• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
TO LEDIGE PLASSAR PÅ ACONCAGUA 2019
LES DAGBØKER: ATLASFJELLA 29. SEP. / INKA TRAIL 1. OKT. / LOBUCHE EAST 19. OKT.
INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

Her får du oppleva Noregs flottaste skitur!

Les meir

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt på ski.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG MARS 2018

 

LAURDAG 31. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1104 opp / 1625 ned
På tjukkas-sykkel over Gråsida. Starta på Skjerstølen nord for Hodnaberg to timar før soloppgang, men under ein strålande fullmåne. Litt dårleg sykkelføre opp lia men då eg passerte 900m vart det som forventa skare og vindblåst og dermed perfekt tjukkasføre. Over Tjørnahorgi (1047m) og Grønahorgi (1207m) til Gråsidetoppen (1307m). Nedkøyringa ned til Hindartveit er noko av det artigaste eg har gjort på sykkel nokonsinne. Nesten 5 timar etter at eg starta rulla eg inn i garasjen heime på Vangen.

Grsida 9

Grsida 9

Grsida 9

Grsida 9

Grsida 9

20180331 053317 resized 

Målte -17 på det kaldaste, men heilt vindstille så det gjekk greitt.

 

FREDAG 30. MARS
Aktivitet: Stisykkel (Cube Stereo 160)
Totaltid: 1t 26min
Akk. høgdemeter: 274
Stad: Bømoen
Måtta krangla litt med skogens konge (dronning og kronprins i dette høvet) om stiane i dag. Og dreit på favorittstien min gjorde dei også. Upassande...

20180330 145158 resized

20180330 145122 resized

 

ONSDAG 28. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 2207
Fjell: Snønipa (1827m)
Frå Stardalen via Haugabreen opp på Sunnfjord høgaste fjell. Været og føret var akkurat like bra som i går. Dei første 600 høgdemetrane ned frå toppvarden var så bra at eg måtte ta dei to gonger. 

P1020541

P1020541

P1020541

P1020541

P1020541 

 

ONSDAG 28. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 6t 30min
Akk. høgdemeter: 2697
Stad: Hornindalen
Først opp på Storhornet (1600m) med storslagen utsikt over heile Sunnmørsalpane. Deretter opp på Sandfjellet (1177m) to gonger, ei nedkøyring på sørsida og ei ned vestsida. Ein fantastisk dag med eit føre som ein berre kan drøyma om (10 cm. pudder heilt til topps), vindstille og varmt - men utan at pudderet vart påvirka av sola.

Storhornet 10

Storhornet 10

Storhornet 10

Storhornet 10

Storhornet (1600m) midt i biletet (fortografert frå Sandfjellet).

Storhornet 10

 

MÅNDAG 26. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 1060
Stad: Rapjahalsen
Fantastisk pudder over tregrensa men krevande knekkebrødskare nede.

20180326 210011 resized 

 

SUNDAG 25. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 08min
Akk. høgdemeter: 690
Frå Bavallen opp på Horgaletten.

 

LAURDAG 24. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 24min
Akk. høgdemeter: 452
Stad: Drevtjørn  i Ulvik

 

FREDAG 23. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 513
Stad: Rapjahalsen
Dette var ein av mine verste toppturar nokonsinne. Men eg lærte i alle fall noko i dag - kor store klabbane eigentleg kan bli...

4

4

4

4

 

TORSDAG 22. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 852
Fjell: Fyresnipa (1461m)
Martin meldte at han var klar for ein tur på dagtid og med dei lovande værmeldingane som var la me turen til Jordalen og Fyresnipa. Dette var vårens første verkeleg varme dag i fjellet så me sveitta godt oppover fjellsida. Men pudderet som kom det siste døgnet vart ikkje påvirka av sola så me hadde flotte forhold ned att. Fantastisk dag der skyene som låg nede i dalane gjorde utsikta heilt spesiell.

