dagbok everest bc/island peak 2013

 

LØRDAG 23. NOVEMBER

God morgon!

I går var det sightseeing i Kathmandu. Me besøkte det kjente Monkey Temple med sine maaaange trappetrinn opp og fine utsikt over byen, samt apekattar i kvar ei kro. Etterpå køyrte me gjennom byen til ein av verdens største stupaer, Boudhanath. Det er ein av dei viktigaste religiøse stadane for buddhistane. Etter lunsj var det tilbake til Thamel. Pakking og shopping av souvenirer stod på programmet. På kvelden var det middag på Utsav, ein restaurant med tradisjonell nepalsk mat, sang og dans. Me avslutta kvelden i kjent norsk stil med full fest på ein uteplass i Thamel :)

No er me snart klare for avreise mot flyplassen.
- Og då seier me takk for følget til alle som har fulgt oss gjennom denne opplevelsesrike turen i Nepal. Det har vore over 1000 personar (såkalla unike brukarar) innom nettsidene mine dei største dagane, over det doble av det som er normalt, så det er tydeleg at mange har fulgt med.

- Jarle

 

TORSDAG 21. NOVEMBER

Tilbake i storbyen! Fekk nett ein mail frå Knut om at dei har landa i Kathmandu. Flyturen var sikkert like flott denne gongen som sist. Min gode venn Loben Sherpa var sikkert å møtte dei på flyplassen. Loben sørger for at alle detaljane går på skinner på turen. Og det er viktig å ha ein slik person lokalt. I 2011 stod gruppa vår "fast" i Kathmandu sammen med tusenvis av andre då det ikkje hadde vore mogeleg å fly til Lukla på mange dagar pga. været. Loben ordna imidlertid opp og på ein eller annan mirakuløs måte satt plutseleg gruppa vår i flyet grytidleg om morgonen den første dagen med fint vær, sjølv om det var mange som hadde venta mykje lengre. Og hans eminente sherpa-team har gjort ein kjempejobb i fjellet. Det er inspirerande for vår gjeng å ha guidar som har vore mange gonger på toppen av Everest! I dag vert det stort sett avslapping vil eg tru, mens i morgon startar utforskingen av den eksotiske byen Kathmandu.

- Jarle

Knut sendte meg nokre fleire bilete frå turen:

 

TYSDAG 19. NOVEMBER

Turen går mot slutten og dei er no nede att i Phakding. I morgon går dei siste etappe til Lukla. Knut skriv at gjengen gledar seg til kafébesøk og byliv. Lukla har faktisk ein Starbucks, men den er nok av det uautoriserte slaget... Og Lukla er berre forsmaken på det som ventar når dei kjem ned att til Kathmandu. Då skal dei verkeleg få utforska denne eksotiske og hektiske byen. Det blir besøk på den heilage staden der dei brenner sine døde og dei skal besøka ein av verdas største Stupaer, altså eit buddhistisk gravbygg der dei oppbevarer levningar og relikviar frå sjølvaste Buddha.

- Jarle

 

MANDAG 18. NOVEMBER

Namaste!Då er me komme fram til Namche Bazaar etter 7 timars gange, i sol igjen :) Me hadde ein fin men slitsom dag ned frå Island Peak Base Camp i går til Pangbouche. Men det er deilig å komme ned i 'tjukklufta' på ca 3450moh. Dei fleste er i fin form. Johanna hostar ein del. Det gjer forsåvidt me andre og, det er mykje støv og kald luft her i Khumbudalen. Om to dager håpar me på å vere i Lukla og då er me klare for å komme oss ned til Kathmandu og få oss pils, dusj og elles smake på sivilisasjonens goder :) Håper å møte att trekløveret som venter på oss der.

Toppstøtet på Island Peak var ein flott tur, dog laaaaang. Me starta 02:00 på natta og dei siste var ikkje nede att før klokka 17:00! Ca 15 timar... Sissel starta ikkje, ho var ikke i form og var blitt forkjøla. Harald snudde nett når det begynte å bli lyst, ca. 06:00, ca 5700moh. Rolf snudde c.a i 08:00-tida ved innsteget til breen på ca. 5850 moh. Me 5 siste gjekk gjennom brefallet (som var mykje meir krevjande enn sist) og opp mot den siste bakken. Der venta Linda og Tina i bunn av bakken, mens Johanna, Tove og eg brukte 3 timar opp til toppen og ned att. Så gjekk me alle ned igjen mot Base Camp. Været var strålande og det var nesten ikkje vind. Topp stemning og sinnsjuk utsikt!

