DAGBOK KILIMANJARO 13. - 24. februar 2018

 

MANDAG 19. FEBRUAR

På veg ned att frå Afrikast tak akkurat no:

IMG 3757

Det har nesten ikkje skjedd før at me har fått sendt ut bilete frå sjølve toppstøtet...  Brynjulv og Knut melder om ein flott dag der totalt 21 av 24 på dei to gruppene nådde toppen. Kjempeinnsats frå alle sammen! Kaldt, men fint vær. Dei hadde ein kjempeopplevelse i det sola klatra over horisonten - soloppgangen på Kilimanjaro er noko ein seint gløymer! Reknar med fleire detaljar frå toppstøtet etter kvart. No slappar dei av nokre timar i toppleiren før dei går 1000 høgdemeter til nedover fjellet til Millenium Camp. Det blir siste natta i sovepose før dei er nede att i sivilisasjonen i morgon.

- Jarle

  

SØNDAG 18. FEBRUAR

Dei er no framme i Kosovo, den øverste leiren på Machame-ruta. No er dei på heile 4860 moh. og det er frå denne leiren toppstøtet startar i kveld. 1000 høgdemeter rett opp den bratte topp-kona av vulkanen. Men sjølv om det er bratt går stien i fine slynger att og fram og er stort sett god å gå – både opp og ned. Den siste halvtimen går dei på sjølve kraterkanten fram til det høgaste punktet, Uhuru Peak (5895 moh). Alle er no godt akklimatiserte, men nokon slit litt med magen – det er tydleleg at det går eitt eller anna i gruppa, og til og med turledarane har vore borti det. Men me satsar på at alle er sterke og i toppform i natt. Dei startar ved midnatt lokal tid og vil vera på toppen tidleg i morgon – sannsynlegvis vil dei få soloppgangen omtrent i det dei står på toppen. Grunnen til at dei går om natta er ikkje først og fremst for å få soloppgangen på toppen, men fordi stien er best å gå på når den er frosen, og fordi temperaturen på dagtid sjølv mellom 5000 og 6000 moh. er så høg at det hadde blitt svært varmt. Rekn med oppdatering her på morgonen/formiddagen – eg oppdaterer så fort eg høyrer frå dei. Kryss fingrane – dette blir spennande.
- Jarle

(Bilete frå Kosovo Camp og toppstøtet på ein tidlegare tur)

kilimanjaro 07

kilimanjaro 07

 

LØRDAG 17. FEBRUAR

Den eine gjengen før start i dag tidleg. Litt skodde men det er normalt og forhåpentlegvis lettar den når dei startar å gå slik at dei får flott utsikt undervegs til Karanga.

Bilde0254 copy

 

FREDAG 16. FEBRUAR

Dei er no i Barranco etter ein lang dags ferd frå Shira. Dette er den lengste etappen om ein ser bort frå sjølve toppstøtet. Evelyn måtte dessverre avbryte før dei starta i dag tidleg og returnere ned igjen til Moshi. Dei er no over regnskogen og har ein fantastisk utsikt ut over det afrikanske flatlandet langt der nede. Våre afrikanske kokkar diskar opp med måltid som ville fått sjølv ein hotellkokk til å bli imponert – speilegg, pølser, brød, frukt og havrevelling til frukost. Varm lunsj evt. ein innhaldsrik lunsjpakke undervegs på dagsmarsjen. Og forrett og hovedrett til middag. Servitørar serverer og eigne oppvaskarar tar seg av den jobben… Dette er engelsk ekspedisjonsstil på sitt beste. Men det er likevel ingen luksuriøs opplevelse å bestige Kilimanjaro. Du må faktisk gå sjølv! Og du bur «primitivt» i telt, og kanskje litt trongt (i alle fall om du er over 1,90…). Men alt dette er gløymt når ein ser den fantastiske solnedgangen, eller når ein ser Kilimanjaros breer fløymer nedover kratersidene mot stien der du går. Barranco er kjent for å vera den leiren der det er størst sjanse for å merke noko til høgda. Dette fordi kroppen no jobbar hardt for å tilpasse seg – det me kallar å akklimatisere. Men for dei som merkar det i kveld går det heldigvis som regel fort over, etter berre nokre timar føler ein seg langt betre. Barranco er kanskje også den mest dramatisk beliggande leiren sidan den ligg nede i ein stor dal som vart danna då ein stor del av toppmassivet raste ut for 200 000 år sidan. Machame-ruta er i det heile tatt den mest varierte og spektakulære ruta på fjellet. I morgon går dei vidare til Karanga, ein etappe som er berre rundt halvparten så lang som dagens. Så dei som syns dagens etappe var tøff vil sannsynlegvis få ein langt enklare dag i morgon. Brynjulv melder om at været er flott (bortsett frå eit par regndråpar i formiddag) og humøret er på topp.

- Jarle 

 

TORSDAG 15. FEBRUAR

Knut melder at alt står bra til - flott vær og varmt på fjellet. Fekk dette biletet frå starten av dagens etappe rett over Machame camp:

Resized IMG 3728 1518

 

TYSDAG 13. FEBRUAR

Jambo jambo ! Då er me vel framme. Var gode 25 grader på flyplassen, gjekk greitt der. Manglar 2 baggar. Dei skulle komme i morgo, så det ordnar seg. Trivelige folk på begge grupper, god stemmning. Felles info og middag på Aishi. Gått til sengs no. Guidane seier været har vore bra på fjellet, litt varmt i det siste. Avreise ca 10:00 frå Aishi i morgo tidleg!

- Knut

 

KLAR FOR AVREISE TIL AFRIKAS TAK!

Langt sør på det Afrikanske kontinentet står det eit gigantisk fjell heilt åleine. Ein vulkan som ragar 5000 meter over landskapet rundt seg - og heile 5895 meter over havet. Det er kanskje det som skiller Kilimanjaro mest frå dei fleste andre fjell i verda - at det ikkje er ein del av ein fjellkjede. Planteliv og dyreliv er også heilt spesielt. Fjellet står nesten på ekvator så her er det regnskog heilt opp til 3000 moh. Dei skal faktisk gå gjennom dei fleste klimasonar som eksisterer på planeten vår.

Ei kjempestor gruppe er klar for årets februartur til Afrikas tak. Faktisk så stor at me har delt den i to grupper...

Bodil, Snorre, Malene, Sondre, Andrine, Hanne, May-Linn, Oddvar, Evelyn, Morten og Bjarte vert leda av Brynjulv Eide, mens Rikke, Mona, Jan, Kathe Elise, Børge, Christian, Bjørnar, Hege, Sabine, Haktor og Karl Kristian vert leda av Knut Horvei.

Men utan våre fantastiske lokale guidar, kokkar, servitørar og bærarar ville det vore vanskeleg å nå toppen. Dei gjer ein kjempejobb for at me skal ha det så bra som mogeleg. På Kilimanjaro er det "engelsk ekspedisjonsstil" som regjerer, og det innebærer f.eks. at du blir vekt med ein kopp kaffi eller te mens du fortsatt ligg i soveposen i teltet...

Etter Kilimanjaro er besteget skal dei på ein spektakulær safari i Tarangire, Ngorongoro og Lake Manyara, og til slutt skal dei fleste av dei slappa av på Zanzibars strender nokre dagar for å fordøya alle inntrykka.

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen stort sett kvar dag, i alle fall så lenge dei er på sjølve fjellet.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

Bilete frå ein tidlegare tur (Foto: Jarle Trå)

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

P1040675

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345

Kilimanjaro 18. juli 2017 345