Sist oppdaterte artiklar:
Kilimanjaro
   Fakta om turen
Framside
PROGRAM
   PROGRAM
Svalbard Fottur
   Fakta om turen
Kilimanjaro
   Referat 2012: Tur 1
TURBLOGG
   Turblogg 2011
Everest BC / Island Peak
   Referat 2011
Kilimanjaro
   Referat 2011: Tur 7
DIVERSE
   Hjelp barna i Afrika
Den Store Fjordturen
   Den store fjordturen

SISTE NYTT:
Følg årets første tur til Kilimanjaro. Dei nådde toppen! Les oppdateringar
På grunn av stor etterspørsel blir Atlasfjella arrangert også i 2012, frå 18. aug. - 1. sept. Les meir
Les oppdateringane frå høstens Nepal-tur. Det blir ny tur i 2013!
Mads og eg tilbrakte november i Spanske fjell. Sjå bilete i turbloggen

BLI MED PÅ TUR

Vil du på tur i 2012 bør du ikkje venta for lenge med å melda deg på. Eg har turar til nesten alle verdensdelar. Dei fleste turane krev ingen superfysikk. Velg og vrak i menyen under. Send meg ein epost på epostadresse eller ring meg på 907 65 330 dersom du vil melde deg på, eller ønsker meir informasjon.

KILIMANJARO 5895m

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet. Safarien går til Ngorongoro-krateret og Lake Manyara. Kanskje fristar det å avslutte med drømmeferie på Zanzibars krittkvite strender? Stor pågang, meld deg på no for å sikra deg plass.
Les meir

INKA TRAIL / AMAZONASJUNGELEN / TITICACA

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall. Me skal blant mykje anna oppleva Inka Trail, Machu Picchu, Amazonasjungelen, Titicaca-sjøen og Ballestas-øyene i Stillehavet. På denne turen finnes det ikkje dødpunkt!
Les meir

ELBRUS 5643m

Elbrus er Europas klart høgaste fjell. Kaukasus vert ofte omtalt som verdas flottaste fjellkjede. Me brukar også ein dag i Moskva, ein by som me ikkje kan komma utenom når me først er i Russland.
Les meir

ACONCAGUA 6963m

Aconcagua er Sør-Amerikas høgaste fjell. Når du står på toppen av dette fjellet er det sannsynlegvis ingen andre personar i verda som er høgare enn deg! 2008-ekspedisjonen var ein suksess, med 13 personar på toppen. Les meir

MONT BLANC

Mont Blanc er ikkje det høgaste fjellet eg arrangerer tur til, men kanskje likevel eit av dei flottaste. På denne turen får du prøva deg på eit litt brattare fjell enn på mange av dei andre turane mine. Me har med franske fjellførarar som gjer dette til ein trygg og god opplevelse.
Les meir

JOSTEN PÅ LANGS MED BÆRARAR

Endeleg er denne klassiske skituren tilgjengeleg for andre enn dei aller sprekaste skigåarane. Er dette fyrste gongen nokon arrangerer ein fjelltur i Noreg med bærarar?
Les meir

EVEREST BC / ISLAND PEAK

Blir du med på denne turen kan du oppleva verdas flottaste dal, Khumbudalen, og pirka verdas høgaste fjell på leggen. Du kan også prøva deg på eit ekta Himalaya-fjell, Island Peak, på heile 6189 meter. Les meir

ATLASFJELLA 4167m

Atlasfjella i Marokko er eksotiske og vakre. Me går ein tur gjennom det flottaste av Atlasfjella, og me bestiger Jebel Toubkal, Nord-Afrikas høgaste fjell. Dersom du ønsker det kan du avslutte med badeferie på Agadir-kysten. Les meir

SVALBARD

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske områda, og det er enkelt og billeg å komma dit i forhold til f.eks. Grønland. Eg arrangerer to ulike turar, både ski-ekspedisjon og fottur.

TRAMPING PÅ NEW ZEALAND (NY TUR!)

Bli med Anna-Marie til det fantastiske landet på andre sida av planeten vår. New Zealands natur er storslagen, mystisk og annleis... Anna-Marie vil gjerne dele inntrykka frå landet som ho har blitt så fascinert av med andre. Den første turen går frå 4. - 21. februar neste år. Bli med på alle tiders eventyrreise!
Les meir

CHO OYU

I september 2012 arrangerer me vår høgaste ekspedisjon til no. Brynjulv og ein stor gjeng med sherpaer skal lede 12 nordmenn mot toppen av verdas 6. høgaste fjell. Sjå bilete frå Cho Oyu-samlinga på Voss i haust. Ny Cho-Oyu ekspedisjon er satt opp i 2014.
Ta kontakt om du vil vera med.

OVER GRØNLAND PÅ SKI

Få turar har vel fascinert oss nordmenn meir enn Nansen sin vågale skitur over Grønlandsisen. No kan du sjølv bli med og krysse denne gigantiske breen. Det er tøft, både fysisk og mentalt, men belønninga er desto høgare i form av mestringskjensle og sjølvtillit når du til slutt ligg i lyngen og nyter den intense lukten av mose og gråstein...
Ta kontakt om du vil vera med.


BISTANDSPROSJEKT I AFRIKA

Alle som har vore på tur i Afrika kan vanskeleg unngå å bli berørt av livssituasjonen til mange av barna der. Eg har derfor starta eit hjelpeprosjekt som skal hjelpa nokon av dei til å få eit betre liv. Nesten 20 000 kroner har mine kundar gitt til barna i Afrika sidan oppstarten av prosjektet! Les meir

Støtt også Kailash Bodhi School i Nepal.


24.01.2012 13:53

Copyright © 2011 Jarle Trå