• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KUN EIN LEDIG PLASS PÅ  ACONCAGUA 2019  (AVREISE 26. JANUAR)
KUN EIN LEDIG PLASS PÅ  SVALBARD PÅ TVERS PÅ SKI  (AVREISE 5. APRIL)  TA KONTAKT FOR INFO
INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

Her får du oppleva Noregs flottaste skitur!

Les meir

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt på ski.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG FEBRUAR 2018

 

ONSDAG 28. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: ca. 950
Stad: Rapjahalsen
Marius, Hans-Inge, Martin og eg. Svært kaldt men utruleg flott i månelyset. Og føret var langt betre enn venta etter vinden dei siste to dagane.

Rapjahalsen 16 8

Rapjahalsen 16 8

Rapjahalsen 16 8

Rapjahalsen 16 8

Rapjahalsen 16 8

Rapjahalsen 16 9

 

TYSDAG 27. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 42min
Akk. høgdemeter: 1050
Fjell: Stavaskarsnuten (1349m)
Marius og eg hadde planar om nokre nedkøyringar i Hestestodene (Espelandsdalen), men overraskande hard vind og snøfokk gjorde at me la om planane for å unngå eksponert terreng. Me valgte derfor ei trygg og relativt lite vindpåvirka linje opp på Stavaskarsnuten og fekk dermed bra føre ned att også. Me snudde 50 høgdemeter under toppen då vinden var så sterk at det var problem å halde seg oppreist. Kombinert med mange minusgrader var den effektive kulden rimeleg heftig på dette punktet, så me sløste ikkje akkurat med tida før me satte kursen nedover att...

Stavaskarnuten 4

Stavaskarnuten 4

Stavaskarnuten 4

Stavaskarnuten 4

Stavaskarnuten 5

 

MÅNDAG 26. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 48min
Akk. høgdemeter: 1078
Stad: Rapjahalsen
Hans-Inge, Marius, Even og eg. Nesten fullmåne og fortsatt kjempebra pudder.

Rapjahalsen 15 1

 

LAURDAG 24. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1083
Stad: Rapjahalsen
Andreas og eg.

Rapjahalsen 12

 

FREDAG 23. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 35m
Akk. høgdemeter: 2128
Stad: Rapjahalsen
Alex og eg. To nedkøyringar.

28383798 2029920980358441 570791978 n

Rapjahalsen 10 1

 

TORSDAG 22. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 6t 50m
Akk. høgdemeter: 3567
Stad: Rapjahalsen
Fire nedkøyringar.

Rapjahalsen 8

Rapjahalsen 9 

 

ONSDAG 21. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 2t 55m
Akk. høgdemeter: 1395
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Gjekk frå Vannjolo opp Ulvaskaret. Var tenkt å køyra ned att samme veg, men det var månelyst og fullstendig vindstille oppe på høgfjellet så eg gjekk vidare over "vidda" til Gråsidetoppen. Så rett ned "bollen" under toppen - ein flott opplevelse med hodelykt i kveldsmørket og Vangen lysande langt der nede.

 

TYSDAG 20. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2650
Stad: Rapjahalsen
Øyvind og eg på kveldsskift i Rapjahalsen. Tre lange nedkøyringar. Perfekte forhold fortsatt.

Rapjahalsen 5

 

MÅNDAG 19. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: ca. 1350
For eit fløyelsføre det er i fjellet no... Fin cruising frå Sledavarden (1097m) nord for Dyrvedalen og to litt kortare og brattare nedkøyringar frå Frilifjellet. Første gongen i år eg måtte smøre meg med solkrem!

Sledavarden 3

Sledavarden 3

 

LAURDAG 17. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 6t 25min
Akk. høgdemeter: 3215
Lang dag og fire nedkøyringar i Rapjahalsen. Optimal snø...

Rapjahalsen 2

Rapjahalsen 2

 

FREDAG 16. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 1069
Frå Bavallen opp på Slettafjellet (917m) og ein tur ned nordsida forbi stølen Kvitingen. Veldig bra både på nord- og sørsida. Det kom akkurat nok nysnø i dag til å dekka over det som vinden ødela i går.

 

TORSDAG 15. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 2300
Stad: Tverrlia
Hans-Inge og eg. Seks nedkøyringar frå tregrensa. Kjempefine forhold i skogen, men vinden har herja hardt lenger oppe.

