DAGBOK ATLASFJELLA 21. SEP. - 5. OKT. 2017

 

FREDAG 6. OKTOBER

Siste post til dagboken fra Atlasfjellene: Turfølget som var med Jarle Traa til Atlasfjellene har akkurat kommet tilbake til Norge. Atlas var en mektig naturopplevelse, og det marokkanske folk har fått oss til å føle oss svært velkommen. Vi vil gjerne takke Brynjulf for turen og ønske han en super bursdagsfeiring på toppen av Jebel Toubkal ? Gratulerer med rund dag Brynjulf!
- Hilsen Henriette og resten av turfølget

6 1

6 2

 
TORSDAG 5. OKTOBER 

Sender over bilde frå avslutningsmiddagen på Zaras Grill i går kveld. Vi har tatt farvel med Marokko og kvarandre og er no på veg heim til kvardagen rike på opplevingar og gode minne ! Kjekk gruppe å vere på tur med. Takk for ein fin tur og takk for oss for denne gong ?

Mvh Aase Britt og co

5 1

 

TYSDAG 3. OKTOBER

Ei lita oppdatering frå gjengen . Essaouira er ein sjarmerande liten by med ei kjempeflott sandstrand som vi håpar å få nyte litt meir før vi reiser heim.Det var litt  kald vind første dagane, når vinden stilna kom skodda.. .  Gårsdagen baud på store opplevingar for Games of Thrones-fansen i gruppa. Delar av serien( sesong3) har vore spelt inn i Essaouira. Jentene kom tilfeldig inn på ein restaurant/ hotell der det openberra seg mange kjende sceneeffektar frå serien, kelneren hadde vore med som skodespelar og dei sette på  filmmusikken til ære for jentene frå Norge. Kort og godt magisk! Andre av oss tok ein ridetur på dromedar , noko som heller ikkje er daglegdags for trauste vestlendingar. Men vi syns vi passa  godt inn. Shopping i medinaen høyrer også med, eller rett og slett berre gå rundt og glo! Vertskapet på Hotel Riad Zara er veldig hyggelege og hjelpsomme folk, vi blir tekne hand om på beste måte.  Maten på dei to restaurantane på hotellet er kjempegod, vi anbefalar å gå der! Om sola no vil kome fram att ville alt ha vore perfekt !

- Aase Britt ?

3 3

3 3

3 3

3 5   
3 5

Location of Game of Thrones ?

 

FREDAG 29. SEPTEMBER

Etter frukost tok vi avskjed med våre gode hjelparar på vandreturen. Guidane Mostafa og Omar og dei andre hjelpsomme  karane som jobba på seint og tidleg med matlaging , tilsyn med muldyra og bagasjetransport , bidrog alle til at turen vart ei så flott oppleving for oss. Etter ein times spasertur kom vi til Imlil,  fjellhovudstaden i Atlasfjella. Her bur vi på riad Dar Imlil og nyt det gode liv i luksuriøse omgivnader. Staden må opplevast ! Ein viss teppehandlar gnir seg nok  i hendene etter besøk av ein gjeng nordmenn. Nokre av oss er  usikre på om vi gjorde ein god deal, då ikkje alle er like fortrulege med kunsten å prute. No er vi klar for fin middag på hotellet før vi i morgon tidleg tek avskjed med fjella og set kursen mot Essaouira. Der blir det truleg  late dagar med  sol,varme og strandliv. Blir bra det også. Tusen takk til Brynjulv som stødig og trygg turleiar, og god tur til han  neste veke med ny gruppe i våre fotspor.
- Aase Britt

 

TORSDAG 28. SEPTEMBER

Alle på toppen!

Dagens melding frå Giten i Around:
Dagen starta med vekking kl 04.00 på fjellhytta. Etter ein god frukost med havregraut og brød, bar det til fjells med hovudlykt kl 5.30. Moustafa ville tydelegvis ha oss gjennom steinurda i mørke, så ingen skulle bli skremde (eigen tolking). Vi hadde eit jamt "seg" oppover som Brynjulv var godt fornøgd med. Likevel var det knapt nok til å halde normal kroppstemperatur i den kalde vinden. Himmelen var stjerneklår og grålysninga openberra seg i fjellveggen bak oss som gradvis vart raudare, heilt til vi kunne slå av lyktene i botnen over urda. På toppryggen var bakken frosen, men det var kun heilt på toppen det låg igjen snø frå forrige natt vi hadde i Around, då det regna godt. Før 4 timar var passert stod alle på toppen og gratulerte og klemde kvarandre. Masse bilder av ulike kombinasjoner med folk seinare starta returen frå Jbel Toubkal 4167moh. Høgste fjellet i Nord Afrika kan kryssast av på lista! Lunsj på fjellhytta kl 13 før nasa vart sett ned att mot Around. Det har vore ein lang dag når vi no har innlosjert på same romma som for 2 dagar sidan. Ekspedisjonslege Dr. Nielsen har gått sin siste runde og har avslutta sitt oppdrag på denne turen. No kosar vi oss i salongen medan vi ventar på dagens Tajine.
- Svein

mms img3575619700

mms img3575619700

 
ONSDAG 27. SEPTEMBER

Starta dagen med overskya ver etter ei natt med heftig regnver. So bar det oppover i 5 timer. Lunch ved ankomst. Deretter alle inn på eit rom. Heldigvis har Stine ørepropper til alle. Eg og Svein var ein tur til topps og det var fine forhold med litt snø. Alle pakker sekk til morgendagens anstrengelse. Alle er i fin form og klare for toppen. Me startar kl 0600. Alle er klarert av Dr. Nielsen (brennevin)

