• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

Her får du oppleva Noregs flottaste skitur!

Les meir

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt på ski.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

DAGBOK ATLASFJELLA 2013

 

TORSDAG 24. OKTOBER



The Beach Boys (Foto: Geir Pedersen)

 


(Foto: Marit Sylte)

 


(Foto: Marit Sylte)

 


(Foto: Marit Sylte)

 

 

ONSDAG 23. OKTOBER


Gjengen ankom fisker- og badelandsbyen Essaouira i går ettermiddag. Dermed er del tre av denne turen i gang, den første var Marrakech og den andre var fjellturen i Atlasfjella. No er det stort sett avslapping som er i fokus... Essaoura er ein heilt spesiell plass på den Marokkanske Atlanterhavskysten, les artikkel i Bergens Tidende. I går var dei fortsatt litt sltne etter fjellturen, så nokon valgte å slappe av rundt bassenget på hotellet, mens andre gjekk ein tur langs stranda inn til medinaen (gamlebyen). Og solnedgangen var som dere ser av den spektakulære typen...
- Jarle

 


(Foto: Anne Kristin Eikevik)

MANDAG 21. OKTOBER


I dag kom dei ned att til Imlil etter sju dagar på vandring og ein suksessfull bestigning av Jebel Toubkal. Dei skal i kveld feira turen med festmiddag på Dar Imlil, ein flott riad - gjestehus - midt i Imlil. Håpar ingen får trøbbel med magen etterpå...
- Jarle

 


Ivrige i matfatet etter fleire dager i høgden. (Foto: Brynjulv Eide)

 

SØNDAG 20. OKTOBER


Gratulerer til gjengen - Atlasfjellas høgaste topp, Jebel Toubkal, vart i dag besteget! Flott, men kald dag. Ingrid hadde ikkje planar om toppen, mens Gro fekk migrene, ellers alle opp. 4167 meter over havet hadde dei flott utsikt i alle retningar. Dei brukte fire timar opp dei 1000 høgdemetrane til toppen, og tre timar ned igjen. No går dei ned att til den samme hytta dei overnatta i i natt, og blir der til i morgon. Då går dei ned igjen til Imlil, der sivilisasjonens gleder ventar. Gratulerer til alle!
- Jarle

 


På toppen! (Foto: Brynjulv Eide)

 


Her bur me. 30 menn og damer :) - Brynjulv

 

 

LØRDAG 19. OKTOBER


Alle er kommet fram til hytta ved foten av Jebel Toubkal. Dei startar kl. 0700 og har god tid til å gå dei ca. 1000 metrane opp til toppen og ned igjen til hytta. Det er mange vandrarar på hytta, Brynjulv melder om 32 personar på eit rom...
Følg med her søndag formiddag så får du svaret på om alle klarte å komma seg til topps på Nord-Afrikas høgaste fjell.
- Jarle

 


Alle er med! (Foto: Brynjulv Eide)

 

FREDAG 18. OKTOBER


Nok ein flott dag i Atlasfjella. Brynjulv melder om stor bedring i gruppa i dag, med unntak av tre som måtte transporterast med bil til Imlil. Men Brynjulv trur at også desse tre blir med vidare i morgon, etter ein roleg dag i dag. Brynjulv melder også om at det er ei svært humørfylt gruppe han har med på tur, høg stemning heile tida... I dag går dei via ein impoerande foss til Imlil. Fortsatt nydeleg vær.
- Jarle

 



(Foto: Brynjulv Eide)

TORSDAG 17. OKTOBER


Nok ein nydeleg dag på vandring mellom Afrikanske alpine fjell! Atlasfjella er ikkje typiske ørkenfjell, golde, tørre og gudsforlatte. I alle fall dei høgaste delane av fjellkjeden, som vår gjeng bevegar seg inn i no, kan minne meir om Alpane i Europa. Snøkledte (i alle fall deler av året) skarpe tindar og ryggar som er adskilt av bratte og djupe dalar. Også i dag slit nokre få med magetrøbbel, i følge Brynjulv kan det virka som det er smittsomt. Me kryssar fingrane for at det går over til dei nærmar seg Jebel Toubkal.
- Jarle

