• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen

 

les dagbok: ATLASFJELLA 21. SEP / ATLASFJELLA 30. SEP / kILIMANJARO 1. OKT / INKA TRAIL 1. OKT

INFORMASJONSMØTER I BERGEN OG OSLO FOR ALLE TURAR I HAUST

ledige plassar:  KILIMANJARO 1. OKTOBER OG 28. DESEMBER

 

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

Her får du oppleva Noregs flottaste skitur!

Les meir

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt på ski.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

OVER GRØNLAND PÅ SKI

OVER GRØNLAND PÅ SKI

Få turar fascinerer oss meir enn Nansen sin skitur over Grønlandsisen.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG MAI 2017

 

ONSDAG 31. MAI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 840
Skulle opp på dei nordlege toppane i Sella-massivet å gå ein via ferrata, men truande tordenbyger som kom inn frå sør gjorde at eg evakuerte fort nedatt. Å vera lenka fast til ein lang stålwire på toppar nesten 3000 moh. er ikkje akkurat ein ønskesituasjon når tordenskralla slår rundt deg. 

0531 2

0531 4

0531 4 

 

TYSDAG 30. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1090
Ikkje så ofte ein fjelltur startar på det høgaste punktet på turen. I dag starta eg på Passo di Sella og sprang først via Col Rodella ned til Canazei, for deretter å gå opp igjen ein sti lenger vest. Sprang utan ryggsekk, men det var ein tabbe å ikkje ta med kamera i dag... svært spektakulær sti nedover ryggen mot Canazei.

 

MÅNDAG 29. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1210
Stad: Fjellet nord for Ortisei
Først 1000 sveitte og varme meter rett opp på bratt veg. Hadde sett på kartet at her oppe måtte det var bra stiar. Kjempefint område, og høgdepunktet var ein spennande flytsti heilt nedatt til Ortisei.

0529 5

0529 5

0529 5

 

SUNDAG 28. MAI
Aktivitet: Stispringing/Via ferrata
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1010
Fjell: Sassongher (2665m) frå Corvara

0528 3

Sassongher har ein imponerande profil sett frå Corvara.

0528 3

0528 3

0528 3

 

LAURDAG 27. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel, asfalt (Merida Big Nine CF Team)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1635
Sella Ronda er navnet på den berømte rundturen over fire høgfjellspass rundt Sella-massivet i Dolomittane. Passo Gardena, Passo di Compolongo, Passo Pordoi og Passo Sella. Landevegssyklistar frå heile Europa kjem til Nord-Italia for å gjennomføra denne sagnomsuste turen.

0527 5

0527 8

0527 6

0527 6

0527 6

 

FREDAG 26. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1140
Stad: Seiser Alm

0526 4

0526 2

0526 5

Fjellet i midten av biletet er Gran Cir som eg var på i går.

0526 3

 

TORSDAG 25. MAI
Aktivitet: Stispringing/Via ferrata
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 745
Fjell: Gran Cir (2592m)
Først sprang eg opp på Passo Gardena der eg fekk med meg det siste store passet på dagens monsteretappe (mange harde fjelletappar i år), deretter vidare opp på Gran Cir som gir ein heilt fantastisk utsikt. Ein liten via ferrata må til for å komme seg opp på toppen.

0525 6

Quintana først over passet, Nibali nummer tre. Dumoulins rosa trøye "Maglia Rosa" skimtas såvidt bak Nibali.

0525 6

0525 6

0525 6

0525 6

 

ONSDAG 24. MAI
Aktivitet: Stispringing/Via ferrata
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1060
Fjell: Col de la Pieres (2747m) frå Selva (snudde 150 meter under toppen)
Har forflytta meg til Val Gardena sidan Giroen skal rundt Sella-massivet i morgon. Dei fire fjellpassa som ein då må over er kjent som Sella Ronda, ein av Dolomittanes flottaste turar, enten det er med landevegssykkel, stisykkel, ski, eller bil. Men dagens tur for min del var ein kombinasjon av stispringing og via ferrata med superlett utstyr. Det er eit skikkeleg kinderegg av ein aktivitet når ein er i Dolomittane. Kom meg ikkje til topps i dag sidan wiren forsvant inn under nokre svært bratte snøfonner, noko som er litt typisk på denne tida av året. Det var ikkje trygt å fortsetta utan tyngre utstyr som stegjern og isøks, men det låg igjen i bilen. Men for eit terreng for stispringing! Det vart ein lang rundtur på artige stiar med panoramautsikt heile tida.

