• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen

 

FORTSATT ledige PLASSAR PÅ ALLE TURANE TIL INKA TRAIL NESTE ÅR

les dagbok: EVEREST base camp / LOBUCHE EAST

INFORMASJONSMØTER I BERGEN OG OSLO I DESEMBER

 

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

Her får du oppleva Noregs flottaste skitur!

Les meir

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt på ski.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

OVER GRØNLAND PÅ SKI

OVER GRØNLAND PÅ SKI

Få turar fascinerer oss meir enn Nansen sin skitur over Grønlandsisen.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG SEPTEMBER 2017

 

FREDAG 29. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 57min
Akk. høgdemeter: 1050
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)

 

TORSDAG 28. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 849
Bjarte og eg. Litt rundtomkring i Vossebygda, bl.a. fann me ein ny fin flytsti på over ein kilometer på Opeland.

 

ONSDAG 27. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 6t 15min
Akk. høgdemeter: 1723
Vangen - Vidvangane - Slettafjellet - Helleskaret - Volafjellet - Dyrvedalen - Vangen. Vidvangane og Slettafjellet (nordvest for Lønahorgi) har eg lenge tenkt må vera eit fantastisk fint område for høgfjellssykling - men det er ikkje akkurat gjort på ein kveldstur å komma seg dit... I dag fekk eg verkeleg testa det ut, og i tillegg den lange stien frå Volafjellet ned til Dyrvedalen. Begge deler var kjempebra, då kan ein leva med at det er eit parti ved Helleskaret der det vart mest trilling/dytting/løfting/bæring (og banning...).

P1010923P1010923

P1010923

P1010923

P1010923

 

TYSDAG 26. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 38min
Akk. høgdemeter: 610
Mølster - Hangur - Kiseldur t/r

 

MÅNDAG 25. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 53min
Akk. høgdemeter: 1013
Bjarte og eg. Stiar og vegar i området Nonshaugane, Sutarehovden og Djupåsen.

 

SUNDAG 24. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 42min
Akk. høgdemeter: 1333
Fjell: Lønahorgi (1410m) via Klondyke

 

LAURDAG 23. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 5t 36min
Akk. høgdemeter: 1550
Starta frå Flåm og fulgte Rallarvegen opp til Hallingskeid. Så på sti vestover Buadalen og vidare søover til Søre Grøndalsnuten. Dette var rekognosering for eit stiprosjekt som me har planlagt lenge, å sykla over høgfjellet frå Rallarevegen til Osafjellet og Hardanger. Om det blir på denne stien gjenstår å sjå. 

Hallingskeid 3

Hallingskeid 3

Hallingskeid 3

 

FREDAG 22. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 474
Bjarte og eg. Fin runde over Sonvesåsen og Storhovden/Herresåsen.

 

TYSDAG 19. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1027
Even, Martin og eg. Frå Oppheim til Vangen, over Skorseteggi, Kolingseggi, Grauaåsen og Storåsen. 90% på sti. Kjempetur!

Skorseteggi 6

Skorseteggi 6

Skorseteggi 6

Skorseteggi 6

 

MÅNDAG 18. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 51min
Akk. høgdemeter: 1327
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Brynjulv, Taro og eg. Via Klondyke. Turr og fin sti.

 

SUNDAG 17. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 949
Øyvind, Martin og eg. Kombinasjon av gårsdagens tur og turen forrige laurdag. Frå Otledalen nesten til Byrset, attende samme veg men ned til Håset og vidare til Skutle. Ein runde som gir veldig mykje flott sti.

Otledalen Skutle 2

Otledalen Skutle 2

Otledalen Skutle 2

Otledalen Skutle 2

Otledalen Skutle 2

Otledalen Skutle 2

Foto over: Jarle Trå

Foto under: Øyvind Birkeland

yvind 3

yvind 3

yvind 3

yvind 7

yvind 7

yvind 7

yvind 7

 

LAURDAG 16. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1055
Bjarte og eg på "ekspedisjon" frå Otledalen over til Byrset og Grønlivatnet. Me visste ikkje heilt kva me gjekk til, men dette vart full klaff - utvilsamt noko av det beste som er av høgfjells-stisykling på Voss!

