Ekspedisjonskurs på Finse

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt og komfortabelt på ski i norske vinterfjell. Dette er ein skitur med pulk med det fantastiske høgfjellsområdet rundt Finse som utgangspunkt, der du samtidig deltar på eit intensivt og spennande kurs! Dersom været og forholda ellers er bra nok, tar de kanskje ein dagstur opp på toppen av Hardangerjøkulen. På Finse har både Fridtjov Nansen, Ernest Shackleton og til og med Prinsen av Wales vore og testa ski- og vinterferdigheitene sine, så her burde det vera mogeleg også for deg å bli ein dyktig, erfaren og ivrig vinter-friluftsmann/kvinne.

Er du nysgjerrig på vinterfriluftsliv eller vil forbereda deg til ein lengre skitur eller ekspedisjon? Eller kanskje du berre har lyst på tur? Me pakkar pulken og reiser på eventyr i dei sagnomsuste områda rundt Finse mellom Hardangervidda og Skarvheimen, mellom vestlandet og austlandet. På turen er me innom viktige tema for ein vintertur som til dømes turplanlegging, pakking, utstyr, bekledning, sikker bruk av kokeutstyr, orientering og sikkert vegvalg samt rutiner rundt oppsetting av telt og etablering av leir.

 

Reisemålvinterkurs på finse
 Land  Noreg
Antall dagar 4
Datoar Sjå min fullstendige turkalendar med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 4
Max antal 8
Påmelding Sjå påmeldingsskjema
Påmeldingsfrist Ingen konkret dato, men eg anbefaler alle å melda seg på eller reservera ein plass så tidleg som mogeleg. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.
Pris 2017 5 500,-
Pris 2018 5 500,-

Eg kan arrangere alle mine turar som ein lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Turledar med alt av nødvendig sikkerheitsutstyr
  • Overnatting ei natt i leiligheit på Finse, to netter i telt
  • All mat
  • Fellesutstyr (pulkar med taudrag, pulkpose, telt, primus og kokeutstyr)

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Tog billett t/r Finse
  • Drikkevarer
  • Reiseforsikring

 

utstyr

Me stiller med fellesutstyr som telt, pulkar og utstyr til matlaging. Deltakarane får tilsendt detaljert utstyrsliste over personleg utstyr i god tid før avreise.

FYSISK FORUTSETNING

Du må ha gått litt på ski før, men me stiller ikkje krav om at du har gått med pulk eller budd i telt vinterstid før. Du må vera i stand til å gå dagsetappar på nokre timar fleire dagar i strekk. Mykje tid vil bli brukt på å samle gruppa og gjennomgå forskjellige temaer, både undervegs på dagsetappen og i leiren om kvelden og morgonen, så det blir ikkje veldig lange dagsetappar. Du får opplæring i å sette opp telt og bruk av kokeutstyr. På denne turen må ein vera forberedt på at det kan bli uvær (eg trur Knut håpar på det...) eller det kan bli gnistrande sol og rimeleg varmt på dagtid. Men i så tilfelle vil temperaturen sannsynlegvis gå ned mot 20 minusgrader om natta.

 

over grønland på ski


Få turar fascinerer oss meir enn Nansen sin skitur over Grønlandsisen. Det er tøft, både fysisk og mentalt, men belønninga er høg i form av meistringskjensle og sjølvtillit når du til slutt setter føttene på fast fjell på den andre sida - og kan nyte den intense lukta av gråstein...

Ta kontakt om du vil vera med.

 

Reisemålover grønland på ski
Land Grønland (Danmark)
Antall dagar 30
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal  
Max antal  
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

 
Pris Ta kontakt

 

 

  • 1
  • 2