0524 16

0524 16

0524 16

0524 16

0524 16

Toppen av Col de la Pieres (2747m) til høgre. Det går ein enkel via ferrata gjennom den bratte hammaren, men der var det ikkje trygt å passera slik forholda var no.

0524 16

0524 16

0524 16

0524 16

0524 16

0524 16

Sassolungo tronar over Selva. Her ser ein også godt den berømte Val Gardena-utforløypa som endar i sentrum av Selva. Seiser Alm er høgfjellsplatået ut til høgre frå Sassolungo.

 

TYSDAG 23. MAI
Aktivitet: Sykkel/Fjelltur
Totaltid: ca. 2t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 1000
I dag var min eigen trening kun tilkomst til og frå dei beste plassane for å fotografere kongeetappen i Giroen. For ein dag det vart, og for ein dramatikk. Stemninga var rett og slett elektrisk, spesielt når rapportane kom om at Dumoulin hadde problem før den siste klatringa opp Umbrail. Svært imponerande at han berre tapte eit par minutt til Quintana og Nibali til slutt. Og dermed er spenninga kven som kjem til å vinne totalt minst like stor som den var før denne etappen. Dumoulin tapte ikkje meir enn at han fortsatt kan klare det, dersom han heng med dei neste dagane. Han bør ikkje tape meir enn eit par minutt til totalt, og det er mange tøffe fjell dei skal over. Han kan slå Quintana med eit par minutt på den avsluttande tempoetappen på søndag. Men også Nibali er i ferd med å komme i form, slik han alltid gjer den tredje veka av trevekersritta. Og Nibali er normalt sett betre enn Quintana på tempo, men ikkje så god som Dumoulin. Ingenting er avgjort...

0523 13

0523 13

0523 13

0523 13

Nibali, Quintana og Dumoulin, alle tre veit kva som står på spel i dag...

0523 13

0523 13

0523 13

0523 13

0523 13

Det som skjer akkurat her kjem til å gå inn i sykkelhistorien. Nibali og Quintana har rykka frå dei andre i pulja og jaktar Landa som er under eit minutt framfor dei. Men alle veit at det eigenleg ikkje er Landa dei jaktar på. Akkurat her jaktar dei totalseieren i årets Giro. Dei veit at Dumoulin er eit par minutt lenger bak. Eg kjem aldri til å gløyme den vanvittig farten dei kom gjennom denne svingen med. Fekk rett og slett frysningar på ryggen av å oppleva to av verdas beste klatrarar gi full gass.

0523 13

Eit par minutt bak kjempar Dumoulin ein heroisk kamp for å minimera tidstapet.

0523 13

0523 13

Denne Astana-ryttaren har faktisk litt humor etter 5500 høgdemeter. Aviser får dei av tilfeldige tilskuarar, eller sitt eige hjelpeapparat, på toppen før lange nedkøyringar, for å ha innanfor trøya som isolasjon. Dei har ikkje tid til å lesa den...

 

MÅNDAG 22. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 6t 05min
Akk. høgdemeter: 2320
Frå Stelviopasset ned nordvestsida via Umbrailpasset til Santa Maria val Müstair. Så opp Val Vau i retning Livigno, der planen var å sykle gjennom Passo di val Mora (som har ein heilt fantastisk sti) og vidare via dei store fjellsjøane og ned til Bormio, for så å avslutte med å sykle opp den berømte sørvestsida av Stelviopasset. Området rundt Passo di Val Mora er eg er godt kjent i sidan eg har vore ein del i Livigno dei siste åra.  Men farlege forhold gjorde at eg snudde. Store sørpeskred dundrar ned i den svært tronge dalen med jevne mellomrom, spesielt utpå dagen når sola har tatt på snøen på toppane 1000 meter høgare oppe. Men det er nydeleg stisykling i Val Vau også, så det vart ein lang og fin dag i dag også. Og hårnålssvingane opp Umbrailpasset (1400 høgdemeter) er også spektakulære - og tøffe når du har mange timar i beina.

