYSDAG 2. OKTOBER: TERRENGSYKKEL
Sykla opp til Bavallen og vidare så langt vegen går, opp til kvilehytta. Etter den lange harde motbakken, stod no belønningen framfor meg. 1000 høgdemeter med stiar og grusvegar. Tok nokre avstikkarar bort mot Slettafjellet også.
Totaltid: 2t 36min
Intensitet: Høg opp til Kvilehytta
Akk. høgdemeter: 1135

 

MANDAG 1. OKTOBER: GRÅSIDETOPPEN
Fin kveldstur på tørre og fine stiar. Flott solnedgang akkurat når eg stod på toppen.
Totaltid: 2t 23min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1060

 

LAURDAG 29. SEPTEMBER: STIGEN - STALHEIM
I dag var det endeleg på tide å ta min lenge planlagte springetur frå Stigen i Aurlandsfjorden til Stalheim på Voss. Øystein kom heim frå Oslo (nesten eins ærend...) for å vera med på denne storturen. Eg hadde ordna med båtskyss frå Undredal til Stigen. Me begynte altså på havnivå - og først skulle me bestiga Stiganosi, høgaste punktet på Syrdalsbreen, som er eit av dei høgaste fjella i området med sine 1761 meter. Det vil faktisk sei at dette er ein av Norges aller lengste motbakkar. Av toppar som er "logisk" å ta med i ei slik samanlikning er det kun Skålatårnet (ca. 30 meter meir) og Lodalskåpa (viss du startar ved Loenvatnet) som er høgare, viss ein ikkje skal ta med toppane i Hurrungane i Jotunheimen der du reint teoretisk kan starta 10-20 meter over havet på Fortun. Me hadde nesten ingenting med oss og det gjekk fort oppover lia. Me gjekk først den spektakulære stien opp til garden Stigen. Denne garden er kanskje ein av dei flottaste og mest dramatiske av alle fjellgardane i Norge. Den fekk navnet sitt fordi du før måtte klatra opp ein stige på ein svært bratt del av stien for å komma til gards. Det seiest at bonden i gammal tid var snar å dra stigen opp når skattefuten kom roande utover fjorden... Vidare oppover fin sti og etterkvart som me nærma oss tregrensa var det ei heilt utruleg utsikt som åpenbarte seg på alle kantar - det stupte bokstaveleg talt i fjorden overalt rundt oss. Ein bratt rygg leda oss oppover mot 1600 meter, før det flata ut innover mot sjølve Stiganosi. Mange fine, fast snøfenner å springa på gjorde at me slapp å balansera frå stein til stein i dei mange steinrøysene på denne delen av turen. Etter halvannan time opp og ned bortover ryggen, runda me over Skammadalshøgde (1605 moh) og me fekk sjå Grindaflethytta langt nede i dalen. Me sprang vidare oppover den langstrakte Fyresdalen og over skaret mot Øvsthusdalen. Her gjekk det unna nedover og før me visste ordet av det stod me med bilen med salige glis om munnen!
Totaltid: 6t 22min
Distanse: 35,4 kilometer
Intensitet: Middels
Gj. sn. puls: 140
Kcal: 3866
Akk. høgdemeter: 2355

FREDAG 28. SEPTEMBER: TERRENGSYKKEL PÅ VOSS
Øystein og eg skal på stortur i morgo. Derfor valgte me terrengsykkel i dag, slik at beina fekk kvila mest mogeleg (det var i alle fall planen...). På fine stiar gjekk turen gjennom Bømoen og over Storåsen. Avslutta med ein ny runde gjennom Bømoen.
Totaltid: 2.15
Intensitet: Roleg men mange harde drag
Akk. høgdemeter: 495

 

ONSDAG 26. SEPTEMBER: LØNAHORGI
Ein av årets flottaste turar på Horgje. Spektakulær solnedgang i vest, og fullmåne i aust. 
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1100

 

TYSDAG 25. SEPTEMBER: TERRENGSYKKEL I BÆRUMSMARKA
Øystein tok meg med på sine favorittstiar i nærområdet rundt Kolsåstoppen. Overraskande fine stiar, både raske og tekniske, men litt regn dei siste dagane hadde gjort det sleipt på steinane. Det resulterte i ein krasj der eg fekk styret inn i lysken og måtte ta telling. Er no øm og sår, men må vel likevel vera glad for at ikkje styret traff meir sentralt nokre centimeter lenger opp - berre tanken gjer vondt... :-)
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 535

 

MÅNDAG 24. SEPTEMBER: TERRENGSYKKEL PÅ SKEIKAMPEN
Skeikampen har kanskje dei finaste stiane for terrengsykling i Norge. Martin, Øystein, Øyvind og eg var her ei langhelg i fjor og tok for oss av mil etter mil med flotte fjellstiar. Men den siste dagen måtte eg kasta inn håndkleet tidleg - eg klarte nemleg å knekka giret rett av etter nokre timar oppover fjellet. Den som måtte trilla/haika ned igjen til Skeikampen var meg. Og sjølvsagt - rett etter eg skilte lag med gjengen fann dei den finaste stien i heile området ifølge dei sjølv. Dette har sjølvsagt irritert meg GRENSELAUST i tida etterpå (spesielt fordi eg ofte blir minna på det). Derfor måtte eg ta meg ein tur når eg først var på desse kantar. Dei hadde rett... stien var perfekt! Men når eg først var her forsynte eg meg også av mange av dei andre favorittstiane frå i fjor. Ubeskriveleg moro.
Totaltid: 5t 10min
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Akk. høgdemeter: 1055

 

SUNDAG 23. SEPTEMBER: TERRENGSYKKEL PÅ HAFJELL
Lang dag på nedover-sykkel i Hafjell-anlegget. Hafjell byr på nydelege stiar og artige doserte løyper gjennom skogen. Køyrte nesten 8000 høgdemeter i dag. Siste åpningsdagen for sesongen og heldigvis tørre og perfekte forhold. Sleit litt med krampe i handa og bremsefingeren, heilt til Espen Johnsen (norgesmester i downhill) tipsa meg om korleis eg måtte justere bremsehåndtaket. Det var alfa og omega og etter det gjekk alt mykje betre. Kjempefin dag i Norges kanskje beste sykkel-anlegg. No er eg på Skeikampen og satsar på ein langtur på dei nydelege stiane her oppe i morgo.

 

Bilete frå Zermatt (Foto: Øyvind Birkeland)

 

LAURDAG 22. SEPTEMBER
Kort tur opp til utforstarten på Horgaletten.
Totaltid: 1 time
Intensitet: Middels

 

FREDAG 21. SEPTEMBER
Sola skein tidleg på dagen, og Martin, Njål og eg trudde faktisk at me skulle få oss ein solskinnstur til Gråsidetoppen. Men den gong ei... Meir ufyseleg vær er det heldigvis lenge mellom kvar gong me opplever. Regn, sludd og hard vind - og i tillegg sørpe og glatt snø over 1100 meter gjorde dette til ein liten utfordring. Me kom oss til topps, men det var berre såvidt me tok oss tid til å skriva navnet inn i topp-boka. Kkkkaldt...
Totaltid: 2t 18min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1060

 

SØNDAG 16. - ONSDAG 19. SEPTEMBER: RONDANE / UNDREDAL
(Les og sjå bilete frå turen her: Artikkel.

 

LAURDAG 15. SEPTEMBER
Sprang opp frå Mølster, over Hanguren og opp på Slettafjellet. Stod på toppen og såg på den flotte utsikten sammen med ein liten harepus. Haustfargar og snø ned til tregrensa - det kan vel ikkje bli stort flottare. Ned att via Raugstad, og der møtte eg eit illsint ekorn midt på stien... eg kom nok litt brått på, for det vart ein voldsom kjefting når det omsider kom seg opp i treet sitt.
Totaltid: 1t 33min
Intensitet: Middels

 

TORSDAG 13. SEPTEMBER
Martin, Njål og eg gjekk frå Grjotlandsbrua opp på Lønahorgi. Fin, alternativ rute på Horgje.
Totaltid: 2t 43min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1305

 

MANDAG 10. SEPTEMBER
Fin ettermiddagstur til Gråsidetoppen i kveldssol og haustfargar - vakkert!
Totaltid opp og ned: 2t 24min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1025

 

LAURDAG 8. SEPTEMBER
Måtte sjølvsagt ein tur på Horgje etter å ha vore lenge vekke frå Vossafjella.
Totaltid: 2t 03min (1 time og 12 minutt opp)
Intensitet: Forholdsvis høg
Akk. høgdemeter: 1180

 

FREDAG 7. SEPTEMBER: HEIME IGJEN!
Akkurat no sit me på Master Cat, verdas raskaste ferje, mellom Hanstholm og Kristiansand - den gjer nesten 80 km/t i gode forhold... som det absolutt ikkje er i dag! Både på seterada framfor meg og bak meg høyrer eg no folk som spyr i posane som dei har fått utdelt...

 

Dei siste dagane i Zermatt brukte me på sykkelsetet. I påvente av nye bremsar måtte me låne sykkel hjå ein av sykkel-utleigarane i Zermatt. Me satsa på kvar sin Cannondale hybrid (mellomting mellom sti-sykkel og ufor-sykkel. Desse syklane har større vandring i demparane (170 mm) og overdimensjonerte bremseskiver. Men geometrien i sykkelen var nesten den samme som vår eigen, så den oppførte seg veldig mykje på samme måten reint teknisk. Utforsyklar har vanlegvis mykje slakkare vinkel på framdemparen, både for å tillate ekstrem lang vandring på demparen, men også for å gjera det enklare å forsera relativt store hindringar.

 

Me vurderte å prøva oss på Lagginhorn (4010 moh.) den siste dagen, men fortsatt store snømengder over 3500 meter gjorde at me slo det frå oss. Værmeldingane var blå himmel og strålande sol (som me har hatt nesten heile tida her nede) men svært kraftige nordlige vindar har den siste veka gjort det til ein ekstremt kald fornøyelse å klatra dei aller høgaste. Lagginhorn er ikkje noko spesielt vanskeleg, men langvaring eksponert rygg-klatring på gradering 2+ kan fort bli svært utfordrande 4000 meter over havet når snø og is skjuler alle tak og sikringsmogelegheiter. Dessuten hadde me meir lyst til å sykle...

 

Det mest dramatiske som skjedde på heile turen (bortsett frå då Øyvind som den første av oss skulle prøva seg på ein framlengs salto på sykkelen... ufrivillig!) var då eg vart angrepen av ein rev den nest siste natta før me reiste heim igjen. Heilt sant! Me har fleire netter hatt besøk av ein rev om natta. Den har rappa mat og gjennomsøkt bossposen vår fleire gonger. Ein morgon mangla skoen min - og etter litt fortvila leiting fann eg den 50 meter bortanfor teltet. Men i går natt var den nok sur fordi me hadde låst all mat og bos inne i bilen. Eg vakna av at eit eller anna hoppa på teltduken og opp på hovudet mitt... Eg kjente potane som "krafsa" på hovudet mitt og ei pusting og pesing. Etter nokre sekund fullstendig i ørska forsto eg at dette nok ikkje var Øyvind... og langa ut ein skikkeleg upper-cut rett mot teltduken. Den vesle tassen tok nok telling, og eg gjekk seirande ut av siste runde. Men det gjekk lang tid før eg fekk sova igjen... adrenalinet flomma fritt rundt i kroppen lenge etterpå.

