• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen

 

FORTSATT ledige PLASSAR PÅ ALLE TURANE TIL INKA TRAIL NESTE ÅR

les dagbok: EVEREST base camp / LOBUCHE EAST

INFORMASJONSMØTER I BERGEN OG OSLO I DESEMBER

 

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

Her får du oppleva Noregs flottaste skitur!

Les meir

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE

Bli med Knut Horvei til Finse, der han lærer deg korleis du skal ferdast trygt på ski.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

OVER GRØNLAND PÅ SKI

OVER GRØNLAND PÅ SKI

Få turar fascinerer oss meir enn Nansen sin skitur over Grønlandsisen.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG OKTOBER 2016

 

MÅNDAG 31. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 350
Kristina og eg på hodelykt-tur i skikkeleg regnvær frå Gursken nesten opp  på Haugshornet (431m)

 

LAURDAG 29. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 670
Gjekk frå Bavallen opp på Horgaletten for å sjekka kor mykje snø som kom i går. Kun 5 cm. i vegen øverst oppe, men fenner på 30 cm.

 

TORSDAG 27. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 450
Kristina og eg tok oss ein uværstur med hodelykter frå Hagahaugen til Hanguren. Regn og sleipe stiar - endeleg norsk haust!

 

MÅNDAG 24. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 535
Fjell: Ulriken (643m)
Kristina og eg gjekk ein rundtur frå Montana via Korketrekkeren opp på Ulriken. Det var så varmt og vindstille nede i lia at ein kunne gå med t-skjorte. Og det er to månader til jol...

Ulriken 7

Ulriken 14

Sherpaer bygger no den nye "hovedstien" frå Montana til Ulriken. Nima Sherpa (til venstre) har jobba med å bygga stiar i norske fjell i mange år. Han kjem frå Khunde, den vesle landsbyen over Namche Bazaar i Khumbudalen, der Tenzing Norgay kom frå. Tenzing Norgay var førstebestigaren av Everest i 1953 sammen med Edmund Hillary. Faren til Nima var med som sherpa på Arne Næss sin ekspedisjon til Everest i 1985.

 

 Ulriken 18

 

SUNDAG 23. OKTOBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 58min
Akk. høgdemeter: 1140
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Bjarte og eg. Starta på Gjelle. Flotte forhold.

 

LAURDAG 22. OKTOBER
Aktivitet: Fjellsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1280
Rute: Vangen - Allmenningane - Langelihøgdi - Folkedal - Granvin - Vangen
Rune, Bjarte og eg. Perfekte forhold, litt is her og der men mykje mindre enn me frykta. Og myrane er no delvis frosne. Dette er ein av dei beste fjellstiane på Voss for stisykling.

Langelihgdi-8

Langelihgdi-9

 

FREDAG 21. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 290
Stad: Bømoen

 

TORSDAG 20. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 895
Fjell: Volafjellet (1327m)
Kristina og eg starta innerst i Dyrvedalen og gjekk opp på Volafjellet. Minimalt med snø igjen no, det meste har smelta på dei to vekene sidan eg og Frode var i dette området.

Volafjellet 4

Volafjellet 7

Volafjellet-10

 

ONSDAG 19. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 400
Bjarte, Njål og eg på tørre og fine stiar i Bømoen. Trudde det skulle vera litt sleipt etter gårsdagens regndråpar, men nær perfekte forhold.

 

TYSDAG 18. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 495
Frode og eg tok ein tur med terrengsyklane på nordsida av Vangsvatnet, opp til Skjeldal og på skogsvegen attende til Nesthus på sørsida av Vangsvatnet.

 

SUNDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1340
Fjell: Lønahorgi (1410m) via Klondyke
Bjarte og eg på langtur på Horgje. Knusktørre stiar i oktober er ikkje kvardagskost - dette må vera den finaste hausten på veldig mange år.

 

LAURDAG 15. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 37min
Akk. høgdemeter: 650
Rute: Mølster - Raugstad - Kiseldur - Hanguren - Mølster

 

FREDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 635
Kristina og eg. Ettermiddagstur på Prest i Aurland.

