DAGBOK ATLASFJELLA 5. - 19. OKTOBER 2019

 

LAURDAG 19. OKTOBER

Siste dag på vår Atlastur - morgon 19.10.

Vår flotte tur med krevande dagsetappar i den majestetiske fjellheimen og avslappande dagar ved sjøen/havet i vakre Essaouira. Kamelane har fått"Kjørt" seg.. det same har hestane. Golvkøllene har fått svinga seg dag etter dag.. Fin spassertur til Jimmi Henrix sitt hus og "seige" steg i mykje sand til " Sultanens" samanraste slott.

Fine dags- og kveldsturar til fiskehavna, borga ( med dei mange kanonene..).. for ikkje å snakka om dei mange smuga med " ein million" varer.. varer i tre, i steintøy, stoff... og for ikkje å snakka om kamelskinn i alle slags fargar og lukter.No står bilane klare for å ta oss og "alle varene" heimover til "det kalde nord".Adieu Marokko - Marrakech og Essaourua.

- Sofie

 

TYSDAG 15. OKTOBER

Dag 10 og 11 på vår Atlastur.

Så var det frå fjell til strand. Vart henta med privat "buss" kl 9.30 - framme Eassoria ca kl 15. Nokon måtte innom hotellet i Marrakech for å henta gjenglemte ting etter dg 1. (mykje å halda styr på..).

Sjekka inn på Sahra hotell tett ved ei flott strand ( kilometervis lang..) " rett på byen" . Flott spasertur til m. a. Gamlebyen med flott utsikt og Atlanterhavet som slår inn over sundrevne steinar og berg. Fine smug med handlegater og varer frå gulv til tak. Nye muligheter for dei som ikkje rakk i " teppehandlaren" i Imlil.

På stranda stod kamelane klare for dei som vågar..., lenger borte ligg flotte golfbanar for dei som kan. To barske karar frå Bømlo har også hatt symjeturar i Atlanterhavet.

- Sofie og Jorunn

1015 3

1015 3

1015 3

(Foto: Turid Johanne Eri)

 

SUNDAG 13. OKTOBER

I dag sov alle godt fram til frokost 09.30 - me hadde ein god frokost og alle slappa godt av. I løpet av natta har uværet slått inn over fjellheimen, me har nok vore heldige.

Me vandra ein liten time ned til Ryad Dar Imlil . Der fekk me kvar vårt rom, flott lunch og middag ! Me hadde tur på byn med guiden vår Muhammed - der blei nokre reven med , selgeren var god, underholdningen var stor (tepper blei kjøpt ).

Om kvelden kosa me oss alle, vitser blei fortalt og berre gode ord om vår kjekke Knut som har lost oss trygt gjennom turen. Trist att han ikkje blir med oss vidare, han reiser tidleg i morgon. Takk for ein fine dag!

- Jorunn og Sofie

1014k

(Foto: Knut Horvei) 

1014k

1014k

1014k

1014k

(Foto: Jorunn Johannessen)

 

LAURDAG 12. OKTOBER

Alle på toppen!

Starta 04:15. Alle på toppen 08:15. Fantastisk vær og utsikt ! Magisk !

- Knut

Dette er dagen me skal opp til toppen av fjellet Jebel Toubkal (4 167 moh) og er turens lengste og mest krevande etappe. Kl 3 i natt våkna dei til liv på sovesal 4. 18 stk på ein sal som alle skal finne sine ting med hodelyktene sine. Starta turen kl 4 etter god frukost. Stigning oppover og oppover - formasjon som ein lysande slage oppover fjellet .Fantastisk syn! Heilt stjerneklar himmel.

Me nådde toppen ca kl 8- akkurat tidsnok til å få sjå ein enormt flott soloppgang. Fantastisk skue i alle himmelretningar, og Sahara viste seg på majestetisk vis. Alle kom greit opp og greit ned. Ingen skader. Me har i dag gått fra 3200 moh til 4167 moh og deretter ned til 1900 moh. Blir godt å kvila på gjestehuset Aroumd.

- Sofie og Jorunn 

1012 5
1012 5
1012 5
1012 5
1012 5 

(Foto: Knut Horvei)

1012 8 copy

(Foto: Jorunn Johannessen)

 

FREDAG 11. OKTOBER

Dagen i dag startet kl 8.30 etter frokost . Dette er dagen me skal gå opp til Bacecamp på 3200 moh. Spennande ! Det blei ein fin og rolig vandring, me var framme ca kl 14.00. I natt skal me liggja på sovesal 4 , (alle mann alle ) spennande !

Det blir ei kort natt - starter opptur til Jebel Toubkal kl 04.00 . (4167moh ). Det blir ei spesiell vandring med 18 hodelykter i nattemørket. Alle er friske og raske ??

- Jorunn og Sofie

 

TORSDAG 10. OKTOBER

Etter ein god frukost på Tizi Oussem ( 1900moh) starta dagens etappe. Endestasjonen idag er Aroumd. Flott vær og imponerande syn utover fjell og landskap.

