Aconcagua - vår høgaste ekspedisjon
Dette blir ein skikkeleg ekspedisjon i ordets rette forstand. Sjølv om det ikkje er klatring for å nå toppen av Aconcagua, blir det likevel ein seriøs fysisk utfordring. Me gjennomfører denne ekspedisjonen på samme måte som ekspedisjonar til dei store 8000-metringane i Himalaya. Aconcagua er nesten 7000 meter høgt, og dermed det høgaste fjellet i verda utanfor Himalaya.
Me traverserer fjellet på denne ekspedisjonen. Me går inn Vacas-ruta, som er ei fantastisk flott rute, og den gir også ein optimal akklimatisering. Frå Vacasruta ser Aconcagua ut som Himalaya! Etter toppstøtet går me ut Horocones-ruta som er normalruta på Aconcagua.
Me tar med oss kokk og hjelpararar opp til Base Camp slik at me får slappa skikkeleg av mellom slaga høgare oppe på fjellet. Me har også med oss lokale guidar heile tida, og nokre få bærarar som hjelper oss med å etablere leirar. Du kan også leiga din personlege bærar. Bærarane hjelper oss med å bæra telt og fellesutstyr oppover fjellet. Men me må koka vår eigen mat og smelta snø sjølv i dei øverste leirane.
Dette vert tøft fysisk - men til gjengjeld er gleda etter å ha klart det ubeskriveleg.
Reisemål | Aconcagua |
---|---|
Land | Argentina |
Max. høgde | 6962 moh. |
Antall dagar | 25 (ca 17 netter i telt) |
Datoar | Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus |
Min. antal | 8 |
Max antal | 14 |
Påmelding | Sjå påmeldingsskjema |
Påmeldingsfrist |
Ingen konkret dato, men eg anbefaler alle å melda seg på minimum 8 månadar før avreise. Om du er seint ute så skal eg gjera mitt beste for å få deg med uansett. |
Pris 2018 | 47 900,- |
Pris 2019 | 48 900,- |
NB! | Dersom den norske krona fortsatt held seg svak framover vil det tilkomma ein valutakompensasjon på prisen. Nøyaktig sum vil vera avhengig av kursen på faktureringstidspunktet. Alle som tar kontakt ang. denne turen vil få detaljert informasjon om korleis valutakompensasjonen vert utrekna. |
Eg kan arrangere alle mine turar som ein lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.
Prisen inkluderer
- Fly tur/retur frå Norge via Paris til Buenos Aires eller Santiago
- Fly frå Buenos Aires/Santiago til Mendoza
- Alle overnattingar på hotell i Buenos Aires/Santiago, Mendoza og Las Cuevas (hytte)
- Muldyrtransport av utstyr til og frå Base Camp
- Spisetelt og kokk i Base Camp
- All lokaltransport i Argentina
- Alle måltid på fjellet
- Norsk ekspedisjonsleiar
PRISEN INKLUDERER IKKJE
- Tillatelser og parkavgifter (ca. 727 dollar for "peak-permit")
- Tips til lokale hjelparar/ guidar/ kokkar (ca. 60 dollar)
- Lunsjar og middagar i Buenos Aires (evt. Santiago) og Mendoza
- Drikkevarer
- Sjokolade, kjeks og snacks på fjellet (viktig å ha med det du likar best sjølv)
- Evt. overnattingar på hotell utover det som er beskrevet i dagsprogrammet
- Evt. enkeltrom
TRANSPORT
Me flyr til Buenos Aires (evt. Santiago) og deretter vidare til Mendoza. Dersom du flyr frå andre flyplassar enn Flesland (Bergen), Gardermoen (Oslo), Værnes (Trondheim) eller Sola (Stavanger), blir det eit lite tillegg for tilslutningsfly. Frå Mendoza blir det privat transport til Las Cuevas og Punta de Vacas. Me brukar muldyr til å transportera utstyr inn til Base Camp mens me sjølv går med lette dagstursekkar. Dette tar tre dagar.
OVERNATTING
I Buenos Aires (evt. Santiago) bur me på eit bra hotell. I Las Cuevas bur me på eit "vandrehjem" av lågare standard (2-6 personar på kvart rom). I Base Camp og høgare oppe på fjellet bur me 2 personar i kvart 3-manns telt (North Face VE25 eller tilsvarande).
Mat
Me har med eigne kokkar som lagar maten vår i Base Camp. Men høgare oppe på fjellet må me laga mat og evt. smelta snø sjølv. Me nyttar ein god del spesiallaga ekspedisjonsmat, pga. enkel tilberedning og låg vekt. Her oppe må ein spara på både drivstoff og arbeidsmengde.
FYSISK FORUTSETNING
Dette vert ein ekspedisjon i ordets rette betydning. Det er heilt klart "ein divisjon opp" i forhold til f.eks. Kilimanjaro. Du må vera godt trent og ha stor viljestyrke for å nå toppen av Aconcagua. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå andre høge fjell, f.eks. Kilimanjaro. Men dette er ikkje eit absolutt krav. Likar du å setta deg eit mål å trena mot kan dette vera målet som ligg langt der framme. Eg hjelper deg gjerne med treningsråd.
Du bør også ha erfaring med å sove i telt, og vite litt om korleis du skal takle kulde og vind. Det er kun høgt oppe på fjellet at me kan få slike forhold - i Base Camp går me nok ofte i T-skjorte.
Du bærer ditt eige utstyr over BC. Men me har bærarar som tar telt, kokeutstyr, drivstoff og ein del av maten. Det er også mogeleg å leige sin personlege bærar, evt. at to deltakarar deler på ein bærar. Dette kostar imidlertid ein del på dette fjellet. Ta kontakt for pris.
INFORMASJONSMØTE
Når du melder deg på vil du motta detaljert utstyrsliste og praktisk informasjon, og etter kvart som det nærmar seg vil du motta endå meir detaljert informasjon om turen. Du vil også bli invitert til eit informasjonsmøte som eg arrangerer i løpet av hausten. På dette møtet går eg detaljert gjennom alle praktiske sider av turen, og det vert anledning til å stilla spørsmål som du måtte ha. Det er sjølvsagt ikkje obligatorisk å komma på dette møtet, du vil få tilsendt all informasjon skriftleg.