DAGBOK INKA TRAIL 8. - 24. NOVEMBER 2008

 

Sjå heilt ferske bilder frå turen.

 

Inspirert til å vera med på ein av dei to turane mine i 2009? Les meir

 

24. NOVEMBER

I dag var det Nasca-linjene som stod for tur. Desse linjene vart laga av pre-Incaene, og det er den dag i dag eit mysterium kvifor dei laga dei. Ein må opp i fly for å få oversikt og sjå kor perfekt laga mange av linjene og figurane er. Dei fleste valgte å bruka resten av dagen ved det flotte svømmebassenget. Nokre vart med på ein hard kveldstur opp på ein av dei store sanddynene rundt Ica. Hard fordi det var nesten umogeleg å komma seg oppover då ein seig omtrent like langt tilbake, for kvart skritt ein tok opp. Men me nådde toppen til slutt, og me fekk ein flott solnedgang over ørkenen frå toppen. Dagen etter var det tidleg start for å ikkje risikera å få problem med å nå flyet. Men også i dag var det program. Me vart frakta med ein hurtig båt ut til Ballestas-øyene, som også vert kalla Peru sine Galapagos-øyer. Pingvinar, sjøløver og enorme mengder sjøfugl gjorde dette til ein svært imponerande opplevelse for oss alle. Så var det berre å setta kursen mot flyplassen. På den lange flyturen heimover begynte nok ein del prosessen med å la alle inntrykka frå denne turen synka inn... Men inntrykka er så mange og så forskjellige at det nok kjem til å ta nokre dagar før me "landar" heilt igjen. Det var ein fantastisk flott gjeng å reise på tur sammen med. Mange har vore med meg til Kilimanjaro før, og nokre kjente eg ikkje før denne turen. Godt samhold og kjempehumør i gruppa har kjenneteikna denne turen - tusen takk for turen!

 

22. NOVEMBER

Me køyrte buss over eit fjellpass (4330 moh.) og vidare over Altiplano-sletta til Puno, som ligg ved Titicaca-sjøen. På vegen besøkte me fleire imponerande Inca- og pre-Inca-ruinar og heilage stader. Puno var utgangspunktet for båtturen på Titicaca-sjøen. Transportmiddelet frå hotellet og ned til kaien var nok nytt for dei fleste, nemleg sykkeltaxiar som stod oppstilt utanfor hotellet. Det var tendensar til kapp-sykling nedover dei smale gatene, mest på grunn av ivrige oppmuntringar frå fleire av deltakarane... Båtturen gjekk gjennom høgt siv utover Titicaca-sjøen, og plutseleg åpenbarte det seg eit utruleg samfunn av flytande siv-øyer, med siv-båtar, siv-hytter og ca. 1200 innbyggarar. Ingen av oss hadde rekna med at det var så stort i omfang, det er 42 store flytande øyar som ligg forholdsvis tett inntil kvarandre. Etter at me hadde fått ein grundig forklaring og omvisning på desse øyane, gjekk turen vidare til øya Taquile, som er ei "vanleg" øy. Den ligg langt ute i den enorme Titicaca-sjøen. Taquile er eit lite samfunn der ikkje mykje har forandra seg gjennom tidene. Me gjekk over heile øya, ein fin liten fjelltur, og deretter var det båt tilbake til Puno. Dagen etter flaug me tilbake til Lima, og deretter var det buss ned til Ica - ein stad der det kun har regna nokre få gonger dei siste 400 åra - oftast i samband med værfenomenet El Nino. Bussen vår vart vinka ut i vegkanten sammen med all annan trafikk, då Laura Bush, kona til George Bush, skulle transporterast frå flyplassen inn til Lima. Det er andre gongen i mitt liv eg har blitt vinka ut i vegkanten fordi ein framtredande medlem av Bush-familien skulle passere. Vel framme i Ica var eit besøk på ein lokal vin- og pisco-gård første stopp på programmet. Pisco-sour er nasjonal-drikken i Peru, når det gjeld alkohol. Stemninga var derfor på veg til å bli høg då me køyrte til hotellet vårt ved ein idyllisk lagune, og stemninga vart ikkje dempa av at det faktisk gjekk ca. 1 time og 20 minutt frå me bestilte middagsmaten til den stod på bordet (min personlege rekord er på ein restaurant i Moshi i Afrika der det faktisk gjekk 1 time og 30 minutt!). I dag skal me ut og fly over Nasca-linjene, dei mystiske og enorme figurane som er "tegna" på bakken. Ny oppdatering kjem sannsynlegvis i morgo. Alle helsar tilbake til kjente og kjære heime, og takkar for helsingar som me har fått via gjesteboka.

