Kilimanjaro


Tenker du av og til at du ein gong i livet vil kasta deg ut i det ukjente og utfordra deg sjølv, samtidig som du får oppleva noko eksotisk og heilt spesielt? Då er vår Kilimanjaro tur noko for deg! Me skal bestiga eit av dei verkeleg store fjella i verda - Afrikas tak - eit av dei såkalla Seven Summits. Soloppgangen på kraterkanten vil du garantert aldri gløyma! Safarien går til Ngorongorokrateret, Tarangire og Lake Manyara, alle er blant dei mest berømte og fantastiske nasjonalparkane i Afrika. Ngorongorokrateret er kanskje den mest storslåtte og intense safariopplevelsen du kan oppleva nokon stad i verda! Dersom du ønsker det kan du avslutta turen på dei krittkvite strendene på Zanzibar. Afrika er eksotisk, spennande og spektakulært!


Afrika vil gjera inntrykk på deg på mange måtar. Fantastisk natur, utruleg dyreliv, vennlige menneske og ein totalt forskjellig - men fascinerande kultur. Men me skal ikkje berre opp til 5895 meter, det er kanskje det varierte programmet som gjer denne turen så unik. Me skal oppleva mykje av det som gjer Afrika så spesielt: Bestigning av Kilimanjaro og safari i nasjonalparkane Ngorongoro og Lake Manyara, der me får sjå det meste av Afrikas unike dyreliv. Kva med å legga til nokre avslappande dagar på stranda i Zanzibar for verkeleg å la inntrykka frå Kilimanjaro-ekspedisjonen og safarien synka inn.

Afrikas høgaste fjell (5895 meter) er verdas høgaste frittståande fjell, dvs. som ikkje er del av ein kjede. Den (forhåpentlegvis!) utdøydde vulkanen reiser seg nøyaktig ei halv vertikal mil over steppelandet rundt. Den vart første gang bestege i 1889 av tyskaren Hans Meyer. Kilimanjaro ligg omtrent på ekvator men det ligg likevel snø på toppen. Men - amerikanske forskarar anslår at innan 15 år vil snøen på Kilimanjaro ha smelta vekk - så vil du sjå den berømte snøen på Kilimanjaro (som Ernest Hemningway skreiv om) så må du få fingeren ut no... Dei fleste som bestig Kilimanjaro gjer det via Marangu-ruta. Denne ruta vert kalla Coca-Cola-ruta. Me går den langt meir spektakulære og varierte Machame-ruta. Denne ruta vert kalla Whiskey-ruta! Dei fleste er einige om at dette er den flottaste ruta på Kilimanjaro. I tillegg traverserer denne ruta rundt mykje av fjellet - så du får sjå fjellet frå fleire sider. Det vanlege på Kilimanjaro er ofte å bruka 5 eller 6 dagar - det er derfor mange vert sjuke og ikkje når toppen. Me brukar derfor 7 dagar på ekspedisjonen for å akklimatisera oss betre og dermed aukar sjansane for å nå toppen betrakteleg. Me får også ein langt meir behageleg tur med mykje mindre risiko for hovudverk, kvalme og dei andre typiske utslaga av mild høgdesjuke. Me bringer med oss medisinsk utstyr for å takla det meste som kan oppstå på eit slik fjell. Høgdesjuke må tas på alvor også på dette fjellet. Vår lokale guide, som har vore på toppen mange gonger, fører oss sakte men sikkert til topps. Pole, pole - sakte, sakte - seier han dersom han syns me går for fort. Å gå sakte og å drikka mykje er oppskrifta for å komma seg til topps.

Rongai-ruta: For ein del år sidan arrangerte me vår første tur på Rongai-ruta. Dette er ei heilt spesiell rute på nordsida av fjellet, og sidan erfaringane og tilbakemeldingane var så gode har me bestemt oss for å arrangera turar jevnleg også på denne ruta. Desse avreisedatoane er merka med Rongai i turkalendaren. Hoveddagsprogrammet og alle detaljane rundt turen er akkurat slik som det står beskrevet på denne sida, og du som tar kontakt ang. desse turane vil sjølvsagt få detaljert beskrivelse av dagsprogrammet dei sju dagane på fjellet.

