DAGBOK ACONCAGUA 2011

 

Sjå bilete frå ekspedisjonen nederst på sida...

 

FREDAG 25. FEBRUAR

SMS frå Knut:
Då var me endeleg på veg i minibuss til mendoza etter ein 11,5 timars spasertur frå BC. Tungt, men det gjekk fint med alle. No er det dusj og seng...
(Tippar at det blir ein kald pils også...)

 

TORSDAG 24. FEBRUAR

Ei stormfull natt i Camp 2 på 5800 meter klarte ikkje å ta nattesøvnen frå ein sliten gjeng. Når ein våknar i denne høgda er ein omtrent like sliten som ein var kvelden før. Vel nede igjen i BC er det kvile og mat som står i hovudet på gjengen. I morgon prøver dei å gå heilt ut på ein dag. Det er ein ekstremt lang etappe, men dei lengtar nok så hardt etter sivilisasjonens gleder på dette tidspunktet at dei ikkje kjem til å ensa verken gnagsår eller ømme musklar. Og dei gledar seg vel også til feiringa i Mendoza kjenner eg gjengen rett...

 

ONSDAG 23. FEBRUAR

Då fekk eg akkurat den gledelege telefonen frå Knut: Alle nådde toppen! Knut sjølv måtte gi seg ved Indepedencia, men hans og Mickys jobb var å få dei andre opp, så mission accomplished... Under telefonsamtalen med Knut og Tor André høyrer eg korleis vinden riv og slit i teltet i bakgrunnen. Vinden tok seg opp kraftig i det dei kom ned igjen til telta. Fleire detaljar får eg forhåpentlegvis i morgo kveld når dei er nede i BC igjen. No kan dei nyta "seieren" og begynne å glede seg til kilos-biffen som ventar i Mendoza... GRATULERER!!!

 

TIRSDAG 22. FEBRUAR

Camp 2 nådd i god stil i ettermiddag. Knut fortel at formen er på topp hjå dei som nådde fram, men Knut S. måtte desverre hiva inn håndkleet i dag tidleg i Camp 1. Dei startar sannsynlegvis kl. 04 lokal tid i natt (kl. 08 i noreg), og dersom alt går "etter skjema" vil dei stå på toppen ca. 8 timar seinare. Men været er skiftande, i dag måtte fleire avbryte toppstøtet pga. sterk vind. Me får håpe den løyer til i morgo. Følg med her for oppdateringar.

 

MANDAG 21. FEBRUAR

No er toppstøtet i gang! I dag gjekk dei frå BC til Camp 1 og her er dei no heilt åleine. Dei er den siste ekspedisjonen på denne ruta i år. Værmeldingane ser strålande ut fortsatt, dette kan bli veldig bra... Ingen har problem på dette stadiet, dei har god apetitt, dei føler seg friske og raske og humøret var definitivt også bra då eg snakka med dei på satelitt-telefonen for få minuttar sidan. Følg med her kva som skjer dei neste dagane.

 

LØRDAG 19. FEBRUAR

"The bastard boys" er no nede i BC for å kvile. Ikkje spør meg kvar navnet kjem frå - forklaringa forsvant ut i verdensrommet på ei ustabil satelittelefonlinje... Men det handla tydelegvis om ein morsom språklig misforståelse mellom deltakarar og lokale guidar (den offisielle målforma under ekspedisjonen er ein blanding av nynorsk, bokmål, trøndersk, svensk, engelsk og argentinsk...). Men ellers har dei det bra! Det store samtaleemnet når ein slik ekspedisjon nærmar seg det store høgdepunktet - bokstaveleg talt - er været. Og det ser heldigvis lovande ut. Austlege vindar sørger for å halda den sterke vestavinden unna fjellet. No får me håpa dei brukar kviledagen i morgo bra, for frå og med mandag blir det tøffe tak.

