DAGBOK MAGDALENAFJORDEN - NY ÅLESUND 2022

 

TYSDAG 24. MAI

I dag har dei gått heile 32 kilometer og kom i ettermiddag ned til Kronebukta innerst i Kongsfjorden. Lett og raskt føre - og sjølvsagt litt nedoverbakke - gjorde dette til turens til no lengste dagetappe. Men den siste delen av turen ned til fjorden vart tung og våt, då det var mykje vatn i snøen. Det er nemleg svært varmt, relativt sett, og snøen nede ved fjorden er som ei sørpe med til tider meir vatn enn snø. Så dei 12-13 kilometrane som gjenstår langs fjorden ut til Ny Ålesund kan ta lenger tid enn normalt. Det er godt dei har heile morgendagen på det. 

- Jarle

 

MÅNDAG 23. MAI

I dag har dei gått 22 kilometer, og i kveld har dei slått leir ved den kjente fjellformasjonen Tre Kroner, nærmare bestemt mellom Nora og Dana. Det betyr at dei er godt i rute til å nå fram til Ny Ålesund innan torsdag.  Og det passar bra sidan det er meldt ein del vind og nedbør også på onsdag. Dermed er det ein fordel å komme seg ned av breen i morgon, ned til fjorden. Å gå langs Kongsfjorden utover mot Ny Ålesund på onsdag, med vinden i ryggen, er mykje betre enn å oppleve det oppe på breen. Alt står bra til med alle i følge Bård. 

- Jarle

 

SUNDAG 22. MAI

Melding frå Bård: 
"Ligger på Holtedahlfonna etter en lang dag i komplett white out og kladdeføre. Mange høydemeter og over tjue km i dag. Gjengen står på."

 

LAURDAG 21. MAI

Liggedag på Vonbreen. Vinden er kanskje ikkje så kraftig som det var meldt, men det er likevel ikkje vær å gå i. Dei hadde i tilfelle hatt vinden og snøfokket rett i mot, så det hadde blitt ekstra tungt. Bård melder om at ein del snø har bygd seg opprundt telta, men det er berre fint å ha noko å gjera på ein slik dag som dette - å gå ut å spa litt snø...

- Jarle

 

FREDAG 20. MAI

I dag gjekk dei 23 kilometer og ligg no eit godt stykke opp på Vonbreen. Dei hadde bra vær i dag, men allereie i kveld kjem det til å ta seg opp med både vind og nedbør. Dei brukte ekstra tid på å etablere leir i dag. Grave skikkeleg leveggar, og sørga for at telta står stramt og fint. Stiv kuling er ingen problem for dei telta me har på Svalbard, men det blir mindre bråk og "blafring" dersom ein brukar litt tid på dette. Så blir det spennande å sjå kor mykje snø det kjem. I følge dei siste værmeldingane kan det komme over 40 cm snø dei neste to døgna, då blir det tungt å brøyte spor for den som går først...

- Jarle

 

TORSDAG 19. MAI

Ein ny fin dag, men tunge forhold då det var mykje snø, og også overvatn på drivisen på Bockfjorden. Dei har ikkje sett isbjørn, men sel har dei sett fleire av. Værmeldingane er brått endra, spesielt for laurdagen. Det blir sannsynlegvis ein liggedag, dvs. at dei ikkje går den dagen. Stiv kuling frå sør og opp mot 25 cm. snø gjer at det kan vera lurt å ta ein kviledag. Det er ikkje nødvendigvis noko problem å gå i vind, men det er spesielt det å ta ned leiren, og å sette opp igjen leiren, som kan vera risikofylt. Å miste eit telt eller anna utstyr i vidkasta er ikkje heilt ideellt. Og så må dei sjølvsagt ha ein viss sikt når dei beveger seg på bre. Men dette er ikkje uvanleg på Svalbard - faktisk hadde det vore spesielt dersom dei ikkje hadde fått ein uværsdag i løpet av ein så lang tur.

- Jarle

 

ONSDAG 18. MAI

I dag kryssa dei Monacobreen over store bresprekker i strålande solskinn. Dei ligg no på breen rett over Bockfjorden. Tett tåke der dei er no, men ellers er alt vel.

Dei er sjølvsagt langt frå Longyearbyen no, men der står det eit veldig bra webkamera som det kan vera artig å følga med på for å sjå vær, midnattssol osv.