 

ReisemålKilimanjaro
 Land Tanzania
Max. høgde 5895 moh.
Antall dagar 12 (7 på fjellturen)
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 7
Max antal 16
Påmelding Sjå påmeldingsskjema
Påmeldingsfrist Ingen konkret dato, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 6 månadar før avreise. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.
Pris 2018 39 900,-
Pris 2019 39 900,-
NB! Dersom den norske krona fortsatt held seg svak framover vil det tilkomma ein valutakompensasjon på prisen. Nøyaktig sum vil vera avhengig av kursen på faktureringstidspunktet. Alle som tar kontakt ang. denne turen vil få detaljert informasjon om korleis valutakompensasjonen vert utrekna.

Eg kan arrangere alle mine turar som ein lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå Norge til Kilimanjaro Airport
  • All transport i Afrika
  • Alle hotell-overnattingar i delt dobbeltrom
  • 7 dagars Kilimanjaro-ekspedisjon med lokale guidar, kokkar og bærarar
  • 3 dagars safari med lokale guidar, inkl. sykkelsafari
  • Alle måltid
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Norsk turledar

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Tips til lokale guidar, kokkar og bærarar på fotturen (170 - 200 dollar, avhengig av gruppestørrelse)
  • Tips på safari (ca. 15 dollar)
  • Drikkevarer
  • Visum til Tanzania (50 dollar, ordnast på flyplassen)
  • Evt. enkeltrom
  • Flyplass-skatt for dei som flyr frå Zanzibar ($8,- til Dar es Salaam, $48 til Nairobi)

 

NB! Dersom du berre vil vera med på fjellturen og ikkje safarien, organiserer eg sjølvsagt dette for deg. Om du har familie eller venner som ikkje vil på fjellet, men som har lyst til å bli med på safari og evt. Zanzibar så går det også heilt fint. Alt er mogeleg å få til - be om pris på det programmet som passar deg best.

TRANSPORT

Fly frå Norge til Kilimanjaro Airport som ligg ved foten av fjellet. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim), Sola (Stavanger), Kjevik (Kristiansand), Torp (Sandefjord) eller Vigra (Ålesund) blir det eit tillegg for tilslutningsfly. Legg merke til at på mine turar flyr me til og frå Kilimanjaro Airport. På denne måten slepp ein den lange og varme bussturen mellom Nairobi og Kilimanjaro. Å fly til Nairobi er ein del rimelegare, men det vert ein mykje meir slitsom tur totalt sett, og det går ein heil dag ekstra til buss-transport kvar veg. Me nyttar privatbussar til transport til og frå hotell og fjellet, og modifiserte Toyota Landcruiserar på safarien.

OVERNATTING

I Moshi bur me på hotell av forholdsvis høg standard. På Kilimanjaro-ekspedisjonen bur me i moderne tre-mannstelt, to personar i kvart telt. På fjellet har me også med eigne toalett. På safarien bur me på ein eksotisk safarilodge.

Mat

Maten på hotella er omtrent som du er vant med her heime. Frukosten er typisk litt enklare enn kva me nordmenn er vant med. Når me er på sjølve fjellturen, har me med eigen kokk, kjøkkenassistentar og servitørar. Dei gjer sitt beste, og me blir stadig overraska og imponert over kva dei klarer å få til langt oppe på fjellet. Me vil stort sett ha tilgang på kjøtt til middag gjennom heile ekspedisjonen. Kokken sender bærarar eins ærend ned igjen for å sikra at kjøttet er ferskast mogeleg. Havregraut er ein av fleire rettar du kan velga til frukost, andre valg er egg, pølser, toast, frukt osv. Frukost og middag blir servert i eit stort spisetelt med stolar og bord, men ofte er det så varmt om morgonen at frukosten vert innteken ute i det fri sjølv på 4000 moh.

FYSISK FORUTSETNING

Kilimanjaro er eit stort fjell og må ikkje undervurderast. Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Toppdagen er lang og fysisk krevande, men me går veldig sakte mot toppen. Guidane ropar strengt til oss dersom me går for fort. Dei andre dagane er dagsetappane ein stad mellom 4 - 7 timar. Bærarane våre tar seg av all bagasjen din, du sjølv bærer kun det du treng under sjølve marsjen. Det er vanskeleg å setta opp noko konkret øvre aldersgrense for denne turen, då det ofte ikkje er noko sammenheng med kor god form ein er i og korleis ein fungerer på fjellet. 70-åringar kan vera sprekare enn 30-åringar i mange høve. Det kan bli forholdsvis kaldt på toppstøtet, kanskje ned i 5-10 minusgrader. Ellers vil temperaturen stort sett vera behageleg. Eg anbefaler dunjakke på denne turen. Den er spesielt god å ha på toppstøtet, men også på kveldstid i leirane kan den vera god å ha.