P1020487

P1020487

P1020487

P1020487

 

22.03.18 Fyresnipa from Martin Hindenes on Vimeo.

 

TYSDAG 20. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 58min
Akk. høgdemeter: 757
Område: Raugstadløypa - Hanguren - Hangurstoppen - Raude Kross hytta

 

MÅNDAG 19. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 1060
Stad: Rapjahalsen

 

SUNDAG 18. MARS
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 782
Område: Raugstadløypa - Hanguren - Hangurstoppen - Raude Kross hytta

DSC00782

DSC00781 

 

LAURDAG 17. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1270 opp / 1481 ned
Fjell: Lønahorgi
Guttorm og eg. Gjekk opp frå Bavallen men køyrte ned Årdalen via Breiming til Høyland. Var heldig med føret oppe då me fulgte eit "søkk" der pudderet låg heilt upåvirka av vinden dei siste dagane. Fantastisk flott tur!

P1020460

P1020460

 

FREDAG 16. FEBRUAR
Aktivitet: Stisykkel (Cube Stereo 160)
Totaltid: 1t 32min
Akk. høgdemeter: 217
Stad: Bømoen

 

TORSDAG 15. FEBRUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 72
Martin og eg starta stisykkelsesongen på snødekte stiar i Bømoen. Me hadde forventningar om ok forhold, men dette vart faktisk ein av dei artigaste turane eg har hatt i Bømoen. Stiane var jevna ut av snøen så det var til tider endå artigare enn om sommaren.

15.03.18 Bømoen from Martin Hindenes on Vimeo.

 

P1020444

P1020444 

 

ONSDAG 14. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1695
Stad: Rapjahalsen
Starta seint så det var over midnatt når eg stod på toppen første gongen. Belønninga for at eg var så sein var tidvis kraftig nordljos som bølga over himmelen. To nedkøyringar.

 

TYSDAG 13. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 1050
Stad: Rapjahalsen
Vebjørn, Brynjulv og eg.

Rapjahalsen13 1

 

MÅNDAG 12. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 2823
Stad: Rapjahalsen
Øyvind og eg. 7 cm. pudder i natt gjorde at føret gjekk frå bra til eventyrleg. Fire nedkøyringar.

 

LAURDAG 10. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 2685
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Frå Nedrestølen på nordsida, men også tre gonger ned sørvestflanken til Modalstjørni . Perfekt føre og vær – varmt og vindstille.

Horndalsnuten

 

TORSDAG 8. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 1070
Stad: Rapjahalsen
Even og eg feira kvinnedagen med pudderkøyring i Rapjahalsen.

 

ONSDAG 7. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 2345
Stad: Rapjahalsen
Stadig nye linjer blir oppdaga i Rapjahalsen. Øyvind er ikkje vanskeleg å be med på ein heilaftan når pudderforholda er så bra.

20180307 203327 resized

 

TYSDAG 6. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1070
Stad: Rapjahalsen
Jan Olav vart med på eit kveldsskift i Rapjahalsen.

Rapjahalsen06 2

Rapjahalsen06 2

 

MÅNDAG 5. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 2470
Stad: Rapjahalsen
Tre nedkøyringar. Fantastiske forhold fortsatt, så lenge ein finn den rette linja mellom parti med vindpåvirka snø.

 

SUNDAG 4. FEBRUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 812
Område: Raugstadløypa - Hanguren - Hangurstoppen - Raude Kross hytta

Hanguren 1

Hanguren 2

 

FREDAG 2. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 2698
Stad: Rapjahalsen
Tre nedkøyringar. Vindstille, men dessverre overskya slik at fullmånen berre viste seg i korte glimt av og til.

20180302 2139120 resized

Det er ingen tvil om at reven er ein luring. Stadig ser eg at han har gått i skispora mine for å spare energi. Det er mykje lettare enn å gå i lausnøen.

 

TORSDAG 1. MARS
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1830
Stad: Hestastodene
Etter nokre kalde turar i nordsider dei siste dagane, var eg opptatt av å få maks ut av sola i dag. Hestastodene (under Hestastodnuten, 1403m) er ein sørvestvendt "bolle" som virkar som ei parabolantenne som samlar solvarmen midt i dalen. Her har også snøen fått ligga stort sett i fred for austavinden dei siste dagane. Litt variert føre var det riktignok, men det som var bra var veldig bra. Eg rekna med at vinden var hard oppe så derfor snudde eg rett under det bratte partiet under toppen. Tre fine nedkøyringar.

Hestastodene 3

Hestastodene 3

Hestastodene 3

 

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.