 

MANDAG 3. SEPTEMBER
Å stå opp midt på natta for å klatre ein 4000-metring er noko av det verste eg veit. Det er då eg seriøst vurderer å få meg ein annan hobby, t.d. hekling. Men etter kvart som ein kjem høgare og høgare, og dagslyset kjem - og spesielt når ein kjem til klatringa - då er livet atter lyst og fint. Dagens bestigning av Nadelhorn var akkurat ein slik opplevelse - dei første 1000 høgdemetrane var rein trass, men dei siste 1500 var flotte. Eksponert snøklatring opp mot toppen og litt klyving ut på sjølve topp-punktet, men ein overraskande enkel topp i forhold til det meste me har gjort her nede.

 

MANDAG prøver me oss på Nadelhorn, ein av dei verkeleg store her nede, godt over 4300 meter. Me satsar på ein bestigning i god gammaldags Jarle & Øyvind-stil... dvs. heilt nede frå dalbotnen utan overnatting. Det betyr i Nadelhorn sitt tilfelle over 2500 høgdemeter frå parkeringsplassen til toppen... (rekorden til no er Mt. Blanc med 3800 høgdemeter og Dom med 3150 høgdemeter). Bilder og rapport på tirsdag.

 

SUNDAG 2. SEPTEMBER
Sykkel, sykkel og atter sykkel... dei nye syklane våre har til no måtta tåla ca. 35 000 høgdemeter på både fine og tekniske stiar - og det merkast. Må sikkert rusta opp sykkelen for veldig mange 1000-lappar når eg kjem heim igjen - men det er verdt det. Svært få dagar har me gitt oss før mørket senkar seg... Det er berre heilt utruleg flotte forhold for sti-sykling her nede.

 

LØRDAG 1. SEPTEMBER
Weisshorn vart for tøft for oss! Dei nordligaste av dei 29 fjella over 4000 meter i Zermatt-området fekk ein god del meir snø onsdag og torsdag enn det me rekna med og dermed var det full vinter der oppe. Me gjekk først 1500 høgdemeter opp til Tractuit-hytta på lørdag, og kl. 3 natt til søndag starta me mot toppen. Etter kvart som me nærma oss toppen av Bishorn (4153 moh) stod sola opp og kasta sitt raude ljos på fjella rundt oss. Men vindretningen var til ein forandring nord, og dermed var det ikkje mykje varme å henta frå sola. Me starta traversen først nedover mot skaret mellom Bishorn og Weisshorn. Det gjekk fint, med mykje svært eksponert klyving rundt grad 2. Forholdsvis mykje nø og is gjorde det ein god del vanskelegare enn om det hadde vore snøfritt. Etter kvart nærma me oss crux-partiet, ca. 1 km med ekstremt smal egg med mange pinnaklar. Vanskelegheitsgrad opp til grad 3+ som hadde vore ein fryd i snøfrie forhold og med varm sol. Men no var det full vinter her oppe, og ein evt. bestigning under desse forholda hadde kravd fullt vinterutstyr. Sjølv om me hadde med dunjakker så hadde det likevel vore svært kald for vedkommande som skulle sikre. Me snudde derfor med ein god følelse og med klare intensjonar om å komme tilbake under meir ideelle forhold... nordryggen av Weisshorn var minst like spektakulær som me hadde forventa. Og me fekk uansett kryssa av ein 4000-metring på denne turen :-)

 

ONSDAG 27. AUG: WEISSHORN NESTE
Weisshorn er kanskje det fjellet blant alle 4000-metringane i Alpane som får nakkehåra til å reisa seg høgast på ein klatrar... Dette er IKKJE det første fjellet du klatrar i Alpane for å sei det slik. Me har i tillegg bestemt oss for å bestiga fjellet frå nordsida - kanskje den flottaste ruta på fjellet. Me brukar to dagar, sannsynlegvis nede igjen på laurdags kveld, men bilder blir nok ikkje lagt ut før på søndag.

 

MANDAG - ONSDAG 27 - 29 AUGUST: ZERMATT
Kviledagar... dvs. 8 - 10 timar med sykkel kvar dag i fjella rundt Zermatt!!!
(Kvila kan me gjera når me blir gamle!)

 

SUNDAG 26. AUGUST: ZINAL ROTHORN (4221 moh.)
I går kveld gjekk me frå Zermatt 1500 høgdemeter opp til Rothorn-hytta (3100 moh.). Kl. 0330 om natta stod me opp, hivde i oss ein spinkel frukost og labba i veg oppover steinura i retning Zinal Rothorn - ein av dei flottaste 4000-metringane rundt Zermatt. Først over bre, så klyving opp ei bratt renne og over ein del lugubert laust fjell, før me igjen kom opp på nokre snøfelt som leda opp til ein flott snørygg. Denne fulgte me (i fantastisk soloppgang) heilt inn til innsteget til sjølve klatringa. Zinal Rothorn er krevande fordi det er ekstremt mykje 2'er og 3'er klatring på laust og grumsete fjell. Men heldigvis er sjølve toppryggen ein nydeleg sak med fast og fint fjell. For å ikkje bruka altfor lang tid på klatringa så sikra me kun 2 taulengder opp mot toppen. Ned igjen vart det mange lange rapellar. Me opplevde vel også den skumlaste episoden som me har hatt i Alpane då me skulle ta oss ned igjen renna frå toppryggen. Varmen smelta laus steinar frå isen høgt oppe og desse kom som bowlingkuler nedover renna - og gjett kven som følte seg som bowlingkjegler... Heldigvis vart det ingen skikkeleg strike, sjølv om eg vart treft i foten av ein knyttneve-stor stein. Etterkvart kunne me rapellera oss ut av renna og inn på tryggare grunn. Kanskje eit av dei mest krevande fjella eg og Øyvind har klatra, ved sida av Matterhorn.

 

TORSDAG - LAURDAG 23 - 25 AUGUST: ZERMATT
Desse dagane kjem for alltid til å bli huska som dei finaste sykkeldagane me har hatt... Me kjøpte Peak Pass for 14 dagar i Zermatt, dvs. fri tilgang til alle heisane i området. Mange gondolar, jernbanar og underjordiske tunnellar fører opp til godt over 3000 meter på alle sider av Zermatt (1600 moh.). Flotte stiar fins overalt, både stupbratte teknisk krevande stiar som heile tida tvingar deg til å flytta grensene for kva du tør... og fine høg-farts singletrack der olja i demparane nesten når kokepunktet. Apropos varmgang... bremseskivene mine var i går raudglødande når eg kom ned frå siste turen frå Gornergrat... metallet er no blått og raudt og heile skiva har faktisk vridd seg. Fleire gonger har me opplevd å mista bremse-effekt pga. varmen, så me har no lært oss kvar me må stoppa og la bremsane henta seg inn igjen.

 

ONDAG 22. AUGUST
I dag forflytta me oss frå Cortina til Zermatt. Forholdsvis kjedeleg dag på italienske motorvegar, i det me suste i stor fart forbi Venezia og Milano og over Domodossola-passet til Sveits.

 

TYSDAG 21. AUGUST: CORTINA D'AMPEZZO
Det høljar ned... men det hindrar ikkje oss frå å utfolda oss i dei fantastiske Dolomittane. Dobbeltur i dag:
Først sprang/gjekk me oppover mot eit pass på nesten 3000 meter, men me måtte snu på ca. 2750 pga. snø!!! (Dette lovar ikkje bra for Zermatt - der er fjella 1500 meter høgare...)
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1285
Så hivde me oss på syklane og la i veg oppover lia rett opp frå campingplassen. 500 høgdemeter gjekk raskt unna og deretter var det først ein brei sti bortover fjellsida som måtte syklast fort for å vera morsom... Så fant me heldigvis ein flott teknisk sti ned igjen i dalen.
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 505

 

MANDAG 20. AUGUST: CORTINA D'AMPEZZO
Gråvær og regn gjorde at me tok ein kort springetur i dag. Me køyrte opp til sørsida av Drei Zinnen, kanskje ein av verdas mest kjente og flottaste fjell (umogeleg å foklare - må sjåast...). Frå parkeringsplassen sprang me rundt heile fjellet på fine stiar. Innimellom måtte me stoppa og nyta synet av det spektaulære fjellet.
Totaltid: 1 time
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 240

 

SUNDAG 19. AUGUST: CORTINA D'AMPEZZO
Ein av dei finaste sykkelturane me har hatt i Alpane. Me starta ved campingplassen (1300 moh.) og sykla på vegar og stiar opp til eit pass på over 2300 moh. Nydelege stiar i hengbratte lier under voldsomme Dolomitt-fjell. Men stiane krevde topp-konsentrasjon, dei var svært smale og eit feilgrep... eh... tråkk... hadde sendt oss kast i kast nedover fjellsida. Me trudde me hadde opplevd flott sykling på veg opp til passet, men det som venta oss på andre sida var heilt fantastisk... Nedover ein aude dal snodde det seg ein av dei flottaste stiane som eg nokonsinne har sykla på. Stien innbaud til stor fart nesten heile vegen, men nokre stader var den meir teknisk - akkurat slik ein sykkelsti skal vera. Episk sykkeldag!
Totaltid: 5 timar
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Akk. høgdemeter: 1150

 

16. AUGUST - 9. SEPTEMBER
Øyvind og eg befinner oss for tida i Alpane. Me satsar hovudsakleg på å få plukka nokre nye 4000-metringar til samlinga, men det blir også mykje terrengsykling på dei nydelege stiane i Zermatt-området. Me drar først til Dolomittane i Tirol (Italia) for å akklimatisere, før me køyrer "heim" til Zermatt.
(Eg håper å oppdatere treningsbloggen av og til...)