- Brynjulv

 

TYSDAG 26. SEPTEMBER

Overskya dag med nokre få regndråpar. Fint turver. Over passet mot Imlil og lunch under et valnøttre. Heile familiar med på valnøttplukking for eksport før jul. Overnatting på vår vanlige gite i Around. Planer for morgendagen og toppstøt. Auka spenning i gruppa. No går det berre oppover......

- Brynjulv

 

MÅNDAG 25. SEPTEMBER

Starten på dagens etappe opp til Tizi Oussem gjekk som ein leik etter himmelsk hammanbad og ei god natts søvn i Imi Oughlad. Vi fekk helse på store geiteflokker og Norun og Brynjulf fekk tøffe seg med slangar. Lunchen inntok vi i idylliske omgivelser der fotbad var eit svalande høgdepunkt. Vi lever enkelt, men matmessig heilt på høgde med det beste i utlandet. På dagens gite vanka det lekre pannekaker som velkomstmat, som vi saman inntok med vår gode og trufaste følgesvenn Dr. Nielsen.

Sveitt helsing frå Norunn og Anna

 

SUNDAG 24. SEPTEMBER

Dei går no gjennom frodige dalar og over høge fjellpass mellom golde ørkenfjell. I ettermiddag kom dei fram til den vesle landsbyen Imsker som ligg ca. 1300 moh. Der tar dei inn på ein gite, som dei små lokale overnattingsstadene i fjellet blir kalla. Der får dei servert lokal mat, bøndene i fjellområda her driv med geit, sau, samt frukt og grønnsaker, så det er mykje gode råvarer å ta av.

- Jarle

Dagen startet med strålende vær øverst i Imenane dalen, i Marokkos høyest liggende landsby. Gruppen har allerede blitt kjent med hvrrandre etter å ha sovet på 7 manns rom, på madrasser tett i tett. Praten har gått lett, og før vi visste ordet av det hadde vi passert 5 landsbyer og inntok elvebredden nederst i dalen hvor vi fikk servert et herremåltid. Vi passerte to pass før vi kom ned i Imlil. Gleden ble stor når den lokale cafeen serverte kald cola på glassflaske! Brynjulf har foftalt at dagens overnattingsplass har gode dusjfasiliteter, så nå er moralen svært høy! Cola-skål fra Imlil.

- Henriette

24 1

 

LØRDAG 23. SEPTEMBER 

Fjellturen er i gang...

22 1

 
FREDAG 22. SEPTEMBER

Gjengen er på plass i Marokko og har i dag kosa seg med sightseeing på dei største turistattraksjonane i Marrakech. Knallvær og varmt i følge Brynjulv. I kveld skal dei besøka Djema el Fnaa, den berømte og eksotiske marknadsplassen i Marrakech. I morgon startar fjellturen... det marokkanske eventyret er i gang!

- Jarle

21 2

21 2

21 3 
ATLASFJELLA 2017

Så er det igjen klart for vår eksotiske hausttur til Marokko! Ein sju dagar lang vandretur i Atlasfjella som kanskje er meir variert enn dei fleste forventar. Atlasfjella er ikkje berre ørkenfjell sjølv om dei ligg på grensa til Sahara. Her finn du også alpine tindar som nesten kan måle seg med dei i Alpane, både i høgde og majestetisk framtoning. På slutten av turen bestiger dei Jebel Toubkal (4167m), Nord-Afrikas høgaste fjell.

Men før dei reiser opp i fjella blir det også tid til utforsking av den eksotiske byen Marrakech som blant anna er verdenskjent for sin intense og livlege marknadsplass, Djemaa El-Fna. Og etter fjellturen dreg dei til kystbyen Essaouira som er kjent både for si fantastiske badestrand og den heilt spesielle atmosfæren i gamlebyen.

No førstkommande torsdag flyr Mona, Svein, Britt Dagmar, Sissel Marie, Aase Britt, Anne Irene, Norunn Marit, Eva, Henriette og Stine sørover saman med turledar Brynjulv Eide. Dette blir Brynjulvs åttande tur til Atlasfjella, så han kjenner dette området betre enn dei fleste...

På denne sida legg me ut dagbok undervegs - forhåpentlegvis klarar dei å senda oss ein oppdatering stort sett kvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)

atlasfjella 3 7

Atlasfjella 200

Atlasfjella 200

Atlasfjella 200

Atlasfjella 200

Atlasfjella 200

Atlasfjella 200