AVSLUTT MED BADEFERIE PÅ ZANZIBAR

Har du lyst til å avslutta Afrika-turen med ein avslappande badeferie på ei av dei mest fantastiske strendene i verda? Dumt spørsmål kanskje... men dersom du vil det kan eg tilby ein Zanzibar-pakke som består av 4 netter i Nungwe på nordspissen av øya. Zanzibar er også eit paradis viss du er interessert i dykking og snorkling. Pakken kostar kr. 6500,- (frå 2018 kr. 7500,-) og består av:

  • 1 natt ekstra på hotell i Moshi
  • Fly til og frå Stonetown ("hovedstaden" på Zanzibar)
  • 4 netter på ein resort som ligg rett på stranda
  • Transport mellom hotell og flyplass (t/r)
  • Halvpensjon (frukost og middag)

Pris er i dobbeltrom. Ta kontakt for enkeltromstillegg.
Du kan også oppgradera til havutsikt eller suite. Ta kontakt for pris.

Opphaldet kan sjølvsagt gjerast lenger eller kortare. Ta kontakt for meir informasjon.
Den norske turledaren drar heim etter safarien og er ikkje med til Zanzibar.

Deltakarmøte

Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og mykje praktisk informasjon. Du vil også bli invitert til eit deltakarmøte som eg arrangerer nokre gonger i året for denne turen. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle praktiske sider av turen, og det vert sjølvsagt anledning til å stilla alle spørsmål du måtte ha.

 

  • Dag 1

    Dag 1

    Me flyr til Kilimanjaro Airport som ligg ved foten av fjellet. I den vesle landsbyen Moshi bur me på eit triveleg og landleg hotell i utkanten av den yrande landsbyen.
  • Dag 2

    Dag 2

    Etter frukost vert me køyrt opp til Machame Gate (1800 moh). Fyrste etappe går gjennom regnskogen opp til teltleiren vår ved Machame Camp (3000 moh).
    Gangtid: 6 timer
  • Dag 3

    Dag 3

    Det startar bratt i dag, men etterkvart vert det litt flatare. I løpet av dagen vert det mindre og mindre vegetasjon og når me kjem fram til Shira Camp (3850m) er det berre enkelte mindre trær og nokre buskar rundt oss.

    Gangtid: 5 timer
  • Dag 4

    Dag 4

    Dagens etappe går fyrst opp til Lava Tower (4700 moh.) Dei som føler for det kan bestiga sjølve topp-punktet på dette flotte lava-tårnet. Så går me nedover igjen til Barranco Camp (3950 moh.) Frå denne leiren har me ei fantastisk utsikt rett inn i den loddrette Breach Wall - sydvestveggen på Kilimanjaro - ei utsikt som ein aldri får sjå dersom ein går normalruta. Me kan i detalj studera ruta som Reinholdt Messner brukte når han besteig fjellet - ei rute som han sjølv omtalte som sin farligste klatretur.

    Gangtid: 7 timer
  • Dag 5

    Dag 5

    Me startar dagens etappe med å gå opp Barranco Wall, ein 250 meter høg og svært bratt motbakke som ser vanskeleg ut fra campen, men som viser seg å vera lett når ein følger den flotte stien som slyngjer seg oppover. Så går ferda videre opp og ned i mange flotte smådalar før vi til slutt kjem til Karanga Camp (4100 moh). Legg merke til at leirane både på dag 4,5 og 6 ligg omtrent på samme høgda - rundt 4000 meter. Dette gjer at me får ein mykje betre akklimatisering enn dei som går normalruta. Det er svært viktig å vera godt akklimatisert opp til 4000 meter før ein går høgare.