 

TORSDAG 15. AUGUST
Einar, Øyvind, Brynjulv og eg sprang frå Mølster via Raugstad, så runda me Slettafjell bort til vegen som me fulgte ned igjen til Bavallen. Så opp Hangurslia og ned igjen til Mølster. Fin tur på blaute stiar.
Totaltid: 1t 52min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 785

 

TYSDAG 14. AUGUST
Brynjulv, Martin og eg starta frå Hjelle og sprang over Gråsida til hytta til Brynjulv i Sveindalen. Lang tur i skiftande vær!
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Middels opp til Gråsidetoppen, så rolegare
Kcal: 2020
Akk. høgdemeter: 1340

 

SUNDAG 12. AUGUST
Lang, roleg springetur frå Hjelle. Først til Gråsidetoppen og så vidare innover til Timaglaset.
Totaltid: 3t 31min
Intensitet: Roleg
Kcal: 1831
Akk. høgdemeter: 1160

 

LAURDAG 11. AUGUST
Terrengsykkel opp via Bavallen til Hangurstoppen. Så leika eg meg litt på favorittstiane på vestsida av denne, før eg slapp meg ned stien mot Raugstad.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 980

 

FREDAG 10. AUGUST
Brynjulv og eg, rask tur på Lønahorgi. Nydeleg vær.
Totaltid opp og ned: 2t 20min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1090

 

TYSDAG 7. AUGUST: KATHMANDU, NEPAL
Spektakulær springetur på ein fjellrygg med utsikt mot 8000-meters toppar i fleng. Starta grytidleg på morgonen for å unngå den verste varmen og forurensinga. Sprang først gjennom bydelen Thamel, som du berre må oppleve... det nyttar ikkje å prøve å beskrive! Her er det definitivt ikkje vanleg å sjå joggarar, så det var ingen overraskelse at eg etter kvart fekk følge av ein skokk guttungar som hoia og lo... sikkert det dummaste dei nokonsinne har sett. Kathmandu by ligg på ca. 1300 meter over havet, og etter å ha lagt Thamel bak meg gjekk det sakte men sikkert oppover den "vesle" fjellkjeda Nagarjun som går opp til ca. 2100 meter. Men på denne høgda i Nepal er du berre såvidt over flatlandet som pregar dei sørlegaste delane ned mot India. Å prøva å beskriva følelsen det er å springa på ein skarp fjellrygg i skarp morgonluft, med utsikt opp mot verdas aller høgaste fjell er heller ikkje mogeleg. Det var ein springetur eg aldri kjem til å gløyme.
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1045

 

TORSDAG 2. AUGUST: SPRINGETUR FRÅ SOGNEFJORDEN TIL VOSS
Alle forhold tilsa at eg burde avlysa min planlagte springetur frå Vik til Voss (Instefjorden - Bavallen) i dag. Låge temperaturar, regn, vind og tåke var det som prega værmeldingane. Men til tross for dette satte eg og sjåfør/support-team Martin av gårde i retning Sognefjorden tidleg om morgonen. Ruta var planlagt slik: Indrefjorden - Selhammar - Torvedalshytta - Volahytta - Voss. Dette er altså ein strekning som det er vanleg å bruka fire dagar på frå hytte til hytte. Sleipe stiar, kraftig motvind og isande kaldt regn prega turen. Men det var også solgløtt og varme. Svært vekslande vær med andre ord. Spesielt over Høgavarde hadde eg ei ekstremt kraftig regnbyge med kraftig vind. Eg vart så kald at eg etter denne episoden ikkje klarte å halda tempoet som eg hadde hatt fram til då. Kroppen begynner å stenge ned store muskelgrupper for å bruka energien til å halda varmen når forholda blir såpass ekstreme. Dermed ville ikkje lårmusklane væra med på notene lenger, og eg fekk ikkje varmen igjen før eg var i Bavallen. Kunne nok fint ha kutta ein time eller meir på totaltida om ikkje dette hadde skjedd.
Totaltid: 9t 21min
Strekning: 63 kilometer
Intensitet: Middels/Låg
Gj. sn. puls: 130
Kcal: 5015
Akk. høgdemeter: 2960

 

TIRSDAG 31. JULI
Brynjulv og eg starta på Vannjolo. Rask tur opp via Bulabreen og opp på Gråsidetoppen. Rett ned att Glimmesbotnen. Godt å sjå at Brynulven ikkje har tapt seg det siste året heller!
Totaltid opp og ned: 2t 20min
Intensitet: Middels
Gj. sn. puls opp: 148
Akk. høgdemeter: 1255

 

SUNDAG 29. JULI: AURLANDSDALEN TUR/RETUR
Martin og eg på årets finaste springetur så langt. Starta i Vassbygdi og sprang til Østerbø, deretter ned igjen samme vegen men denne gongen opp om Bjørnestigen og ned om Vetla Helvete. Fantastisk flott sti og været var 100% på vår side - alt i alt ein maksimal tur!
Totaltid: 5t 02min
Intensitet: Roleg
Gj. sn. puls: 125
Kcal: 2513
Akk. høgdemeter: 1475

 

FREDAG 27. JULI
Sprang frå Bolstad og inn mot Brislingabotnen. Høljeregn og svært blaute myrar gjorde det til ei svært effektiv (og våt!) økt. Og belønninga på toppen når alle intervallane var unnagjort - ei svær, bugnande moltemyr...
Totaltid: 1 time
Intensitet: Høg (naturlege intervallar)
Akk. høgdemeter: 465

 

TORSDAG 26. JULI
Njål, Martin og eg starta frå Arhelleren innerst i Dyrvedalen. Så sprang me inn i Dalsbotnen og rett opp det bratte gjelet som ledar opp til Vådalsbotnen (på sørvest-sida av Lønahorgi). Vill og vakker vestlandsnatur. Så fulgte me ryggen opp på Tvarafjellet (1293 moh) og vidare over på Volafjellet sine to topp-punkt (1311 og 1327 moh). Fjellet her oppe er perfekt å springa på, mykje fine sva og mykje av terrenget er også dekka av fin mose. Så bratt ned til den idylliske stølen Hellu og så fin sti ned igjen til Arhelleren. Alle var einige om at dette var ein fantastisk tur i eit av dei nære fjellområda som ein sjeldan besøker.
Totaltid: 3t 13min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1160m

 

ONSDAG 25. JULI
Sykla frå Oppheim opp på Skorseteggi (dvs. dytta sykkelen opp...). Fantastiske stiar bortover mot Kolingseggi. Stien ned igjen til Oppheim var prikken over i-en. Klassikar-potensiale! Så opp heile Oppheimsdalen og ut til stølane Kvanndalen og Reppane.
Totaltid: 2t 52min
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Akk. høgdemeter: 1205

 

TYSDAG 24. JULI
Rask tur på Lønahorgi i perfekt springevær.
Totaltid opp og ned: 1t 55min
Intensitet: Middels

 

21. - 23. JULI
FISKETUR PÅ HARDANGERVIDDA
Kjell, Geir og eg rusla innover vidda frå Tinnhølen. Etter nokre timar kom me til det me etter kvart fant ut var ein genial teltplass. Oppe på ein liten kolle var det ein svær flate dekka av mjuk reinlav. Me trudde kanskje at den var litt vindutsatt, men det viste seg å vera genialt i og med at myggen holdt seg langt vekke. Me hadde kjempefin utsikt mot masse vatn av forskjellig størrelse - og kort tid etter at teltet var slått opp var me på veg mot det nærmaste. Det starta imidlertid ikkje heilt optimalt, på tredje kastet sleit eg den første spinnaren og få minutta etter ryk den andre. Håplause bunn-forhold og ingen fisk. Etter eit par timar utan så mykje som ein napp snudde det brått... Nokre loner i ein bekk gav eit utruleg godt fiske i eit par timar. Fin, stor steikefisk av raudaste kvalitet. Dei neste to dagane rusla me rundt "halve Vidda" på jakt etter ruggane, me hadde som mål å komma over kiloen (som eg gjorde på forrige fisketur i dette området), men dei var litt for lure for oss denne gongen. Me hadde dermed ingen problem med å fylla magen med finfin fisk i størrelse opp mot 400 gram. Kjempeartig tur, sjølv om Geir presterte å kjøpa øl av lett-kalori typen... Men det satte ingen dempar på stemningen og det var veldig artig å vera på tur med gamle fiske-kompisar igjen. Me gjekk mange timar totalt, men eg lovte å ikkje skriva noko om tempo og akkumulerte høgdemeter (det var vel det me kan kalla fisketempo...)
Sjå bilete frå turen.

 

FREDAG 20. JULI
Langtur på terrengsykkel i fantastisk vær. Starta med å sykla gjennom Bømoen, opp Raundalen til Urdland og Helgaset. Stien over til Oppheim var utfordrande og artig - har sykla her før men det er sikkert 10 år sidan minst. Så asfalten ned igjen og opp over favoritten Storåsen heim igjen. Når stien over Storåsen er tørr er det den finaste stien på Voss for terrengsykling.
Totaltid: 3t 55min
Intensitet: Middels (mange harde motbakke-drag)
Kcal: 2300
Akk. høgdemeter: 1120

 

TORSDAG 19. JULI
Starta frå skytebanen på Bjørke og sprang via Sollikamben og Vatnaknausen opp på Horndalsnuten. Ned igjen via Modalstjørn og Budalen. Nydeleg springevær - sol, men ikkje for varmt.
Totaltid: 3t 17min
Intensitet: Roleg
Kcal: 1808
Akk. høgdemeter: 1425

 

ONSDAG 18. JULI
Terrengsykkel på stiar i Bømoen og Prestegardsmoen. Tørt og fint.
Totaltid: 1t 30min
Intensitet: Roleg

 

TYSDAG 17. JULI
I dag sprang eg på 1 time 3 minutt og 21 sekund frå Bavallen til toppen av Lønahorgi. Har aldri sprunge så fort før. Har vel aldri prøvd heilhjerta heller. Den gamle personlege "rekorden" min var 1,09 men då var det ikkje før eg var godt oppe i lia at eg merka at det gjekk fort, og dermed la eg inn eit ekstra gir. I dag var giret inne heilt frå start og kroppen kjentes veldig lett og fin til tross for store treningsmengder i det siste. Men forholda var ikkje optimale, det regna litt og fjellet frå Øvste kvilehytta og inn til toppen var skummelt glatt. Det blåste, det var tett skodde over 1000 meter og det var lite snø som dekka den lange berg-og-dalbane-innspurten opp mot toppen. Her er det absolutt ein fordel med meir snø om ein skal springa fort. Ned att gjekk det også fort (rett i underkant av 39 minutt) men eg holda måtte holda litt igjen, det var farleg å verkeleg gje på med dei forholda som var. Dei nye Inov8 skoene er heilt rå på sti og terreng, men gummien er sjølvsagt altfor hard til at den kan måla seg med vanlege terreng-joggesko på glatt fjell.
Totaltid: 1t 42min
Intensitet: Høg
Max. puls opp: 174
Gj.sn. puls opp: 166 (kun 14 sekund var innanfor langtur-sonen min på 125-135!!!)
Gj.sn. puls ned: 140
Kcal totalt: 1276
Akk. høgdemeter: 1090

 

MANDAG 16. JULI
Martin og eg gjekk/sprang frå Vannjolo opp Ulvaskaret og via BULA-breen opp på Gråsida og til Gråsidetoppen. Så vidare rett ned den fantastisk flotte Glimmesbotnen og til slutt enda me ved utgangspunktet. Dette var ein etterretningstur, der formålet var å finna ut korleis BULA-gutta eigentleg har gjort det. For uinvidde: Skigutane på Voss lagde ein gigantisk BULA-reklame på ei bratt snøfonn ca. 1100 moh. på Gråsida over Voss sentrum i forbindelse med Ekstremsportveko - dette har i ettertid skapt røre og debatt i ei ellers sommarsøvnig bygd... (agurktid!). Og det var som me frykta: Hans Engelsen Eide og gjengen har faktisk brukt radioaktivt avfall til å laga dei gigantiske bokstavane i snøen. Når dette smeltar ned kjem nok heile fjellet til å lysa blågrønt i 70 000 år framover (halveringstida til bulatonium). Fjellet må nok i framtida døypast om til Blåsida.
Totaltid: 2t 53min
Intensitet: Roleg
Kcal: 1321
Akk. høgdemeter: 1290

 

SUNDAG 15. JULI
Kviledag (etter ei lang natt oppe hjå Guttorm og Ida - vel overstått Ida!)