- Knut

 

SUNDAG 17. NOVEMBER

Dei kom i dag ned til Pangbouche att. I morgon kjem dei til Namche. Der er det internett og Knut vil prøva å senda bilde og litt meir info frå toppstøtet. Været fortsatt strålande. Det er i følge Knut ein hostande og glad gjeng som no går nedover dalen..

- Jarle

 

LØRDAG 16. NOVEMBER

På toppen!


Tove, Johanna og Knut stod på toppen for eit par timar sidan (ca. kl. 0630 norsk tid). Gratulerer! Det vil sei at toppen vart nådd etter 9 timars hard jobbing. Dei er no komne ned att på breen under den skarpe ryggen, men endå gjenstår det eit par timar ned til leiren. Dvs. at toppstøtet totalt vil vare i over 12 timar - dette er ikkje noko småfjell... Dei andre måtte snu på forskjellige stader før toppen, men dette er ein kjempeprestasjon av heile gruppa! Knut er veldig imponert over innsatsen. Og sherpaene har gjort ein kjempejobb - uten dei hadde ikkje dette vore mogeleg. Dersom me er heldige får me bilete frå toppen i løpet av eit par døgn når dei begynnar å nærme seg sivilisasjonen att. Forholda har vore kjempefine i heile natt og utsikta frå der Knut stod når han ringte var tydelegvis heilt fantastisk. Frå Island Peak ser ein rett opp på Lhotse som er verdas 5. største fjell og ein ser også rett over på Ama Dablam som er rekna for å vera eit av dei flottaste fjella i verda.

- Jarle

 

FREDAG 15. NOVEMBER

Kl. 21.30 (03.15 lokal tid i Nepal)
Snakka med Knut på satellitt-telefon for få minutt sidan og dei startar toppstøtet akkurat no. Det er stjerneklart og -5 grader. Kan vel ikkje bli betre forhold enn det. Alle startar unntatt Sissel som ikkje var heilt i toppform i dag. Dei reknar med å bruke ca. 10 timar totalt på toppstøtet, eg oppdaterer nettsida så fort eg høyrer frå dei. Kryss alt av fingre og tær for at det går heilt til topps for heile gjengen..

- Jarle

 

TORSDAG 14. NOVEMBER

I dag har dei gått frå Dingbouche til Chukkung. Undervegs har dei trent litt på diverse tauteknikkar og anna klatring som dei fått bruk for på Island Peak. Knut kan fortella at formen er bra på alle, sjølv om dei fleste deltar i hoste-koret... Khumbu caugh (Khumbuhosten) er eit velkjent fenomen på trekkingturen inn til Everest Base Camp og Island Peak. Den kalde og tørre lufta er ein utfordring for luftvegane og det er fort gjort å bli litt sår i halsen. Astrid har dessverre fått ein så kraftig hoste at ho valgte å stå over Island Peak og den siste delen av turen. Kari slo følge og dei går no nedover mot Lukla igjen sammen med ein sherpa. Været er fortsatt strålande og i følge Knut har dei på den gode veka dei no har vore i Khumbudalen knapt nok hatt ei sky på himmelen.

- Jarle

 

ONSDAG 13. NOVEMBER

Dei er no komne ned att til Dingbouche. Her får dei kvilt litt før ferda går vidare i retning Island Peak. Turen ned frå Lobuche gjekk i fantastisk vær og med ein voldsom utsikt. Dei har i det heile tatt stort sett hatt kjempevær kvar einaste dag. Værmeldingane for dei neste dagane kan tyde på litt snø, men forhåpentlegvis blir det kun nokre byger på ettermiddagen. Formen til Knut er også på raskt oppadgåande.

