• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KUN EIN LEDIG PLASS PÅ  ACONCAGUA 2019  (AVREISE 26. JANUAR)
KUN EIN LEDIG PLASS PÅ  SVALBARD PÅ TVERS PÅ SKI  (AVREISE 5. APRIL)  TA KONTAKT FOR INFO
INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

Her får du oppleva Noregs flottaste skitur!

Les meir

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt på ski.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

DAGBOK SVALBARD FOTTUR 2013

 


Sjå mange bilete frå denne turen nederst på denne sida.

 

LØRDAG 10. AUGUST


Å ha turledarar som kjenner dei fleste personane på Svalbard er ein stor fordel - i alle fall når ein plutseleg får logistiske utfordringar... Når vinden auka i dag til liten kuling, kom det beskjed frå Longyearbyen at dei raske rib-båtane ikkje kunne komme å hente gjengen i Berentsburg, pga. høg sjø. Men etter nokre raske telefonar frå Brynjulv og Geir Arne fekk me plass på MS Langøysund, som går i turistrute på Svalbard. Det vert ankomst Longyearbyen nokre timar seinare enn planlagt, men til gjengjeld fekk dei lenger tid til å utforske Barentsburg. Dei har også hatt ein omvisning med lokal guide i dag, for verkeleg å komme "under huda" på dette spesielle russiske gruvesamfunnet. I kveld vert det avskjedsmiddag på Huset, ein av dei mest karakteristiske og kjente serveringsstadene i Longyearbyen.
- Jarle

 

FREDAG 9. AUGUST


No er dei på "luksushotellet" i Barentsburg, den russiske busetnaden på Svalbard. Sannsynlegvis sit dei no i baren og feirar med nasjonaldrikken vodka... Målet vart nådd etter fire timars vandring, og det er alltid ein utruleg god opplevelse å nå fram til sivilisasjonen etter ein så lang tur i villmarka som gjengen har gjennomført no. Det regna litt då dei starta i dag, men været er no strålande og dei skal seint i kveld ut å gå ein tur i sentrum opplyst av midnattsola. Reknar med å få tilsendt eit bilete av gjengen som feirar at målet er nådd seinare i kveld.
- Jarle

 


Feiringa av ein vellykka tur er i gang i Berentsburg, midnattsola skaper ein magisk kulisse...
Foto: Brynjulv Eide

 

TORSDAG 8. AUGUST


I dag har det vore ein fuktig dag. Heldigvis skal dei ligga to netter på samme plass, slik at dei slepp ta ned og setta opp telt i regnet. Men humøret og stemningen er høg til tross for at været ikkje er på topp. Etter ein lang morgon der dei slappa av og kosa seg i leiren, gjekk dei ein tur til den såkalla Russerhytta. No er dei attende i leiren og sørger for at bålet som har brent i over eit døgn, fortsetter med det...
- Jarle

 

PS! I løpet av dei siste dagane har dei sett polarrev, reinsdyr og rype.

 


Den einaste teksten som fulgte med biletet frå Brynjulv i dag var "Regn, regn, regn..." Foto: Brynjulv Eide

 

ONSDAG 7. AUGUST


Brynjulv ringte i kveld og gjengen sit no og kosar seg rundt bålet ved leirplassen i Grønfjordalen. Dei har hatt ein flott kryssing av Grønfjordbreen i dag. Litt regn var det, men heldigvis var ikkje skydekket spesielt lågt så dei fekk sjå mykje rundt seg. I ettermiddag fekk dei bryna seg på ei elv der vatnet gjekk opp til skrittet på fleire av dei. Tidlegare år har ikkje denne elva vore på langt nær så stor, så det er tydeleg at denne sommaren har vore våt på Svalbard. Men med Brynjulv og Geir Arnes hjelp kom alle seg trygt og effektivt over, tippar dei to turledarane var rimeleg kalde før alle hadde komme på land på andre sida... No skal dei ligga to netter i denne leiren, så morgondagen blir brukt til å utforska nærområdet.
- Jarle

 

PS! Du lurar kanskje på korleis dei kan brenna bål på Svalbard, der det ikkje er eit einaste tre og knapt nok ein busk? Havstraumane i havet i nord er slik at drivtømmer frå Sibir treff kysten av Svalbard. Dermed har dei ypparleg ved og det var også dette drivtømmeret fangstmennene brukte til å bygga sine solide fangsthytter med. Hyttene måtte tåla at ein svolten bamse banka på døra, så heldigvis var mykje av drivtømmeret av solide proporsjonar.

