DAGBOK KILIMANJARO 12. - 28.  JULI 2019

 

20. JULI

Kjempestor gjeng på toppen av Afrika!

0720

I dag starta dei på safarien. Tarangire og Ngorongoro skal utforskast dei neste dagane. Og så skal dei på ein spennande sykkeltur i Lake Manyara-området.

- Jarle

 

18. JULI

Alle 15 på toppen!

Fekk akkurat beskjed frå Mike som hadde snakka med Bryson på fjellet. Igjen har Bryson fått alle deltakarane til topps... Kjempeinnsats av både deltakarar og guidar! Dei er no nede att i samme leiren der dei låg i natt, og etter ein kort pause der skal dei gå vidare nedover eit par timar i ettermiddag. Håpar å få fleire detaljar om det vellykka toppstøtet i kveld eller i morgon.

- Jarle

 

17. JULI

I natt skjer det - toppstøtet på Kilimanjaro!

No er dei på plass i den øverste leiren, nesten 4900 moh. og gjennomfører dei siste forberedelsane  før turen mot Uhuru Peak startar i 04-tida i natt. Nesten 1000 høgdemeter i sikksakk-svingar oppover den bratte vulkanen. Etter ca. 5-6 timar kjem dei opp til Stella point på kraterkanten, og etter ytterlegare 45 minutts sakte vandring langs kraterkanten står dei på toppen. Forhåpentlegvis! Bryson og hans team sørger for at farten er låg og at alle har det bra undervegs. Det er viktig å drikka nok og å gå sakte. Følg med her i morgon - det kan gå godt ut på ettermiddagen før me får oppdatering om korleis det har gått. Kryss fingrane - dette blir spennande...

- Jarle

0717

Bryson er snart halvt norsk... ikkje mange lokale guidar har leda fleire nordmenn på Kilimanjaro enn han.

 

15. JULI  

I dag går dei den lange etappen frå Shira Camp (3900m) til Barranco Camp (4000m) over Lawa Tower (4700m), som er eit av dei mest berømte punkta på Machame-ruta. Machame-ruta er den ruta som gir best akklimatisering, sidan dei går litt "opp og ned", spesielt i dag og i morgon. "Walk high - sleep low" er kjent som eit mantra innan høgdeklatring. På denne ruta går du naturleg høgare undervegs, men du går litt ned att for å sove. Perfekt! Og i tillegg er dette den finaste ruta på fjellet, så det er berre fordelar med Machame-ruta. Bryson prøvde å sende meg eit bilete i dag, men det er ikkje så enkelt å få til sidan dekninga er dårleg spesielt dei første dagane på fjellet. Men det står fint til med gjengen vår, dei nyter den eksotiske naturen oppover Afrikas høgaste fjell.

- Jarle

0715

Kokken Almas lagde kake til Marie som har fødselsdag i dag (Foto: Bryson)

 

13. JULI

Gjengen vår ankom Kilimanjaro International Airport i går kveld, og min faste hovedguide Bryson tok i mot dei på flyplassen. Etter middag fekk dei ein briefing ang. ein del viktige ting før dagens etappe - det er mange detaljar som skal på plass før Kilimanjaro skal bestigast! Så - etter ein frukost akkompagnert (sannsynlegvis) av apekattar i hagen - starta dei på første etappe. Dei starta ved Machame Gate (1800m) og gjekk opp til Machame Camp (3000m). Alt står bra til med alle - no står turens første teltovernatting for tur - det er sikkert mange som ser fram til den med spenning... 

- Jarle

0713

 Litt skodde ved starten - men det er berre ein fordel på den første etappen sidan det kan bli veldig varmt dersom sola står rett på.

 

VENNETUR TIL AFRIKAS TAK!

I nesten halvtanna år har denne store gjengen planlagt Afrika-eventyret sitt. 12. juli drar Marie, Helge, Renate, Kristian, Anne Grethe, Christer, Bente, Jan-Petter, Ragnhild, Karin, Linda, Svein, Anne-Grete, Arve Michael og Cathrine til Tanzania for å bestige Afrikas høgaste fjell - Kilimanjaro, 5895 meter over havet. Bryson og hans team av assistentguidar, kokkar, servitørar og bærarar vil forhåpentlegvis føra dei til topps på Afrikas tak ei vekes tid seinare. Kilimanjaro er eit av dei såkalla Seven Summits, dei høgaste fjella på kvart kontinent. 

Men denne gjengen skal oppleve mykje meir enn Afrikas høgaste og eit av verdas mest eksotiske fjell. På safarien får dei oppleve det fantastiske afrikanske dyrelivet i Ngorongoro og Tarangire, samt ein heilt spesiell sykkeltur ved Lake Manyara Nasjonalpark. Og til slutt skal dei avslutte ein opplevelsesrik tur med late dagar på dei kvite strendene på Zanzibar.

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen stort sett kvar dag.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka.

- Jarle

kilimanjaro 03

kilimanjaro 03

kilimanjaro 03