- Jarle

 

TIRSDAG 12. NOVEMBER

Etter å ha besøkt både Everest Base Camp og fjelltoppen Kala Pattar er gjengen no tilbake i Lobuche. Kala Pattar er 5545 meter høg og er omgitt av dei største fjella i verda. Ikkje rart at utsikta frå toppen blir kalla verdas flottaste... Knut skriv at gjengen er slitne etter det første besøket i høgda, så det vil nok no gjera godt med eit par litt rolegare dagar og at dei går ned igjen til rundt 4500 meter (Dingboucche) før dei igjen går oppover mot Island Peak. Fortsatt er alle friske og fine, bortsett frå Knut som fortsatt er litt pjusk.

- Jarle

 

MANDAG 11. NOVEMBER

Knut ringte frå Lobuche i dag. Gruppa er no på veg inn til Gorak Shep, som er den siste staden med busetnad i Khumbudalen, kun eit par timar å gå frå Everest Base Camp. Alle i gruppa er fortsatt friske og fine, noko som nesten er uvanleg på denne turen pga. den kalde og tørre lufta i 5000 meters høgde. Turledaren sjølv, Knut, er den einaste som har fått problem - sånn kan det gå av og til... Han vakna med feber og influensa-liknande symptom i dag tidleg og blir derfor igjen i Lobuche eit par dagar til gjengen returnerer på veg til Island Peak. Dei har med seg Pemba, Passang, Norbu, Karma og Palden vidare mot Everest Base Camp. Dei fleste av denne gjengen dyktige og erfarne sherpaer har vore på toppen av Everest meir enn ein gong!

- Jarle

 

SØNDAG 10. NOVEMBER

I dag har dei gått vidare inn til Lobuche. Dei nærmar seg no turens første høgdepunkt, Everest Base Camp. Den verdensberømte plassen ved foten av brefallet som stuper ned frå Western Cwm (Stillhetens dal). Dette er leiren som dei fleste som forsøker på Everest brukar. Vanlegvis er det ingen ekspedisjonar på fjellet på denne tida av året, men akkurat no er det faktisk ein Koreansk ekspedisjon som prøver seg på Lhotse (verdas fjerde høgaste fjell, 8516m), naboen til Everest som blir besteget frå samme Base Camp. Idar valgte i dag å fly ut igjen med helikopter frå Tengbouche sidan han har vore sjuk dei siste dagane. Over 4-5000 meter er det vanskeleg å bli frisk att når ein først er blitt sjuk, immunforsvaret har dårlege vilkår i stor høgde og restitusjonsprosessar i kroppen tar lenger og lenger tid dess høgare ein kjem.

- Jarle

 

LØRDAG 9. NOVEMBER

Gjengen er no i Dingbouche. Her har dei i dag ein kviledag for å sørga for at akklimatiseringa blir best mogeleg. Dingbouche ligg midt i Y'en i Khumbudalen, dvs. at dei skal passera denne staden tre gonger i løpet av turen. I morgon fortsetter dei vestover mot Everest Base Camp og Kala Pattar. Etter dei har vore der kjem dei ned att til Dingbouche, for så å gå dalen nordover til Island Peak. Etter at dei har prøvd seg på Island Peak kjem dei ned att og passerer Dingbouche før dei går ut att Khumbudalen samme vegen som dei kom inn. Det vart ikkje berre kvile i dag. Dei gjekk seg ein liten tur mellom dei enorme fjella. Idar er dessverre ikkje heilt i slag så han har gått ned att til Pangbouche sammen med Norbu. Der prøver han å bli frisk att slik at han kan bli med til Island Peak når gjengen kjem ned att frå Everest Base Camp om nokre dagar.

- Jarle

 

TORSDAG 7. NOVEMBER

Først i dag - ei helsing heim frå ei av deltakarane:
Sender ein stor bursdagshilsen fra Himalaya til Vilde som blir 7 år i dag fra tante Linda, stor klem!!Hei
Då er me komme fram til Dewoche. Brukte totalt 8 timar på turen i dag. Det var fint vær og flott tur, men siste bakken opp til Tengbouche var slitsom for nokon :) Har vore ei fantastisk utsikt mot Ama dablam, Lothse og Everest i heile dag. For eit syn! På Rivendell Lodge har me fått god mat og spelt yatzy og kort. Me hadde høgtlesning frå gjesteboka og helsingane der. Folk takkar så mykje og seier at det er motiverande med fine helsningar. I morgon er det avgårde opp mot Dingbouche. Kjempeflott gjeng å vere på tur med!