- Jarle

 

TYSDAG 17. MAI

Gruppa vår var sannsynlegvis verdas mest avsides 17. mai-tog i dag! Med norske flagg, kake og ein liten konjakk vart den store dagen feira. Strålande sol i høgda, men i det dei kom ned på sjølve Monacobreen kom dei ned i skoddebeltet. Dei har i ettermiddag slått leir på Monacobreen. I morgon går dei opp Oberstbreen og deretter  ned att Friedrichbreen til Bockfjorden. På Bockfjorden går dei på fjordisen, altså på drivisen. Der vil det vera stor sjanse for å sjå bamsen. Den oppheld seg på drivisen for å jakte sel som stikk snuten opp av pustehola sine. Dei har med seg huskyen DJ som har full kontroll - ingen bamsar kjem i nærheita av gruppa vår utan at han får det med seg.

- Jarle

 

MÅNDAG 16. MAI

I dag har dei hatt skiftande sikt og alt er vel. Dei har slått leir under Teltpasset, øverst på Loüetbreen. I morgon kryssar dei Monacobreen, ein gigantisk brearm som fløymer ned i Liefdefjorden.

- Jarle

 

SUNDAG 15. MAI

Fekk ein melding frå Bård i kveld. Båttransporten gjekk veldig fint og dei har slått leir på Lurøybreen. Det var sikkert greitt å få gått nokre kilometer etter mange timar i båten. Værmeldingane ser endå betre ut no, og dei får sannsynlegvis ein god del sol dei neste dagane. Ned mot minus 10-12 grader om natta, men det er nesten mildt på desse breiddegrader...

- Jarle

 

LAURDAG 14. MAI

Bård melder om ein ivrig og flink gjeng som i dag hadde gjennomgang av utstyr, oppsetting av telt, bruk av bensinbrennar osv. Men det er mange erfarne "Svalbardianarar" i denne gruppa, så det var ikkje nokon overraskelse. Fleire av dei har gått lange skiturar her oppe før. Litt flaks skal dei ha også - værmeldingane for morgondagen er fine når det gjeld vind, og det er viktig mtp. den lange båtturen opp til Magdalenafjorden. Me brukar hurtiggåande, overbygde rib-båtar, og dei må redusere farten veldig dersom det blir mykje vind og bølger. Også langtidsmeldinga for det området dei skal gå i ser bra ut, stabilt vær utan nedbør så langt fram som Yr melder. 

- Jarle

Fekk nokre bilete frå Bård frå teltoppsettinga i dag (på resten av turen er det ikkje mogeleg å senda bilete, så me legg ut bilete frå turen etter dei har returnert til Longyearbyen)

DSC00856

DSC00856

 

EIN LANG SKITUR I ØDE SVALBARDNATUR

Sjølv på Svalbard så er det ein del skituristar i april og mai. Men eg kan nesten garantera at gjengen som skal gå Magdalenafjorden - Ny Ålesund ikkje kjem til å møte på eit einaste menneske undervegs. Dette er nemleg eit av dei mest øde områda på Svalbard. Når båten returnerer er dei heilt åleine, og eit 12 dagars arktisk villmarkseventyr er i gang.

Etter stor suksess med denne turen i fjor, vart det bestemt at også årets tur skal gå denne ruta.

Rigmor, Grethe, Merete, Arne, Manuela, Ida Terese, Øyvind, Marianne og Elise møtes på Svalbard på fredag 13. mai. Laurdag går med til forberedelsar og testing av utstyr sammen med dei erfarne  turledarane Bård og Erlend. Sundag legg dei så ut på den lange båtturen oppover vestkysten av Spitsbergen i ein overbygd rib, til startpunktet i Magdalenafjorden.

Følg gjerne med på dette topografiske kartet over Svalbard.  Magdalenafjorden finn du  i nordvesthjørna på Spitsbergen. Grovt sett går ruta slik: Frå Magdalenafjorden søraustover til Loüetbreen og ned på den gigantiske Monacobreen. Vidare opp Stjertbreen og over på Friedrichbreen som dei følger nordaustover ned til Bockfjorden.  Så går dei på drivisen sørover Woodfjorden. I avsidesliggande Woodfjorden kan det vera god sjanse å sjå bamsen! Så opp Vonbreen der den flyter ut heilt sør i Woodfjorden. Over Holtedahlfonna og sannsynlegvis rundar dei sør for fjellformasjonen Tre Kroner før dei går ned breen Kongsvegen og følger kysten ut til Ny Ålesund. 

(Det kan sjølvsagt bli endringar på ruta undervegs pga. vær eller bre- og drivisforhold).

Følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon med jevne mellomrom.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Bilete frå fjorårets tur (Foto: Morten Tobias Rostille)

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23

0525 23