 

FREDAG 18. FEBRUAR

Alt går på skinner med gjengen. I går var dei fleste heilt opp til Camp 2 på ca. 5800 meter med utstyr og i dag gjekk dei opp til High Col på 5300 meter. Det betyr at dei følger det opprinnelege akklimatiseringsskjemaet. For nokre dagar sidan var det snakk om å forandre litt på planen pga. eit lågtrykk som skulle komme inn over fjellet. Men no ser det veldig lyst ut med tanke på været framover også. Dette betyr forhåpentlegvis at for tredje gong på rad vil taktikken med å satse på toppstøt seint i februar bli ein suksess. I morgo går dei ned til Base Camp for å slappe av eit par døgn. Mandag går dei opp igjen til Camp 1, tirsdag går dei frå Camp 1 til Camp 2 og sjølve toppstøtet skjer på onsdag.

 

ONSDAG 16. FEBRUAR

I motsetning til på Kilimanjaro, er det akkurat no finvær på Aconcagua. Dei har slappa av i Camp 1 (5000m) i dag etter at dei overnatta her for første gong natt til i dag. I morgo går dei så langt opp mot Camp 2 dei føler er "bra" for kroppen, men går ned igjen til Camp 1 for å overnatte. Alle er friske og fine og begge gongene opp til Camp 1 har det gått rimeleg lett for heile gjengen. Det er eit godt tegn. No er det berre å håpe at lågtrykket som er meldt vil feia fort over fjellet mens dei er nede i Base Camp for å slappe av før toppstøtet. Dei vil gå mot toppen sannsynlegvis tirsdag eller onsdag i neste veke.

 

MANDAG 14. FEBRUAR

I går var dei opp til Camp 1 på ca. 5000 meter med utstyr. Det er også ein viktig del av akklimatiseringa, så dei oppholdt seg der oppe i nokre timar for å kjenna litt på den tynne lufta. Vêret har vore svært dårleg den siste tida, men no har vindretningen snudd så no ser det langt lysare ut framover. I dag har fleire av deltakarane fått seg ein primitiv dusj, og på menyen i kveld står ein skikkeleg argentinsk barbeque. Ikkje rart stemninga var høg i kveld!

 

Alle helsar heim til kjente og kjære!

 

LØRDAG 12. FEBRUAR

I går kom dei fram til Plaza de Argentina (4200m) ved foten av fjellet. Dette er altså Base Camp på Vacas-ruta og dermed basen for alt som skal skje vidare på fjellet. I Base Camp har deltakarane kvart sitt telt, slik at dei har litt privatliv på kviledagane. Dei har også ein kokk som sørger for servering og eit stort mattelt der dei kan nyta maten og ellers slappa av. Base Camp er litt luksus - i motsetning til det som skal skje høgare på fjellet! Ein vellykka ekspedisjon er heilt avhengig av at ein finn balansen mellom akklimatisering og restitusjon. For å nå toppen av eit verkeleg høgt fjell må du pushe kroppen til å tilvenne seg høgda, men dersom du droppar kviledagane og dermed restitusjonen vil det garantert gå dårleg på toppstøtet. Derfor er det viktig å vera "god" på å slappe av... Ein kviledag skal verkeleg vera roleg. Ein ting er å kvile kroppen fysisk, men det er også viktig å kvile psyken. Det er ingen tvil om at ein ekspedisjon til eit så høgt fjell er ein påkjenning også for hovudet. Mange tankar dukkar opp etter kvart som det nærmar seg toppstøtet. Spesielt dersom været er dårleg og ein ser vindane barbere snøen av toppen langt der oppe. Kva er det eigentleg ein har gitt seg i kast med? Derfor er det viktig å sysselsette seg med aktivitetar som f.eks. kortspel, yatzy, TP osv. Eller kanskje lesa ei god bok eller høyra på musikk.