- Knutski

 

ONSDAG 6. NOVEMBER

I r dei altså hatt ein kviledag i Namche Bazaar (3500m). Å akklimatisere - å gradvis venne kroppen til høgda - er veldig viktig når ein skal opp i høgder på 5000-6000 meter. Kroppen må tilvenne seg det låge oksygennivået og barometiske trykket. Dersom ein gjer det for raskt får ein det som kallast mild høgdesjuke. Det kan bestå av hodepine, kvalme, apati og kortpustheit. I Namche tok dei seg ein vandretur opp til Everest View Hotel, der ein - som navnet indikerer - har ei flott utsikt mot Everest. Knut skriver at shoppinggenet vakna etter turen, og dei mange små butikkane i Namche vart gjennomsøkt..

-Jarle

 

TIRSDAG 5. NOVEMBER

Totalt med pause brukte me 7 timar i dag opp til Namche frå Pakhding. Flott vær og god stemning. Nokon merka litt lett hodepine når me kom fram til Namche. Vanvittig å sjå det eine fine kvite fjellet etter det andre stige opp bak dei skogkledde fjellsidene i Khumbu Dalen. Midt i bakken frå elva og opp til Namche fekk me sjå sjefen sjølv - 8848 meter høgt - utruleg! I morgo er det kviledag med ein liten akklimatiseringstur.
No sitt me på Hill-ten ;) hotell og ventar på middag.

- Knut melder om at dei kom vel fram til Phakding i går kveld. Han er så begeistra for flyturen frå Kathmandu til Lukla at han meiner den er verdt turen til Nepal åleine.. Strålande vær - me satsar på samme været som sist tur me arrangerte i Nepal, då hadde dei flott vær kvar einaste dag. I dag går dei vidare til Namche Bazaar, sherpaenes "hovudstad" i Khumbudalen. Der blir det også ein kviledag, det er viktig for akklimatiseringa å ikkje gå for fort innover dalen.

- Jarle

 

MANDAG 4. NOVEMBER

Touchdown Lukla! Turen er for alvor i gang. Landingshjula på Twin Otteren tok bakken i Lukla for kort tid sidan og gjengen er no i Khumbudalen. Det er forresten litt av ein bakke landingshjula tok... 10 graders motbakke er brattare enn dei aller fleste vegane du køyrer på med bilen din. Landingsstripa i Luka (2800m) er berømt for sin beliggenheit. I den eine enden stuper det 700 høgdemeter rett ned i elva, mens i den andre enden ragar det eit fjell 3000 meter over flyplassen. I dag går dei eit stykke innover dalen, kanskje til Phakding (2600m). Nepal ligg 4 timar og 45 minutt før norsk tid. Kvarteret som skiller Nepal og India er ein politisk beslutning kun for å markere at Nepal er ein sjølvstendig stat som ikkje lar seg diktere av sin store nabo i sør.

 

SUNDAG 3. NOVEMBER

Knut melder at gjengen er på plass i Kathmandus hektiske gater. No pakkar dei og gjer dei siste forberedelsane til flyet til Lukla går tidleg i morgon tidleg. Forhåpentlegvis.. Det er alltid litt spennande ang. flyturen til Lukla kva vær det blir. Flyplassen ligg på ei fjellhylle nede i ein dal og det er ofte skyer som kan gjera at fly vert kansellerte. Men det ordnar seg alltid til slutt. Og værmeldingane for i morgon ser bra ut.

- Jarle

 

EVEREST BASE CAMP/ ISLAND PEAK 2013

På laurdag startar ei stor gruppe på det store Nepal-eventyret. Leda av Knut Horvei skal dei gå inn Khumbu-dalen til Everest Base Camp og Kala Pattar. Dei skal også prøva seg på Island Peak (6189 m), eller Imja Tse som fjellet også blir kalla. Dette fjellet står i skyggen av Everest, Lhotse og Makalu og gir ein liten smakebit av kva Himalaya-klatring dreiar seg om.Følg med her når Tove, Johanna, Astrid, Linda, Sissel, Harald, Rolf, Tina, Kari og Idar vandrar i Sherpaenes rike sammen med Pemba, Passang, Norbu, Karma, Palden. Buddhi og Knut.

Her kan du lesa meir om dagsprogrammet.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka