GÅ JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR!
Bli med på tur over det europeiske fastlandets største isbre, Jostedalsbreen.
Me kryssar gamle ferdselsvegar mellom Nordfjord og Sogn med fantastisk utsikt over flate vidder, djupe dalar og majestetiske fjell! Og me har med oss bærarar
Det å gå Josten på langs har blitt eit prosjekt som mange fjellinteresserte nordmenn prøver å gjennomføra ein gong i livet, kanskje på lik linje med å bestiga Store Skagastølstind, Gaustatoppen og å gå Besseggen. Beretningane om denne storslagne turen lokkar stadig fleire til å forsøka seg. Du føler verkeleg at du går på ”Noregs tak”, og Jotunheimens stortoppar lenger aust er stort sett dei einaste som er høgare enn deg.
Er du ein av dei som alltid har hatt lyst til å gå denne turen, men som har slått det frå deg fordi du er usikker på om du er sterk nok til å gjennomføra ein slik tur? Det er ingen tvil om at den tradisjonelle måten å gjennomføra denne turen på stiller knallharde krav til fysikk og erfaring. Dette er definitivt ingen tur for nybegynnarar. Tyngda på ryggsekken er eit stort problem for mange - og motbakkane på denne turen er så lange som dei kan bli i Norge.
Men kvifor ikkje gjera det på ein måte som åpnar for at litt fleire enn den harde kjerne blant Noregs erfarne fjellvandrarar kan gå denne turen. Kvifor ikkje tenka litt på same måte som på Kilimanjaro eller Inka Trail? Mine kundar på store fjell rundt omkring i verda er vant med litt "luksus". Me tar derfor med bærarar og "kokkar". Ja, du leste rett... Bærarar tar seg av alt fellesutstyr (telt, kokeutstyr, drivstoff og mat), slik at du sjølv kun treng å bera ditt eige personlege utstyr. Maten vil også bli litt betre enn det som er vanleg på denne turen. Bærarane set opp teltleiren på breen, smeltar snø og lagar mat. Dei hjelper til med å trakke spor og med navigering, og mange andre andre praktiske ting – alt i nært samarbeid med hovudguiden.
Men det er viktig å understreka at dette likevel må reknast som ein fysisk krevande tur. Men med ein litt lettare ryggsekk enn det som er vanleg.
Ja, det blir sjølvsagt ein del dyrare å gjera det på denne måten, dagslønna for bærarar i Norge er ein del høgare enn tilsvarande i Afrika eller Nepal. Men døgnprisen er likevel lågare enn på dei fleste andre turane mine.
Reisemål | Josten på langs |
---|---|
Land | Noreg |
Antall dagar | 4 |
Datoar | Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus |
Min. antal | 10 |
Max antal | 14 |
Påmelding | Sjå påmeldingsskjema |
Påmeldingsfrist |
Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 4 månadar før avreise. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett. |
Pris 2019 | 7 900,- |
Pris 2020 | 7 900,- |
Eg kan arrangere alle mine turar som ein lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.
OVERNATTING
Den første overnattinga er på hytter på Jostedal Camping på Gjerde i Jostedalen. Dette er ein triveleg campingplass mellom majestetiske fjell i den imponerande Jostedalen. Den andre og tredje natta vil bli i gode og stabile vintertelt oppe på den flate Jostedalsbreen. Ein magisk opplevelse dersom sikta er bra, du har nesten ikkje lyst til å krypa i soveposen.
Mat
Også maten vil bli spesiell på denne turen. På ein vanleg Josten på langs-tur er det viktig å tella gram og kaloriar, dermed blir det som regel frysetørka mat både til frukost og middag. På denne turen vil det bli veldig god mat. Ikkje forvent treretters middag og sølvbestikk, men det vil bli ein solid og god frukost, skikkeleg lunsj og ein tradisjonsrik middag. På den siste natta på breen blir det sannsynlegvis frysetørka sidan bærarane skal bæra og trekka maten spesielt langt i pulkar denne dagen. (NB! Bærarane vil stå for matlaginga, så det er ikkje fagutdanna kokkar).
FYSISK føresetnad
På tross av at me har med bærarar må denne turen reknast som ein krevjande tur. Du må ha erfaring med å gå med fjellski utanfor preparerte løyper og du må vera i stand til å gå lange dagsetappar (8-9 timar). Sjølv om ryggsekken blir ein god del lettare enn på ein tradisjonell Josten på langs-tur, vil den likevel vera langt tyngre enn ein dagstursekk. Du må derfor vera vant med å gå på ski med tung ryggsekk. Men terskelen for å gå denne turen er lågare enn på den tradisjonelle måten å gjera det på. For deg som er litt skeptisk til eigne ski-ferdigheiter i nedoverbakke: Ned til Flatbrehytta er breen (som ein forstår av navnet) nesten flat. Frå Flatbrehytta er det bratt ned til Fjærland, men der går ein stort sett med skia på ryggen (eller i hånda) fordi snøen stort sett er smelta på dette tidspunktet.