 

Knut fortalte på satelitt-telefon at været har vore svært dårleg høgt på fjellet i år. Streng kulde og kraftig vind har gjort at få har nådd toppen i det siste. Men våre folk har det bra i Base Camp. Det er alltid slik når ein kjem fram til Base Camp på eit høgt fjell. Ein får høyra alle skrekkhistoriane om dårleg vær og mislykka toppstøt. Det er då det gjeld å tenka positivt. Etter drittvær kjem det alltid finvær.

 

TORSDAG 10. FEBRUAR

Knut ringte seint i går. Dei hadde hatt ein fin kvile og akklimatiseringsdag i Casa di Piedra i går, ein roleg tur oppover lia på østsida av dalen stod på programmet. Der var belønninga ein fantastisk utsikt mot Aconcagua. Heile fjellet var kvitt av snø, og dei har fått rapportar om at det er snø også i Base camp. Dei har hatt nokre regndråpar om kvelden nesten kvar dag, og dette kjem nok som snø i Base Camp og lenger oppe på fjellet. I dag går dei opp den dramatiske og bratte dalen som ledar opp til den store sletta ved foten av Aconcagua, der Base Camp er plassert.

 

ONSDAG 9. FEBRUAR

Knut ringte på satelitt-telefon frå Casa di Piedra seint i går kveld. Fekk ikkje snakka så mykje før forbindelsen braut, men alle har det bra, været er fint og dei kosar seg på tur. No går dei vidare til Base Camp, 4200m, der dei skal ha ein kviledag før dei begynner på sjølve fjellet.

 

TIRSDAG 8. FEBRUAR

I går starta dei på den flotte vandreturen inn til Base camp, Plaza de argentina, som ligg på 4200m. Dei skal gå Vacas-ruta, ikkje normalruta som heiter Horocones. Vacas er kjent for å vera mykje finare, både vandreturen inn til Base camp, og ikkje minst utsikta opp mot sjølve fjellet frå Base camp. Frå Vacas-dalen ser Aconcagua verkeleg ut som eit Himalaya-fjell, med breer som heng ned frå den skarpe toppen. Alt går bra og dei gledar seg veldig til å komme i gang. I dag går dei frå Pampa de Lenas inn til Casa di Piedra på omtrent 3200m. Der skal dei ha ein kviledag i morgon, før dei går vidare til Base camp på torsdag.

 

SØNDAG 6. FEBRUAR

God aften Norge! Da var 4 nordmenn og ein svenske endelig ankommet Mendoza etter ei passelig lang reise frå Bergen-Frankfurt - Buenos Aires - San Juan og til Mendoza. Me var 6 - 7 timar i Buenos på sightseeing og det var toppers. Fekk ein tur rundt i byen og sett på blant anna 'the pink house' (som eigentleg var rødt) , det var slottet der Evita stod på balkongen og sang i filmen med samme namn:) så bar det innom stadion til fotballaget Boca Juniors der me fekk sett an baneforholda og alle var einige i at det var betre enn brann stadion! Til slutt var me så klart innom den fargerike 'caminito' i bydelen Boca. Det er hus ved hamna i Buenos der alle er i fargerik maling. Det er også tangoens vugge. Det var fleire av turfølget som blei bydd opp til dans av stramme argentinske damer, men høflige (og edru) som me var , takka me fint nei:) no er det leggetid i Mendoza, i morgo er det litt byråkrati som må ordnast, før me sett kursen mot fjella. Over og ut, frå Knut.

 

ACONCAGUA 2011

Ein liten gjeng på fire deltakarar leda av Knut Horvei er no klar for å prøva seg på verdas høgaste fjell utanfor Himalaya. Aconcagua er 6962 meter høgt, og er også det aller høgaste fjellet sør for ekvator. Følg med her på oppdateringar etter kvart som ekspedisjonen nærmar seg målet. Oppdateringar kjem ikkje kvar dag, men me skal prøva å halda dei heim oppdatert om det som skjer på fjellet.

 

Les meir om detaljar og dagsprogram for ekspedisjonen.

 


NB! Vil du vera med i 2012? Ikkje vent lenge med å ta kontakt, det begynner å bli få plassar igjen.