 

19. NOVEMBER

No er me tilbake i Cusco etter tre dagar i tjukkaste Amazonasjungelen. Me flaug til Puerto Maldonado og vart frakta vidare med elvebåt opp til lodgen vår, Posada Amazonas. Romma på Posada Amazonas er utan vegg ut mot jungelen, og derfor føler du at du kjem heilt inn på dyrelivet, du sovnar til lyden av apekattar, papegøyar og alle dei andre dyra som er aktive om natta. Me var på båttur på ein liten innsjø som hadde danna seg der elva før rant. Der såg me giant river otter som er den største oteren i verda og me fiska piraia. Me var også opp i eit 37 meter høgt tårn der me fekk ovesikt over jungelen frå fugleperspektiv, me besøkte ein såkalla clay-lick der alle papegøyaene samla seg og me besøkte ein Shaman som hadde natur-medisin for det meste som kunne gå galt med kroppen. Veldig spesielt... Me var også på natt-vandring i jungelen, det er også ein intens opplevelse med alle lydane rundt deg. Heldigvis hadde me dyktige guidar som har lang erfaring med jungelen. No drar me vidare til Titicaca-sjøen og til slutt skal me til Ica på Stillehavskysten og sjå Nasca-linjene frå lufta. Som du skjønnar så står høgdepunkta i kø på denne turen...

 

15. NOVEMBER

Me har fullført Inca Trail! Tidleg i dag kom me over Sungate og Machu Picchu åpenbarte seg i all sin prakt framfor oss. Inca Trail levde opp til forventningane og alle har fått minner for livet. Stien svingar seg oppover fjellsider og langs ryggar, dei har til og med bygd fleire tunnellar... Fleire i gruppa var opp på Huayna Picchu, fjellet som tronar 300 meter rett over Machu Picchu. Inca Trail og Machu PIcchu er ikkje mogeleg å beskrive - det må opplevast. No slappar me av i Cusco før me setter oss på flyet som tar oss ned i Amazonas-jungelen i morgo. Neste oppdatering kjem sannsynlegvis tirsdag.

 

11. NOVEMBER

Dagen før me starta på Inca Trail, var me på ein omfattande sightseeing i Cusco og området rundt. Utrulege byggverk og ruinar som Inkaene bygde i det 15. og 16 århundre. Om kvelden åt me middag mens me såg på ei imponerande danse-oppvisning. Peru har ufatteleg mange kulturar og tradisjonar, alle med sine lokale dansar og "bunader". I morgo tidleg startar me på Inca Trail og eg får ikkje oppdatert før lørdag eller søndag. Alle kosar seg på tur og helser så mykje heim til kjente og kjære!

 

10. NOVEMBER

Me ankom Peru etter ein lang flytur (13 timar nonstop frå Amsterdam...). Me budde på eit flott hotell sentralt i Miraflores, turistområdet i Lima. Lima er ein av verdas største byar (nesten 10 millionar innbyggarar). I går var me på sightseeing i Lima, ein by som har mykje flott og spesiell arkitektur. Og me var ned i katakombene og såg tusenvis av hodeskallar og skjelett. I dag flaug me til Cusco, Inka-kulturens hovestad. Cusco ligg på ca. 3400 moh, så det var fleire som kjente at pusten gjekk litt tyngre utover dagen. Me tok det heilt med ro første dagen, i morgo blir det omfattande sightseeing både i byen og i fjella rundt, der det ligg mange arkitektoniske underverk. Dagens høgdepunkt var nok innflyginga til Cusco. Cusco ligg mellom store fjell, og flyet må verkeleg snike seg ned mellom fjella og ned i dalen der Cusco ligg.

 

8. NOVEMBER

Klokka er no over midnatt, og om ca. 3 timar samlast me som skal dra frå Voss for å ta maxitaxi til Flesland. Der møter me alle dei andre, og me flyr deretter via Amsterdam til Lima. I morgo (søndag 9. nov) skal me oppleva ein av verdens største byar, Lima. Denne byen har mykje spesielt å by på, blant anna skal me ned i katakombene under byen - der ligger det tusenvis av hodeskaller - ein perfekt location for ein skrekkfilm! Mandag flyr me til Cusco, Inca-kulturen sin hovedstad. Den skal me få vita mykje om på ei grundig omvisning på tirsdag. Onsdag startar me på Inca Trail. Høgdepunkta kjem som perler på ei snor... Følg med her, så skal eg prøva å oppdatera med jevne mellomrom.

 

31. OKTOBER

Lørdag 8. november setter heile 20 spente nordmenn seg på flyet til Peru. I løpet av 17 dagar skal me oppleva og sjå mange av høgdepunktene som Peru og Sør-Amerika har å tilby. Me skal i løpet av desse dagane først og fremst gå Inca Trail fram til Machu Picchu, me skal bu i Amazonasjungelen og me skal besøka dei flytande øyane på Titicacasjøen. Eg og Anna-Marie, som er min assistent, har med oss 18 deltakarar som akkurat no sannsynlegvis er litt nervøse for om dei har hugsa alt. Ein ting er alt utstyret som skal pakkast, men det er mykje anna som skal ordnast også: vaksinar, pass, kontantar osv. Men alt ordnar seg til slutt, det gjer det alltid...

 

For å sjå vårt komplette dagsprogram, sjå faktasida om Inca Trail.

 

Sjå bilete frå turen min til Peru i 2007