GÅ JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR!


Bli med på tur over det europeiske fastlandets største isbre, Jostedalsbreen.
Me kryssar gamle ferdselsvegar mellom Nordfjord og Sogn med fantastisk utsikt over flate vidder, djupe dalar og majestetiske fjell! Og me har med oss bærarar

Det å gå Josten på langs har blitt eit prosjekt som mange fjellinteresserte nordmenn prøver å gjennomføra ein gong i livet, kanskje på lik linje med å bestiga Store Skagastølstind, Gaustatoppen og å gå Besseggen. Beretningane om denne storslagne turen lokkar stadig fleire til å forsøka seg. Du føler verkeleg at du går på ”Noregs tak”, og Jotunheimens stortoppar lenger aust er stort sett dei einaste som er høgare enn deg.

Er du ein av dei som alltid har hatt lyst til å gå denne turen, men som har slått det frå deg fordi du er usikker på om du er sterk nok til å gjennomføra ein slik tur? Det er ingen tvil om at den tradisjonelle måten å gjennomføra denne turen på stiller knallharde krav til fysikk og erfaring. Dette er definitivt ingen tur for nybegynnarar. Tyngda på ryggsekken er eit stort problem for mange - og motbakkane på denne turen er så lange som dei kan bli i Norge.

Men kvifor ikkje gjera det på ein måte som åpnar for at litt fleire enn den harde kjerne blant Noregs erfarne fjellvandrarar kan gå denne turen. Kvifor ikkje tenka litt på same måte som på Kilimanjaro eller Inka Trail? Mine kundar på store fjell rundt omkring i verda er vant med litt "luksus". Me tar derfor med bærarar og "kokkar". Ja, du leste rett... Bærarar tar seg av alt fellesutstyr (telt, kokeutstyr, drivstoff og mat), slik at du sjølv kun treng å bera ditt eige personlege utstyr. Maten vil også bli litt betre enn det som er vanleg på denne turen. Bærarane set opp teltleiren på breen, smeltar snø og lagar mat. Dei hjelper til med å trakke spor og med navigering, og mange andre andre praktiske ting – alt i nært samarbeid med hovudguiden.

Men det er viktig å understreka at dette likevel må reknast som ein fysisk krevande tur. Men med ein litt lettare ryggsekk enn det som er vanleg.

Ja, det blir sjølvsagt ein del dyrare å gjera det på denne måten, dagslønna for bærarar i Norge er ein del høgare enn tilsvarande i Afrika eller Nepal. Men døgnprisen er likevel lågare enn på dei fleste andre turane mine.

 

ReisemålJosten på langs
Land Noreg
Antall dagar 4
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 10
Max antal 14
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

Ingen konkret dato, men eg anbefaler alle å melda seg på eller reservera ein plass så tidleg som mogeleg. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.
Pris 2018 7 900,-
Pris 2019 7 900,-

Eg kan arrangere alle mine turar som ein lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

OVERNATTING

Den første overnattinga er på hytter på Jostedal Camping på Gjerde i Jostedalen. Dette er ein triveleg campingplass mellom majestetiske fjell i den imponerande Jostedalen. Den andre og tredje natta vil bli i gode og stabile vintertelt oppe på den flate Jostedalsbreen. Ein magisk opplevelse dersom sikta er bra, du har nesten ikkje lyst til å krypa i soveposen.

Mat

Også maten vil bli spesiell på denne turen. På ein vanleg Josten på langs-tur er det viktig å tella gram og kaloriar, dermed blir det som regel frysetørka mat både til frukost og middag. På denne turen vil det bli veldig god mat. Ikkje forvent treretters middag og sølvbestikk, men det vil bli ein solid og god frukost, skikkeleg lunsj og ein tradisjonsrik middag. På den siste natta på breen blir det sannsynlegvis frysetørka sidan bærarane skal bæra og trekka maten spesielt langt i pulkar denne dagen. (NB! Bærarane vil stå for matlaginga, så det er ikkje fagutdanna kokkar).

