• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

Her får du oppleva Noregs flottaste skitur!

Les meir

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt på ski.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

OVER GRØNLAND PÅ SKI

OVER GRØNLAND PÅ SKI

Få turar fascinerer oss meir enn Nansen sin skitur over Grønlandsisen.

Les meir

TRENINGSBLOGG JANUAR 2017

 

MÅNDAG 30. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 660
Fjell: Svolefjellet (1094m) frå Nesheim i Myrkdalen, me snudde på ca. 940
Knut og eg nytta det fine været til å få ein ny tur i varmande januar-sol. Heilt vindstille og varmt, rett og slett. Me snudde i det bratte henget sør for toppen. 10 cm. jevnt perfekt pudder heilt nedatt til bilen.

Svolefjellet-1

Svolefjellet-2

Svolefjellet 4

 

FREDAG 27. JANUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 945
Fjell: Stavaskar (1258m) frå Liaset i Granvin
I dag hadde eg ein vårskitur på slush - i januar! Temperaturen har vore svært høg i fjellet den siste tida, mykje høgare enn nede i dalane. Og når sola var så sterk som den var i dag vart det faktisk slush i Fagerbrekkeberget som går rett ned sør for Stavaskar. Derfor hadde eg god tru på at det ville bli veldig bra forhold her i dag. Men knallhard skare på veg opp ryggen, og svært hard austavind på toppen.

Stavaskar 3

Dette biletet seier alt - det kunne vore tatt seint i mars.

 Stavaskar 1

Stavaskar 2

 

MÅNDAG 16. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1565
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
To nedkøyringar i perfekte forhold. Det er eit mangfoldig dyreliv i denne lia og fleire gonger har eg hatt nærkontakt med både hjort, rev og rype på veg ned. Det er litt spesielt å køyre fort nedover og så plutseleg sjå eit dyr baske i snøen rett framfor deg. I praksis kunne eg lett ha køyrt heilt inntil det, sidan det ikkje går fort med dei firbeinte i laussnøen. Men det gjer eg sjølvsagt ikkje sidan det ville stressa dyret veldig. Men i dag hadde eg ein liten harpus-unge omtrent på framskia i det eg køyrte gjennom den siste glenna. Den hoppa ut frå under eit grantre og vart blenda av hodelykta mi. Kunne lett ha tatt på den, men det hadde sikkert ikkje vore så lurt med tanke på dei store framtennene som haren har. Artig opplevelse, men eg håpar den ikkje vart for skremt.

 

LAURDAG 14. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 800
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Lia ned frå Vardanosi er staden å vera når det er pudderfest som det til dei grader er no.

 

TORSDAG 12. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 750
Fjell: Hatlekinni (900m)
Henning, Knut, Øyvind og eg fekk full klaff på Hatlekinni. Fullmåne og jevnt, botnalaust pudder frå toppen og heilt ned. To nedkøyringar. Perfekt kveld.

 

MÅNDAG 2. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1300
Fjell: Fortoppen på Vardanosi (1294m)
Årets fyrste pudderfest i Jordalen. Svært lite snø nede på parkeringsplassen, men etter berre 5 minuttars gåing var det 10 cm. pudder på god såle, og det vaks fort til 20-25 cm. Perfekt pudder av den aller lettaste typen. To nedkøyringar, den første ned til eit stykke under tregrensa.

Bilete frå ein tur samme stad i fjor (Foto: Øyvind Birkeland)

4

1

6

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.