0522 6

0522 6

0522 6

0522 6

0522 6

Den berømte "Djevelen" (kanskje verdas mest entusiastiske og kjente sykkelentusiast) er på plass før morgondagens monsteretappe i årets Giro d'Italia. Over 5500 høgdemeter... Ein av dei hardaste etappane nokonsinne i dei tre trevekersritta i moderne tid. I morgon plasserer eg meg slik at eg først får med meg klatringa opp hårnålssvingane på sørvestsida av Stelvio, og deretter i det dei kjem over Umbrailpasset før dei stuper 1300 høgdemeter rett ned til målstreken i Bormio. Den som kjem først over Umbrail vil etter all sannsynlegheit vinne, men dersom dei beste utforsyklistane jaktar bak, kan det bli eit vanvittig rotterace i til tider over 100 kilometer i timen ned mot Bormio. Ikkje berre klatringane som vil vera avgjerande i morgon altså. Og heile Giroen kan bli avgjort i morgon. Nairo Quintana og laget hans Moviestar kjem til å gjera alt for å knekka Tom Dumoulin. Dumoulin ledar no samanlagt med 2 minutt og 41 sekund, men 5500 bratte høgdemeter passar betre for vesle Quintana enn for Dumoulin, sjølv om han har imponert veldig i fjella i år. Om Dumoulin får ein tøff dag kan minutta renna svært fort unna, og sjølv om han sannsynlegvis vinn siste tempoetappe med eit par minutt (i forhold til Quintana) er det ingen problem å tape 4-5 minutt i morgon dersom ein møter veggen. Og eg vil tru det er ein del av toppryttarane som søv dårleg i natt med tanke på dei heilt vanvittig farlege nedkøyringane dei skal gjennom i morgon. Det er mykje verre enn det ser ut til på fjernsyn. Heldigvis vart arrangøren i det minste tvinga (av internasjonale sykkelfans) til å skrinlegge planen om ein pris til den raskaste syklisten nedover. Som om det ikkje er farleg nok frå før. Det blir i alle fall litt av ein thriller. Snakka akkurat med ein italienar som sa at det var forventa 100 000 gale sykkelfans berre på stigninga frå Bormio til Stelviopasset.

Her er djevelen in action (Foto: Eurosport og BBC):

rrr3

rrr3

rrr3

 

SUNDAG 21. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 2145
Rute: Prato allo Stelvio (911m) - Passo dello Stelvio (2757m) t/r (Italia)
Stelviopasset er det tredje høgaste passet i Alpane. Motbakken frå Prato allo Stelvio er på 1846 høgdemeter uten at det flatar ut ein einaste gong. Utsikta mot Ortler-massivet på nesten 4000 moh. er heldigvis så fantastisk at du nesten gløymer kor brutal denne motbakken er. Og når det vart litt stisykling også, på veg ned att, var dagen komplett.

untitled 12

untitled 10

untitled 10

untitled 10

untitled 10

untitled 10

 

TORSDAG 18. MAI
Aktivitet: Fisketur i Espelandsvatnet
Antal fisk: 1
Fisketur går vel knapt nok inn under kategorien restitusjonstrening... Vatnet var flaumstort i dag, sikkert derfor det ikkje var noko særleg aktivitet. Men den eine som beit på var stor og fin.

 

ONSDAG 17. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter:1230
Fjell: Horndalsnuten (1461m) frå Skiple

 

MÅNDAG 15. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 285
Stad: Bømoen

 

SUNDAG 14. MAI
Aktivitet: Fisketur i Espelandsvatnet
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 30?
Antal fisk: 1 liten...

 

LAURDAG 13. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 875
Fjell: Bjørndalskamben (1402m)
Brynjulv og eg starta frå Holo. Først på sko bratt opp stien til Bjørndalen der me tok på skiene. Artig rute! Me var heldige med sikta og fekk ein flott nedkøyring på skarpt føre.