FYSISK føresetnad

På tross av at me har med bærarar må denne turen reknast som ein krevande tur. Du må ha erfaring med å gå med fjellski utanfor preparerte løyper og du må vera i stand til å gå lange dagsetappar (8-9 timar). Sjølv om ryggsekken blir ein god del lettare enn på ein tradisjonell Josten på langs-tur, vil den likevel vera langt tyngre enn ein dagstursekk. Du må derfor vera vant med å gå på ski med tung ryggsekk. Men terskelen for å gå denne turen er lågare enn på den tradisjonelle måten å gjera det på. For deg som er litt skeptisk til eigne ski-ferdigheiter i nedoverbakke: Ned til Flatbrehytta er breen (som ein forstår av navnet) nesten flat. Frå Flatbrehytta er det bratt ned til Fjærland, men der går ein stort sett med skia på ryggen (eller i hånda) fordi snøen stort sett er smelta på dette tidspunktet.

 

  • Dag 1

    Dag 1

    Oppmøtestad er i Fjærland på ettermiddagen. Her parkerer ein bilane og deretter blir det felles transport til Gjerde i Jostedalen (1,5 time i bil eller buss). Her blir det ein solid middag og det blir informasjonsmøte om alle detaljar angåande dei neste dagane.
  • Dag 2

    Dag 2

    Dagen startar med ein kort biltur vidare innover Jostedalen nesten til Fåbergsstølen, 500 moh. Skituren startar med å gå oppover dalen mot Fåbergstølsbreen, så følger ein denne breen eit stykke før ein går rett opp lia. Mange høgdemeter skal tilbakeleggast her, så ein tek det roleg og med mange pausar. Etter kvart flatar det meir og meir ut, men ikkje før ein er heilt oppe på nesten 1900 moh. begynnar det å gå nedover igjen. Ein er no på toppen av sjølve Jostedalsbreen, og den lange turen sørvestover kan starte. Terrenget er no eit heilt anna enn tidlegare på dagen, no er det veldig slakke nedoverbakkar og tilsvarande slakke motbakkar på den enorme brekappa. Dersom vær og forhold ellers tillater det, kan ein også forsøka seg på Brenibba (2017 moh.) denne dagen. Etter ein begivenheitsrik og slitsom dag er det utruleg godt å ta av seg skiene i ”Himmelleiren”. Sannsynlegvis er det ingen i Noreg som overnattar høgare enn deg denne natta!

    Dagsetappe: 7 - 10 timar (avhengig om ein går opp på Brenibba eller ikkje) Terreng: Først slakk stigning innover dalen, så bratt rett opp før det igjen flatar ut. Totalt 1400 meter stigning, litt meir for dei som evt. går bort på Brenibba.
  • Dag 3

    Dag 3

    Spenn fast skia og gjer deg klar for flate vidder! Me går mot Høgste Breakulen (1952 moh) og Ramnane (1844 moh.) Får me bra vær også denne dagen så er utsikta formidabel utover snødekte vidder, djupe dalar og mektige fjell. Ei ny natt i telt ventar, og sannsynlegvis er dere i nærleiken av Bings gryte når dere etablerer leiren.

    Dagsetappe: 7 - 9 timar Terreng: Lettgått bølgande brelandskap. Lange slakke motbakkar og tilsvarande lange slakke nedoverbakkar.
  • Dag 4

    Dag 4

    Ein flott avslutning på turen ventar oss siste dagen. Me fortset forbi det heilt spesielle vind-fenomenet Bings gryte og set kursen sørover mot Supphellenipa og deretter ned den slakke Flatbreen til Flatbrehytta. Ned den bratte lia under hytta føler du at du går frå vinter til vår, og kanskje til og med sommar dersom det er ein varm dag. Kva er vel betre enn å avslutta turen med eit friskt bad i den grønne Fjærlandsfjorden etter ein slik tur? Det er også mogeleg å ta ein tur innom Norsk Bremuseum.

    Dagsetappe: 7 - 9 timar Terreng: Dei første timane fortset ein på det samme forholdsvis flate brelandskap som dagen før, men etter kvart blir det slakk nedoverbakke ned Flatbreen. Det aller siste stykket ned mot Flatbrehytta er litt brattare (ca. 200 høgdemeter). Her går det an å ta av seg skia for dei som er litt skeptiske til sine ferdigheiter i nedoverbakke på ski. Frå Flatbrehytta er det bratt ned på god sti, kanskje det er mogeleg å køyra på ski det aller øverste partiet før ein kjem ned i skogen.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.