• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
INFORMASJONSMØTE I BERGEN 25. NOVEMBER

LES DAGBOK FRÅ TUREN TIL EVEREST BASE CAMP/LOBUCHE EAST 1. - 23. NOVEMBER
INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG MAI 2019

 

FREDAG 31. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 47min
Akk. høgdemeter: 696
Brynjulv, Taro og eg. Frå Mølster over Hangurstoppen, via Finnesdemma ned att.

 

ONSDAG 29. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 38min
Akk. høgdemeter: 931
Bjarte og eg. Stisykling og til dels "skogssykling" - artig å leite etter nye stiar på tenkelege og utenkelege stader.

 

TYSDAG 28. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 27min
Akk. høgdemeter: 770
Bjarte og eg. Opp til Djupåsen og på grov sti aust for Herresåsen og nesten opp til Otlebogane. På skogsveg ned att via Gjelland.

 

MÅNDAG 27. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 3t 02min
Akk. høgdemeter: 1228
Frå Bolstad over til Øvstedalen og vidare inn til Vetle Gråbotnen. Ned att og på ny traktorveg til Aldalen, som for inntil kort tid sidan var meir eller mindre veglaus. Så på utfordrande men artig sti vidare ned til Tysso ved Bolstadfjorden. Over Eggene attende til Bolstad. Spennande rundtur!

0527 Aldalen 3

0527 Aldalen 3

0527 Aldalen 3

 

SUNDAG 26. MAI
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1324
Gjekk via Klondyke. Flotte forhold.

0526 Horgi 2

Følte meg som ein vandrande saltstein i dag

0526 Horgi 2

 

LAURDAG 25. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 275
Bømoen og Prestegardsmoen.

 

FREDAG 24. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 16min
Akk. høgdemeter: 715
Arnstein, Brynjulv og eg. Bømoen - Bjørke - Opeland - Flatlandsmoen.

 

TORSDAG 23. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 672
Einar, Brynjulv og eg. Frå Mølster opp på Hangurstoppen.

 

TYSDAG 21. MAI
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Storehaugen (1169m)
Totaltid: 2t 42min
Akk. høgdemeter: 1047
Frå Kaupanger på flott sti opp på Storehaugen, det store fjellet som ein ser så godt over fjorden frå Sogndal.

0521 Storehaugen 3

0521 Storehaugen 3

0521 Storehaugen 3

 

MÅNDAG 20. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1017
Inn Fortunsdalen og Mørkrisdalen. Planen var å sykle heilt opp til Nørdstedalseter, men pga. sikringsarbeid i dei bratte fjellsidene over anleggsvegen, var den stengt. Fortunsdalen og Mørkrisdalen vart ramma av den store flommen 14. oktober i fjor, og det er no store anleggsprosjekt i begge dalane for å bygge opp at vegar og innmark, og for å sikre gardane mot nye flaumar. Var også opp til høgdegarden Ormelid, som ligg 450 moh. På denne garden, som vart fråflytta i 2004, fins det spor etter jordbruk så langt attende som 4000 år. Den første ferdselsvegen mellom Gudbrandsdalen og Sogn gjekk forbi Ormelid for 3000 år sidan. 

0520 3

0520 3

0520 3

 

SUNDAG 19. MAI
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Totaltid: 2t 54min
Akk. høgdemeter: 1228
Hans-Inge, Bjørn og eg fortsetter tåke-ekspedisjonen vår. Alle 2000-meters toppane stakk såvidt opp i tåka både i går og i dag. Eg har lovt å senda dei bilete av korleis utsikta er frå toppane me har vore på... I dag var me på Steindalsnosi (2025m), og sidan me ikkje tok sjansen på å prøva oss over mot Fannaråken i den dårlege sikta, tok me den beste delen av nedkøyringa to gonger. 

0519 Steindalsnosi 1

0519 Steindalsnosi 3 

 

LAURDAG 18. MAI
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Totaltid: 6t 35min
Akk. høgdemeter: 2115
Hans-Inge, Bjørn og eg. Frå Krossbu på Veslebjørn (2150m), Storebjørn (2222m), Sokse (2189m),  navnlaus topp (2077m) og Kniven (2133m). Me køyrde også ein tur ned Bjørnbreen på nordaustsida av Storebjørn. Sikta var ikkje heilt på vår side over 2000 meter, men heldigvis var det mildt og fint og lite vind, så me fekk ein del toppar likevel.