Otledalen Byrset 15

Otledalen Byrset 15

Otledalen Byrset 15

Otledalen Byrset 15

Otledalen Byrset 15

Otledalen Byrset 15

Otledalen Byrset 15

Otledalen Byrset 15

Otledalen Byrset 15

Otledalen Byrset 15

 

FREDAG 15. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 755
Fjell: Storafjellet (641m) frå Stanghelle
På veg heim frå Bergen har eg ofte sett opp på fjellet nord for Stanghelle i det eg passerer og tenkt at det må vera ein fin tur med fantastisk utsikt. I dag fekk eg endeleg tatt den. Bratt opp til skaret mellom Storafjellet og Hestafjellet men deretter fine sva over topplatået. På veg ned att var eg ein snartur ut på Berget.

Storafjellet 2

Storafjellet 1

 

TORSDAG 14. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 349
Martin og eg på haustens fyrste hodelykt-tur, i området frå Mølster og eit stykke forbi Raugstad.

 

ONSDAG 13. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 16m
Akk. høgdemeter: 422
Stad: Sendedalen på Vikafjellet.

Sendedalen 2

Sendedalen 2

 

TYSDAG 12. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 769
Bjarte og eg. Inn Bordalen på austsida, ut att på vestsida. Så opp til Hindartveit og Smågiljane og på gjørmete kjerreveg over til Teigarapjane, og så bratt ned til Vannjolo. 

 

MÅNDAG 11. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 16min
Akk. høgdemeter: 579
Einar, Brynjulv, Ronja, Taro og eg. Frå Mølster opp til Hanguren og via Finnesdemma og Heggjavad attende til Mølster.

 

SUNDAG 10. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1246
Bjarte og eg har tatt turen over fjellet til Folkedal kvar haust dei siste åra. Inn Bordalen til Almenningane, og så på sti over Langelihøgdi til Folkedal. Kjempefin tur som inneheld det meste: grov sti, flytsti, grusveg og asfalt.

Bilete frå fjorårets tur:

Folkedal

 

Folkedal

Folkedal

 

LAURDAG 9. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160 C:62)
Totaltid: 3t 21m
Akk. høgdemeter: 828
Martin og eg sprang stien frå Skutle til Løkjane for nokre år sidan og såg at det måtte vera potensiale for fin stisykling den andre vegen. Starta i dag med transportetappe opp til Dale og vidare bratt opp til Løkjane. Endå ein bratt kneik til oppover mot Håset før me var inne på stien, som kunne by på fin stisykling på delvis teknisk sti heilt over til Skutle. Steinar og små svaparti var sleipe og krevande i dag, noko som på ein måte berre er artig - det stiller i alle fall store krav til perfekt linjeval. Men for å få betre flyt skal me neste gong ta den etter ein lenger tørr periode (stadig optimist til tross for mange skuffelsar dei siste somrane...). Til slutt ned til Mala og nokre rundar i Bømoen.

Som vanleg når det gjeld stisykling blir bileta "finast" der stien er best (mest markert). Stort sett var det ein god del grovare sti enn desse bileta gir inntrykk av:

Skredhovden 4

Skredhovden 4

Skredhovden 3

Skredhovden 4

 

FREDAG 8. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160 C:62)
Totaltid: 2t 10m
Akk. høgdemeter: ca. 500
Bømoen og Storåsen. Fyrste turen med min nye sti-traktor:

86c0818e0aa4cd1c09e3857f231e12d4 image

 

TORSDAG 7. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 35m
Akk. høgdemeter: 230
Bømoen

 

MÅNDAG 4. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 3t 03min
Akk. høgdemeter: 932
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Frode og eg. Starta på Øvraset i Budalen.

 

SUNDAG 3. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 27m
Akk. høgdemeter: 1083
Rune, Bjarte og eg. For to år sidan fant Øyvind og eg ein flott sti-runde på Vikafjellet. I dag var det nydeleg vær og perfekte forhold for lang fjelltur med sykkel...

Vikafjellet 15

Vikafjellet 15

Vikafjellet 15

Vikafjellet 15

Vikafjellet 15

Vikafjellet 15

Vikafjellet 15

Vikafjellet 15

Vikafjellet 15

Vikafjellet 15

(Foto over Jarle Trå)

(Foto under: Rune Herheim)

8

8

8

8

 

LAURDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 26m
Akk. høgdemeter: 220
Bømoen

 

FREDAG 1. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1267
Fjell: Skrott (1320m)
Brynjulv, Taro og eg på langtur. Starta ved Osen på vestsida av Hamlagrøvatnet. 22,8 km. med sti og høgfjell seinare var me attende på samme stad etter å besøkt Skrott, men også hytta Breidablikk ("Soria Moria", ei heilt spesiell hytte 1261 moh, drifta av Kvam Turlag). Kjempetur!

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.