 


Bilete tatt på Grønfjordbreen under kryssinga i dag. No har dei delvis mobildekning frå Barentsburg lenger ute i fjorden. Foto: Brynjulv Eide


I kveld sit dei rundt bålet og høyrer på skrønene til Brynjulv og Geir Arne...

TIRSDAG 6. AUGUST


I går vart dei satt i land ved Festningen etter ein fin tur med dei to hurtigåande båtane ut Isfjorden. Dei gjekk først vestover flyene til Kapp Linné og skar deretter sørover i retning Orustdalen. Terrenget var overraskande lettgått på tross av alt regnet tidlegare i sommar. Dei har i kveld satt opp leiren på nordsida av Orustdalen, under Griegaksla. Dei har hatt litt regn i dag, men forhåpentlegvis vil det vera oppholdsvær i morgon når dei kryssar Grønfjordbreen. Breen er heilt utan snø så langt dei kan sjå, så det blir sikkert ein flott tur der dei får sjå flotte smeltevasskanalar og formasjonar i isen.
- Jarle

 

Ved Festningen i går, der dei vart satt i land. Her startar fotturen mot Barentsburg...

MANDAG 5. AUGUST


No har sannsynlegvis gjengen blitt satt i land ved Isfjorden Radio og fotturen er i gang. Heldigvis var vindforholda forholdsvis bra i dag, slik at dei slapp å utsetta båtturen. I dag går dei på dei store flate flyene som ligg mellom storhavet i vest og fjellkjeden som reiser seg dramatisk nokre kilometer lenger inne. Rykta fortel at det skal vera utruleg grønt og mykje flora i området i år pga. ein regnfull sommar til no. Kanskje ser dei allerede i dag både reinsdyr og polarrev.
Eg snakka med Brynjulv i går kveld, og dei hadde i går hatt ein flott fjelltur opp Larsbreen til Sarkofagen (500 moh.) og deretter ned igjen Longyearbreen. Ein flott tur der dei også fekk sjå spennande smeltevannskanaler på Longyearbreen. Været var forholdsvis bra, og heldigvis er værmeldingane for dei neste dagane også blitt betre. Følg med her framover, frå og med i dag gir Brynjulv oppdateringar via satellitt-telefon.
- Jarle

 

Før avreise i dag tidleg (Foto: Brynjulv Eide)
På veg opp mot Sarkofagen i går (Foto: Geir Arne Månum)



SØNDAG 4. AUGUST


I går kveld var heile gjengen samla og turen er i gang! Den første dagen blir brukt til forberedelsar, pakking og prøve-oppsetting av telt. Men dei skal også på ein dagstur over Sarkofagen, kanskje får dei brukt stegjerna litt. Det blir også eit besøk på museumet der dei får vita litt meir om den fascinerande historien til Svalbard. Ein aktiv dag altså... I morgon startar sjølve fotturen frå Isfjorden radio til Barentsburg. Me får håpa været blir like bra som på dei forrige turane, værmeldingane er litt usikre framover men generelt er det eit tørt klima på Svalbard så me satsar på at det blir mykje blå himmel.
- Jarle

 

SVALBARD FOTTUR 2013


Også i år er det ei stor gruppe på 13 personar som om legg ut på ein skikkeleg eventyr-tur på Svalbard. Og det er dei samme turledarane også, Brynjulv Eide og Geir Arne Månum - meir kompetente Svalbard-guidar er det vanskeleg å tenka seg! Gruppa skal i løpet av seks dagar gå frå Isfjorden Radio til Barentsburg gjennom vill og urørt arktisk natur. Her er det ingen utlagte bruer eller T-merka stiar. Eit aktivt dyreliv pregar dette området på sommaren. Kanskje får dei sjå både polarrev og dei spesielle reinsdyra som held til på Svalbard i tillegg til det yrande fuglelivet. Og kanskje ser dei bamsen om dei er riktig heldige. Dei skal også overnatta på hotellet i Barentsburg, den russiske busetninga på Svalbard - ei oppleving i seg sjølv.

 

Følg med her for oppdateringar frå turen. Unnlaug, Sverre, Siri, Andor, Eva, Anne Elisabeth, Anne Kristin, Grethe, Bjørn, Torbjørn, Liv, Solfrid og Anders startar turen i Longyearbyen førstkommande lørdag 3. august. Sjølve fotturen startar mandag. Her kan du sjå detaljert dagsprogram og mykje anna informasjon om turen.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka
Vil du bli med til neste år? Ta kontakt på e-post epostadresse eller telefon 907 65 330

 


Bilete frå turen (Foto: Brynjulv Eide og Geir Arne Månum)


























Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.