BESTIG ELBRUS MED OSS!


Elbrus er Europas høgaste fjell. Bli med på ekspedisjon til fjellkjeden Kaukasus i Russland. Fjellet er ein utdødd vulkan og Kaukasusfjella vert ofte omtalt som den flottaste fjellkjeda i verda utanom Himalaya. På denne turen får du også oppleva dei store turistattraksjonane i Moskva.

 

ReisemålElbrus
Land Russland
Max. høgde 5642 moh.
Antall dagar 12
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 7
Max antal 16
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

Ingen konkret dato, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 6 månadar før avreise. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett.
Pris 2018 27 900,-
Pris 2019 27 900,-
NB! Dersom den norske krona fortsatt held seg svak framover vil det tilkomma ein valutakompensasjon på prisen. Nøyaktig sum vil vera avhengig av kursen på faktureringstidspunktet. Alle som tar kontakt ang. denne turen vil få detaljert informasjon om korleis valutakompensasjonen vert utrekna.

Eg kan arrangere alle mine turar som ein lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå frå Gardermoen eller Flesland via Moskva til Mineralnyje Vody
  • Alle overnattingar på hotell og i fjellhytter
  • Alle måltider i Cheget og på fjellhytta
  • All lokaltransport i Russland
  • Alle tillatelsar og parkavgifter
  • Norsk turleiar og lokale guidar

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • Tilslutningsfly frå og til andre flyplassar enn Gardermoen og Flesland
  • Visum-kostnader
  • Tips til lokale guidar
  • Hotellrom i Cheget utover to netter etter toppstøtet
  • Lunsjar og middagar i Moskva
  • Drikkevarer
  • Evt. enkeltrom

 

TRANSPORT

Me flyr via Moskva til Mineralnye Vody. Privat buss til Cheget (ca. 4 timar). NB! Dersom du velger å fly frå andre flyplassar enn Gardermoen og Flesland blir det ei tilslutningsavgift for flybilletten.

OVERNATTING

Hotell i Moskva. Hotell og fjellhytte i Cheget før og etter toppstøtet. Fjellhytta ligg 3750 meter over havet med ei fantastisk utsikt, men ikkje forvent høg standard generelt - russiske fjellhytter er relativt enkle.

FYSISK FORUTSETNING

Elbrus er eit stort fjell. Du må vera i bra fysisk form, dvs. at du ikkje har problem med å gå ein roleg tur på mange timar i norske fjell. Toppdagen er lang og fysisk krevande, men me går veldig sakte mot toppen. Det kan også bli forholdsvis kaldt på toppstøtet, kanskje ned i 10-15 minusgrader. Gode og varme sko er viktig.

visum og reiseforsikring

Det er ingen endringar i reglane for visumsøknader for turistar til Russland til tross for spenninga som har vore mellom Russland og Vesten den siste tida. Unntaket er at det er eit ekstra skjema som de må fylla ut i søknadsprosessen.UD’s reiseråd for Kaukasus-området er det samme som det har vore i mange år:
”Utenriksdepartementet fraråder reise eller opphold som ikke er strengt nødvendig i Nord-Kaukasus. Norske borgere som oppholder seg i eller som planlegger å reise til regionen oppfordres til å ta kontakt med ambassaden i Moskva for oppdatert informasjon og registrering av reise via www.landsider.no.”

Til tross for dette har dei fleste operatørar valgt å arrangere turar i området i alle år, då det sjeldan er episodar i dette området. Sikkerheitsberedskapen har aldri vore høgare, sidan Putin har bestemt seg for at ingen skal få skremma vekk turistar frå dette området (Elbrus-området er eit svært populært skiområde for russarane om vinteren).

Men dersom du blir med på denne turen aksepterer du altså at du gjer dette mot UD sine offisielle reiseråd, og at du er klar over den risikoen og konsekvensane ein reise dit kan medføre. Dersom ikkje reiseforsikringa di omfattar reiser til slike områder kan eg vera behjelpeleg med å anbefale forsikringsselskap som tilbyr reiseforsikring som gjer det.

 

 

Elbrus - dagsprogram

  • Dag 1

    Dag 1

    Me flyr frå Norge til Moskva, der me tar inn på hotell. Me landar seint så me tar middagen på hotellet. Om kvelden blir det eit kort informasjonsmøte der me går gjennom ein del informasjon om turen. Kanskje blir det tid til ein tur inn til sentrum med Metroen.

    Foto: Marius Slagsvold
  • Dag 2

    Dag 2

    Me må sjølvsagt sjå dei mest kjente turistattraksjonane når me først er i Moskva, f.eks. Kreml og Den Røde Plass. Om kvelden flyr me vidare til Mineralnye Vody der ein buss står og ventar og køyrer oss til Cheget som ligg ved foten av Elbrus, midt i hjartet av Kaukasus-fjella.
  • Dag 3

    Dag 3

    Me går sannsynlegvis oppover mot Mount Cheget, og satsar på å passere 3000 moh. Akklimatiseringa er i gang...
  • Dag 4

    Dag 4

    Ny flott akklimatiseringstur i Kaukasus-fjella. I dag går me sannsynlegvis oppover mot Peak Terskol, endå litt høgare enn gårsdagens tur. Fantastisk flott utsikt mot Elbrus. Me brukar heis eit stykke oppover for å tilbringa meir tid høgt oppe.

    Foto: Marius Slagsvold
  • Dag 5

    Dag 5

    I dag skal me nærma oss 4000 moh! Me tar heis heilt opp til 3000 moh. for å få ein høg start på turen. Så går me opp til rundt 3750 moh. Riktig progresjonen i akklimatiseringa er viktig...

    Foto: Marius Slagsvold
  • Dag 6

    Dag 6

    Me flyttar opp til ei hytte som ligg 3750 moh. Me brukar skiheisen for å komme nesten heilt opp til hytta, slik at me ikkje treng å slita tunge ryggsekkar oppover fjellet. Etter lunsj tar me ein liten akklimatiseringstur i området rundt hytta, kanskje opp til 4200 moh. Me tar det som vanleg roleg, i høgda er det svært viktig å gå sakte. Me øver også litt på heilt grunnleggande teknikkar ved bruk av stegjern og isøks, som me sannsynlegvis nyttar på toppstøtet.
  • Dag 7

    Dag 7

    Akklimatiseringstur opp til Pastukhov Rocks som ligg på om lag 4800 meter. Frå Pastukhov Rocks er det ei fantastisk utsikt utover resten av Kaukasus-fjella.
  • Dag 8

    Dag 8

    Kviledag for å samla krefter før toppstøtet som startar grytidleg i morgon. Sannsynlegvis kan deler av dagen brukast til å sitta utanfor hytta og få farge både på ansikt og kropp.
  • Dag 9

    Dag 9

    Me startar toppstøtet grytidleg på morgonen med å ta beltebil opp til Pastukhov Rocks. Me går sakte men sikkert høgare og høgare. Dersom det er skare, så sikrar me over eit lite parti mot toppen der det er brattast. Etter kvart kjem sola opp og dersom været er bra vert det etterkvart fin temperatur. Til slutt står me forhåpentlegvis alle 5642 meter over havet - på Europas høgaste punkt.
  • Dag 10 - 11

    Dag 10 - 11

    Reservedagar dersom dårleg vær. Dersom me gjennomfører toppstøtet vårt første dagen, vil me nytta reservedagane enten til å slappa av etter toppstøtet eller til å gå andre fjellturar i området. Og så skal me sjølvsagt feira at me har stått på Europas høgaste fjell!
  • Dag 12

    Me flyr tilbake til Norge via Moskva.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.