Prest 7

Prest-10

Prest-11

Prest-18

Prest 3 

 

TORSDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine)
Totaltid: 2t 03min
Akk. høgdemeter: 995
Bjarte og eg. Vangen - Tverberg - Budalen - Bømoen - Vangen.

 

TYSDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 400
Rute: Møn - Opelandsstølen - Mønsberget - Møn. Kort tur, mest for å teste mitt nye Sony A7 II kamera.

Mnsberget

 

MÅNDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 22 min
Akk. høgdemeter: 560
Njål og eg.  Rute: Møn - Opelandsstølen - Mønsberget - Bjørke - Møn

 

LAURDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Fjellsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: ca. 1500
Rute: Vangen - Allmenningane - Langelihøgdi - Helgastøl (over Folkedal) - Olastøl - Havås - Øvre Granvin - Vangen
Bjarte og eg på langtur. Tidlegare har me sykla frå Bordalen over til Folkedal, denne gongen tok me ein lenger variant då me fortsatte via Mikkjelstøl til Olastøl ved Krokavatnet. Ikkje like fin sti som frå Almenningane til Folkedal, men bortsett frå nokre ufrivillige forsøk på salto og tohjulssladding var det ein bra tur.

Langelihgdi-2

Langelihgdi-3

Langelihgdi-4

Langelihgdi-6

 

FREDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 3t 03min
Akk. høgdemeter: 1340
Fjell: Lønahorgi (1410m) via Klondyke
Berekna det slik at eg fekk solnedgangen på toppen. Hodelykt ned att. Fjellspringing på sitt beste!

Lnahorgi-1

Lnahorgi-3

Lnahorgi-4

Lnahorgi-5

Lnahorgi-6

 

TORSDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1255
Sykla frå Vangen via Bulken til Eidesmoen og opp til Edal og Steine. Vidare på stølsveg innover fjellet, først opp til Kvitlastølen, deretter ned att og inn Lauvdalen til stølane der.

 

ONSDAG 5. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 135
Guttorm, Håvard og eg. Stisykling med hodelykt i Bømoen.

 

TYSDAG 4. OKTOBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 11min
Akk. høgdemeter: 810
Fjell: Volafjellet (1327m, men me snudde på ein av "fortoppane" ligg lenger aust som er nokre meter lågare)
Frode og eg starta innerst i Dyrvedalen og gjekk/sprang stien i retning Volahytta, men skar av frå denne ca. 1100 moh. Dette er ein nydeleg springetur som me kjem til å ta oftare, litt mindre bratt sti enn på mange av dei andre fjella på Voss.

 

MÅNDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1500
Rute: Rallavegen Flåm - Høghellervatnet (3 km forbi Hallingskeid) - Flåm
Strålande haustdag på Rallarvegen. Kun 3 grader i Flåm då eg starta, men det er ikkje akkurat problem å få varme i kroppen oppover mot Myrdal... Planen var å snu når snøen dekka vegen og det skjedde først etter eg hadde passert Hallingskeid. Tredje turen på Rallarvegen i haust, og med værmeldinga som er no blir det kanskje ikkje den siste heller.

Rallarvegen-1

Rallarvegen-2

Rallarvegen-4

Rallarvegen-5

Rallarvegen-6

 

SUNDAG 2. OKTOBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1340
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Gjekk opp via Klondyke og sprang vidare på perfekt snø (låg jevnt over 1100m) til toppen av Horgje. Skyfri dag og tilnærma vindstille.

 

LAURDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykling (Merida Big Nine)
Totaltid: 2t 56min
Akk. høgdemeter: 1510
Rute: Stalheim - Brekkedalen - Nosi - Fresvikjordalen (Vikjadalen) - Nosi - Nærøydalen - Stalheimskleiva - Stalheim
Bjarte og eg køyrte optimistisk i veg mot Stalheim i dag tidleg, med værmeldingar som lova stort sett bra vær. Men regnbygene hang godt ned i dalsidene, og temperaturen var ikkje meir enn 2-3 garder i det me bikka over Tverraldskaret. Her låg det faktisk nysnø i vegen. Men trass tunge byger over alt rundt oss var det ikkje så mange regndråpane som traff oss. Så alt i alt ein flott tur med avslutning opp Stalheimskleiva.

Jordalen-1

Jordalen-2 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.