DAGBOK ATLASFJELLA 14. - 28. september 2019

 

LAURDAG 21. SEPTEMBER

Alle til topps!

Kl. 08:15 i dag tidleg stod alle på toppen av Jebel Toubkal, Nord Afrikas høgaste fjell. Eg får sikkert fleire detaljar frå gjengen i kveld, når dei kjem ned i sivilisasjonen att.

- Jarle

Toppstøyt! Frukost 04.00, starta kl. 04.30. Stjerneklart og forholdsvis mild lufttemperatur, men kaldt pga kraftig vind. Godt sig oppover. Alle på toppen etter 3.45! Var ein halvtime på toppen som me hadde for oss sjølve. Gjekk fort nedover, så 6 timar totalt. Lunsj ved ankomst, deretter ein liten time på puta. Deretter raskt ned til Around med 2 juice/cola stoppar undervegs. Veldig god stemning heile dagen.

- Frode

(Foto: Vidar Volden)

0921 Vidar

 

FREDAG 20. SEPTEMBER

Roleg start på dagen med avreise 09.30, retning Refugio Toukal, 3207 moh. Dei 1250 høgdemetrane gjekk i godt sig oppover, med lunsj ved Imi Imfrit på ca. 2800 moh. Framme kl. 15. Lett overskya og ein del vind. Alle er i god form, og særs klare for toppstøytet i morgon tidleg!

- Frode

(Foto: Vidar Volden)

71532189 10156905471588878 8975330941002055680 n

71532189 10156905471588878 8975330941002055680 n

71532189 10156905471588878 8975330941002055680 n

71532189 10156905471588878 8975330941002055680 n

71532189 10156905471588878 8975330941002055680 n

71532189 10156905471588878 8975330941002055680 n

71532189 10156905471588878 8975330941002055680 n

x71224928 10156905473158878 1640817767818985472 n

 

TORSDAG 19. SEPTEMBER

Avreise kl. 09 og framme ved fossefallet etter 2,5 timar. Stor stas med kjøp av nypressa juice begge vegar. Deretter over Tizi n'Mzik passet og lunsj like nedanfor. Framme ved Aroumd kl. 17.15. Jamnt flott tempo heile dagen, strålandes ver med eit lite drag i lufta og alle i kjempehumør. I morgon går turen til basecampen før toppstøytet neste dag. Dette lovar bra!

- Frode

 

ONSDAG 18. SEPTEMBER

I gang kl. 08.30 etter nok ein god frukost. Fint og jamt tempo til Tizi'n Tacht pass. Nesten 2 timar lunsj/siesta før me kom fram til Tizi Oussem kl. 14.30. Eit par stive leggar etter tre dagar på fjelltur, men særs god stemning! Strålandes ver i dag og, men heldigvis eit lite drag i lufta i dag og.

- Frode

 

TYSDAG 17. SEPTEMBER

God frukost på terrassen med blant anna pannekaker og egg kl. 08.30. Rusla kl. 09.30 nedover dalen med tedrikking i hjå dei lokale.

God lunsj i skuggen ved elva like før Arg. Her vart det til og med ein liten siesta med høneblund og snorkelydar. Runde 1 med hamstring av cola, chips ++ på ei lokal sjappe. God del på grusveg men deretter over på sti over passet og ned til Imi Oughlad for overnatting. Men rett før me kom fram til overnattingsplassen, ny runde med chips og brus på lokal sjappe.

Framme 17.30, 8 timar totalt, men mange gode pausar. Middag 19.30. Flott ver, men heldigvis litt overskya innimellom. Alle ved godt mot!

- Frode

 

MÅNDAG 16. SEPTEMBER

Etter nok ein god frukost på hotellet vart det avreise kl. 09.30. Kom til Oukaimeden. Køyrde bilen til eit utkikkspunkt der me kunne sjå Jebel Toukal , 4167 moh, tusla deretter ned att til ein fantastisk lunsj. Ca. 300 høgdemeter oppover i slak stigning, ca. 1.15, til passet på 2928 moh. Deretter ned til Tacheddirt, overnattingsplassen. Gjekk fint nedover lia, vel 3 timar frå me starta etter lunsj. Middag 19.30. Hassan, vår lokale guide, var ikkje heilt i form, fekk Paracet av meg. Mykje fotoknipsing og god stemning, alle i god form. Alle er imponert over den flotte naturen.

- Frode

 

SUNDAG 15. SEPTEMBER

Etter frukost var det sightseeing i Marrakech. Guiden møtte oss kl. 09 på hotellet. Høgdepunktet var Pharmacie som er apotek med utall av urter og medisiner. Me fekk i tillegg massasje og det vart hamstra stort av urter og kremer som lindrar det meste - til stor latter.

Etter lunsj var det eigentid som vart nytta til å slappa av ved bassengkanten, vitja marknadsplassen med blant anna slangetemmarar og berre rusla rundt i byen og ta til seg alle inntrykka. Rusla frå hotellet kl. 19.30 for ein betre middag med musikk og magedansing. Marrakech er utvilsomt eit fyrverkeri av ein by, og no er me alle klar for å innta fjella i morgon. Topp stemning og alle er i god form.

- Frode

0915 5

0915 5

0915 5

0915 5

0915 9

0915 9

 

LAURDAG 14. SEPTEMBER

Frå Voss 06.45 til Flesland. Fly kl. 10.35. Møtte dei 7 andre på gaten på Gardermoen som avtala. 0,5 t passkø. Hassan og Houssein tok oss med til hotellet. Blid gjeng, god middag på Omar med trivelege Hassan! God start!

- Frode

0914

 

PRIVATTUR TIL ATLASFJELLA - KLAR FOR AVREISE!

For nøyaktig fem år sidan reiste ein stor vennegjeng frå Hauge i Dalane til Peru, og fekk sammen med Tito oppleve Inka Trail, Machu Picchu, Amazonasjungelen og alle dei andre fantastiske opplevelsane som ein får på den turen. Det ga tydelegvis meirsmak - og i år reiser fleire av dei på  ein tilsvarande tur til Atlasfjella i Marokko.

På laurdag flyr Bess, Jan Ove, Siv, Vidar, Anne, Brian og Odd til Marrakech. Turledar Frode Atterås ledar dei sammen med våre eminente lokale guidar gjennom ein sju dagars trekking-tur som endar med bestigning av Jebel Toubkal (4167m), det høgaste fjellet i Nord-Afrika. Dei skal også få oppleve eksotiske Marrakech på nært hald, og dei fleste avsluttar turen med nokre dagar i Essaouira - kystbyen som både har fantastiske strender, men også er ein flott stad for dei som vil oppleve autentisk kultur.

På denne sida legg me ut dagbok undervegs - forhåpentlegvis klarar dei å senda oss ein oppdatering stort sett kvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Brynjulv Eide og Jarle Trå)

atlasfjella 03

atlasfjella 03

atlasfjella 03