Bjrndalskamben 1

 

FREDAG 12. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 820
Fjell: Stavaskar (1258m) frå Liaset
Sugeføre!

 

TORSDAG 11. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 22min
Akk. høgdemeter: 215
Stad: Bømoen

 

ONSDAG 10. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 18min
Akk. høgdemeter: 455
Rundtur frå Møn over Opelandsstølen og Mønsberget.

 

MÅNDAG 8. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 2085
Fjell: Oksen (1241m)
Oksen frå Tjoflot. Tre nedkøyringar ned vestflanken i nydeleg slush.

Oksen 1

Oksen 2

Oksen 3

 

LAURDAG 6. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 7t 15min
Akk. høgdemeter: 2915
Starta ved Espelandsfossen (sjølvsagt). Olsskavlen, tre gonger ned sørsida og ein gong ned nordsida, ned i Trollabotnen. Starta tidleg så eg hadde kjempeflott føre heilt fram til siste nedkøyringa på sørsida då det brått vart litt lugging, dvs. sugeføre.

 

FREDAG 5. MAI
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 485
Stad: Hangurslia

 

TORSDAG 4. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 7t 45min
Akk. høgdemeter: 3255
Frå Espelandsfossen opp på Olsskavlen (sørvesttoppen, ca. 1545m). Deretter fem nedkøyringar i den flotte "bollen" på sørsida. Endå er det mange minusgrader om natta så i dag var det fortsatt heilt optimale forhold.

 

TYSDAG 2. MAI
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 2180
Rute: Liaset - Stavaskarsnuten (1349m) - Nordrebotnen - Olsskavlen (sørvesttoppen, ca. 1545m) - Vestrebotnen - Stavaskarsnuten (1349m) - Liaset
Skisesongen har for meg to definerte høgdepunkt. Det første varer lenge. Puddersesongen kan vare frå tidleg i desember til langt ut i mars (kanskje til og med endå lenger). Då er det nordsidene som gjeld, og helst med hodelykt om kvelden/natta sidan det som regel er for dårleg kontrast og siktforhold på dagtid i denne perioden, sjølv om det er fint vær. Det andre høgdepunktet kjem i april/mai, og er mykje kortare. Det inntreff når finværet og varmen kjem for fullt, og solstrålinga skaper det me kallar smørslush i sørsidene. Smørslushen eksisterer kun så lenge det er minusgrader om natta og sterk solstråling på dagtid. I smørslush er det mogeleg å køyre fortare og brattare enn nokonsinne ellers i løpet av skisesongen. Skia oppfører seg akkurat slik du forventar, og det er ein ubeskriveleg bra følelse. Perfekt smørslush kan vera like bra som perfekt pudder, sjølv om dei fleste ski-entusiastane som regel snakkar mest om pudder. Men det er fordi dei fleste har lagt skia på hylla når fenomenet smørslush oppstår. Og no er me midt i smørslush-paradiset. Dagens tur var også heilt maksimal. Men... no er det veldig spennande kva som skjer vidare framover. Når det vert over 0 grader også om natta vert det sugeføre og dermed er moroa brutalt slutt. Det vert varmare og varmare framover, også om nettene, og dessverre høgare og høgare til fjells. Akkurat no (kl. 21.45) er det heile 7 grader på Bavallstoppen (820 moh.) og 3,2 grader på Vikafjellet (1150 moh.). Det er urovekkande høge temperaturar. Me kryssar fingrane for at me får nokre netter til med kulde i fjellet.

Desse bileta frå eit par år sidan frå Oksen viser smørslush på sitt beste, sjølv om det var litt oppkøyrt denne dagen... Frå der eg står og tar biletet og ned til dei tre karane som står på skavlen nederst er det litt over 300 høgdemeter i relativt bratt terreng (sjølv om det ikkje ser slik ut på biletet). Når det er smørslush treng ein ikkje setta ein einaste skrensesving, berre la innsvingen i skia skjera gjennom snøen og skapa perfekte spor bak seg.

Oksen Jarle Tr 6 

Oksen Jarle Tr 4 

 

MÅNDAG 1. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 200
Stad: Bømoen

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.