 

ONSDAG 16. OKTOBER


I går starta dei å gå i Atlasfjella, men dagen vart prega av magetrøbbel for ein del av dei. Heldigvis går det betre med dei fleste i dag og Brynjulv er optimistisk framfor morgendagen. Godt at over halvparten av gruppa er sjukepleiarar... Kva som er årsaka er vanskeleg å sei, men den siste dagen i Marrakech åt gruppa på forskjellige stader då dagen var til fri disposisjon (uten oppsatt program). Ellers har det vore strålande vær og høge temperaturar. Dei stoppa undervegs i dag for å drikka te i ein berber-landsby, så på denne turen er det ikkje berre flott og eksotisk natur - dei får også møta lokalbefolkningen i dei mange landsbyane dei vandrar gjennom.
- Jarle

 

 

TIRSDAG 15. OKTOBER


I dag begynner dei å gå fjellturen mot Jebel Toubkal (4167m). Dei startar i Afrikas einaste alpin-anlegg (!) og vil dei neste dagane vandra på stiar og vegar i Atlasfjella, gjennom berber-landsbyar og over høge fjellpass. Eg får oppdateringar frå Brynjulv med jevne mellomrom, men sannsynlegvis ikkje kvar dag. Følg med her, og kryss fingrane for at alle kjem til topps på Nord-Afrikas høgaste fjell om 5-6 dagar.
- Jarle

 



Gjengen minglar med dei lokale i Marrakech... (Foto: Brynjulv Eide)

MÅNDAG 14. OKTOBER


I dag har dei eigentleg hatt ein "fridag" i Marrakech til eigen disposisjon. Dei har utforska byen med åpen sightseeing-buss og dei har bada og slappa av ved bassenget på hotellet. Dei kosar seg veldig i følge Brynjulv og i kveld er dei i ferd med å pakke til den eksotiske fjellturen i Atlasfjella som startar i morgon.
- Jarle

 

SUNDAG 13. OKTOBER


Brynjulv melder om ein flott dag i Marrakech, med sightseeing på programmet. I tillegg til dei gamle byggverka som dei besøkte, var dei også på "farmasia" der dei sel ulike naturprodukt. Det var visst ein suksess blant dei mange sjukepleiarane som er med på denne turen... Der fant dei naturprodukt som skal hjelpe mot det meste. I kveld var det felles middag ved den livlege markedsplassen midt i byen. Brynjulv skriv at dette er ein veldig triveleg gjeng å lede, humøret er på topp. Det var i dag 30 grader og skyfri himmel.
- Jarle

 

ATLASFJELLA 2013


På laurdag drar ei gruppe på heile 17 deltakarar til Marokko for å vandre i Atlasfjella og bestige Jebel Toubkal (4167m), Nord-Afrikas høgaste fjell. Dette er ein privattur med utspring i MIO-avdelinga på Haukeland Sjukehus. Dei fleste har vore med både på Kilimanjaro og Inka Trail tidlegare. På denne turen skal dei også utforska den eksotiske byen Marrakech som er verdenskjent for sin intense og livlege marknadsplass i sentrum. Til slutt drar dei ut til kystbyen Essaouira som er så mykje meir enn ei fantastisk badestrand. Turledar er Brynjulv Eide som verkeleg har blitt Marokko-ekspert etter mange turar dit dei siste åra.

 

Følg med her kva som skjer når Ilse, Trond, Marit, Gro, Frøydis, Gudrid, Stein-Ove, Anne Kristin, Karl-Jens, Liv Jorunn, Kristine, Torgeir, Randi, Elin, Ingrid, Berte og Geir Egil utforskar Marokko.

 

Her kan du lesa meir om dagsprogrammet.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 


Bilete frå Atlasfjella 2012 (Alle foto: Brynjulv Eide)

 


















Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.