0518 Storebjrn 6

0518 Storebjrn 6

0518 Storebjrn 6

0518 Storebjrn 6

0518 Storebjrn 6

 

FREDAG 17. MAI
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Blåskavlen (1809m)
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 2599
På søndag var det pudder på Blåskavlen. I dag var det rask slush dei øverste 600 høgdemetrane. Fantastiske forhold til å vera så seint i mai. Fire nedkøyringar på forskjellige sider av toppen.

0517 Blskavlen 5

0517 Blskavlen 5

0517 Blskavlen 5

0517 Blskavlen 5

 

TORSDAG 16. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 11min
Akk. høgdemeter: 562
Mølster - Hangur - Finnesdemma - Heggjavad - Mølster

 

ONSDAG 15. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1380
Bjarte og eg. Først frå Nesthus over til Ukvitne, så opp Dyrvedalen og bratt på skogsveg og sti opp til Kiseldur. Deretter på sti ned att til Raugstad. Strålande tur - alltid kjekt å finne nye rundturar der ein slepp å sykle opp og ned samme veg.

60677117 435011277312790 6032483417810010112 n

(Foto: Bjarte Vethe)

 

TYSDAG 14. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 705
Hans-Inge, Brynjulv, Frode og eg. Bømoen - Bjørke - Opeland.

 

SUNDAG 12. MAI
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Blåskavlen (1809m)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2661
Hans-Inge, Øyvind og eg. Nydeleg mai-pudder på Blåskavlen! Tre nedkøyringar på forskjellige sider av det høgaste fjellet i Aurland.

0512 Blskavlen 7

0512 Blskavlen 1

0512 Blskavlen 6

0512 Blskavlen 9

0512 Blskavlen 9

 

LAURDAG 11. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 726
Bømoen - Bjørke - Opeland - Fenno t/r.

 

FREDAG 10. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: ca. 220
Fredrik, Martin, Guttorm, Håvard, Øyvind og eg. Stisykling i Bømoen og deretter Afterbike på Renebø!

 

ONSDAG 8. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Stad: Nissedal
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 1119
Utforska stiar nord og aust for området me har vore før. Uendeleg med  mogelegheiter i dette området.

0508 5

0508 5

0508 5

 

TYSDAG 7. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Stad: Nissedal
Totaltid: 7t 52min
Akk. høgdemeter: 1946
Rundtur frå Treungen, over blant anna Havrefjell, Solhomfjel og Mjeltenatten, retur gjennom stinettet rundt Canvas. Krevande og uforgløymeleg langtur, nesten utelukkande på sti.

0507 3

0507 3

0507 3

0507 4

 

MÅNDAG 6. MAI
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Skuggenatten (706m)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 524
"Svaspringing" på bre-skurte Nissedals-fjell.

0506 4

0506 4

0506 4

 

SUNDAG 5. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Nissedal
Totaltid: 5t 41min
Akk. høgdemeter: 1258
Snøfritt og strøkne forhold på fjellet i Nissedal, til trass for at det berre er første veka i mai.

(Bilete frå juli 2017)

01 Nissedal 15

01 Nissedal 15

01 Nissedal 15

01 Nissedal 15

01 Nissedal 15

01 Nissedal 15

01 Nissedal 15

01 Nissedal 15

 

LAURDAG 4. MAI
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Sveigen (1561m) og Verjesteinsnuten (1650m) frå Ulevåvatnet på Haukelifjell
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1560

0504 4

0504 4

0504 2

0504 2

 

FREDAG 3. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 740
Brynjulv, Bjarte, Rune og eg. Bømoen - Bjørke - Opeland - Fenno t/r.

0503 2

0503 2

(Foto: Rune Herheim)

 

TORSDAG 2. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 645
Brynjulv, Taro og eg. Frå Mølster opp på Hangurstoppen.

 

ONSDAG 1. MAI
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 28min
Akk. høgdemeter: 1253
Fredrik, Håvard, Even, Frode og eg. Bømoen - Bjørke - Opeland - Fenno - Flatlandsmo - Vindberg - Bulko t/r. 

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.