 

LAURDAG 14. JULI
Starta frå Bavallen med Tvinnestølen som mål (tur/retur), men fekk skikkeleg drittvær når eg kom til Vidvangane. Regn, vind og store snømengder (kunne gått på ski...) gjorde at eg la om planen. Sprang tilbake til Horgaletten og tok stien over Slettafjellet, deretter ned om Kiseldur og til Raugstad. Så til Mølster og opp igjen Hangurslia før eg enda opp i Bavallen igjen.
Totaltid: 3t 12 min
Kcal: 1584
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1280

 

FREDAG 13. JULI
Guttorm, Martin og eg tok sjansen på ein terrengsykkel-tur til tross for at det er fredag den 13. i dag. Me leikte oss på flotte stiar i Bømoen og Prestegardsmoen.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Roleg (men med fleire harde drag)

 

TORSDAG 12. JULI
Kveldstur på terrengsykkel i Granvin, i området Velken, Tveitavatnet, Lindebrekke (Ulvik) og Vatnaset (måtte få litt frisk luft etter kake-maraton heime...). Nydelege stiar for terrengsykling i dette området.
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Middels

 

ONSDAG 11. JULI
Etter mykje finvær i det siste, var det i dag skikkeleg drittvær. Tok meg derfor ein rask tur på joggesko opp frå Mølster, via Raugstad og opp til Raude Kross-hytta. Roleg ned igjen.
Totaltid: 1 time
Intensitet: Full guffe...

 

TYSDAG 10. JULI
Øyvind og eg bestemte oss for å dra på oppdagelsesferd rundt om i Vossebygda med terrengsykkel. Målet var å finna nye og å "gjenoppdaga" gode gamle stiar. Bømoen, Bjørke, opp Mønsberget, Budalen... massevis av artige stiar i dette området.
Totaltid: 3t 03min
Intensitet: Roleg (nokre harde drag)
Kcal: 1412
Akk. høgdemeter: 575

 

SUNDAG 8. JULI
Monika køyrte oss opp til Opheim. Oss var Martin, Øyvind og meg. Me sprang så tilbake til Tvilde, over Skorset- og Kolingseggi, via Lemme og deretter over Tvildesåsen. Nydelege stiar. Kanskje må denne ruta syklast også i nær framtid - stiane over Skorset- og Kolingseggi er av typen som berre skrik etter å kjenna grovknasta gummi over ryggen...
Totaltid: Nøyaktig 3 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 845

 

LAURDAG 7. JULI
Øyvind og eg på terrengsykkel over Storåsen (rundtur) og deretter opp til Kvilehytta på Lønahorgi. Nydelege stiar ned att.
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Middels (mange harde drag)
Max. puls: 182
Kcal: 2168
Akk. høgdemter: 1555

 

2 - 6. JUNI: ROMSDALEN
Stortoppane Romsdalshorn, Store Vengetind, Vesle Vengetind, Store Trolltind og vesle Nesaksla var fangsten denne veka då eg og Øyvind tok oss ein rangel på Nordvestlandet - tinderangel altså... Les meir her.

 

LAURDAG 30. JUNI
HELI-BIKING FRÅ HORNDALSNUTEN
8 løft måtte til for å få 40 syklistar og ei sykkel-last på i overkant av ein million kroner (!!!) frå flyplassen i Bømoen og opp til 1461 meter. Mange av landets (og verdas...) beste terrengsyklistar køyrde nedover fjellsida på stader der mange hadde betakka seg for å gå. Spektakulære hopp og stor fart på dei beste. Me kom til slutt ned på Bjørke, og då var det rett på afterbike og Dagens Video i teltet.
Sjå bilete frå turen.

 

FREDAG 29. JUNI
NISSAN CHALLENGE
I forbindelse med Ekstremsportveko arrangerte ein av sponsorane ein slags Multisport-konkurranse, men der det var hovedfokus på action og moro... ikkje konkurransemomentet. Rafting, svømming i elv, terrengkøyring med bil og klatring stod på programmet. Kjempeartig, spesielt raftinga og bilkøyringa.

 

TORSDAG 28. JUNI
Heli-bike frå Horndalsnuten utsett til Laurdag pga. at skyene såvidt låg nedpå toppen, og då tar ikkje piloten sjansen. Det er heller ikkje heilt ideelt for filminga som skal skje oppe i fjellsida. Eg tok meg derfor ein tur på terrengsykkel over Storåsen, opp til Kyte og heilt opp på Kolingseggi. Kjempefin tur - flotte tørre stiar overalt.
Totaltid: 2t 50min
Intensitet: Hardt
Akk. høgdemeter: 1040

 

ONSDAG 27. JUNI
I morgo blir det heli-biking frå Horndalsnuten. Fleire av verdens beste terrengsyklistar blir flydd opp til toppen med helikopter. Ruta ned igjen blir sannsynlegvis ut den spektakulære ryggen til Vatnaknausen og så stupbratt ned til Budalen og deretter den fine stien via Mønsberget. Eg sjekka stien i dag på joggesko, for å velga ut den beste traséen. Sjå NRK i morgo kveld for fyldig dekning av stunta frå fotografar i helikopter. Dette blir rått!!!! (Skremte forresten ut ei svær elg-ku berre få meter frå meg - håpar den ikkje er der i morgo - då kjem den til å bli endå meir skremt...)
Totaltid: 2t 45min
Intensitet: Roleg

 

TYSDAG 26. JUNI
Øyvind om eg på dei nye fulldemparane våre opp Raugstad og på dei fine stiane på Hanguren. Eg henta nye sykkelen min i dag - den skal få gjennomgå framover!
Øyvind klarte kunststykket først å få problem med giret, og deretter punktere to gonger på 100 meter. Det viste seg at dekket var skjært opp, sannsynlegvis pga. spikar på ei trebru me hadde passert. Han måtte bita i graset og trilla sykkelen ned igjen. Heldigvis for han gjekk gondolen så han slapp å trilla heile vegen.
Totaltid: 4t 01min
Intensitet: Høg (mange harde drag)
Kcal: 2235
Akk. høgdemeter: 1055

 

MANDAG 25. JUNI
Martin og eg på løpetur frå Møn, opp Mønsberget og inn Budalen opp på Veten. Så traverserte me under Vatnaknausen og ut Sollikamben. Ned igjen Mønsbergen. Nydeleg tur i varmt og fint vær, på knusktørre stiar. Ingenting slår løping i fjellet når forholda er slik som no!
Totaltid: 2t 32min
Intensitet: Forholdsvis roleg (harde drag)
Kcal: 1508
Akk. høgdemeter: 1010

 

SUNDAG 24. JUNI
Roleg fjelltur i forbindelse med at eg var "rundingsbøye" ved Kvilehytta for Multisport-konkurransen under Veko. Måtte korta ned løypa, pga. null sikt (skulle eigentleg til Lønahorgi).
Totaltid: ca. 1t 30min
Intensitet: Middels

 

FREDAG 22. JUNI
Brynjulv, Sigmund og eg på ein times joggetur på grusvegar nesten ut til flyplassen i Longyearbyen.

 
9. - 22. JUNI: SVALBARD
Les og sjå bilder frå min nyleg avslutta tur Spitsbergen 80* Nord.

 

8. JUNI
TERRENGLØPING: GRÅSIDETOPPEN - TIMAGLASET
Sprang frå Gjelle via Roset og Gråsidetoppen til Timaglaset. Flotte stiar og gode snøfohold høgt oppe. Kjøpte meg nye Inov-8 Mudclaw terrengsko i dag. Berre 270 gram og sit som ein hanske på foten. Ekstremt kraftig mønster gjorde at eg hadde friksjon som ein traktor - endeleg fann eg ein sko som har så grovt mønster som eg vil ha! Dei fleste etablerte merka lagar berre hybrid-utgåver av sine asfalt-sko - ikkje godt nok!
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1105

 

7. JUNI
TERRENGLØPING: LØNAHORGI
Første skikkelege fjell-løpeturen i Norge i år. Rask tur: 1 time og 16 minutt opp.
Totaltid: 1t 57min
Intensitet: Høg
Akkumulerte høgdemeter: 1085

 

6. JUNI
TERRENGSYKKEL: BØMOEN OG STORÅSEN
Terrengsykkel-tur i Bømoen og Storåsen. Restitusjon etter mange og lange turar i det siste.
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Roleg

 

4. OG 5. JUNI: JOTUNHEIMEN
8 to-tusenmetringar på 2 dagar. Les og sjå bilete her.

 

SUNDAG 3. JUNI
TERRENGSYKKEL: BØMOEN
Roleg tur. Har hatt mange, lange og tøffe turar dei siste par vekene. Skulle eigentleg ha ein kviledag, men klarte jo sjølvsagt ikkje det!
Totaltid: 1t 15min
Intensitet: Roleg

 

LAURDAG 2. JUNI
TERRENGSYKKEL: HANGUREN
Nesten 4 timar - og 90 prosent av tida på sti! Raugstad og Hanguren er definitivt det beste terrengsykkel-området på Voss. Skremte ein liten hare-stakkar som satt og koste seg... trur han endå ikkje skjønnar kva som suste forbi!
Totaltid: 3t 50min
Intensitet: Hard
Kcal: 2024
Akkumulerte høgdemeter: 1025

 

FREDAG 1. JUNI:
SKI: SKIPADALSNUTEN X 2
Feira at sommaren er her med å ta med meg soveposen og overnatte under open himmel i lia under Skipadalsnuten. Fredags morgon gjekk eg opp Fribotnen og køyrte først ned den nydelege Skipadalen. Så opp igjen på Skipadalsnuten og ned igjen den bratte flanken mellom Skipadalsnuten og Horndalsnuten.
Utstyr: Randonée
Totaltid: 4t 10min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1685
TERRENGSYKKEL: BØMOEN - STORÅSEN
Det var planen at resten av dagen og kvelden skulle eg slappa av, men det er faktisk ikkje så lett når sykkelen står nede i garasjen og lokkar... Til slutt klarte eg ikkje stå i mot lenger! Først tok eg ein times tid i Bømoen før eg drog meg opp frå Tvilde og over Storåsen til Gudleikstreet. Tilbake samme vegen.
Totaltid: 2t 10 min
Intensitet: Forholdsvis hardt
Akkumulerte høgdemeter: 605

 

TORSDAG 31. MAI:
TERRENGSYKKEL: HANGUREN
Langtur i Voss sitt beste og lengste sammanhengande sti-system for terrengsykkel! Opp til Mølster, vidare til Raugstad og opp stien mot Kiseldur og heilt opp til Raude Kross-hytta. Så rosinen i pølsa - stien frå hytta over til Hanguren (øvre stasjon) - og deretter ljosløypa heilt ut nesten til Kiseldur igjen og så nedatt "utforløypa" til Raugstad. Dette er verkeleg ein av dei flottaste rundane du kan gjennomføra på Voss dersom du likar utfordrande terreng.
Totaltid: 3t 05min
Intensitet: Middels (harde drag)
Akkumulerte høgdemeter: 875

 

ONSDAG 30. MAI:
TERRENGSYKKEL: OTLEDALEN
Martin og eg på sykkeltur opp til Skutle og gjennom Herresåsen. Vidare over til Otledalen på fine men krevande stiar og til slutt inn på grusvegen opp til stølane. Ned igjen til Gjelland og vidare ned Bordalen. Artig tur på nye stiar som blir veldig bra når det blir tørrare ut på sommaren.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Middels (ein del våte myrar som krevde max innsats)
Kcal: 1470
Akkumulerte høgdemeter: 755

 

TYSDAG 29. MAI:
TERRENGSYKKEL: BØMOEN - STORÅSEN - KYTE
Er inne i ein periode der eg har store problem med å begrensa mine fysiske utskeielsar... Når både skiføret og terrengsykkel-forhold er optimale så er det utruleg vanskeleg å velga. Kjenner abstinensen riv i kroppen - skulle ønska ein kunne driva på 10 timar i døgnet. Dei siste 4 dagane har eg logga nesten 18 timar totalt på ski og sykkel - må vel desverre snart ta ein kviledag! I dag var det sykkelen som trakk det lengste strået. Oppvarming i Bømoen før eg drog meg opp frå Tvilde over Storåsen til Kyte, og tilbake igjen samme vegen. Suverent!
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Middels (ein del harde drag)
Kcal: 1908
Akkumulerte høgdemeter: 835

 

MÅNDAG 28. MAI:
TERRENGSYKKEL: BØMOEN - STORÅSEN - SLETTAFJELL
Eg hadde planlagt tur på Raundalsryggen i dag også, men pga. ei rød panne som absolutt ikkje hadde behov for meir sol, fekk eg heller med meg Martin på ein lang og fin terrengsykkel-tur. Ruta gjekk gjennom Bømoen, over Storåsen og vidare opp Bavallen og opp til Slettafjellet. Ned igjen diverse stiar og løyper til Mølster og derifrå rett ned på Vangen.
Totaltid: 3t 20min
Intensitet: Roleg (men ein del harde drag)
Kcal: 1886
Akkumulerte høgdemeter: 1110

 

Årets Park'n'Camp sesong er i gang.

 

SUNDAG 27. MAI:
RAUNDALSRYGGEN - 3000 HØGDEMETER
Ny megatur på nydeleg føre. Hadde ikkje tenkt å gå så langt i dag, men når vær og føre er så fantastisk så er det vanskeleg å slutte... Starta med å gå Fribotnen opp til Skipadalsnuten. Deretter susa eg ned dalen til Dyrbotnen. Så gjekk eg opp igjen på Seldalsnuten og deretter ned favorittflanken - den vide bratte dalen aust for Våareggi - episk! Så opp igjen på Seldalsnuten og deretter ned Skipadalen. Herifrå bratt rett opp "sørveggen" på Skipadalsnuten (her har det garantert aldri gått skiløparar før!). Deretter ned den fine Fribotnen. Utstyret står igjen oppe i lia - ingen tvil om kvar eg skal i morgo (berre synd eg vart litt solbrent i dag - kan nok ikkje bli like lang tur i morgo!)
Utstyr: Randonée
Totaltid: 6t 40min
Intensitet: Middels
Kcal: 3730
Akkumulerte høgdemeter: 2975

 

LØRDAG 26. MAI:
TERRENGSYKKEL: GRANVIN - VATNASET - ULVIK - SOLSÆ - ULVIK - GRANVIN
Kjempeartig sykkeltur frå Granvin, over gamlevegen (over Angerskleiv) til Børsheim i Ulvik. Vidare opp til Solsævatnet, rett ned sti til Ulvik og så opp igjen til Bergo og deretter retur samme vegen over Angerskleiv ned igjen til Granvin. Mange høgdemeter med moro! Høgdepunkt var då eg kom susande ut frå skogen på Vindal i stor fart, og ein hjort hoppa ut rett framfor meg og sprang i full fart ved sida av meg i nokre sekund før han skjønte kva som skjedde og skar i retning mot skogen og sikkerheita igjen... veit ikkje kven som vart mest forskrekka av oss!!! Hadde han hoppa motsatt veg inn mot vegen så kunne det definitivt blitt ein dramatisk situasjon. Ellers så fortsetter sykkelen å imponere, både i klatreparti og i utforparti. Skivebremsane er eit kapittel for seg - utruleg presise - det er verkeleg ein fryd å styra sykkelen i ein fullt kontrollert sladd med ein finger gjennom dei krappe svingane. Den nye riggen må berre forberede seg på ein tøff og hard sommar...
Totaltid: 4t 29min
Intensitet: Hard
Gj. sn. puls: 144
Max. puls: 180
Kcal: 2813
Akkumulerte høgdemeter: 1655

 

FREDAG 25. MAI:
TERRENGLØP: HANGUREN
Fin springetur frå Mølster over Hangurstoppen og litt att og fram på dei flotte stiane der oppe, før eg slapp meg ned via Raugstad tilbake til Mølster. Godt å vera i gang med barmarkssesongen :-)
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Roleg (men nokre korte harde drag innimellom)
Akkumulerte høgdemeter: 735

 

TORSDAG 24. MAI: TERRENGSYKKEL
Fin stisykling i Bømoen og på andre favorittstiar. Min nye Commencal Meta 5.5.1 er forsinka frå fabrikk, men eg har fått låna ein demo-sykkel (Meta 5.5.2). Denne har omtrent samme spesifikasjonane, men ikkje lock-out på demparane og den er også litt tyngre. Sykkelen lever opp til dei overveldande testresultata den har fått i det siste. Spesielt bakdemparen imponerer. Det har skjedd mykje på dei 10 åra sidan eg kjøpte min første fulldempar. Spesielt bakhjulsopphenget imponerer, det skal verkeleg store hindringar til før du må løfte på rumpa!
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Hardt (fartsleik)

 

TYSDAG 22. MAI: SKI - STOREBOTN
Fortsetter med å tyna det siste ut av skisesongen... og for ein skisesong det har vore! Denne vinteren/våren har vore den med mest bra føre så lenge eg kan hugsa. Pudder-dagane har vore mange, og raskt vårslush (som i går og i dag) er jo heller ikkje å forakta. I dag var det Storebotn i Myrkdalen, 2 turar opp og ned den lange perfekte flanken. Kunne gå på ski frå riksvegen, men det minkar raskt på snøen også her. Fint vær, men det kom ei skikkeleg snøbyge då eg køyrte ned igjen mot Vangen.
Utstyr: Randonèe
Totaltid: 2t
Intensitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 1120

 

MANDAG 21. MAI: SKI - RAUNDALSRYGGEN
Kveldstur på Horndalsnuten og Skipadalsnuten. Enormt fin snøkvalitet på flankane på nordsida, så eg måtte berre signera begge to med skispor. Frå toppen av Horndalsnuten køyrte eg heilt ned til stølen i Horndalen før eg starta på neste fjell, så det vart solid med høgdemeter.
Utstyr: Randonèe
Totaltid: 3t 20min
Intensitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 1810

 

TORSDAG 17. - LØRDAG 19 MAI: JOTUNHEIMEN
Les meir og sjå bilder her.

 

ONSDAG 16. MAI
Terrengmorro på gamleriggen. Reknar med at det blir siste turen før eg får det nye vidunderet... Bømoen og over Storåsen + Prestegardsmoen. Stiar som ein aldri blir lei av. Stort sett tørt og fint, men litt vått der ikkje sola hadde komme til det siste døgnet.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Middels (med fleire drag)

 

MANDAG 14. MAI: HORNDALSNUTEN
Øyvind og eg køyrte til Skiple og traska 10 minuttar oppover lia før me kunne ta på oss skia. Litt regn og dårlig sikt opp, men ned igjen var det optimal køyring i rask vårsnø.
Utstyr: Randonée
Totaltid opp og ned: 2t 10min
Intenitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 1035
Max. fart ned igjen: 1609 meter pr. minutt

 

SUNDAG 13. MAI: LØNAHORGI X 2
Hadde ikkje før returnert til Voss før eg måtte til Fjells. Lønahorgi låg og lokka med flott vårsnø bada i vårsol. Måtte gå nokre minuttar før eg tok på meg skia. Kjempefine snøforhold. Frå toppen køyrte eg rett ned mot Dyrvedalen via nokre bratte renner. Nydeleg solnedgang farga heile sida raud. Der snøen tok slutt, tok eg på meg fellene igjen og traska opp igjen.
Utstyr: Randonée
Totaltid: 3t 10min
Akkumulerte høgdemeter: 1545
Intensitet: Roleg

 

ONSDAG 9 - LAURDAG 12 MAI: NORDENSKIÖLD LAND RUNDT PÅ 4 DAGAR
Svalbard-turen er avslutta for denne gong. Les meir her. Sjå bilder her

 

TYSDAG 8. MAI
Også i dag starta turen på snøscooter, og Hjortfjellet på andre sida av Adventfjorden var målet. Me parkerte i eit dalføre ca. 100 meter over havet og trakka oss oppover mot vestryggen. Denne vart flottare og flottare dess høgare me kom og til slutt hadde me eit mektig panorama utover Isfjorden framfor oss. Deretter gjekk me over fjellplatået og sleppte oss ned igjen den bratte sørflanken. Over 800 meter ned igjen til scooteren på det som kanskje må beskrivast som den perfekte flanken - først 400 høgdemeter med heilt åpen og vid køyring, før den smalnar litt inn i ein brei elvedal som fortsatt var bratt nok til at ein kunne ha det verkeleg moro. Før me visste ordet av det stod me ved scooteren att.
Utstyr: Randonée
Totaltid: 1t 45min
Intensitet: Middels

 

MANDAG 7. MAI
Me suste over elvedeltaet i Adventdalen på scooterar, og la i veg (frå omtrent havnivå) mot Champagneglasset på Operafjellet (ca. 850 moh). Fjellsida har fått navnet sitt fordi snøen her litt utpå våren/sommaren formar eit champagneglass, og når stetten "brotnar" (dvs. det ikkje er samanhengande snø) er det sommar i Longyearbyen. Ein heilt eventyrleg flott flanke ned igjen... Pudderet held seg sjølv om sola står på heile døgnet. Svært varmt nederst i elvedalen i dag, me sveitta skikkeleg i motbakkane.
Utstyr: Randonëe
Intensitet: Middels
Totaltid: 1 time opp / 10 minutt ned

 

SUNDAG 6. MAI
Brynulv og eg på puddertur på Lars Hierta-fjellet og deretter opp på Trollsteinen. Heilt rått føre - 10 cm. silkepudder på rask skare... kan umogeleg bli betre! Etterpå var me på Hjortfjellet og snørekjørte med snøscooter. Langtidsværmeldinga er bra - og den neste veka blir det toppturar kvar dag over heile Svalbard. Me dreg sannsylegvis med snøscooterar først til austkysten og deretter til vestkysten. Brynjulv har som sysselmannsbetjent adgang til diverse hytter som me kan bruke.
Utstyr: Randonée
Intensitet: Forholdsvis høg (sjølvsagt... det var jo Brynjulv som var med...)
Totaltid: ca. 2t 30 minutt

 

Svalbard-turen er over! Les meir om den opplevelsrike turen her. Sjå bilder frå turen her

 

LAURDAG 21. APRIL
I dag flyr eg til Svalbard... Gledar meg som ein unge til ski-ekspedisjonen til Newton-toppen. Eg legg ut bilder og artikkel på nettsida mi når me kjem heim igjen (midten av mai).

 

TORSDAG 19. APRIL
Er i ferd med å kjøpe meg ny fulldempa sykkel, og i dag hadde eg lånt med meg ein Commencal 5.5.2 - ein av dei mest test-vinnande stisyklane i det siste. Tok seg fram som ein traktor på sleipe stiar i Bømoen. Utrulig artig i raske utforkøyringar og kanskje spesielt i tekniske motbakkar. Men sjølvsagt ingen aha-opplevelsar i motbakkar på grus og asfalt - det er absolutt ingen XC-kompromiss på denne riggen. Vurderer å gå opp til toppmodellen 5.5.1 for å få lock-out både på fram- og bakdempar samt lettare og stivare hjul. Totalvekta kjem då ned på 12,5 kilo, ikkje verst for ein blodtrimma stisykkel.
Totaltid: 1t 30min
Intensitet: Hard (fartsleik)

 

ONSDAG 18. APRIL
Marthe og eg tok oss ein fin fjelltur i byfjella. Me gjekk opp Stoltzekleiven og vidare over Rundemannen, ned Isdalen og ut til Svartediket. Kald vind på toppen, men me rakk akkurat å komma oss ned igjen før regnet starta.
Totaltid: 2 timar

 

MÅNDAG 16. APRIL
Lønahorgi, roleg tur. Gjekk opp Bodegaen. Fint, raskt føre nedatt.
Totaltid opp og ned: 2t 30min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1140

 

SUNDAG 15. APRIL
Etter to dagar lenger Nordsjø-jobbing enn planlagt pga. tåke, var det godt å få seg ein fin, roleg tur på Horgje sammen med Brynjulv. Nydeleg vær, varmaste dagen så langt i år. Masse folk oppover.
Utstyr: Randonèe
Totaltid opp og ned: 2t 15min
Intensitet: Forholdsvis roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1140

 

29. MARS - 12. APRIL: PÅ JOBB I NORDSJØEN

 

ONSDAG 28. MARS
5415 høgdemeter på ein dag. 6 av Granvin og Voss sine storfjell i løpet av 13 timar. Jodå, det hender at eg lurar litt på meg sjølv eg og... Eg starta frå Liaset i Granvin (350moh) grytidleg om morgonen. Eg vart nøye holdt under oppsikt av to hjortar i det eg la feller under skia for første av utallige gonger i dag. Eg gjekk først opp på Olavstølsnuten (1129moh) og fekk soloppgangen på toppen. Deretter ned i Spildadalen der eg oppretta ein "base" for dagen (580moh). Mat, drikke og utstyr vart lagra her, slik at eg kunne gå lettast mogeleg. Først av dei "fire store" var Horndalsnuten (1462moh). Opp og ned samme vegen, via Hjalladalen. Så ned igjen til basen. Deretter kongen sjølv, Olskavlen (1561moh). Eg gjekk opp ei renne på vestsida og køyrte ned igjen ryggen mot Seldalsnuten og vidare ned i det voldsommme juvet Rastiklov. På dette tidspunktet (3 fjell unnagjort) hadde eg brukt 5 timar og 53 minutt. Så var det delvis samme anmarsj som på Horndalsnuten, før eg skar rett opp sørsida på Skipadalsnuten (1492moh). Ned igjen køyrte eg den fantastisk flotte Skipadalen - anbefalast på det sterkaste! Så var det igjen å få i seg litt næring i basen. No var det kun Seldalsnuten (1547moh) som stod igjen. Her har eg lenge sett på eit par linjer, eg valgte derfor å gå opp den bratte flanken på sørsida, og køyre ned igjen dalen vest for Våareggi - dagens flottaste nedkøyring. Så var det å pakke ned basen og traske oppover mot Olavstølsnuten (1129moh) igjen, for så å sleppa seg ned mot Reinsgrønuten på veg ned til bilen. Eg vil understreka at eg absolutt ikkje prøvde å gjera unna turen så fort som mogeleg. Eg la meg på ein puls på rundt 140 i motbakkane og den klarte eg å holda heile vegen. Eg hadde valgt lett BC-utstyr viss eg ville gått fortast mogeleg. Men eg valgte Randonèe-utstyr fordi mykje av "vitsen" med dagens tur, var dei 5415 høgdemetrane ned igjen fjellsidene. Randonèe-utstyr er altså eit system som består av det som best kan beskrivast som ein moderne telemark-binding der du kan låse hælen på veg ned (dermed fungerer den akkurat som ein slalombinding). Med høge plaststøvlar og breie ski kan du dermed oppleva mykje artigare køyring enn med lett fjellski-utstyr. Ulempen er sjølvsagt forholdsvis tung vekt oppover. Med slikt utstyr (og perfekt føre som i dag...) kan du verkeleg køyre fort. Eg brukte f.eks. kun 8 minutt frå Seldalsnuten og ned igjen til basen (ca. 1000 høgdemeter).
Totaltid: 13t 05min
Gj. sn. puls totalt: 127
Gj. sn. puls motbakke: ca. 140
Max. puls: 166
Akkumulerte høgdemeter: 5415
Gj. sn. høgdemeter pr. min. i motbakke: 10
Kcal: 6773
Energiforbruket (kaloriar) tilsvarar 753 gram reint fett - eller 1,23 kg. med Freia Melkesjokolade...

 

TYSDAG 27. MARS
Duathlon! Først ein time terrengsykkel på fine, tørre stiar i Bømoen og i Prestegardsmoen. Så ein time terrengløp i Bømoen. Det er viktig å ta det litt rolig dei første turane på sykkel etter vinteren, men i dag var det så flotte forhold at det var vanskeleg å beherske seg. Også viktig å ta det rolig i dag pga. morgondagen - då blir det stortur...
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Middels

 

MÅNDAG 26. MARS
Rask tur til øverste hytta på Lønahorgje. Berekna det slik at eg fekk ein fantastisk tur ned igjen i solnedgangen. Raskt føre. Nydeleg preparert utforløype.
Utstyr: Randonèe
Totaltid opp: 1t 02min
Intensitet: Høg
Akkumulerte høgdemeter: 995

 

SUNDAG 25. MARS
I motsetning til gårsdagens gode oppmøte, var det i dag kun Øystein og eg som møtte opp (kan trulegvis ha med gårsdagens sosiale eskapader å gjera...). Været var strålande og me køyrte til Skiple for å gå opp på nordsida av Horndalsnuten (1461m). Me koste oss oppover lia på perfekt felleføre - og føret ned igjen var av type fin og rask skare. Me kunne tegna fine store svingar nedover den store flanken mot Raundalen.
Totaltid: 3t 20min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1225

 

LAURDAG 24. MARS
Over 20 entusiastar møtte opp, for å vera med på Vinterveko sin fellestur til Mykkeltveitsveten. Nydeleg føre, som brått vart avløyst av skikkeleg sugande snø, som mange altfor seint oppdaga... Etter turen var det rett på afterski på Raftingen. Boblebad og sauna til langt på natt!
Totaltid: 3t 30min
Intensitet: Restitusjonstempo
Akkumulerte høgdemeter: 780 meter

 

FREDAG 23. MARS
Kveldstur til Storebottseggi (1032m). Linn, Guttorm, Martin, Øyvind og meg. Flott solnedgang då me stod på toppen. Alle hadde kraftige hodelykter, så det var ein magisk stemning ned gjennom skogen - pudderet er endå i verdensklasse!!!
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Restitusjonstempo
Akkumulerte høgdemeter: 600 meter

 

TORSDAG 22. MARS
I dag var det storfjellet Skorasalen (1542m) som stod på programmet, det høgaste fjellet i Sunnmørsalpane (vest for Hjørundfjorden). Skyene låg nedpå toppane, men værmeldingane var lovande. Oppover vart lyset forholdsvis flatt, men då me stod på den voldsomme toppen starta det å lysne skikkeleg. Då me slepte oss utfor, køyrte me rett inn i strålande vær - værskillet var så dramatisk at me berre måtte stoppa og nyta dei perfekte forholda som me fekk. Me kunne dra på skikkeleg ned igjen - og det var salige glis og sjå når me stod nede ved bilen igjen. I bilen heimover igjen var alle einige om at dei siste dagane hadde vore høgt oppe på lista over dei mest fantastisk toppturane som me nokonsinne har gjennomført!
Totaltid: Nesten 5 timar
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1455 meter

 

ONSDAG 21. MARS
Me stod opp til strålande blå himmel, og frukost og forberedelsar vart gjort i ein fei. Me køyrde oppover Standalen, målet var Sylvkallen og Storhornet, på rundt 1300 meter. Men ein stygg passasje opp i lia, gjorde at me endra planane før me i det heile tatt forlot bilen. Snøskredfaren var forholdsvis stor etter mange dagar med snøfall. Passasjen var nok 40 grader og ikkje mogeleg og unngå. Me la derfor kursen mot Kalvedalstind (1234m). Føret var optimalt, og etter å ha måtta snu 100 meter under toppen på grunn av rasfaren på ryggen, sette me skituppane i retning nedover. Resten av turen er vel ikkje mogeleg å beskriva utan vulgære klisjear og overdreven adjektiv-bruk...
Totaltid: Nesten 5 timar
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1065 meter

 

TIRSDAG 20. MARS
Trugelaget i Sunnmørsalpane. Første dagen hadde me ikkje heilt optimalt vær, så me la kursen mot Sandhornet på 909 meter. Føret var derimot heilt fantastisk. Eit lite forvarsel om kva som venta dei neste dagane...
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 810 meter

 

MÅNDAG 19. MARS
Intervall-trening i Hjelle-bakkane. 5 drag på 2 min. kvar.
Totaltid: 1 time

 

LAURDAG 17. MARS
Øyvind og eg på kveldstur til øverste kvilehytta på Lønahorgi. Ikkje heilt optimalt verken vær eller føre - dette førte blant anna til at me klarte å kollidere i skikkeleg Donald Duck-stil, men heldigvis utan skadar verken på kropp eller utstyr.
Totaltid: 2t 40min
Gj.sn. puls opp: 139
Max-puls: 160
Akkumulerte hoegdemeter: 1010 meter

 

ONSDAG 14. MARS
Cato og eg tok oss i dag ein roleg tur opp på Lions Head for å få tatt nokre bilete av dei flotte fjella rundt Cape Town (eg tar aldri med kamera når eg spring). Nydeleg vær - som vanlig! Gjekk ned igjen via Signal Hill. Såg ein liten kobra-slange på stien, den var hissig og aggressiv så me holdt litt avstand. Dette var siste dagen her i Cape Town, i morgo reiser me til Johannesburg for også å oppleva hovedstaden i Sør-Afrika. Så vidare heim til kulde og snø - og til forhåpentlegvis ein suveren tur til Sunnmørsalpane sammen med resten av Trugelaget... yahooo!
Totaltid: 2t 30min
Intensitet: Restitusjon
Akkumulerte høgdemeter: ca. 350

 

TYSDAG 13. MARS
Langtur igjen! I dag sprang eg heile Twelve Apostles-kjeda tur/retur. Fantastisk utsikt ned mot strendene og Atlanterhavet heile vegen. Over Table Mountain og ned Plattenklip Gorge for 4. gong. Ekstremt varmt også i dag, sjølv 1000 meter over havet - men i dag var det heldigvis ein fin avkjølande vind på sjølve ryggen.
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Roleg
Akkumulerte høgdemeter: 1345

 

MÅNDAG 12. MARS
Me køyrte "heim" til Cape Town igjen for å ta dei siste dagane her. Eg måtte til fjells sjølvsagt og sprang utover Atlanterhavskysten langs Pipe Track og deretter rett opp på Twelve Apostles. Deretter tilbake til Table Mountain og ned Plattenklip Gorge.
Totaltid: 3t 03min
Intensitet: Høg
Akkumulerte høgdemeter: 1150

 

SUNDAG 11. MARS
Eg køyrte på dårlige grusvegar heilt opp til Nasjonalparken Groot Winterhøk. Flotte fjellvidder på ca. 1000 moh, med fjelltoppar heilt opp i 2077m. Eg sprang ein roleg tur på flott sti. Slengte meg ut i elva med jevne mellomrom for å kjøla meg ned. Låg og slappa av på ein liten topp etterpå. Brått kom det ein antilope (kanskje ein Eland, eg har ikkje sjekka i Lonely Planet endå...) berre 30 meter frå meg. Då eg halvvegs reiste meg opp (fordi eg faktisk hadde sovna og våkna av merkelege lydar), vart han plutseleg klar over meg, og i 20 sekund stod me og såg kvarandre i augene. Han skjønna sjølvsagt etterkvart at han stod ovanfor ein ekte norsk storbukk, og stakk dermed avgårde i eit imponerande tempo. Kvelden kom og det vart igjen kos rundt bålet. Det einaste spennande som skjedde var då ein svær frosk hoppa inn i teltet mitt i det eg skulle legga meg - det vart litt styr for å få den ut igjen...
Utstyr: Joggesko og solkrem
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Roleg

 

LAURDAG 10. MARS
Me hadde lest om ein fantastisk flott campingplass langt inne i Cederberg-fjella, og satte kursen mot den. Me gjekk ein tur oppover Leopard Trail, ein berømt sti langs ei elv med massevis av store kulpar. Me bada og koste oss, hoppa frå klippar som vart høgare og høgare etterkvart. Om kvelden grilla me og smaka på det lokale ølet. Det vart faktisk svært mykje smaking etterkvart.

 

FREDAG 9. MARS
Me køyrte heilt ut på Kapp Det Gode Håp. Derfrå gjekk me ein roleg tur heilt ut til den ytterste fyrlykta. Spektakulære klippar som stuper i Atlanterhavet. Langt der nede, rett under oss) såg me selar som leika seg i bølgene når dei braut mot land. Dette er Afrikas aller mest sørvestlige punkt (!!!), noko dei lokale turistmyndigheitene har gjort eit stort nummer av. Så koyrte me til Piketberg - ein liten tettstad med eit stort lysande kors på fjellet rett ovanfor. Eigentlig ingenting anna å skriva om Piketberg...

 

ORSDAG 8. MARS
Tilbake i Cape Town. I dag stod det igjen langtur på programmet. Sprang/gjekk først opp på Devils Peak (1001m), kanskje det mest karakteristiske (sjølvsagt unntatt Table Mountain) av fjella som står over Cape Town. Deretter ned på austsida av Table Mountain og opp Skeleton Gorge til Maclears Beacon, som er det høgaste punktet på "Bordfjellet" (1087m). Deretter raskt rett ned igjen Plattenklip Gorge (samme renna som 2. mars) - det gjekk nesten like fort i dag. Så koyrte me på spektakulære vegar til Simons Town. Der såg me pingvinar!!! Afrikas einaste pingvin-koloni sjarmerte oss, og var heilt upåvirka av menneska - me var berre halvmeteren frå dei på det nærmaste. Me fekk også avkrefta ein gong for alle at pingvinar ikkje steppar...
Utstyr: Joggesko og shorts
Totaltid: 3t 50min
Intensitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 1520

 

ONSDAG 7. MARS
Beach-running! Sprang nordover på dei fantastiske strendene i området. Kom etterkvart til forholdsvis urørte strender langt frå vegar og folk. Nydelege klippeparti mellom kvar strand - skoa satt som limt til svaberga og eg hoppa over små kløfter og klatra opp små loddrette klipper... fantastisk moro! Trur eg med rette kan kalla dagens tur for terrengløpingens svar på off-pist.
Utstyr: Joggesko
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Roleg

 

TYSDAG 6. MARS
Eg er no offisielt ein vann-kitar :-) Vingla mine første meter bortover havflata under kiten, med wakeboardet på føttene. Men å sei at eg hadde full kontroll og at det var ein estetisk nytelse å sjå på, er vel kanskje å overdriva litt. Men til tross for kraftig og ustabil vind følte eg at det gjekk bra. I motsetning til snø-kiting som eg har drive med i mange år, så har du ikkje samme "tabbe"-kvoten på sjøen. Dersom du misser trykket i kiten, synker du uungåelig ned i det våte element. Staden me kita på heiter forresten Shark Bay... eg turte ikkje spørra kvifor!

 

MÅNDAG 5. MARS
Sjøen var elementet i dag... Først på kitekurs heile dagen, deretter surfing med boogie-board til sola foretok ein spektakulær nedgang i havet bak meg. Kjempeflotte forhold både til kiting og surfing her. Anna-Marie såg 2 meter lang Gul Cobra rett ved bungalowen vår... ekstremt farleg - og ho var kun ein meter frå den på det nærmaste!!!

 

SUNDAG 4. MARS
Terrengsykling ved kite-paradiset Langebaan nord for Cape Town. Fann etterkvart nokre flotte stiar som gav litt utfordring. Ein ekstra dimensjon var at bremsane her er montert motsatt. Når ein hiv seg inn i skarpe svingar på raske singletrack-stiar så er det ikkje nokon god følese når ein i det avgjerande sekundet oppdagar at alt er motsatt... Hadde heller ikkje click-pedalar så det vart ikkje akkurat noko lettare av det. Men alt blir ein vane til slutt!
Utstyr: Terrengsykkel (Raleigh)
Totaltid: 1t 40min
Intensitet: Middels

 

LAURDAG 3. MARS: TWELVE APOSTLES
Starta med ein Rikkis-tur (mellomting mellom taxi og tuc-tuc...) nesten opp til nedre stasjon på Table Mountain gondol-banen. Stien oppover mot den kjente fjell-formasjonen Twelve Apostles er dobbelt så bratt som Stoltzekleiven - dvs. nesten loddrett. Det var ingen klatring, men absolutt ikkje for dei som ikkje likar høgde. Etter kvart la skodda seg nedpå og vinden vart sterkare og sterkare. Når det også starta å regne så vart det klart at dette vart ein kortare tur enn gårsdagens. Sprang ned igjen ein alternativ sti, som var litt mindre bratt.
Utstyr: Joggesko og regnjakke
Total tid: 2 timar
Intensitet: Middels
Akkumulerte høgdemeter: 725

 

FREDAG 2. MARS: TABLE MOUNTAIN (1086m) OG LIONS HEAD (690m)
Cato, Anna-Marie og eg kom i går kveld til Cape Town. I dag starta eg med å springa gjennom byen, opp mot Signal Hill. Eg vart faktisk sterkt advart mot å springa gjennom strøket under Signal Hill, men eg satsa på at eg ville klara å springa frå evt. kjeltringar... Nydelege stiar over Signal Hill og vidare mot Lions Head. Denne utruleg skarpe klippen som står som ein bauta ved inseglinga til Cape Town. Stien vart brattare og brattare og til slutt var det klyving og klatring ved hjelp av kjettingar og stigar opp mot topp-punktet. Utsikta mot Robben Island (der Nelson Mandela satt i fengsel) og rett over byen mot Table Mountain, var utruleg flott. Deretter var det ned igjen samme delvis loddrette rute, og det bar vidare i retning Table Mountain. Eg hadde drukke meg godt opp på forhånd, og hadde ei halvlitersflaske med energidrikke i handa. Men det viste seg fort at dette ikkje var nok, i den ekstreme varmen oppover den bratte lia. Eg valgte den brattaste og vanskelegaste vegen opp. På skiltet stod det: "Warning. This track is dangerous and includes sections of vertical climbing and difficult routefinding" - kven kan vel stå imot noko slikt... Ruta var faktisk tøffare enn eg hadde rekna med, og på eit par stader var det faktisk heilt loddrett klatring 5-6 meter sammenhengande utan sikring, men med gode tak. Ein skulle absolutt ikkje gjera noko feil. Når eg etterpå stod nede i byen og såg oppover fjellsida, så er det vanskeleg å fatte at det går an å ta seg opp der. Dehydrert og nesten på kokepunktet nådde eg toppen - og kven var dei første eg møtte der... Carl I Hagen med kona Eli... heilt sant... rekna med dei tok heisen opp!!! Etter ein kort cola og vaffel-pause bar det utfor ei bratt renne ned igjen. Dette var den brattaste av dei "normale" rutene på fjellet, men her var det godt oppmurt sti og gode trappetrinn nedover. Ny energi frå colaen og vafflene gjorde at det gjekk unna nedover, eg var faktisk oppe i 55 meter i minuttet på det meste, nesten ein meter i sekundet.
Utstyr: Joggesko, shorts og ei flaske Powerade...
Total tid: 4 timar
Intensitet: Middels til hard
Akkumulerte høgdemeter: 1520

 

19. FEBRUAR - 16. MARS: KILIMANJARO / SØR-AFRIKA
Årets tredje Kilimanjaro-gruppe kan du følga her. Etterpå reiser eg, Cato og Anna-Marie direkte til Sør-Afrika for å kite, surfe og dykke.

 

SUNDAG 18. FEBRUAR
Roleg tur opp til kvilehytta.
Utstyr: Randonée-ski og hodelykt
Totaltid opp og ned: 1t 30min

 

LAURDAG 17. FEBRUAR
Joggetur i området rundt Svartediket, Isdalen og stien oppover mot Ulriken i Bergen. Vårleg i lufta - fint å springe i lette treningsklær og joggesko.
Totaltid: 1t 10min

 

FREDAG 16. FEBRUAR
Rask tur opp - og rask tur ned igjen utforløypa.
Utstyr: Randonée-ski og hodelykt
Total tid opp og ned: 56 min
Max puls: 177
Akkumulerte høgdemeter: 680

 

TORSDAG 15. FEBRUAR: LØNAHORGI (1401m)
Roleg tur på Horgje. Rask skare med nokre få centimer med nysnø høgt oppe, og nydeleg fløyels-preparerte løyper frå Horgaletten og ned. Brukte ikkje mange minuttar ned igjen...
Utstyr: Randonée-ski og hodelykt
Total tid opp og ned: 2t 38min
Gj. sn. puls opp: 138
Akkumulerte høgdemeter: 1175

 

ONSDAG 14. FEBRUAR
Rask tur opp utforløypa.
Utstyr: Randonée-ski
Max puls: 181
Totaltid opp og ned: 54 min
Akkumulerte høgdemeter: 680

For å sjå kor utrulig flotte forhold det var dei dagane eg var på Nordvestlandet - sjå Fri Flyt sin artikkel frå Romsdalen her.

Her kan du sjå bilete frå turen til Sunnmørsalpane og Romsdalen.

