DAGBOK JOSTEN PÅ LANGS 22. - 25. MAI 2015

 


Sjå Liv Sylvi Meyer sine fine bilete frå turen:

 



























 

 

MANDAG 25. MAI


I dag fekk dei endeleg kjenne litt på sola, og sjå litt av dei imponerande viddene dei gjekk over. Den siste dagen på denne turen er prega av nedoverbakkar. Først slakt nedover Flatbreene, så litt brattare ned mot Flatbrehytta. Til slutt vert det skikkeleg bratt nedover lia mot Fjærland. Men her tek ein av seg skiene, det er det enklaste. Snøen låg eit par hundre høgdemeter lenger ned enn tidlegare år, så det var ein tøff etappe sjølv om det gjekk nedover. I våt vårsnø søkk ein gjerne ned til livet, i alle fall med forholdsvis tung ryggsekk på seg. I 18-tida var dei nede ved bilane i Fjærland. Imponerande innsats! Sjekk innom her om ein dag eller to, kanskje får eg lagt ut nokre bilete frå turen.
- Jarle

 



Foto: Knut Horvei

 

 

SUNDAG 24. MAI


Knut ringte då dei passerte Ramnane. Alt har gått fint, sjølv om vinden har ruska litt i dag. Sikta er fortsatt null - så utsikta er det så som så med... Men i morgon er det håp om litt betre vær. Vinden skal i alle fall roa seg heilt ned. Dei satsa på å gå vidare til Bings gryte og setta leir der. Bings gryte er eit stort hol, eller ei gryte, i breen - skapt kun av vinden. Det varierer frå år til år kor stor den er, alt etter kor kraftig vind det er om vinteren, og kva retning den har. I morgon går dei siste etappe end til Fjærland. Forhåpentlegvis får dei sett litt av terrenget dei går gjennom før dei kjem ned i dalen.
- Jarle

 

 

LØRDAG 23. MAI


KVELD:
Knut ringte frå satellittelefonen i kveld og i bakgrunnen kunne eg høyra primusane som freste travelt opptatt med å smelte snø. 60-70 liter vatn treng dei kvart døgn - det er over ein halv kubikkmeter med snø som skal opp i grytene... Dagens etappe var prega av 40 cm. nysnø (!!) og dårleg sikt. Dei jobba seg sakte men sikkert oppover den lange motbakken, og ligg no i den første "Himmelleiren" rett aust for Kjenndalskruna (1830m). Følg gjerne med på dette kartet kvar dei er til ei kvar tid, dei starta altså dagens etappe med å gå opp rett nord for Fåbergstølsbreen frå Stordalen innerst i Jostedalen. Då dei kom til depotet lasta Håkon og Håkon alt utstyret på pulkbretta og drog det over breen fram til der dei etablerte leiren. Det neste døgnet skal vinden auke på litt, opp mot 10-12 sekundmeter frå sør. Det blir ein utfordring sidan dei må gå rett mot vinden, og det kjem sannsynlegvis til å føyka litt også, sidan det ligg så mykje nysnø der oppe. Men Knut er optimist, han sa det er ein svært sterk gjeng. Fordelen med å vera så mange er i alle fall at dei kan byta på å trakke spor. No lagar dei elgsteik til middag - sikkert Noregs høgaste gourmet-måltid i kveld!
- Jarle

 

MORGON:
Kl. 08:00 i dag var gjengen klar til å starte første etappen på turen over Jostedalsbreen. I går møttes dei i Fjærland og vart transportert i samla flokk til Gjerde i Jostedalen. Knut og Annichen gjekk gjennom dei siste detaljane, det er mykje å hugse på. Ikkje minst er det viktig å ikkje ha med seg for mykje på turen - det er ein lang motbakke dei skal gå i dag... Håkon og Håkon brukte dagen til å frakte utstyr opp til depotet der eg hadde satt igjen to bører dagen før, så no ligg alt av telt, kokeutstyr og mat lagra på 1600 moh. Værmeldingane er "spennande" for dei neste dagane, dei kjem til å få både nedbør og vind, men også forhåpentlegvis litt sol. Kryss fingrane for at det blir mest sol. Følg med her for oppdateringar dei neste dagane.
- Jarle

 

 

SKITUR OVER NORGES TAK


I år er det to store grupper som skal gå den legendariske skituren over Jostedalsbreen. På fredag ettermiddag møtes Anne Mari, Gro, Marianne, Tordis, Ingegerd, Martin, Liv Sylvi, Anne-Brith, Elisabeth, Harald, Eva, Berit, Einar og Britt. Dei vil dei neste tre dagane gå frå Fåbergsstølen til Fjærland.

 

Knut og Annichen ledar gjengen over isen, mens Håkon W. og Håkon B. har den tøffe jobben som bærarar. Dei fraktar utstyret i pulk fram og attende mellom dei to leirane oppe på breen. Når me har to turar på rad slik som me har no vert det fleire gonger fram og tilbake oppe på breen på dei to. Det er nok ikkje så mange som oppheld seg oppe på Jostedalsbreen i 8-9 dagar på rad...

 

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Knut Horvei og Jarle Trå)