DAGBOK SVALBARD SKITUR 13. - 19. april 2011

 

MANDAG 18. APRIL

Så er gjengen komme ned til Adventdalen igjen. Og for eit vær dei fekk dei siste dagane av turen... Strålande vintervær, vindstille og perfekt føre med nysnø. Knut forteller at det er salige glis å sjå over alt, når dei nå venter på minibussen som skal ta dei tilbake til Longyearbyen. I går fekk dei også gjennomført ein flott topptur opp til ein fjelltopp på over 1000 meter, med fantastisk utsikt over den arktiske villmarka. No kan eg tenke meg at dei ser fram til varm dusj og ein hyggelig kveld med god mat og drikke.

 





SØNDAG 17. APRIL

Dei hadde ein fantastisk dag i går med sol og nesten vindstille. Og i dag ser det ut til å bli like flott, melder Knut på satelitt-telefonen. Dei er no ved Pjalten øverst på Møysalbreen, og vil i dag gå i retning Tverrdalen. Dei koste seg i går med god mat (Drytech... men med ekstra reinsdyrskav og løk) og god drikke. Stemninga er høg, og med dei værmeldingane som er no, blir resten av turen like fin.

 

LØRDAG 16. APRIL

Meldinga frå Knut i dag tidleg var at vinden hadde løya og at dei gjorde seg klar for dagens marsj. Det snøa litt, men det skal gi seg i følge værmeldinga. I dag har dei sannsynlegvis gått opp på sjølve Drønbre-massivet.

 

FREDAG 15. APRIL

Værmeldingane har slått til... i dag våkna dei til kraftig vind. Dei kjem sannsynlegvis til å halde seg i ro i dag. Høgare oppe på breen er sannsynlegvis vinden endå sterkare, så då er det greit å halde seg der dei er. Meldingane er uansett gode for dei neste dagane, så då er ein værdag i teltet berre kos... Kanskje tar dei seg ein kort skitur i terrenget rundt leiren. Vinden er ikkje så kraftig at det er vanskeleg å gå, men det er risikoen for å miste utstyr når dei tar ned leiren som gjer at ein helst unngår å flytte leiren i slikt vær.

 

Foto: Jo Sverre Lindem

 

TORSDAG 14. APRIL

Gjengen ankom Svalbard i går, og i går kveld og i dag gjennomfører dei dei siste forberedelsane før sjølve skituren startar, f.eks. trening på oppsetting av telt (slik at ein veit korleis ein skal gjera det i sterk vind) og opplæring i korleis ein bensin-brenner fungerer. I dag får dei forhåpentlegvis også tid til eit besøk på muséet på Svalbard. Værmeldingane er stort sett bra, men det er litt usikkert når det gjeld vindstyrken. I ettermiddag vinkar dei farvel til sivilisasjonen for dei neste dagane - no er det den store arktiske villmarka som ventar...

 

Oppdatering frå Astri og Knut etter leiren er etablert:
Då har me slått leir rett før Møysalbreen. 15 minusgrader og kjempevær. Dagen har vore heilt fantastisk med sol, vindstille og god stemning. Gjengen har fått smaka på Drytech og me har avtalt bjørnevakt i natt.

 

Foto: Jo Sverre Lindem