 

MÅNDAG 12. FEBRUAR: SÆTERTINDANE, NORDRE (1365m) OG SØRE (1358m)
Åsmund har lenge sikla på ei rå renne ned frå Nordre Sætertind, og i dag var dagen den skulle til pers. Me rekna med at snøforholda var perfekte, og skredfaren er no minimal. Men me klatra først opp på Søre Sætertind, ein topp som krevde mykje bruk av både stegjern og isøkser. Åsmund meinte at det sannsynlegvis ikkje hadde vore folk på toppen sidan sist sommar. Me klatra nokre svært utsatte flankar og ryggar for å nå topp-punktet. Etter at me var trygt nede igjen i skaret, traverserte me over til foten av Søre og denne var mykje enklare å komma seg opp på. Men så var det snørenna... Synet som møtte oss då me kom opp på ryggen og kunne sjå ned i renna var svært lovande. Det såg ut til å ligga jevnt med fin stabil laussnø nedover i ei helling på max 45 grader. Me såg kun den øverste delen av renna og var derfor litt spent på kva som venta oss lenger nede. Kanskje måtte me på med klatreutstyr igjen for å komma oss ned. Men alt gjekk maksimalt bra. Snøforholda vart riktignok litt dårligare nederst i renna, med litt tendensar til skare. Men det var to fornøyde fjes som skrensa opp framfor bilane ei stund seinare.
Dette var ei perfekt avslutning på nokre fantastiske pudder-dagar i Sunnmørs-alpane og Romsdalen. Omlag 7500 høgdemeter vart tilbakelagt i pudder av stjerneklasse!
Utstyr: Randonée-ski, stegjern og isøkser
Total-tid: 5t 30m
Akkumulerte høgdemeter: ca. 1300

 

SUNDAG 11. FEBRUAR: MIDDAGSTINDEN (1569m)
Dagens tur gjekk til den høgreiste og majestetiske Middagstinden. Fine spor og gå i oppover lia, men ned igjen var det lett å finna totalt urørte kjempeflankar. Følelsen er umogeleg å beskrive når ein legg dei første svingane nedover ein 1000 meters høg nesten sammenhengande flanke...
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 3t 15 min
Max puls: 138
Kcal: 2010
Akkumulerte høgdemeter: 1310

 

LAURDAG 10. FEBRUAR: SKJERVAN (1545m)
Eg, Åsmund og Sandra starta seint, og for å nå toppen måtte eg "gje på" litt mot slutten. Svært bratt opp det siste stykket. Eg nådde skuldra akkurat i det sola gjekk ned på andre sida - trur det er den flottaste solnedgangen eg har sett nokon gong. Denne turen starta 2 meter over havet, og pudderet låg frå topp til fjæresteinar... Begynnar å bli bortskjemt no, det har vore ekstremt mykje pudder på turane denne sesongen.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 5t 28 min
Max puls: 172
Kcal: 2325
Akkumulerte høgdemeter: 1543

 

TORSDAG 8. FEBRUAR: KOLÅSTIND (1432m) OG FINGEREN (ca. 1130m)
Overnatta i bilen i Ørsta. I dag var det eigentleg "berre" Kolåstind som var målet, men pudder er som diverse rusmiddel... du blir fort avhengig. Dermed var det berre å legga fellene på igjen og gi seg i kast med topptur nr. 2. Fingeren er eit svært karakteristisk fjell vest for Kolåstind. Kolåstind er eit av dei flottaste fjella i Sunnmørsalpane. Betrakteleg høgare tempo enn i går.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 4t 30 min
Gj. sn. puls i motbakkane: 160
Akkumulerte høgdemeter: 1975

 

ONSDAG 7. FEBRUAR: MYKLEBUSTBREEN
Så starta "Pudder-tour 2007" med ein maksimal tur frå Byrkjelo og opp på Myklebustbreen. 30 cm pudder frå start til topp!!! Tungt opp, men sjølvsagt optimalt nedatt... Skyfri himmel i februar = kaldt. Målte 26 kalde grader i lia før sola kom fram. Roleg tempo.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 5t 35min
Gj. sn. puls opp: 133
Kcal: 2520
Akkumulerte høgdemeter: 1565

 

Her kan du sjå bilete frå mine siste turar til Aconcagua og Kilimanjaro.

 

TYSDAG 6. FEBRUAR: FINNBUNUTEN
Ny fantastisk skitur - ein kan sei kva ein vil om været som har vore i vinter, men PUDDER blir det i alle fall av det... I dag var det derimot strålande vær, det er faktisk meldt samma været i ei veke framover. Turen ned igjen i dag kan ikkje beskrivast - det må opplevast! Tempøt var heilt roleg i dag, pga. den harde turen i går.
Utstyr: Randonée-ski
Totaltid: 2t 03 min
Gj. sn. puls opp: 134
Akkumulerte høgdemeter: 1030
Eg stikk no i retning Åndalsnes... Kurs og møter skal kombinerast med forhåpentlegvis store mengder høgdemeter... Følg med her for daglege rapportar!

 

MÅNDAG 5. FEBRUAR: LØNAHORGI
Rask tur på Horgje. Gode forhold for ein rask tur. Trakkemaskinspor heilt opp. Flott vær - spesielt øverst. Eg kom faktisk over det tynne skylaget og fekk stjerneklare forhold. Blanding av fin skare og flott pudder ned igjen.
Utstyr: Randonée-ski og hodelykt
Tid opp: 1 t 42 min
Totaltid: 2 t 05 min
Max. puls: 174
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

SUNDAG 4. FEBRUAR
"Søndagstur" i Bergen. 30 minutt på gangvegar i rusletempo.

 

LAURDAG 3. FEBRUAR
Rask, hard - men kort - treningstur rett opp frå Bolstad (på sørsida). Skulle eigentleg lenger, men både føre og terreng var litt kranglete...
Utstyr: Randonnée-ski
Totaltid: 45 min
Max. puls: minst 180...

 

FREDAG 2. FEBRUAR
Trugelagets harde kjerne på kveldstur frå Dalsleitet opp nesten på Grønahorgi. Me måtte gje oss rett under toppen på grunn av snødrev og null sikt. Kjempeflott ned att - spesielt partiet ned gjennom skogen fekk fram primalskrik av aller mest maskulin-primitive sort.
Deltakarar: Guttorm, Martin, Egil og meg
Utstyr: Randonnée-ski og hodelykt
Totaltid: 2t 12 min
Gj.sn. puls: 137
Max. puls: 166
Kcal: 1309
Akkumulerte høgdemeter: 805

 

ONSDAG 31. JANUAR: LØNAHORGI
Eg og Arnstein gjekk i snøkavet opp til Lønahorgi. Fantastisk lysforhold (låg sol over snøen som dreiv i vinden) og nydeleg føre nedatt. Sesongens til no flottaste skitur!!!
Utstyr: Randonée
Totaltid: 3t 10min
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

TYSDAG 30. JANUAR
Øyvind og meg tok oss ein middels hard tur oppover mot Hanskeskaret. Me var vel i utgangspunktet pessimistisk både når det gjaldt vær og føre - men det letta faktisk etter kvart og månene kasta sitt trolske ljos over fjellet. Flott føre vart det også ned igjen, i alle fall den øverste halvparten.
Utstyr: Randonée og hodelykt
Totaltid: 1t 20min

 

MÅNDAG 29. JANUAR: LØNAHORGI
Forholdsvis rolig tur til Lønahorgi. Dårlig vær og sikt opp, men nedatt vart sikta betrakteleg betre og føret var perfekt for rask køyring - skare med 5 cm nysnø oppå.
Utstyr: Randonée og hodelykt
Totaltid: 2t 50min
Akkumulerte høgdemeter: 1135

 

LAURDAG 27. JANUAR
Tilbake frå over 30 varmegrader til gnistrande vinterføre på Byfjella i Bergen. Sprang ein fin runde frå Svartediket, over Fløyen og utover Sandviksfjellet og attende. 10 cm nysnø og eg møtte mange på ski. Forholdsvis roleg tur men ein del drag i motbakkane.
Totaltid: 1t 15min

 

13. - 26. JANUAR: KILIMANJARO
Alle til topps! Les om toppstøtet på Nettavisen.
Her kan du sjå bilete frå turen.

 

12. JANUAR
Pressetur! Avisa Hordaland hadde sendt ut sin representant Torunn for å fotfølga oss (bokstaveleg tala) på trugetur oppover mot Hanskeskaret på Sandfjellet. Tidligare i dag var det fantastisk pudder, men no hadde mildværet og regnet fått snøen til å bli av ein type konsistens som passar ypperleg for truger... (må jo prøva å sjå det positive i det). Fin tur i skikkeleg drittvær!

 

11. JANUAR
Foredrag på Latter i Oslo. Spitsbergen Travel arrangerte "Ekspedisjonsaften". Eg og Børge Ousland holdt foredrag - god stemning og fin respons!

 

10. JANUAR
Roleg langtur opp til Kvilehytta. Den blaute snøen frå i går har no blitt til ein fin skare, og det snøar og snøar... 15 cm pudder oppå gav heilt nydelege forhold, og når det til og med var god sikt så kan det ikkje bli betre. Første skituren i år der ein verkeleg kunne gje på og få den gode storsving-følelsen...
Utstyr: Randonné-ski
Totaltid: 2t 15m

 

9. JANUAR
Kjernen i Trugelaget + ein debutant på tur i Myrkdalen. Me gjekk opp frå hoppbakken og opp forbi Vetlebotnen opp på ryggen til ca. 1100 meter. Forholdsvis rolig tempo. Forferdeleg vær med vannrett regn og sludd, og føret var endå verre - sugande og slapsete... Men stemningen var uansett høg likevel. Det skal meir til enn litt uvær for å legga ein dempar på stemninga.
Deltakarar: Guttorm, Martin, Njål og meg
Utstyr: Randonné-ski og hodelykt
Totaltid: 1t 25m
Gj.sn. puls: 134
Max. puls: 163
Kcal: 709
Akkumulerte høgdemeter: 505

 

8. JANUAR
Endeleg pudder! Gjekk ein forholdsvis rolig tur opp til kvilehytta (Horgje). Skikkeleg uvær - men for eit føre... heilt utruleg pudder nedover igjen. I alle fall ned til Slettafjell, derifrå vart det dårlig, men heldigvis hadde prepareringsmaskinene vore der!
Utstyr: Randonné-ski
Totaltid: 2 timar

 

6. JANUAR
Endelig "vanlig" trening i norske fjell igjen... Tok meg ein lang middels hard springetur over Vidden i Bergen. Opp frå Svartediket, over Rundemannen og over Vidden til Ulriken og deretter ned igjen til Svartediket. Nydeleg tur under forhold som minna sterkt om September... grønne lier og ingen snø i det heile tatt . Perfekt for joggesko og lett treningstøy - men det er likevel litt skummelt sidan me tross alt er i Januar...
I morgo blir det ski... pudderalarm i Vossafjella!!!
Utstyr: Joggesko
Totaltid: 2t 55m
Gj.sn. puls: 150
Max. puls: 173
Kcal: 2021
Akkumulerte høgdemeter: 935

 

21/12 - 4/1 NORDSJØ-JUL PÅ EKOFISK

 

Les om ekspedisjonen til Aconcagua i desember 2006 her og sjå bilder her.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.