DAGBOK JOSTEN PÅ LANGS 27. - 30. MAI 2015

 

 

LØRDAG 30. MAI


Gjengen kom ned att til sivilisasjonen i Fjærland litt før kl. 18 i kveld. Turen er over og Knut fortalte om ein nøgd og glad gjeng som verkeleg har fått oppleva alle typar vær og føre i løpet av dei tre dagane over breen - Vestlandet i eit nøtteskall altså! Snøen ligg mykje lenger ned i lia enn tidlegare år, så det var ein tøff siste etappe sidan det er så bratt at dei gjekk på beina med skia på sekken. Ein stor takk til bærarane våre, Håkon og Håkon, som har gjort grovarbeidet oppe på breen med å transportera leirane fram og attende mellom dei to leirane for begge turgruppene som har gått over Jostedalsbreen den siste halvanna veka. Takk for at du fulgte med på denne nettsida undervegs, dersom du har lyst å bli med over Josten neste år så går den frå 19. - 22. mai. Les meir her.
- Jarle

 

 

 

FREDAG 29. MAI


SMS via satelitt frå Knut i kveld:
bings gryte. alt ok. flott dag. 24 km. flott vær i kveld. lite vind. elg til middag.

 

Oversatt til "normal" dagbok-stil blir dette:
Me ligg no ved Bings Gryte, ein imponerande vindformasjon på det smalaste punktet på heile Jostedalsbreen. Alt går fint med alle sammen. Me har hatt ein flott dag og gått heile 24 kilometer. Flott vær i kveld og det er ikkje mykje vind. Me kosar oss med elgsteik i det gigantiske messeteltet vårt.

 

- Jarle

 

 

TORSDAG 28. MAI


I går ettermiddag møttes gjengen i Fjærland og overnatta i hytter på Gjerde camping i Jostedalen. I dag var dagen for den første etappen og som på turen i forrige veke varta ikkje Vestlandet opp med det typiske fine maiværet denne gongen heller - skyene hang godt ned i fjellsidene og regnet gjekk over til snø på ca. 1000 moh. Føret vart derfor tung oppover den bratte lia mot Jostedalsbreen. Men no er dei gode og mette etter at Håkon og Håkon hadde middagen klar i "Himmelleiren". Kyllinggryte og sjokolademousse til dessert - trur ikkje det har blitt servert så ofte på Jostedalsbreen før... Leiren ligg på 1680 moh. Det blir nok ikkje shorts-forhold dei neste par dagane heller, men det ser i alle fall ut til at dei kan få kjenne litt på sola. Følg gjerne med på dette kartet kvar dei er til ei kvar tid, dei starta altså dagens etappe med å gå opp rett nord for Fåbergstølsbreen frå Stordalen innerst i Jostedalen.
- Jarle

 

 

SUNDAG 24. MAI


Akkurat no er den første gruppa vår på veg over Jostedalsbreen. Om få dagar startar neste gruppe. Inger Lise, Knut, Bodil, Terje, Hilde, Marit, Kari, Marianne og Heidi skal gå fastlands-Noregs største bre på langs.

 

Det kjem nok til å bli litt navneforvirring undervegs. Dei to turledarane heiter nemleg Knut og Knut, mens bærarane heiter Håkon og Håkon...

 

Været skapar litt utfordringar for den første gruppa vår, dei har (i følge værmeldingane) opp mot 13 sekundmeter rett i mot i dag. Men heldigvis ser det ut som det skal bli betre vær framover, med lite vind og sannsynlegvis gløtt av sol.

 

Følg med på denne sida når turen startar på onsdag for å oppdatera deg på kva som skjer på turen.

 

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 


Bilete frå tidlegare turar (Foto: Knut Horvei og Jarle Trå)