    Gangtid: 4 timer
  • Dag 6

    Dag 6

    I dag er det berre ein motbakke - opp til Kosovo Camp (4880 moh.)... men den er lang! No merkar me for alvor at me verkeleg er høgt oppe. Her er det berre stein og lava, men det er ei heilt utruleg utsikt over det afrikanske steppelandet under oss og me ser også Mawenzi (5149 moh.) rett aust for Kilimanjaro. Me kjem tidleg fram til denne leiren og har ein lang ettermiddag og kveld til å ete, slappe av og sove før me startar topp-støtet ved midnatt. Me brukar altså Kosovo Camp og ikkje Barafu Camp som base for toppstøtet vårt. Kosovo ligg 200 meter høgare og dermed vert toppstøtet ikkje fullt så hardt som det er heilt frå Barafu - spesielt ned igjen trur eg du setter pris på det... (NB! Det kan hende at me må bruke Barafu Camp, dette har litt med humøret til ansvarlig Park Ranger å gjera. Som regel ordnar det seg, men det er altså ingen garanti for at me får bruke denne leiren).

    Gangtid: 4 timer
  • Dag 7

    Dag 7

    Me startar rundt midnatt, og me brukar hodelykter dei første timane oppover den jevne stigninga. Etter kvart som me nærmar oss kraterkanten byrjar det å lysne i aust, og sannsynlegvis rett før me når toppen får me oppleve det som mange beskriv som ein magisk opplevelse - soloppgangen på Afrikas tak. På toppen av Uhuru Peak kan me oppleva at sola faktisk varmar. Etter å ha feira prestasjonen og fått i oss mat og drikke, legg me kursen nedover att og etter nokon timars pause i Kosovo Camp går me vidare ned til Millenium Camp (3800 moh.) eller Mweka Camp (3100 moh.). Dette er ein lang og tøff dag, men dei 3-4 timane med pause i Kosovo Camp gjer undervek for slitne kroppar.

    Gangtid opp: 6 timer Gangtid ned: 2 timer ned til leiren, så 2-3 timers kvile og vidare 2-3 timar nedover
  • Dag 8

    Dag 8

    Me står tidleg opp og går dei siste høgdemetrane ned til Mweka Gate der me vert henta og køyrt attende til eit hotell i nærleiken av flyplassen. Me har resten av dagen til å slappa av og kvila, evt. med kald drikke på bassengkanten mens me lar inntrykka frå den fantastiske fjellturen synka inn. Etter kvart startar feiringa av at me har besteget Afrikas høgaste fjell.

    Gangtid: 2 - 4 timer (avhengig av kva leir ein har brukt)
  • Dag 9

    Dag 9

    Så er det tid for safari! Den første dagen køyrer me i komfortable Landcruiserar mot Great Rift Valley og til Tarangire Nasjonalpark, som ligg rett sør for Lake Manyara. I Tarangire får du sjå stort sett alle dei karakteristiske dyra som finns i Afrika, men parken er spesielt kjent for store flokkar med elefantar og giraffar. Etter nokre timar køyrer me vidare til Kudu Lodge, ein eksotisk safarilodge som ligg nær Ngorongorokrateret.
  • Dag 10

    Dag 10

    I dag bruker me heile dagen til å utforske Ngorongorokrateret. Krateret er eigentleg ikkje noko krater, men ein kaldera, dvs. ein vulkan som har kollapsa inn i seg sjølv. Ngorongorokrateret er 21 kilometer i diameter og har ein 600 meter høg "kant" rundt. Dette er kanskje den mest spesielle safariopplevelsen i heile Afrika! I dag får me med stor grad av sikkerheit sjå løve, gepard, neshorn, flodhest, bøffel, elefant, sebra, gnu, antilope og mange andre dyr. Ovenatting på Kudu Lodge.
  • Dag 11

    Dag 11

    I dag blir det ein uforgløymeleg sykkeltur i utkanten av Lake Manyara. Masaaiane gjetar sine store kvegflokkar blant antilopar, gnu og sebraer ute på steppene. Det er ingen problem om du ikkje har sykla på lenge, me syklar ikkje spesielt fort eller langt. Etter lunsj drar me etter kvart i retning Arusha. Dei som skal heim blir køyrt til flyplassen og tar nattfly i retning Europa, mens dei som skal til Zanzibar får ei overnatting til på hotell før dei flyr til Zanzibar neste morgon.
  • Dag 12

    Dag 12

    Ankomst heimlandet.

    Me tek atterhald om endringar på grunn av vêrforhald og liknande.
  • Avslutt med badeferie på Zanzibar

    Avslutt med badeferie på Zanzibar

    Har du lyst til å avslutta Afrika-turen med ein avslappande badeferie på ei av dei mest fantastiske strendene i verda? Sjå lenger opp på sida for meir informasjon.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.