Me gjekk " ein avstikkar" opp til Ighouliden Warterfalls (2400 moh)-der vart me servert nypressa appelsinjuice. Derfrå 3 timars tur til Passet Tizi Mzik. Her var det laga flott lunch til oss. Utsikten ned mot Imlil og dalen omkring var eit vakkert syn. Me kom oss i hus- alle fekk senger og god middag.

Helsing Sofie og Jorunn

 

ONSDAG 9. OKTOBER

I dag har me vandra ein fin tur fra Imi Oughlad til Tizi Oussem (1900 m ) via Tizin Tacht pass (2000m ). Vakker tur. Me hadde ein god lunch i sval skygge under flotte valnøttre ! Me skal overnatta på Tizi Oussem ! Flott og variert landskap.

- Jorunn 

 

TYSDAG 8. OKTOBER

Då er dag to på vår vandring mot Toubkalen unnagjort. Vakkert landskap nedover dalen frå Tachedirt mot Imsker. Skikkelig varmt for ein gjeng nordmenn idag, så me gikk siste delen fram mot lunsj heilt nede i elveleiet for å få litt trekk og skygge frå skogen. Flott landskap!

Etter lunsj ved elva i Imsker gikk me over eit lite pass på 200 høgdemeter ned til Imlil valley og Giten vår for natta. Sofie og Ole Jonni tok ein sviptur ned til flyplassen (3 timar) og henta baggen som endelig var kommen til Marrakech.

No har me ete kylling og couscos til middag og er klar for ei god natts søvn. Snorre diska opp med skrøner frå Ålesund traktene og Jakob song Erik Bye til oss etter middagen, så ingenting å sei på underholdninga!!

Over og ut

- Knut

 

MÅNDAG 7. OKTOBER

Dagen starta kl 09.15 frå hotellet i minibuss i 2 timar til Oukaimeden 2690 moh. Me gjekk opp til 2960 moh, der vart det ein liten pause, før me forsette fram lunsj som blei inntatt ute i det fri. Bagasjen blei plassert på muldyr for vidare transport. Nedstigninga til Tacheddirt var bratt og kronglete. Me var framme ca kl 17.30. Ingen skader så langt, og deltakarane er ved godt mot. Flott tur i fin temperatur.

- Bodhild

 1007

 

SUNDAG 6. OKTOBER

Dagens temperatur 37 grader.

Me har hatt ein fin rundtur i Marakesh, innom jødisk kvarter, presidentpallas og masse tronge handlegater. I desse gatene var  det eit yrande liv av folk, katter, høns, mopeder i ein grusom fart og med 2-3 stk. på kvart kjøretøy. Ein stor blanding av fantastisk kydderlukt, «ferskt» kjøtt, skinn, grilla mat med steikeos blanda med lukt av drivstoff!   

God lunch på Omar takterasse, roleg ettemiddag og kveld ved Chems hotell. Så var det denne bagen då: status; den er fortsatt ikkje kome til svars. Følgeleg blir det for eit par av oss ein handlerunde i morgon før me drar inn i fjellheimen. 

Følg oss vidare! 

Tosbeho al kheyr va ashufak bukra!

- Jorunn

1006b 3

1006b 3

1006b 5

1006b 5

(Foto over: Jorunn Johannessen / Foto under: Knut Horvei)

1006 3

1006 3

1006 6

1006 6

1006 6

 

LAURDAG 5. OKTOBER

Då har me ete middag/kvelds på Omar. Me manglar ein bag men den skulle komma på mandag, så håper me får tak i den før me stikk til fjells. Marrakech er hektisk men me koser oss!

- Knut


ATLASFJELLA 2019

I år arrangerer eg tre turar til Atlasfjella - det er ny rekord!

Dette er den tredje gruppa, og også denne er kjempestor... På laurdag flyr Reidun, John, Bodil, Snorre, Anett, Irene, Turid, Lars Ove, Lill, Jarle, Bodhild, Per Inge, Sofie, Ole Jonni, Sissel, Jakob, Jorunn og Aksel Ingvard sørover saman med turledar Knut Horvei.

Dette er ein sju dagar lang vandretur i Atlasfjella, som kanskje er meir variert enn dei fleste forventar. Atlasfjella er ikkje berre ørkenfjell sjølv om dei ligg på grensa til Sahara. Her finn du også alpine tindar som nesten kan måle seg med Alpane, både i høgde og majestetisk framtoning. På slutten av turen bestiger dei Jebel Toubkal (4167m), Nord-Afrikas høgaste fjell.

Men før dei reiser opp i fjella blir det også tid til utforsking av den eksotiske byen Marrakech som blant anna er kjent for sin intense og livlege marknadsplass, Djemaa El-Fna. Og etter fjellturen dreg dei til kystbyen Essaouira som er kjent både for si fantastiske badestrand og den heilt spesielle atmosfæren i gamlebyen. Til Essaouira slår også Ingeborg og Oddbjørn seg med.

På denne sida legg me ut dagbok undervegs.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)

atlasfjella 03 

atlasfjella 03

atlasfjella 03