Tverrlia 7

Tverrlia 7

Tverrlia 7 

 

TYSDAG 13. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 05m
Akk. høgdemeter: 1337
Fjell: Middagsmannen over Geituri på sørsida av Espelandsdalen
Denne skogslia startar under 300 moh. men var likevel overraskande bra. Når det er mykje snø er dette ein av dei flottaste skogsliene i nærområdet. To nedkøyringar.

Vinteren 2015 var det enorme snømengder, og Bjarte ga full gass utfor dei mange "putene" som pregar denne lia:

Kvasshovden Jarle Tr 9

Kvasshovden Jarle Tr 9

Kvasshovden Jarle Tr 9

Kvasshovden Jarle Tr 9

 

MÅNDAG 12. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 18min
Akk. høgdemeter: 690
Bjarte, Brynjulv, Einar og eg + Taro og Ronja. Frå Bavallen opp på Horgaletten. Fine løyper ned att.

 

SUNDAG 11. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 41m
Akk. høgdemeter: 1099
Stad: Roset
Tre nedkøyringar i like flotte forhold som i går. Gjekk ikkje opp henget sidan det var meir vind i dag.

 

LAURDAG 10. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1043
Stad: Roset
Øyvind, Martin og eg. Me starta på Gjelle og gjekk opp via Roset og rett opp lia rett vest for hytta. To nedkøyringar i fantastiske forhold - 1 meter med pudder! 

10.02.18 Roset from Martin Hindenes on Vimeo.

 

TORSDAG 8. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 2181
Stad: Tverrlia
Fire nedkøyringar frå ca. 1100 moh. Botnalaust!

 

ONSDAG 7. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 43min
Akk. høgdemeter: 721
Fjell: Langeskrednovi (1043m)
Martin, Knut, Even og eg. Det var komme 5 cm. til sidan i går så nedkøyringa var om mogeleg endå betre.

Langeskrednovi 3

 

TYSDAG 6. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinacle 105)
Totaltid: ca. 4t 45min
Akk. høgdemeter: ca. 1800
Fjell: Langeskrednovi (1043m)
Knut og eg starta frå Øvstedalen. Tre nedkøyringar frå Langeskrednovi. Ein ned i Norddalen og to ned i Øvstedalen. Flanken ned i Norddalen har me lenge studert på kartet og forventningane var derfor høge - og den innfridde til dei grader.

Langeskrednovi 2 

Langeskrednovi 1

SUNDAG 4. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1654
Fjell: Nipene (938m) og Flatafjellet (1012m)
Knut, Øyvind og eg. Frå Engjaland fyrst opp på Nipene i det som må karakteriserast som steikande sol. Sveitten rant i strie straumar - trur ikkje eg har opplevd maken på denne tida av året. Fyrst ned nordsida mot Myrkdalsvatnet. Opp att på Nipene og ned sørsida. Så opp att på Flatafjellet og ei ny nedkøyring på sørsida av denne. Tre nedkøyringar i pudder av aller høgaste kvalitet. For ein dag!

27744782 10155023378355807 1016306026 o

Flatafjellet 2

Foto over: Øyvind Birkeland
Foto under: Jarle Trå

Flatafjellet 2

Flatafjellet 2

 

LAURDAG 3. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 2566
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Frå Øvre Fenno over Byrseteggi (1025m) og vidare opp på Horndalsnuten (1461m). Tre nedkøyringar ned vestsida til Modalen før eg gjekk over Byrseteggi heimatt også.

Horndalsnuten 3

Horndalsnuten 3

 

FREDAG 2. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1915
Fjell: Mykkeltveitveten (1131m)
Marius, Even og eg. Fire nedkøyringar på vestsida. Vindstille, sol som varma og perfekt pudder. Dette kjem til å bli ståande som ein av vinterens beste pudderdagar!

Mykkeltveitveten 9

Mykkeltveitveten 9

Mykkeltveitveten 9

Mykkeltveitveten 9

Mykkeltveitveten 9

Mykkeltveitveten 9

Mykkeltveitveten 9

Mykkeltveitveten 9

 

TORSDAG 1. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 2128
Stad: Tverrlia
Pudder og fullmåne - oppskrifta på ein perfekt kveld. Fire nedkøyringar, to frå rett over tregrensa og to frå Såta (1113m).

Tverrlia framside 1

Tverrlia 1 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.