DAGBOK JOSTEN PÅ LANGS 15. - 18. MAI 2014

 

 

SUNDAG 18. MAI


Sjølv om vær og føre gjorde at turen over Josten måtte avbrytast, har dei hatt ein flott alternativ dag i dag. Dei starta med eit besøk på Breheimsenteret i Jostedalen, og deretter ein flott fottur inn til Nigardsbreen. Dei hadde med drikke og noko å ete og koste seg som dei einaste besøkande i det imponerande landskapet framfor breen. Veit du forresten grunnen til at breen har fått navnet Nigardsbreen? På 1700-talet opplevde ein ein lang periode med kulde og nedbør som gjorde at denne perioden seinare har blitt omtala som den vesle istida. Brearmen rykka fram i ein voldsom fart heilt fram til i 1748 då den endeleg begynte å trekka seg attende. Då hadde den knust i alt ni gardar. Kan tenka meg at det var ein nervepirrande periode for han som eigde gard nummer ti...
- Jarle

 








(Foto: Knut Ådne Findreng)

 

 

LØRDAG 17. MAI


Det vart dessverre ikkje 17. mai-tog sørover breen i dag. Med vind opp i 11 m/sek og utsikter til 15 m/sek i morgon hadde det blitt svært tøft å legga ut på den lange turen over breen. Turledarane tok derfor beslutninga i dag tidleg å gå ned att samme vegen som dei kom, via Fåbergsbreen. Eg høyrte verkeleg korleis vinden tok i telta då eg snakka med Knut på satelittelefonen tidlegare i dag. Slik er det av og til, værgudane nyttar det ikkje å kjempa mot. Om dei ikkje får gått breen på langs så har dei i alle fall kryssa den på tvers - to gonger!
- Jarle

 

 

FREDAG 16. MAI


Etter ein lang etappe kom dei i kveld fram til leiren oppe på breen - "Himmelleiren". Det var whiteout og vind det siste stykket så dei gjekk på gps og kompass for å finne leiren. I kveld lagar bærarane reinsdyrsteik til gjengen... fortjent etter ein tøff etappe. Dei tilbakela det meste av stigninga i dag, i morgon er det ein lang etappe, men nesten flat - i alle fall til å vera på Vestlandet. Værmeldingane er betrakteleg betre for morgendagen, så kanskje Norges høgaste (?) 17. mai-tog får bruk for solkremen. Men det blir også forholdsvis kraftig motvind, så flagget - om dei har det med - kjem til å blafra godt...
- Jarle

 

 

TORSDAG 15. MAI


Årets to turar over Josten er ein god illustrasjon på korleis været kan skifta på Vestlandet. På den første turen, som vart avslutta for to dagar sidan, hadde dei strålande varmt vær heile tida. Før den andre turen har me i dag måtta legga om planane pga. værmeldingar som tilseier vind opp i 18 m/sek og snøskredfare... dette er Vestlandet i eit nøtteskall! Pga. av at den lange motbakken som blir kalla Brattebakken opp frå Bødalsetra nærmar seg 30 grader nokre stader, og at det i natt kan legga seg så mykje som 20 cm. nysnø der kombinert med sterk sørvestleg vind, har me beslutta å endra startpunktet til andre sida av breen. Dvs. at etter at gjengen møtte i Fjærland i ettermiddag, vart dei køyrt til Gjerde i Jostedalen i staden for Bødalsetra i Loen. Fordelen med dette er at motbakken i morgon ikkje er utsatt for snøskred. Dei bur i to store og fine campinghytter i natt. I morgon går dei opp til leiren som er den samme som for den første turen. Bærarane blir nøydd til å bære opp endå kraftigare telt, sidan det er meldt ein god del vind også dei neste dagane. Men heldigvis skal det bli betre og betre vær, og lørdag og søndag kan bli svært bra, sjølv om vinden ikkje slepper taket. Når eg snakka med Knut Ådne for få minuttar sidan var rømmegrauten akkurat ankomme, me satsar på at den skal gi kreftene som ein treng for å gå den lange etappen opp på breplatået i morgon.
- Jarle

 




To store hytter har gjengen å boltra seg i. Dei neste to nettene blir det nok trongare, kaldare og meir vindfullt - men kanskje likevel like koseleg... (Foto: Knut Horvei)

 

 

MANDAG 12. MAI


På torsdag startar årets andre Josten på langs-tur. Kari, Liv, Åse-Marit, Turid, Hilde, Rolf, Harald, Marit og Johanna blir leda over den store bre av Knut Ådne og Knut, mens Isak og Håkon har den tøffe jobben med å bære fellesutstyret opp og ned dei lange motbakkane i starten og på slutten av turen. Dei fraktar også utstyret i pulk fram og tilbake mellom dei to leirane oppe på breen. Når me har to turar på rad slik som me har no vert det fleire gonger fram og tilbake oppe på breen på dei to. Det er nok ikkje så mange som oppheld seg oppe på Jostedalsbreen i 8-9 dagar på rad...

 

Turen startar på Bødalsetra i nord og endar i Fjærland i sør. Dersom du vil følge med på kvar ruta går, sjå dette kartet.

 

Les alle detaljar om turen her

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 


Bilete frå ein tidlegare tur (Foto: Knut Horvei, Øyvind Birkeland og Jarle Trå)